Sep 30, 2008

Gert Nygårdshaug

Mengele Zoo
Cappelen 1988
376 sider



Det er sjeldan at eg leser bøker som er så engasjerande at eg går og tenker på at eg lurer på korleis det går med hovudpersonen i boka. Men denne boka er ei slik bok. Heilt frå første side har eg vore spent på kva som vil skje vidare med Mino, den vesle guten som mister heile familien og landsbyen i ei massakre. Forvirra og redd går han rundt i den latin-amerikanske jungelen, der han møter tryllekunstaren som meir eller mindre adopterer gutungen. Mino sin store lidenskap er sommarfuglar, som han fangar i jungelen og seinare preparerer. Mino har lært, frå han var liten, at ein aldri skal plukke eller hogge ein plante i jungelen, utan å plante ein ny. Dei store multinasjonale oljeselskapa og papirfabrikkane som henter råvarene sine i jungelen lever ikkje etter denne regelen. Etterkvart som Mino blir eldre, startar han ei terroristgruppe som aksjonerer mot desse fimaene som øydelegger jungelen.

Eg har sjølvsagt vore nødt til å legge boka frå meg, men eg har gleda meg til å ta henne opp igjen, kvar gong. Boka er spennande og samtidig rørande. Miljøproblematikken er stadig meir aktuell, men historien om Mino er fortalt på ein måte som verkeleg synleggjer problematikken.

Språket er godt. I den første delen av boka blir historia om Mino fortald på ein barnleg og enkel måte. Lesaren får presentert verda gjennom jungelguten Mino sine auge, og språket gjer presentasjonen truverdig. Den enkle og naive forteljarmåten om kvardagen i jungelen og reisene saman med tryllekunstnaren er gjennomført og veldig god.
Etterkvart som Mino lærer meir om verda, blir også språket til forteljaren meir verdsvant og ordbruken får forteljarstemma til å framstå som langt meir opplyst. Dermed blir språkbruken med på å reflektere utviklinga til karakteren, noko som i neste omgang får forteljarstemma til å framstå som veldig truverdig.

Boka om Mino blei kåra til "Folkets favoritt" av NRK og Dagbladet i 2007. Dette var eit godt val, og boka fortener absolutt denne kåringa. Boka skal nå også filmatiserast av Nils Gaup. Eg venter spent på hans tolking.

Førstkommande torsdag kjem forresten Gert Nygårdshaug til "forfatteraften" i BokCafèen på Chateau Neuf. Eg gleder meg til å høyre han fortelje meir om arbeidet sitt.

Sep 25, 2008

Løvekvinnen
Cappelen 2006
418 sider


Dette er historia om Eva Archander, den vesle jenta som blir født med pels på heile kroppen. Det er ei historie om å vekse opp som annleis, i ei lita bygd i begynnelsen av dette århundret. Løvekvinnen handler om folkesnakk og blikk og om korleis Eva opplever seg sjølv og andre mennesker.

Forteljinga har eit godt potensiale, sjølve historia er rørande. Eg blir sinna på Eva sine vegne når ting går henne i mot og eg gleder meg på hennar vegne når folka ho møter viser henne den respekta ho fortener. Men innimellom blir det litt langdrygt. Hendingane som rammar Eva blir litt like i lengda, og etterkvart blir det litt for forutsigbart.

Boka tapar seg veldig når ho går mot slutten. Det verkar nesten som om forfattaren har skrive seg inn i ei historie han ikkje kjem ut av også blir han plutseleg lei og då må han slutte av. Boka har lengre partier som er sterke og som fengar meg som lesar, men likevel er dei svake partia med på å trekke ned heilskapen. Dette blir ei god forteljing som er fortald på ein middels god måte.

Sep 19, 2008

Thomas Marco Blatt

Overalt bor det folk
Kolon forlag 2008
54 sider


I 2006 fekk Thomas Marco Blatt Tarjei Vesaas' debutantpris for diktsamlinga Slik vil jeg måle opp verden. Den 20. august ga han ut bok nummer 2, Overalt bor det folk. Dette er ei spennande diktsamling, der heimen står sentralt som eit ledande motiv. Thomas Marco Blatt skriver om korleis folk bur og lever. Han seier sjølv at han ønsker å skrive om myta om heimen og heimen som utopi. Det kommersielle samfunnet har laga klare forventningar til korleis folk skal bu og leve, medan Blatt med denne diktsamlinga forsøker å rokke ved denne tradisjonelle oppfatninga av heimen som ein plass der mor og far og to barn har eit vellukka liv i flott interiør. Den midtre delen av diktsamlinga heiter "The IKEA way of living", og i diktet "The IKEA way of living II", som er ein parafrase på Obstfelders "Regn", tar han eit oppgjer med drømmen om den vakre og vellukka heimen. Dei siste strofene i diktet går slik: "en er en og to er to/vi fyller en bil/vi flytter i lag/det likner en drøm/alt ender en dag. Her klipper han i stykker glansbiletet vi har henta frå IKEA-katalogen, og tar dermed eit oppgjer med tendensen til å definere mennesker ut i får materielle faktorar, som ein heim.

Thomas Marco Blatt viser seg å vere ein dyktig poet. Han har gjort eit grundig arbeid og tekstane hans er godt gjennomarbeida. Han bruker språket som eit reiskap, samtidig stiller han opp nokre metapoetiske linjer der han får meg til å tenke gjennom funksjonen til diktet.

Fleire av dikta er også tekstar det går an å gå inn i og bli i. Det er ikkje alle tekstane som er tekstar ein leser for å finne ei meining. Fleire av tekstane er tekstar som ein kan vere i og oppleve stemninga i. Diktet på side 45, om trehusbebyggelsen i Mo er eit slikt dikt som bare kan opplevast. Det same gjelder diktet "Det store diktet om havet" på side 35. Dette er slike dikt som ein må bruke god tid på å lese og som kan lesast mange gonger.

Eg likte Overalt bor det folk og eg gleder meg til å lese meir frå Blatt.

Sep 17, 2008

Ei bokmelding på trykk

Eg har for første gong fått trykka ei bokmelding. Dette er ei anmelding av Anders Bortnes novellesamling Natta' der oppe, natta' der nede som kom ut for ei veke sidan. Bokmeldinga kan lesast her

... og fleire av novellene til Bortne er forresten også veldig gode...