Showing posts with label Av Paul Auster. Show all posts
Showing posts with label Av Paul Auster. Show all posts

Jul 16, 2011

Mr. Vertigo

Mr. Vertigo
Paul Auster
Faber and Faber Ltd. 1994
246 sider


I was twelve years old the first time I walked on water. The man i the black clothes taught me how to do it, and I´m not going to pretend I learned that trick overnight.
Slik begynner Mr. Vertigo av Paul Auster, forteljinga om den foreldrelause Walter, som blir berømd som Walt the Wonderboy. Som niåring blir han plukka opp på gata av Master Yehudi, ein ungarnsk jøde som har tatt til seg den funksjonshemma, svarte guten Aesop og bur saman med Mother Sioux, barnebarnet til Sitting Bull. Master Yehudi lover Walter at dersom han ikkje klarer å lære han å lette frå bakken innan han er tretten, skal Walter få lov til å hugge hovudet av han. Walter stoler blindt på Master Yehudi. For å lære å flyge, må Walter gå gjennom 33 trinn, kor fleire av dei minner om barnemishandling. Likevel lærer han seg å stole på Master Yehudi og utvikler eit avhengigheitsforhold til han. Etter fleire år med hardt arbeid, letter endeleg Walter frå bakken og etter endå meir trening, begynner han å reise rundt å halde forestillingar som Walt the Wonder Boy, guten som kan flyge, og han gjer stor suksess med showa i lufta. Men suksessen får ikkje vare livet ut: Walt det Wonderboy når puberteten og blir svimmel av å lette frå bakken.

Mr. Vertigo er ei spennande bok, full av dramatikk og action. Walter si livshistorie er ei reise i historien om Amerika i første halvdel av 1900-talet. Walter tar oss med gjennom depresjonen på den aude landsbygda i Midtvesten, til Chicago sitt mafiamiljø, vi får delta i showbiz i dei store byane og inn i den tørre ørkenen i Nevada. Det er nesten som på film:
If this was a movie, here´s where the calendar pages would start flying off the wall. We´d see them fluttering against a background of country roads and tumbleweed, and then the names of those towns would flash by as we followed the progress of the black Ford across a map of eastern Oklahoma. The music would be jaunty and full of bounce, a suncopated chug-chug to ape the noise of ringing cash registers. Shot would follow shot, each one melting into the other. Bushel baskets brimming with coins, roadside bungalows, clapping hands and stomping feet, open mouths, bug-eyed faces turned to the sky. The whole sequence would take about ten seconds, and by the time it was over, the story of that month would be known to every person in the theater. (s. 109)
Og fordi Paul Auster er ein slik dyktig forteljar, lar eg meg overbevise av den aldrande Walt si engasjerande, men samtidig så urealistiske og usannsynlege, forteljing om livet sitt. Walter utvikler seg som kunstnar, før han faller frå den store høgda han står på. Og dei refleksjonane han gjer seg om denne utviklinga, er sannsynlege og realistiske, og ikkje minst gode:
I was evolving into an artist, a true creator who performed as much for his own sake as for the sake of others. It was the unpredictability that exited me, the adventure of never knowing what was going to happen from one show to the next. If your only motive is to be loved, to ingratiate yourself with the crowd, you´re bound to fall into bad habits, and eventually the public will grow tired of you. You have to keep testing yourself, pushing your talent as hard as you can. You do it for yourself, but in the end it´s this struggle to do better that most endears you to your fans. That´s the paradox. People begin to sense that you´re taking risks for them. They´re allowed to share in the mystery, to participate in whatever nameless thing is driving you to do it, and once that happens, you´re no longer just a performer, you´re on the way to becomming a star. (s. 117).
Desse refleksjonane om kunstnaren si rolle og kunstnaren sin funksjon går igjen, både under oppturen til Walt the Wonder Boy og i Walter sine seinare tilbakeblikk over livet sitt. Dei er med på å løfte det som elles er ei moderne legende, eit eventyr eller ein fabel til noko meir. Både fordi dei er med på å gi Walter identitet, men ikkje minst fordi dei gir meg som lesar noko å tenke på. Spørsmåla om kva kunsten er og kva som er kunstnaren si rolle går stadig igjen, også i avslutninga av romanen:
Deep down, I don´t believe it takes any special talent for a person to lift himself off the ground and hover in the air. We all have it in us - every man, woman and child - and with enough hard work and concentration, every human being is capable of duplicating the feats I accomplished as Walt the Wonder Boy. You must learn to stop being yourself. That´s where it begins, and everything else follows from that. You must let yourself evaporate. Let your muscles go limp, breathe until you feel your soul pouring out out of you, and then shut your eyes. That´s how it´s done. The emptiness inside your body grows lighter that the air around you. Little by little, you begin to weigh less than nothing. You shut your eyes; you spread your arms; you let yourself evaporate. And then, little by little, you lift yourself off the ground.
Like so. (s. 244).
Walter sitt liv er ikkje bare den eventyrlege forteljinga om Walt the Wonderboy si utvikling til å bli ei stjerne, etterfulgt av fallet. Det er også ei forteljing om utvikling av kjærleik, tillit og lojalitet og om det saknet som brutale tap kan føre med seg. Det er ein annleis roman, ein roman som ikkje liknar på noko av det eg har lese tidlegare. Samtidig blir eg fanga av Auster si forteljing og av den gode forteljaren han er.

