May 12, 2008

Jon Fosse

Morgon og kveld
Jon Fosse
Det norske samlaget 2000
114 sider



Morgon og kveld er ei kort og lettlest bok som handlar om livets begynnelse og livets slutt. Boka handler om Johannes som blir født og Johannes som døyr. Historia om livet til Johannes blir fortald gjennom fortellinga om desse to dagane.
Det er ei vakker fortelling om det å døy som ein naturleg del av livet. Reisa over til "den andre sida" blir skildra på ein trygg og god måte.

Språket er typisk Jon Fosse, prega av gjentakingar og lange stream-of-conciousness-passasjar. Dette gir fortellinga eit poetisk preg og mykje blir sagt på få sider.

Alt i alt gir boka ei vakker lesaroppleving. Eg anbefaler denne boka!

May 8, 2008

Haruki Murakami

Det nærmar seg eit år sidan eg oppdaga Haruki Murakami sine bøker. Nå har eg akkurat lese ferdig den andre boka mi av han:

Norwegian Wood
Haruki Murakami
Pax forlag, 321 sider.

Omsett av Ika Kaminka
(Japansk først utgitt 1987)



Eg er vanlegvis ikkje så glad i å lese omsett litteratur, så dersom eg beherskar originalspråket foretrekker eg å lese det. Men denne las eg på norsk. Eg trudde eg hadde kjøpt ho på engelsk (på grunn av den engelske tittelen) og burde nok ha gjort det, for omsettinga var til tider irriterande dårleg!

Romanen er lagt til slutten av 60-talet, då hovudpersonen var student i Tokyo. Vi følger studenten Wantabe gjennom eit par år av studietida hans. Boka skildrar hans møter med ulike folk som gjer inntrykk på han, og i sentrum av historiane står Naoko, som han har eit sterkt og komplisert kjærleiksforhald til. Det er i hovudsak ein kjærleiksroman, men samtidig så mykje meir, fordi dei relasjonane som blir skildra er så komplekse, absurde og fascinerande at dei ikkje kan snevrast inn til "bare" ein kjærleikshistorie.
Det er ei sterk bok som fortel om mennesker på ein slik måte at det kjennest ut som om ein blir glad i dei medan eg leser. Dette er ei av dei få bøkene eg skulle ønske ikkje slutta.