Oct 17, 2009

Gratulerer med 70-årsdagen, Jan Erik Vold



Jan Erik Vold blir 70 år i dag.
I går blei han intervjua av Østlandssendingen på NrK i anledning feiringa av 70-årsdagen hans, som er i dag. Han sa at han hadde gitt ut over 200 bøker, men var blitt kjendt for fire dikt.

Han har rett, for kva tenker vi på når vi ser denne mannen? Vi tenker på "Kulturuke", "Kveldsang for loffen", "Funny" og "Mellom speil og speil". Men han har skrive så mykje meir enn desse tekstane.

(foto: nrk.no.)

Jan Erik Vold har blant anna skrive ei rekke politiske dikt, som blei gitt ut i samleutgåva Politiske dikt i 2004.I denne utgåva kan vi lese om hans engasjement for byen Oslo, mot urett og fattigdom og for likebehandling av mennesker. Vi kan lese dikt, kor Mordekai Wanunu er hovudpersonen, kor Vold ber Bush halde fingrane unna Irak og kor Poeten på verseform kritiserer byplanleggjarane i Oslo. Og i det sterke diktet "Hva er et skrik verdt", blir lidinga i verda stilt opp mot tyveriet av Munchs "Skrik". Politiske dikt er ei samling sterke tekstar om viktige tema. Og poeten gir sjølv uttrykk for at han ønsker å bli hugsa for desse tekstane.

Eg vil derfor gratulere Jan Erik Vold med 70-årsdagen, med ei oppfordring til å lese hans Politiske dikt, som etter mi meining er ei samling av dei sterkaste og viktigaste tekstane til Poeten. Det er, blant mykje, dette han fortener å bli hugsa for.

Oct 11, 2009

Eit kvardagsdikt

Min framtid av Edit Södergran

Ett nyckfullt ögonblick
stal mig min framtid,
den tillfälligt hoptimrade.

Jag skall bygga den upp mycket skönare
såsom jag tänkt den från början.
Jag skall bygga den upp på den fasta marken
som heter min vilja.
Jag skall resa den upp på de höga pelare
som heta mina ideal.
Jag skall bygga den med en hemlig lönngång
som heter min själ.
Jag skall bygga den med ett högt torn
som heter ensamhet.

Oct 10, 2009

Nobelprisvinnarar

Snowflakes in rain beskriver det å lese seg gjennom lista med nobelprisvinnarar som eit livslangt prosjekt. Og det trur eg det er for meg også - for på denne lista er det langt fleire namn eg har tenkt at eg har lyst til å lese, enn eg faktisk har lese. For ei tid tilbake meldte eg meg jo på ein nobelprisutfordring, som gjekk ut på å lese ein nobelprisvinnar i månaden. Eg hang med nokre månadar då eg var sjukemeldt i vår, men så kom kvardagen og tida strakk ikkje til lenger, og då fallt eg av lasset. Så eg trur eg støtter meg til Snowflakes og seier at det å komme igjennom denne lista med forfattarar er eit livstidsprosjekt, medan eg fortsetter å jobbe meg nedover lista.

Men kven har eg eigentleg lese, og kva har eg lese av dei? Ta gjerne med lista vidare til eigen blogg og skriv litt om kva du sjølv har lese, og kva du anbefaler til dei som vil jobbe seg gjennom lista.