Dec 17, 2009

Orakelnatt - Paul Auster

Orakelnatt
Originaltittel Orachle night
Paul Auster
Oversett av Torleif Sjøgren-Erichsen
Aschehoug 2004
272 sider


Orakelnatt er historia om den 34 år gamle forfattaren Sidney Orr, som er i ferd med å komme seg etter ein lang periode med sjukdom. Ein dag han er ute og går, går han innom ein papirhandel. Her møter han kinesaren M.R. Chang (som insisterer på å ikkje bli kallamister Chang, men M-R Chang), og Sidney kjøper ei blå, portugisisk notatbok. Han går heim og begynner å skrive i denne boka, ei fortelling inspirert av ein episode i Malterserfalken av Hammett, kor ein mann nesten blir drept av ein fallande stein og reiser frå alt.

Parallelt med denne skrivinga skjer det ei heil rekke hendingar i ekteskapet med Claire og i forhaldet mellom Sidney og hans beste venn, den berømte forfattaren John Trause. Orr blir trekke inn i ei rekke underlege hendingar, nokon av dei dreier seg omkring papirhandelen og M.R. Chang, andre omkring dei nærmaste relasjonane.

Å lese Orakelnatt kjennest litt som å sjå inn i ei uendeleg rekke med speil i speil. Det er forteljingar inne i alle forteljingane, og desse er fletta saman på ein svært underleg måte. Sidney skriv om Nick Bowen som stikk av frå livet sitt etter ei nesten-ulykke. Som forlagsredaktør har Bowen med seg eit upublisert manus frå 20-talsforfattaren Sylivia Maxwell. Han møter også den noko ekssentriske telefonkatalogsamlaran Ed Victory, som også er ein glimrande historieforteljar. I tillegg arbeider Sid med eit par utkast til filmmanus, for å komme seg ut av den økonomiske knipa han og kona er i, og også her kjem det inn nye forteljingar. Dermed er det mange nivå i forteljinga; Sid si forteljing om seg sjølv, Sid si forteljing om Nick og det andre han skriv om og forteljinga i manuset som Nick les. Sid si forteljing om seg sjølv er på eit nivå over dei andre forteljingane, noko som blir understreka gjennom ei rekke fotnoter, som skaper eit typografisk inntrykk av ein faktatekst. Balansen mellom dei mange nivåa og dei mange forteljingane er uproblematisk å følgje for meg som lesar. Overgangane er klare og tydelege, og Auster unngår elegant faren for samanblanding og forvirring. Forteljinga om Nick Bowen er god, så god at eg blir skuffa, når Sid finn ut at han har skrive seg inn i eit hjørne og ikkje kjem vidare med denne forteljinga.

