Jan 31, 2009

Gunnhild Øyehaug

Vente, blinke
Kolon forlag 2008
270 sider


På framsida av messeavisa til bokmessa i Lillestrøm stod det "Høtens litterære stjerne" trykka over portrettet av Gunnhild Øyehaug. Og det generelle inntrykket mitt er at Vente, blinke er ein slags kritikarfavoritt denne hausten. Sidan eg les kritikkar og omtalar av bøker, har eg gleda meg til å lese denne romanen også.

Vente, blinke er ei bok eg ikkje kjem til å gløyme med det første. Eg liker dei surrealistiske spranga og den underlege vi-forteljarstemma som ikkje forklarar seg sjølv før til slutt. Eg liker den tablåliknande framsyninga av scener som viser fram ulike overflater. Eg liker bruken av ordet "ser" i forteljinga. Eg liker den draumeaktige logikken, eller mangelen på logikk, i oppbygginga av romanen og eg liker draumen si rolle i teksten. Eg liker dette at så mange personar, først tilfeldige og uavhengige, viser seg å ha ulike meir eller mindre tilfeldige møtepunkt. Og ikkje minst liker eg dei klare og tydelege sanselege skildringane i boka, dei som gjer at eg kan sjå og høyre og lukte saman med houvdpersonane.

Eg hadde ein gong ein førelesar som omtala ein roman som "a bookish book". Med dette meinte han at det var ei bok som blei halden saman av intertekstualitet til ei rekkje andre bøker og av alle referansane til desse. Vente, blinke er også "a bookish book". Og dersom vi utvider intertekstomgrepet og snakker om interartielle allusjonar i romanen trur eg vi sit igjen med ei uendeleg lang liste av sangar, bilete, vekeblader, bøker og filmar som boka alluderer til. Nokre av desse allusjonane er svært vellukka, til dømes dei som viser til Lost in Translation, Den guddommelige komedie, Slottet og Peer Gynt. Andre av desse allusjonane blir litt påtatte, som dei som viser til Kill Bill, Paul deMan, Olav H. Hauge sitt "Drift" og van Goghs' "Solsikker". Det Øyehaug har gjort, gjennom å skrive på denne måten er ambisiøst. Det er ambisiøst fordi det har med seg ei fare for å tippe over i ei oppramsing av kor godt ho, forfattaren, kjenner sin kultur-og litteraturhistorie. Og dei gongene dette skjer, framstår avsnitta som litt i overkant pompøse. Men dei allusjonane som er vellukka, fungerer så godt at dei får boka tilbake til jorda igjen.

Som ein medbloggar har peika på er hovudpersonane til tider i overkant navlebeskuande. Dette gjer at boka får ein litt inadvendt og dyster grunntone, som kan minne om Hanne Ørstavik sine romanar. Dette er ikkje nødvendigvis heldig, for eg kjenner eg kan bli litt lei av å lese om raudmande og famlande nervøsitet hos kvinnelege, norske romanheltinner. Samtidig er det alt for mykje som eg faktisk liker ved denne boka, til at eg klarer å la irritasjonen over dette ta heilt overhand.

Så det heilskapelege inntrykket eg sit igjen med etter å ha lese boka er at ho er litt oppskrytt, men vel verdt å lese.

Bergtatt

Eg er bergtatt etter å ha sett ein Lykke Li video på Youtube. Også tenkte eg at eg skulle dele denne videoen på bloggen min, slik som så mange andre gjer med youtubevideoar med filmsnuttar og musikkvideoar dei vil dele med andre. Men det var visst lettare sagt enn gjort. (Tek gjerne i mot eit lite kurs i korleis slikt skal gjerast).

Så dersom du har lyst til å sjå kva eg er bergtatt av, får du følgje denne linken og sjå etter sjølv. Og eg anbefaler deg å faktisk gjere det, for bileta, bevegelsane, uttrykket... Det er flott.


Jan 30, 2009

Eit kvardagsdikt

Den siste tida har eg kvar fredag fått ein oppdatering inn i google-reader, som eg har begynt å glede meg til resten av veka. Dette blogginnlegget kjem frå Elin og heiter "Dikt på en fredag".

