Showing posts with label Om forlag. Show all posts
Showing posts with label Om forlag. Show all posts

Feb 28, 2010

Norske bøker, fordi dei er norske?

Aftenposten meldte denne veka at det blir lese fleire utanlandske bøker i Norge, enn norske:
Av de 100 mestselgende bøkene i 2009, sto utenlandske forfattere for 53 titler. Dette er over dobbelt så mye som norske forfattere selv klarer. Av de 22 som kom på listene, er hele åtte krimbøker av Jo Nesbø.
Einar Ibenholt i Gyldendal er bekymra over utviklinga og skuldar på kommersialiseringa av bokbransjen og bransjeavtalen frå 2005 (Julie i bokmerker.org har skrive ei veldig god innføring i kva bransjeavtalen er her og her).

Eg har eit inntrykk av at forlaga liker å skulde på liberaliseringa av bransjeavtalen, når salstala går nedover. Det er to punkt, særleg som blir trekke fram i fleire samanhengar, når bransjeavtalen blir diskutert. Det eine er at bokhandlarane ikkje lenger har plikt til å føre alle bøkene som kjem ut. Det andre er maksrabatt-ordninga, kor det ikkje er lov å selgje bøker med meir enn 12,5% rabatt ut året boka blir utgitt og i 12 månadar til. I gamle dagar kunne altså bokhandlarane ta inn eit variert utval av breid og smal litteratur, mens etter 2005 må dei vite at dei har lagerplass til det dei ikkje får solgt, fram til mammutsalget om litt over eit år. Dette går ut over tilgangen på smalare litteratur i butikkane. Det er tryggast for dei, å ta inn dei bøkene som er spådde å bli bestselgjarar på førehand. Det er klart at kommersialiseringa pregar utvalet i butikkane. Og dette kan sjå ut til å prege salstala også.

Likevel kjennest det av og til som om forlaga som kritiserer bransjeavtalen, undervurderer oss som lesarar og bokkjøparar. Dei trur ikkje at vi er i stand til å skaffe oss oversikt over bokmarknaden på eiga hand, og gjere eigne vurderingar. Eg trur at vi lesarar er i ferd med å bli mindre avhengige av utvalet i dei fysiske bokhandlarane. Ved hjelp av internettet kan vi gå rett til forlaga og bestille bøker vi har lese om i aviser og magasiner. Gjennom dei utallege bokbloggane og bokforaa er vi heller ikkje avhengige av at marknadsføringsavdelinga i forlaga skal fortelje oss om nye opplag. Det har åpna seg ein stor, virituell arena for samtale om bøker, som lar oss lesarar - og kjøparar - bli kjende med forfattarar og titlar som har blitt nedprioriterte frå forlaga og marknadsføringsavdelingane si side. Tilgangen på omtaler av bøker har auka i tida etter 2005.

Dette fører meg vidare til Øivind Arneberg sin kommentar til dårlege salstal for norsk skjønnlitteratur:
Å rope varsko for norsk skjønnlitteratur, skjønner jeg ikke hvorfor man vil. Det produseres jo enormt. Det kommer for mange ubetydelige bøker som tar plassen til mye av den seriøse norske skjønnlitteraturen.
Han peikar på ein sentral faktor, som det ikkje alltid er like stuereint å diskutere, nemleg kvaliteten på litteraturen som blir produsert. For er det verkeleg slik at alt som blir produsert er like godt, bare fordi det er norsk?

Eg trur ikkje på nokon samanheng mellom salstal og kvalitet. Eg trur ikkje at høge salstal nødvendigvis gjenspeglar stor litteratur. Like lite trur eg at låge salstal gjenspeglar bortgøymde og bortgløymde perler. Dei kan gjere det, men det er ikkje eit konsekvent årsaksforhald. Og det er langt frå sikkert at alle dei norske bøkene som blir gitt ut, er verdt å lese, til tross for at dei blir produsert i små opplag.

Då eg las i Aftenposten, tenkte eg at eg les jo mykje norsk litteratur. Eg trur i alle fall eg gjer det. Men gjer eg eigentleg det? Eg bladde gjennom bloggen min og fann ut at eg har lese fleire amerikanske bøker enn norske, det siste året. Eg les mykje om norske bøker i ulike samanhenger. Og sjølv om eg ikkje alltid har tid til å lese alt eg vil lese, forstår eg også på omtaler frå andre at det er langt ifrå alt som er verdt å lese. I alle fall ikkje bare fordi det er norsk.

Forfattaren sin nasjonalitet er ein faktor som kjem langt ned på lista, når eg skal vurdere om eg skal lese ei bok eller ikkje. Og då heller fordi eg vil lese noko frå andre kulturar, enn frå min eigen. Språk, stil, form, forteljarteknikk og handling er punkter eg heller vurderer, når eg les bokomtaler og utdrag, før eg avgjer om eg skal kjøpe boka eller ikkje. Og er eigentleg det så urovekkande?