Samtidig blir forhaldet mellom ulike tidslag også tematisert i boka. Det er som om Orakelnatt har ei fortid og ei framtid (handlinga er lagt til 1982, men i fotnotene kjem det fram at Sid skriv forteljinga om desse dagane i 1982, 20 år seinare). Som lesar får vi vite lite om både fortida og framtida, samtidig som fortida til særleg Claire og ekteparet sin gode venn John Trause innhenter både dei sjølv og dei som står dei nær. Tidsproblematikken blir ytterlegare understreka gjennom ei rekke anekdoter, blant anna om broren til Trause si avdøde kone, som gjennom nokre 3D-foto begynner å leve i fortida, saman med dei daude. Telefonkatalogsamlinga til Nick Bowen er også ei kjelde for refleksjonar omkring det som har vore, og som ikkje lenger er. Sid blir kontakta for å skrive eit synopsis til eit filmmanus, om ei tidsreise, og hovudpersonen i Sylvia Maxwell manuskriptet kan sjå inn i fortida. Det er altså eit sammensurium av ulike tidslag i teksten, men også desse blir fint balanserte og er lesarvennlege.

Spørsmåla omkring forhaldet mellom det som er oppdikta og det som er verkeleg blir stadig viktigare for Sid, etterkvart som desse absurde hendingane skjer. Blir verkelegheita forma av det skrivne ordet? Er det skrivne ordet verkeleg? Til slutt sitt ein igjen med spørsmålet om kva som er verkeleg og kva som er fantasi. Tidsproblematikken og spørsmålet om framtida er også med på å definere forhalde mellom diktinga og det verkelelege livet. Er det slik at det som blir skrive, kjem til å skje i framtida? Kan teksten definere livet?

Orakelnatt er ei god bok, så lenge ho varar. Men ho slutter litt brått. Det er mange lause trådar som med fordel kunne vore fulgt opp. Det er eit svært godt utarbeida og svært innvikla plot i Orakelnatt, med desse mange nivåa både mellom forteljingar og tidslag. Dermed verkar den litt bråe og plutselege avrundinga noko uferdig, på meg som lesar. Paul Auster har blitt ein av mine favorittforfattarar, og det er han framleis. Dei første 250 sidene er gode, og dei gir ei flott lesaroppleving, sjølv om dei siste 20 sidene ikkje er på høgde med resten av teksten.

Jun 8, 2009

Paul Auster - Brooklynsk dårskap

Brooklynsk dårskap
Oversett av Knut Ofstad
Aschehoug 2006
349 sider
Original tittel: Brooklyn Follies
2005.

Denne boka kjøpte eg for lenge sidan, fordi eg syntest biletet på framsida var så nydeleg. Her ser vi ein gammal mann som står i eit vegkryss og kikkar oppi ein bærepose. Bak han står ein yngre mann midt i vegen med ein badeball. Til venstre for mannen med bæreposen (eller, til venstre for han i biletet, men strengt tatt til høgre for mannen; eg blir alltid usikker på om det kallast høgre eller venstre i slike tilfelle) ligg det ein caps på gata. Bak capsen står det ei dame og ser på mannen med badeballen. Det er sjeldan eg kjøper bøker fordi eg blir betatt av framsida til boka, men denne var eit unntak. Eg blir fascinert av biletet, og særlig av den gamle mannen med bæreposen. Han har stoppa opp i eit vegkryss og kikker oppi posen og ser ut til å lure på kva han har gløymd å kjøpe.

Dersom eg ikkje hadde vore så impulsiv og kjøpt boka fordi eg likte omslaget, ville eg nok ha tenkt meg om to gonger og fått tak i boka på engelsk. For det er ei god bok, men det er mange ordspel som forsvinn i oversettinga, og som derfor ser snodige ut. Så nå har eg notert meg at Paul Auster ikkje er ein forfattar som skal lesast i oversett utgåve, neste gong.