Eg liker dikt i bloggar, fordi eg får presentert og servert dikt eg kanskje elles aldri ville ha oppdaga. Derfor har eg også lyst til å presentere og servere eit dikt for mine lesarar, men eg veit med meg sjølv at eg ikkje vil komme til å klare å følgje opp ein lovnad om eit dikt på ein fast vekedag. Derfor begynner eg i dag, på ein fredag, med å presentere eit kvardagsdikt.

MIRAKLER av Walt Withman

Hva er så spesielt ved et mirakel?
Jeg for min del kjenner ikke til annet,
enten jeg går i gatene på Manhattan,
eller kaster et blikk over hustakene, mot himmelen,
eller vasser ed bare ben langs stranden, i vannkanten
eller står under et tre i skogen,
eller snakker med en jeg er glad i om dagen, eller sover i sengen med en jeg er glad i om natten,
eller sitter sammen med andre ved middagsbordet,
eller betrakter fremmede som sitter overfor meg i sporvognen,
eller ser biene sverme rundt kuben tidlig en sommerdag,
eller dyr som beiter på markene,
eller fugler, eller de vidunderlige insektene i luften,
eller den underskjønne solnedgangen, eller stjernene som skinner så rolig og klart,
eller nymånens utsøkt fine tynne kurve om våren;
Dette og alt annet er mirakler for meg,
alt er deler av helheten, alt er for seg og på sin plass.

For meg er hver time med lyd og lys og hver time med mørke et mirakel,
hver kubikkmeter med verdensrom er et mirakel,
hver kvadratmeter jordoverflate er det sammen,
hver fot av jordens indre kryr av det samme.

For meg er havet et kontinuerlig mirakel,
fiskene som svømmer - klippene - bølgens bevegelser - skipene med sine mannskaper,
kan det tenkes større mirakler enn dette?

Fra Gresstrå, s.417.
Utgitt av De Norske Bokklubbene i serien Verdensbiblioteket.
Gjendiktet av Knut Narvesen.

Tilgjengeleg for flest mogleg?

Hovudstyreleiaren i SiO, Egil Heinert, stemmer mot bruk av norsk som akademisk språk under denne veka sitt møte i studentparlamentet, melder Universitas denne veka.

"- Jeg er generelt for ett verdensspråk: Det er engelsk, etter dagens forhold. Og jeg skjønner ikke hvorfor vi absolutt skal prøve å bevare norsk som akademisk språk, sa Heinert."

Stadig fleire argumenterer mot at vi skal ta i vare det norske språket i akademia. Masteroppgåver skal skrivast på engelsk for å vere tilgjengelege for fleire, for å passe inn i den internasjonale forskninga og for at ikkje vi nordmenn skal sitte igjen, isolerte i eit hjørne av verda.

På vegne av kven er det eigentleg Heinert taler?
Heinert representerer Sosialdemokratene og den første setningen i deira partiprogram lyd slik:

"Det er et grunnleggende krav at alle skal ha samme mulighet til å ta høyere utdanning, uavhengig av økonomisk evne, fysisk/psykisk evne eller sosial bakgrunn. Sosialdemokratene mener derfor at høyere utdanning er et offentlig ansvar. Vi mener dette er en rettighet, og ikke et gode du må være heldig å få. Utdanning er et felles gode og skal være gratis og tilgjengelig for flest mulig."

Eg har høyrd mange studentar på lågare nivå kvie seg for å melde seg opp til eit emne kor det er mykje engelsk pensum som skal lesast, fordi dei fryktar at dette vil vere vanskeleg og at dei ikkje vil lære like mykje som dei ville gjort dersom pensum var på norsk.
Dersom alle masteroppgåver og vitskapelege artiklar innanfor norsk akademia skal skrivast på engelsk, trur eg dette vil føre med seg to konsekvensar. For det første vil fagstoffet bli mindre tilgjengeleg, fordi mange opplever engelsk som eit tyngre språk, som det tek lengre tid å lese. For det andre vil fleire frykte at dei ikkje skal beherske språkkrava tilstrekkeleg, og terskelen for å melde seg opp til eit masterprogram, som er høg nok allereie, vil bli betydeleg høgare.
Dei opplevde språkbarriærene vil truleg redusere i kor stor grad den høgare utdanninga er tilgjengeleg for flest mogleg.