1901 Sully Prudhomme Frankrike Franska
1902 Theodor Mommsen Tyskland Tyska
1903 Bjørnstjerne Bjørnson Norge Norska - Bondefortellinger, Synnøve Solbakken.
1904 Frédéric Mistral Frankrike Occitanska
José Echegaray Spanien Spanska
1905 Henryk Sienkiewicz Polen Polska
1906 Giosuè Carducci Italien Italienska
1907 Rudyard Kipling Storbritannien Engelska - Jungelboken.
1908 Rudolf Eucken Tyskland Tyska
1909 Selma Lagerlöf Sverige Svenska - Kejsarn av Portugalien, Jerusalem, Gösta Berlings saga og En Herrgårdssägen. (Ein favorittforfattar!)
1910 Paul Heyse Tyskland Tyska
1911 Maurice Maeterlinck Belgien Franska
1912 Gerhart Hauptmann Tyskland Tyska
1913 Rabindranath Tagore Indien Bengali/engelska
1914 Inget pris utdelades (a)
1915 Romain Rolland Frankrike Franska
1916 Verner von Heidenstam Sverige Svenska
1917 Karl Gjellerup Danmark Danska
Henrik Pontoppidan Danmark Danska
1918 Inget pris utdelades (a)
1919 Carl Spitteler Schweiz Tyska
1920 Knut Hamsun Norge Norska - Sult, Viktoria, August-trilogien, Pan (ei favorittbok).
1921 Anatole France Frankrike Franska
1922 Jacinto Benavente Spanien Spanska
1923 William Butler Yeats Irland Engelska - Ymse lyrikk.
1924 Wladyslaw Reymont Polen Polska
1925 George Bernard Shaw Irland Engelska
1926 Grazia Deledda Italien Italienska
1927 Henri Bergson Frankrike Franska - Time and free will.
1928 Sigrid Undset Norge Norska - Kristin Lavransdatter, Jenny (ei favorittbok), Ida Elisabeth, Vika-Ljot og Vigdis.
1929 Thomas Mann Tyskland Tyska
1930 Sinclair Lewis USA Engelska
1931 Erik Axel Karlfeldt (postumt) Sverige Svenska
1932 John Galsworthy Storbritannien Engelska
1933 Ivan Bunin Sovjetunionen (i exil) Ryska
1934 Luigi Pirandello Italien Italienska
1935 Inget pris utdelades (b)
1936 Eugene O’Neill USA Engelska
1937 Roger Martin du Gard Frankrike Franska
1938 Pearl Buck USA Engelska
1939 Frans Eemil Sillanpää Finland Finska
1940 Inget pris utdelades (b)
1941 Inget pris utdelades (b)
1942 Inget pris utdelades (b)
1943 Inget pris utdelades (b)
1944 Johannes V. Jensen Danmark Danska - Kongens fald
1945 Gabriela Mistral Chile Spanska
1946 Hermann Hesse Tyskland/Schweiz Tyska
1947 André Gide Frankrike Franska
1948 T.S. Eliot USA/Storbritannien Engelska - The waste Land, diverse essayistikk.
1949 William Faulkner USA Engelska
1950 Bertrand Russell Storbritannien Engelska
1951 Pär Lagerkvist Sverige Svenska - Böddeln, Barrabas.
1952 François Mauriac Frankrike Franska
1953 Winston Churchill Storbritannien Engelska
1954 Ernest Hemingway USA Engelska
1955 Halldór Kiljan Laxness Island Isländska
1956 Juan Ramón Jiménez Spanien Spanska
1957 Albert Camus Frankrike Franska - Den fremmede.
1958 Boris Pasternak (tackade nej) Sovjetunionen Ryska
1959 Salvatore Quasimodo Italien Italienska
1960 Saint-John Perse Frankrike Franska
1961 Ivo Andric Jugoslavien Serbokroatiska
1962 John Steinbeck USA Engelska - Out of Eden.
1963 Giorgos Seferis Grekland Nygrekiska
1964 Jean-Paul Sartre Frankrike Franska - Noe essayistikk.
1965 Michail Sjolochov Sovjetunionen Ryska
1966 Samuel Agnon Israel Hebreiska
Nelly Sachs Tyskland/Sverige Tyska
1967 Miguel Angel Asturias Guatemala Spanska
1968 Yasunari Kawabata Japan Japanska
1969 Samuel Beckett Irland Franska/engelska
1970 Aleksandr Solzjenitsyn Sovjetunionen Ryska - En dag i Ivan Denisovitsj liv.
1971 Pablo Neruda Chile Spanska
1972 Heinrich Böll Västtyskland Tyska
1973 Patrick White Australien Engelska
1974 Eyvind Johnson Sverige Svenska - Drömmar om rosor och eld
Harry Martinson Sverige Svenska