Heldigvis var Brooklynsk dårskap ei så god bok at det var verdt å lese ho sjølv om oversettinga innimellom baud på nokre underlege ordspel. Vi møter den pensjonerte forsikringsselgjaren Nathan Glass som har fått lungekreft, mista kontakten med eks-kona og dottera og flytta til Brooklyn. Her samlar han på anekdoter som han skal sette saman til Boken om menneskelig dårskap. Plutseleg møter Nathan nevøen sin, Tom, som arbeider i eit antikvariat. Desse to einsomme mennene tar opp kontakten og etablerer eit sterkt vennskap. Dei møter ei rekke menneske. Nokre av desse er familiemedlem, medan andre er nye bekjentskap. Felles for dei menneskene dei møter er at historia deira blir sentral i boka.

Brooklynsk dårskap er ein roman med ei einheitleg handling. Samtidig er det ein roman som er bygga opp av ei rekke små historier om ulike menneske og møtene mellom desse. Boka er svært rik på detaljerte skildringar og digresjonar og avstikkarar frå forteljinga om Nathan og Tom. Desse små forteljingane som blir fortalde innimellom, gir boka eit lett og humoristisk preg.

Språket er også lett og humoristisk, og boka får eit preg av å verkeleg vere ei forteljing. Forteljarstemma i boka, Nathan, henvender seg innimellom direkte til lesaren gjennom utsegn som for eksempel "med fare for å kjede leseren" og liknande. Dette er eit grep eg vanlegvis ikkje er så begeistra for, men i Brooklynsk dårskap er dette preget av at boka er ei forteljing som blir fortald meg som lesar så godt gjennomført, at eg synest det er greit. Brooklynsk dårskap er ein underhaldande roman - som i tillegg har eit fascinerande bilete på framsida.

Jun 4, 2009

Å vere i ei forteljing

For nokre dagar sidan skreiv Spectatia eit blogginlegg omkring Athol Fugards formulering The only safe place in the world is inside a story. Etter å ha lese dette innlegget har eg gått omkring med dette Fugard-sitatet i bakhovudet dei siste dagane.

Eg leser for tida Brooklynsk dårskap av Paul Auster. Det er ei av desse bøkene eg merkar at eg burde ha lese på engelsk, men som eg likevel har lånt på norsk på biblioteket. Brooklynsk dårskap er ein roman som inneheld svært mange anekdoter og korte forteljingar. Og i går kveld las eg ei anekdote om Kafka som møter ei lita jenta som gret over at ho har mista dukka si. Kafka seier, for å trøyste henne at dukka er ikkje borte, ho har bare lagt ut på ei reise. Han veit dette fordi han har fått eit brev frå dukka, som han skulle gi til jenta. Kafka går heim, skriv brevet. Ikkje nok med at han skriv dette brevet, men han let dukka love å skrive til jenta kvar dag. Kvar dag i tre veker skriv Kafka eit nytt brev frå dukka til jenta, om oppvekst, skulegang og etterkvart avslutter han brevskrivinga med å fortelje jenta at dukka har forlova seg og skal gifte seg.

"På det tidspunktet har piken selvfølgelig kommet over savnet av dukken. Kafka har gitt henne noe annet i stedet, og innen de tre ukene er omme, har brevene leget sorgen hennes. Hun har fortellingen, og når et menneske er så heldig å leve inne i en fortelling, å leve i en fantasiverden, forsvinner den virkelige verdens smerter. For så lenge fortellingen fortsetter, eksisterer ikke lenger virkeligheten." (Brooklynsk dårskap, s. 182).

Denne historia om Kafka og breva frå dukka er veldig rørande. Ho har også gitt meg mykje å tenke på, særskilt sidan eg las ho i forlenginga av dette sitatet frå Fugard. Eg er ikkje sikker på om eg ville ha bite meg merke i denne forteljinga, på same måten, hadde det ikkje vore for at eg hadde tenkt på dette sitatet dei siste dagane.