Eit rikare språk
Eit av argumenta for auka bruk av engelsk i forskning handlar om at engelsk er "eit rikare språk" enn norsk. Samtidig er det stor forskjell på kva ein person klarer å lese på eit frammandspråk og kva ein person klarer å skrive, dette kallast som oftast passivt og aktivt ordforråd. Ein kan forstå langt meir enn ein klarer å uttrykkje.
Dersom ein har eit gjennomsnitteleg høgt aktivt ordforråd på engelsk, vil det å skulle skrive ei avhandling på engelsk snarare vere hemmande enn berikande, til tross for at engelsk er eit språk med større samla ordmengde. Dette fordi mesteparten av dei engelske glosene, som gjer engelsk til eit rikare språk, ikkje er ein del av den gjengse studenten sitt aktive ordforråd. Eg trur ikkje at ein norsk masterstudent vil vere i stand til å gjere nytte av det store ordrikdommen i det engelske språket, på same måten som han vil kunne gjere nytte av ordrikdommen i sitt eige morsmål.

Stimulering av omsetting og valfridom
I staden for å belaste studentar som ønskar å ta vare på sin norske identitet med krav om å uttrykkje seg skriftleg på engelsk, bør leiinga på universiteta heller stimulere til omsetting av dei avhandlingane det er aktuelt å publisere på engelsk, gjennom til dømes bruk av stipend. Då kan dei som ønsker å skrive avhandlinga si på engelsk gjere det, utan at det blir eit krav som gjelder alle.

Målet med forskninga?
Det er trass alt eit fåtal av norske universitetsstudentar som har eit ønske om å skrive ei masteroppgåve som skal lesast i utlandet. Det er dei færraste studentane som har ambisjonar om å ta Ph.D ved eit amerikansk universitet, og dermed treng at masteroppgåva deira er skriven på engelsk. Skulen skrik etter kvalifiserte folk. Skal vi stoppe folk som ønsker å bli lektorar får å tilegne seg den djubdekompetansen ei mastergrad gjev, med eit krav om at oppgåva skal skrivast på engelsk?

Eit ulese bibliotek
I andre etage på Universitetsbiblioteket i Oslo er står det eit uvisst antal hyllemeter med hovudfag- og masteroppgåver. Dei færraste har blitt lesne, etter at sensor la dei frå seg. Her er det mykje godt stoff som står og støvar ned. Dei akademiske krava til ein tekst er allereie ein av grunnane til at desse tekstane, som forfattarene har brukt mykje tid på å arbeide med, ikkje blir lesne av fleire. Det er ingen rimelege grunnar til å tru at fleire ville ha lese desse arbeida dersom dei var på engelsk, snarare tvert om.
Gjennom publikasjonar som Årbok for litteraturstudier og tilsvarande på andre fagområde, jobbar studentar med å publisere masteroppgåver i forkorta utgåver, som artiklar eller essay, nettopp for at dei skal bli lese av nye grupper og for å auke tilgjengeligheita i tekstane.
Det er trist å sjå at Sosialdemokratene sin øvste talsmann for studentane arbeidar i mot dette ønsket om å auke lesarkrinsen til dei akademiske arbeida.

Jan 28, 2009

Er det meg det er noko gale med?