Feb 6, 2009

Flamme - ein kompisklubb?

Etter at eg har vore utan nettilgong nokre dagar har eg endeleg fått oppdatert meg med avisene siste dagane.

Christine Skogen Nyhagen var på onsdag ute i Dagsavisen med ein, etter mi meining, ganske provoserande kronikk kor ho kritiserer Flamme Forlag sin singelserie for å vere ein "kompisklubb", der dei utelukka gir ut poesi som er i tråd med Haagensen sin skrivemåte og hans språkform. Ho skriv:

"Imidlertid bør Flamme Forlag muligens vurdere om de vil at boksingel-utgivelsene skal representere litterært kameraderi og framelsking av eget stilspråk, og dermed legge stramme begrensninger på litteraturen, eller om de vil representere et mangfold innenfor poesien."

Dette underbygger Nyhagen med hjelp av så mykje som to eksempler på dikt som har same språkform som Haagensen si diktning. Ein kikk innom Flamme sine nettsider viser at dei har gitt ut 23 bøker til nå. Eg har ikkje lese alle desse, men eg veit med sikkerheit at Nyhagen sin argumentasjon vil falle frå kvarandre dersom ho kikkar nærmare på mellom anna Llambias ...rasende... og Ole-Petter Arnebergs Mepåno, som begge har eit stilspråk som avviker sterkt frå Haagensen sitt.

Flamme Forlag har verkeleg åpna for eit mangfald i poesien. Med sine lågbudsjettsinglar får dei gitt ut tekstar som dei store, kommersielle og pengetellande forlaga ikkje vil gje ut. For få dagar sidan skreiv eg om Kjell-Olav Jensen som kritiserer dei store forlaga for å ikkje våge å omsette smal litteratur, fordi dei er redde for å ikkje skulle få selgje bøkene.

Flamme Forlag er eit motsvar til denne tendens. Dei vågar gje ut tekstar som dei store forlaga ikkje vil satse pengane sine på. Nyhagen sitt innlegg blir for meg ståande som ein lite gjennomtenkt og usmakleg kritikk, nettopp fordi Flamme, gjennom sin ideologi, si nytenking og sine kostnadseffektive boksinglar representerer det nye vi treng for å få utvikla eit mangfald innanfor norsk samtidspoesi.

Kva med å heller juble over at vi endeleg har fått eit forlag som tar sjansar og vågar å gje ut god litteratur?

Feb 1, 2009

Skuffa

Det er ikkje alltid eg rekker å lese dagens avis den dagen ho kjem ut. Og derfor har eg lese gårsdagens avis i dag. Og bare så det er sagt, når eg snakkar om avisa så meiner eg Dagsavisen. Fordi det er den som kjem i postkassa heime hos meg.

I gårsdagens avis, som eg las i dag, var Kjell-Olaf Jensen ute og uttalte seg om korleis forlaga er styrt av agentar.

«Forlagene, særlig de store, er ofte svært redde for å gå inn for bøker som de ikke har fått anbefalt av internasjonale agentfirmaer, hvor agentene ofte ikke aner noe om et norsk publikums lesevaner, men pøser ut anbefalinger til hele Europa under ett. Resultatet blir beklemmende ofte at de samme middelmådige amerikanske skriveverksted-romanene kommer ut på all verdens språk, mens fabelaktige romaner fra andre språk og kilder blir liggende uoversatt».
Kjell-Olaf Jensen. Dagsavisen 30.01.09


Eg merkar at den vesle, naive og godtruande verkelegheitsforståinga mi blir rokka ved, kvar gong nokon skriver om at bokbransjen er styrt av pengar. Eg veit det jo, sjølvsagt veit eg det. Men likevel blir eg littegranne lei meg kvar gong nokon fortel meg det. Det er som å få vite at julenissen ikkje finst. Eg veit det, men eg blir likevel skuffa.

Eg blir skuffa fordi eg synest ikkje det burde vere sånn. Eg synest ikkje det burde vere slik at dei mest høgrøysta agentane med mest pengar bestemmer kva forlaga skal bruke pengar på å omsette til norsk og ikkje. Eg synest det bør vere slik at dei som jobbar i forlag trur på sin eigen smak, stolar på at nordmenn skal like det dei liker og omsette dei tekstane som er spennande, ikkje bare dei dei veit kjem til å selgje.

Sjølvsagt skjønner eg kvifor det er tryggare å omsette det ein veit vil selgje. Eg er jo ikkje dum. Men likevel blir dei naive sidene ved meg litt skuffa kvar gong eg oppdager dette.