Kanskje ein av grunnane til at den einaste trygge plassen vi kan vere, er inni ei forteljing, er nettopp dette som Paul Auster skriv: "Så lenge fortellingen fortsetter, eksisterer ikke lenger virkeligheten". Og dette er med på å gjere forteljinga til ein trygg stad, så langt unna alle dei verkelege farane og truslane vi kan møte i kvardagen.

Apr 8, 2009

Paul Auster - Illusjonenes bok

Illusjonenes bok
Aschehoug 2002
Oversatt av Jon Rognlien
326 sider



Eg liker coveret på denne boka. Det viser ein kvitt dress, utan mann inni seg, som går gjennom ein tom kinosal. Det er noko absurd og samtidig svært realistisk over denne illustrasjonen. Og dette passar svært godt til boka. For boka er svært realistisk og svært absurd, på same tid.

Litteraturprofessor David Zimmer har mista kona og to sønnar i ei flyulykke. Etter ein lengre sorgperiode med whiskeyflaska framføre TV-skjermen, kjem han tilfeldigvis over stumfilmane til Hector Mann. Dei får David til å le, og dermed bestemmer han seg for å sjå alle filmane Hector Mann har laga. Hector Mann var ein viktig figur i Hollywood på 20-talet, men han forsvann plutseleg utan spor. Det er rimeleg å anta at han er daud. I byrjinga av 80-talet, fekk ei rekke museum tilsendt kopiar av Mann sine arbeid, anonymt. David reiser rundt til musea og skriv ei bok om filmane til Mann. Ei tid etter at han er ferdig med denne boka, får han eit brev frå Frieda Spelling, som hevdar at ho er kona til Hector Mann, at Hector Mann lever og at han har laga fleire filmar etter forsvinninga si. David tvilar sjølvsagt, men let seg etterkvart overtyde av Alma, som har vekse opp på ranchen til Hector og Frieda. Det viser seg at Hector Mann har laga ei rekke filmar som skal destruerast innan 24 timar etter at han er daud. Dei skal ikkje visast til publikum.

Plottet er i seg sjølv absurd. Ei stor del av historia handlar om korleis Mann, som på den tida var verdsberømt frå filmlerretet og kunne kjennast igjen av kinopublikum på kvart eit gatehjørne, klarar å forsvinne og skape seg eit liv isolert frå samfunnet. Dette i seg sjølv gir rom for ei lite sannsynleg, men likevel svært spennande historie.

Mann er i ein svært privilegert økonomisk situasjon, som gjer at han har råd til å lage film for kunsten si skuld. Han er ikkje hemma av at dei konvensjonane publikum krev, fordi han lagar ikkje film til publikum. Målet med filmane er at dei skal destruerast utan å bli sett. Dette reiser eit spørsmål om formålet med kunsten. Kva er formålet med filmane, dersom dei ikkje skal visast for eit publikum? Hector Mann lagar film for filmen si skuld, og spørsmålet blir jo kan ein lage kunst for kunsten si skuld? Dette blir problematisert gjennom at David og Alma, som fortel hilstoria om Hector sine filmar har eit ønske om å vise desse filmane fram. David beskriver fleire gonger Hector sitt prosjekt som eit nihilistisk prosjekt. Formålet med filmane er ikkje publikum, men denne intetheten.

Filmane speler ei sentral rolle i boka. Fleire av Hector Mann sine filmar blir skildra i detalj, nærast bilete for bilete. Den lengste filmskildringa strekker seg over meir enn 20 sider. Det er veldig spesielt for meg som lesar å lese desse filmskildringane. Det kjennest ikkje som om eg les i ei bok, men som om eg faktisk ser ein film. Detaljrikdommen i desse skildringane imponerer meg.

Personane i boka er realistiske. David Zimmer, enkemannen som forsøker å drukne sorgen i alkohol, blir skildra på ein truverdig måte, utan sentimentale klisjèar. Dei lange monologane hans er nøkterne og samtidig svært fengande. Forfattaren brukar eit rikt språk og oversettinga er svært god.

Eg likte Illusjonenes bok svært godt. Handlinga er fengande og ny, språket er godt og dei filosofiske spørsmåla boka reiser, blir reist på ein ny måte.