Nå sitter eg her og lurer på om det er noko alvorleg gale med meg og mi forståing av meg sjølv som litteraturstudent. Eg har alltid sett på meg sjølv som relativt veltilpassa. Eg kommuniserer godt med dei andre studentane og forelesarane på instituttet. Eg skriver oppgåver som får karakterar på øvste halvdel av karakterskalaen og eg har ei oppleving av at eg er sånn passe oppdatert på kva som rører seg innanfor fagfeltet. Eg trur eg kan passe mykje om dei mest sentrale teoretikarane, nok til å skjønne kva folk meiner når dei referer til dei i samtalar (det skjer ikkje så ofte), men ikkje meir enn at eg må slå opp i bøkene deira før eg kan skrive eit essay der eg sjølv brukar teoriane deira. Og det reknar eg som passeleg kunnskap. Sjølvsagt er det nokre teoretikarar eg kan meir om og ikkje minst, liker betre enn andre, men i det store og det heile trur eg eg har tilstrekkeleg god oversikt. Eg skriver også tilstrekkeleg gode tekstar om litteratur og er tilstrekkeleg godt oppdatert på kva som rører seg på i dei litterære områda for tida. Eg trur i alle fall det sjølv, og eg forsøker så godt eg kan å følgje godt nok med.

Men den siste tida har eg begynt å tvile litt på mi forståing av meg sjølv som ein tilstrekkeleg gjennomsnitteleg litteraturstudent. Den siste tida har eg nemleg lese to romanar der eg har møtt andre litteraturstudentar.

Den første romanen eg snakkar om er Charlotte Isabel Hansen av Tore Renberg. Her møter vi Jarle Klepp som blir framstilt som ein gjennomsnitteleg litteraturstudent, og eg leser:

"Da Jarle viste hvor hun skulle sove, det han kalte "rommet ditt" ble Lotte taus. På gulvet inne på det lille kontoret lå en gammel madrass. Rommet luktet gammel nikotin selv om han hadde luftet i flere dager. På veggen hang en plakat av en skranglete Giacometti-figur, som Jarle la merke til at jenta syntes var skummel. Ved siden av hang en plakat av Blur som viste glefsende hunder i sprang. Og på døra hang et stort portrett av Teodor W. Adorno. Ved siden av pc-en sto et innrammet portrett og da Charlotte Isabel spurte om det var faren til Jarle eller noe, måtte han medgi at nei, det var det ikke; det er en mann som heter Marcel Proust".
(s. 89)

Då eg las dette avsnittet, rista eg litt på hovudet og tenkte at det er vel ingen som har eit portrett av Adorno på ein plakat på rommet sitt. Eg trur til og med at eg syntest det var så far out at eg kommenterte det i blogginnlegget om denne boka. Men så jobbar eg meg vidare gjennom mitt noko forseinka forsøk på å halde tritt med bokhausten, og kjem til Gunnhild Øyehaugs Vente, blinke, som eg framleis held på å lese. Her møter vi litteraturstudenten Sigrid, og det er når eg leser om henne eg lurer på om det er noko gale med meg:

"Her sit ho, på rommet sitt, med ei bok i hendene. Her sit ho: på veggen framfor henne heng eit bilete av Paul de Man, ein belgisk litteraturteoretikar, på veggen ved sida av henne heng ein spegel som ho kan sjå seg sjølv i, på skråveggen bak henne er det klistra opp eit bilete av van Gogh sine solsikker, som betyr noko for henne, og i hendene held ho ei bok."
(s.21)

Det store sjølvransakande spørsmålet som dukker opp hos meg etter å ha lese desse to bøkene, er korleis kan eg sjå på meg sjølv som ein alminneleg, tilstrekkeleg og tilfredsstillande litteraturstudent, når eg ikkje har eit bilete av ein litteraturteoretikar på veggen over skrivebordet mitt?
For å bøte litt på dette, er det på tide at eg spanderer litt plass her i bloggen min til to av dei litteraturteoretikarane eg ser på som viktige i mitt arbeid.

Til venstre: Hans Ulrich Gumbrecht (1948-)
Biletet er lånt frå Stanford si side om Gumbrecht.
Til høgre: Maurice Merleau-Ponty (1908-1961)
Biletet er lånt frå the iep si side om Merleau-Ponty.














Desse to litteraturteoretikarane er viktige fordi dei er opptekne av det kroppslege og det sanselege i litteraturen. Gumbrecht kritiserar den vestlege metafysikken for å vere for fokusert på å leite etter meining i kunsten, til at det reine nærveret kjem fram. Gjennom å fokusere på nærver, altså dei intense augeblikka av oppleving som ein opplever i møte med objektet eller teksten, vil ein ikkje lengre bare vere oppteken av å leite etter det som er under overflata, men også i stand til å oppleve det som overflata er. Dette kan ein lese meir om i boka Production of Presence. What Meaning cannot Convey. Merleau-Ponty er oppteken av måten vi sansar verda på. Han ønsker å sjå på ein opprinneleg måte, slik at ein kan sjå verda slik ho er. Dette eksemplifiserar han med malaren, som ser på tingen for å gjenskape han og dermed må ha eit blikk for tingen slik han er. Kvardagsmennesket ser oftast på tingen for å kjenne han igjen og for å skape ei meining og sette tingen inn i ein samanheng. Dersom vi ser med dette hastverket etter å skape meining, vil vi ikkje sjå tingen på same måten. Dette kan ein lese meir om i The Phenomenology of the Perception.

Eg synes det er fint å lese med sansane av og til, å bare oppleve teksten og ikkje alltid skulle leite etter meining og tolke verkemiddel. Nokre gonger kan dette å skulle tolke og forklare teksten øydeleggje heile stemninga i teksten.
Eit dikt eg synes det er fint å lese med sansane, utan å skulle tolke hente så mykje meining ut i frå, det er

Rolf Jacobsen: "Signaler" (Jord og jern, 1933)

Det er ikke
bilhjulets smatt over regnvåt asfalt
som er byens signaler.

Det er ikke
melkevognenes gniss mot fortaugskanten
i overskyede morgener. Pilende tog.

Det er ikke
lysreklamenes stille flam-flam
over de levende elver
eller buelampenes glitrende
perlebånd.

Ikke glassets klirr
i store larmende restauranter.
Dampskibenes rå tut på havnen,
to korte og et langt, to korte og et langt.

Det er ikke natt-trikkens
døvende sang mot gater du ikke kjenner.
Saksofonen i femte etasje.

Nei -
Byens signaler,
byens jagende pulsslag
vil du fornemme en natt: -
den natt
du første gang
går ensom og uten håp, -
stige som gjaldende hån bak dig
fra gatenes sten:
- Dine egne klaprende fottrin.

Her er så mange flotte lydar, som eg synest det er fint å bare lytte til, medan eg les diktet.


Jan 27, 2009

Pablo Llambias goes norwegian!

"...rasende..." av Pablo Llambias er omsett til norsk av Trude Marstein. I desse dagar skal romanen lanserast i Norge. Ifølge websida til Flamme Forlag kjem han til Trondheim i dag, Bergen i morgon og Oslo på torsdag:

Trondheim: Samfundet, tirsdag 27. januar kl. 19.00.
Bergen: Logen Teater, onsdag 28. januar kl. 19.15.
Oslo: BokCaféen, Chateau Neuf, torsdag 29. januar kl. 20.00.



...rasende... er omtalt som ein gotisk spøkelsesroman. Llambias er omtalt som ein fornyar av romankunsten. Eg er nysgjerrig og spendt på denne mannen og gleder meg til å møte han i Oslo på tordag.

Jan 26, 2009

Philip Roth

Indignation
Jonathan Cape 2008
233 sider


Dette orange og grønne coveret fanga blikket mitt i bokahandelen ein dag i haust. Kanskje fordi det liknar på ein orienteringspost i skogen? Eg er ikkje heilt sikker, men det var noko med coveret på boka som gjorde at eg bare måtte kjøpe henne. Då eg i tillegg la merke til at det var Philip Roth som stod bak boka var saken avgjort. Her kan de lese første kapittelet.

Indignation begynner som ein utviklingsroman, ein amerikansk jødisk gut, Marcus Messner, son av ein kosher-slaktar er i 1950 den første i familien som skal ta høgare utdanning. Like etter at den klassiske ramma er presentert, med heimen og tilhøva der og Marcus som reiser bort. Eg leser dei første 50 sidene og lurer på kva overskrifta "under morphine" betyr, før det oppklårande avsnittet kjem og hentar romanen ut frå den klassiske utviklingsromanen sine rammer:

"And even dead, as I am and have been for I don't know how long, I try to reconstruct the mores that reigned over that campus and to recapitulate the troubled efforts to elude those mores that fostered the series of mishaps ending in my death at the age of nineteen"
(s.54)

Dermed blir det som begynte som ein klassisk utviklingsroman ei forteljing frå ein døyande gut som har levd eit alt for kort liv. Forteljinga om den jødiske straight-A-studenten som rømmer frå sin paranoide far, som ikkje finner seg til rette mellom romkameratane sine og som mest av alt fryktar å miste college-plassen sin og bli sendt til Korea for å døy, er lett å lese og fengande. Marcus er ein narscisistisk, sjølvsentrert og konfliktsky ung gut, som ikkje tek noko særleg initiativ i forhold til dei rundt seg. Han brukar snarare mykje energi på å vere oppgitt, sint eller indignert over korleis livet hans utviklar seg, medan han sjølv bare følgjer med, passivt og utan ta ansvar. Han har ingen konkrete mål, verken for studia eller for livet vidare, men han trur at dersom han jobbar hardt nok vil alt ordne seg for han. I eigne auge er han den mest seriøse og den mest pliktoppfyllande studenten, ikkje eingong proffessorane tek det faglege arbeidet alvorleg nok for Marcus.

Marcus har potensial til å gjere det stort, han er intelligent og velartikulert. Han blir sett av Dean Caudwell, som inviterer han til ein prat om problema med å venne seg til det sosiale livet på skulen. Caudwell framstår på den eine sida som ein trugsel for den sjølvretteferdige Marcus, men på den andre sida framstår han, for lesaren, som ein omtenksam mann som tilbyr Marcus rettleiing, noko Marcus sjølvsagt avslår, og kanskje er det dette som er det første alvorlege feilsteget Marcus tek.

Den siste setningen i romanen er:
"(...) and thus have postponed learning what his uneducated father had been trying so hard to teach him all along: of the terrible, the incomprehensible, way one's most banal, incidential, even comical choises achieve the most disproportionate result."
(s. 231)

Dette er men andre ord ein roman som manar til å ta ansvar for eigne val og eigne handlingar, gjennom å vise eit fatalt eksempel på korleis livet blir for ein som ikkje gjer det.

Jan 25, 2009

Milan Kundera

Tilværelsens uutholdelige letthet
Oversatt av Kjell Olaf Jensen og Michael Konupek
Cappelen 2006
317 s.
Originaltittel: Nesnesitelná lehkost bytí
1984





Forlaget sin baksidetekst gir eigentleg ein tilstrekkeleg og utfyllande presentasjon av romanen:

"En roman om kjærlighet, tilfeldigheter, sjalusi, trofasthet, alvor, letthet, lettlivethet, svik... Hvor slutter det ene og begynner det andre? Hva er kjernen i det hele?
Kundera fastslår ingenting. Gjennom sine personer viser han fram paradoksene, selvmotsigelsene, tilfeldighetene og nyansene i tilværelsen."

"Tilværelsens uutholdelelige letthet" er ein klassikar eg lenge har hatt ståande på burde-ha-lese-lista, bare fordi eg stadig møter referanser til dette verket. Eg veit at eg kjem til å lese boka igjen. Eg kjem til å nyte dei lange filosofiske avsnitta om vilkåra til mennesket i dette livet fleire gonger. Eit av dei mest interessante filosofiske motiva i romanen, er det motivet som krinsar rundt livet som sådan, som denne:

"Det finnes ingen mulighet til å kontrollere hvilken beslutning sm er riktig, for det finnes ikke noe sammenligningsgrunnlag. Alt oppleves øyeblikkelig for første gang og helt uforberedt. Som om en skuespillerinne trådte inn på scenen uten en eneste prøve noensinne. Men hva kan livet være verdt, når den første prøven på livet allerede er livet selv?"

Forteljinga om Tomas og Tereza, Sabina og Franz blir ein demonstrasjon av dette, at livet er ein prøve på seg sjølv. Ein kan ikkje gå tilbake og rette opp, utbetre, legge til eller trekke frå. Det levde livet er levd, og er ein del av livet. Hovudforteljinga krinsar om Tomas og Tereza sitt forhald, Tomas sin utruskap og Tereza sin truskap og sjalusi blir fletta saman med historia om Franz og elskarinna Sabina. Den allvitande forteljaren, som kjenner kvar minste hemmeligheit hos karakterane sine får lesaren til å tenke gjennom fleire andre eksistensielle spørsmål. Kva kan sjåast som eit kall i livet og kva er styrt av tilfeldigheiter? Kva er mennesket si rolle i forhold til dyra? Lever vi bare ein gong? Korleis skal ein forhalde seg til mennesker rundt seg? Kva er kjærleik og kva er elskov og må desse to kjenslene vere retta mot ein og same person?
Gjennom forteljinga om dei ulike personane sin måte å forhalde seg til kvarandre og til livet, får lesaren ein demonstrasjon av ulike svar på desse spørsmåla.

Ramma for handlinga er lagt til Praha i 1968, slik blir kritikken av den sovjetiske invasjonen og kommuniststyret i Tsjekkoslovakia ein like sentral tematikk i romanen. Spørsmåla om å ta ansvar for eigne handlingar og stå for eigne meiningar blir aktualisert av at handlinga er lagt til eit samfunn med trugslar, tvang og sensur frå overmakta er ein del av kvardagen. Det å vite at Milan Kundera sjølv var i eksil då han fullførte denne romanen og at han sjølv har vore ein del av denne kvardagen han skildrar her, gjer også desse skildringane langt sterkare og meir levande enn dei vi les i historiebøkene.

Det går ikkje an å skrive ein utfyllande omtale om ein så stor og omfattande roman som denne, mest fordi det ikkje er ein roman ein blir ferdig med, etter å ha lese gjennom ein gong. Men å lese "Tilværelsens uutholdelige letthet" er absolutt verdt tida det tar.

Jan 9, 2009

Tore Renberg

Charlotte Isabel Hansen
Oktober 2008
354 sider




Charlotte Isabel Hansen var den einaste boka på juleønskelista mi, som eg fekk. Eg har gleda meg til å lese denne boka, fordi eg har vore spent på korleis det gjekk med Jarle Klepp, den unge, usikre, leitande, men samstundes impulsive, ernergiske og til tider uheldige tenåringen frå Mannen som elsket Yngve og Kompani Orheim. Eg har gleda meg litt for mykje, skjønner eg, eg har latt fallhøgda bli for stor. Og eg må seie meg einig med Marita Norheim i NRK som anmelder boka under overskrifta "Nedtur med Jarle Klepp". For eg blei skuffa. Som Norheim skriver i denne anmeldinga:

"Der ”Mannen som elsket Yngve” var morosam, er ”Charlotte Isabel Hansen” parodisk. Der ”Kompani Orheim” var gripande, er ”Charlotte Isabel Hansen” sentimental. Der dei to andre bøkene var visuelle, tangerer denne manus i ein slap-stick-komedie. Ikkje eit vondt ord om verken parodiar eller sentimentalitet eller slapstick i og for seg, men her tek det brodden av historia."

Jarle er 25 år gammal litteraturstudent i Bergen. Han har eit utelukkande fysisk forhold til Herdis Snartemo, rettleiaren hans Robert Göteborg meiner at han jobber med eit lysande hovudfagsprosjekt om onomastikken i Marcel Prousts forfattarskap og på fritida drikker han stort sett øl med studiekameratane Hasse Ognatun og Arild Bømlo. Det er vanskeleg å la vere å trekke parallellar til Ask Burlefot si studietid i Bergen, men eg vil seie at Mykle sin roman er langt meir vellukka. Det blir for eksempel litt påtrengande, korleis denne litteraturstudenten som jobbar med namnebruk hos Proust bare omgås folk som er oppkalla etter plassen dei kjem i frå. Når han i tillegg får ei dotter med namnet Hansen og bruker mykje plass på å reflektere over kor "alminnelig" dette namnet er, blir forsøket på å skape og skrive fram ein intertekstuell analogi, som ikkje fungerer, veldig påtrengande. Det same er Adorno og Derrida, som henger på veggen på det rommet Jarle donerer til den 7-år gamle jenta si, dei blir påtrengande i romanen. Og dei blir ikkje mindre påtrengande av at Jarle innser at han må bli ein god far, og bytter ut Adornoplakaten sin med ein Spice-Girl-plakat.

Sjølvsagt er det ikkje lett å plutseleg få vite at ein har ei 7 år gammal dotter, i ein alder av 25 år. Dette tar på og Jarle gjer ganske mykje dumt, før han mot slutten av romanen gjev lesarane håp om at han ikkje kjem til vere ein slik far som den vi blei kjent med i Kompani Orheim. Boka har ein optimistisk, og delvis rørande slutt, men likevel er heilskapsinntrykket at ho er litt for platt.

Jarle er til dels den same gamle, den litt korttenkte og egoistiske, men likevel gode guten som han var i tenåra. Men i Mannen som elsket Yngve og Kompani Orheim gjer han ein sympatisk figur, trass i dei noko uheldige episodane han rotar seg borti. Som lesar får eg ikkje same sympatien for han i Charlotte Isabel Hansen. Sjølvsagt var det episodar eg humra litt av innimellom, Renberg har ikkje mista humoren sin, men totalt sett sakna eg noko av den gode stemninga frå dei tidlegare bøkene om Jarle. Som også Norheim har peika på, det blir for parodisk og for sentimentalt.

Tore Renberg har jo vist at han kan, tidlegare, men eg synes denne siste Jarle-boka blei eit uheldig forsøk på å strekke Mannen som elsket Yngve- suksessen litt i lengste laget.

Jan 4, 2009

Aravind Adiga

The White Tiger
Atlantic books 2008
321 sider


Aravind Adiga har vunnet årets man-booker pris for romanen The White Tiger. Romanen er ei sterk og åpen skildring av det indiske samfunnet, med fokus på kastane og klassetilhøyrigheita si betydning. Hovudpersonen, Balram Halwai, fortel om si oppvekst og sine forsøk på å komme seg opp og fram og ut av tenarklassen, gjennom ei rekke brev til den kinesiske statsministaren, som skal komme på besøk til India. Boka skildrar eit samfunn fullt av korrupsjon og eit samfunn kor all makt er hos dei som har pengar til å betale seg ut av problema sine. Det indiske samfunnet som Balram veks opp i er som eit hønebur:



"Go to Old Dehli, behind the Jama Masjid, and look at the way they keep chickens there in the market. Hundreds of pale hens and brightly coloured roosters, stuffed thightly into wire-mesh cages, packed as tightly as worms in a belly, pecking each other and shitting on each other, jostling just for breathing space; the whole cage giving off a horrible stench - the stench of the terrified, feathered flesh. On the wooden desk above this coop sits a grinning young butcher, showing off the flesh and organs of a recently chopped-up chicken, still oleaginious with a coating of dark blood. The roosters in the coop smell the blood from above. They see the organs of their brothers lying around them. They know they're next. Yet they do not rebel. They do not try to get out of the coop.
The very same thing is done with human beings in this country"

Dette uttdraget er også eit godt eksempel på språket til Adiga. Han skriver fram klare, tydelege og sansbare bileter av eit samfunn som er langt vekke frå det eg har vekse opp i, på ein slik måte at eg kan kjenne, smake og lukte på korleis det er rundt Balram.

Vi får følgje Balram Halwai i hans etterkvart vellukka forsøk, men ikkje smertelause, forsøk på å komme seg ut frå "the rooster coop". Innleiingsvis presenterer han seg som entrepenør og mordar, sidan fortel han historia om kvifor ein tenar må bli mordar for å komme seg opp og fram i verda.

Dette er ei sterk og velskriven forteljing om det å komme seg opp og fram, i eit samfunn som er så langt unna dei vestlege ideala om demokrati og like moglegheiter for alle, uansett familiebakgrunn.