1975 Eugenio Montale Italien Italienska
1976 Saul Bellow Kanada/USA Engelska
1977 Vicente Aleixandre Spanien Spanska
1978 Isaac Bashevis Singer Polen/USA Jiddisch
1979 Odysseus Elytis Grekland Nygrekiska
1980 Czeslaw Milosz Polen/USA Polska
1981 Elias Canetti Bulgarien/Storbritannien/Schweiz Tyska
1982 Gabriel García Márquez Colombia Spanska
1983 William Golding Storbritannien Engelska - Fluenes herre.
1984 Jaroslav Seifert Tjeckoslovakien Tjeckiska
1985 Claude Simon Frankrike Franska
1986 Wole Soyinka Nigeria Engelska
1987 Joseph Brodsky Sovjetunionen/USA Ryska/engelska
1988 Naguib Mahfouz Egypten Arabiska
1989 Camilo José Cela Spanien Spanska
1990 Octavio Paz Mexiko Spanska
1991 Nadine Gordimer Sydafrika Engelska
1992 Derek Walcott Saint Lucia Engelska
1993 Toni Morrison USA Engelska
1994 Kenzaburo Oe Japan Japanska
1995 Seamus Heaney Irland Engelska
1996 Wisława Szymborska Polen Polska
1997 Dario Fo Italien Italienska
1998 José Saramago Portugal Portugisiska
1999 Günter Grass Tyskland Tyska
2000 Gao Xingjian Kina/Frankrike Kinesiska
2001 V.S. Naipaul Trinidad och Tobago/Storbritannien Engelska
2002 Imre Kertész Ungern Ungerska
2003 J.M. Coetzee Sydafrika Engelska - Barndom. Ungdom.
2004 Elfriede Jelinek Österrike Tyska
2005 Harold Pinter Storbritannien Engelska
2006 Orhan Pamuk Turkiet Turkiska - Mitt navn er Karmosin (favorittbok!), Det hvite huset.
2007 Doris Lessing Storbritannien Engelska - The grass is singing (favorittbok!).
2008 Jean-Marie Gustave Le Clézio Frankrike Franska - Gullfisken.
2009 Herta Müller, Romansk/Tysk.

Nobelveka

Eg rakk ikkje bla gjennom rss-feeden min i går, så eg gjorde det nå i kveld i staden. Og eg innser at bloggeland ikkje treng fleire innlegg verken om Herta Müller eller Barack Obama. Dei vann. Og alle har skrive om dei. Fortent? Ufortent? Overraskande? Ja, overraskande, i alle fall han siste. Müller må eg sjå å få lese. Men det seier eg jo alltid, når nokon vinn ein pris.

I kveld skal eg ta med meg Rust til sengs. Denne boka som er så tung å halde oppe, at ho ikkje er eigna til sengelesing. Og som eg eigentleg ikkje liker spesielt godt, men som innimellom er så god at eg ikkje klarer å leggje ho frå meg. Eg har nettopp lese eit godt parti. Håper dei siste hundreogfemti sidene er like gode.

På nattbordet mitt har eg også det siste nummeret av "Bøygen", om rus og diktning. Eg har bladd gjennom det og sett at det er mykje interessant lesestoff der. Men eg har ikkje fått lese det ennå. Eg leser bare masteroppgåve-relevante litteraturartiklar for tida. Eg blir litt einsspora av det. Men nå er det ikkje mange vekene igjen, dessverre og heldigvis på same tid. Etterpå kan eg kanskje begynne å skrive om interessante ting i bloggen min også, gjerne den dagen dei er interessante og ikkje dagen etter at alle andre har skrive om dei. Som for eksempel at Herta Müller vann nobelprisen i litteratur. Vi veit det nå.

Oct 7, 2009

Man booker prisen 2009

Hilary Mantel vann med boka Wolf Hall. Og heller ikkje denne gongen rakk eg lese vinnaren før ho vann. Eg har heller ikkje rukket å lese dei andre bøkene på lista, slik eg sa eg skulle. Sjølv om eg har fått kjøpt inn to av dei, Sarah Waters og Sarah Hall. Så eigentleg kan eg ikkje seie så mykje om kor vidt det er fortent eller ikkje, dette året heller.

Eight Months on Gazzah Street har riktignok stått på lese-lista mi lenge. Kanskje eg endeleg får somla meg til å lese Mantel, nå.

Oct 4, 2009

Sjangrar eg unngår

Inspirert av mine eigne refleksjonar om novellene, under og den eminente svenske bloggen Bokhora sitt fredagsspørsmål, vil eg stille spørsmålet

Kva slags sjangrar unngår du å lese? Og korfor unngår du å lese desse?

Sjølv har eg allereide skrive litt om novella, som eg bare gløymer å lese, utan nokon spesielt god grunn. Dette tenker eg stadig at eg skal skjerpe inn, for eg liker jo noveller, som sagt.

Eg unngår å lese fantasy og sci-fi. Dette skuldast i stor grad fordommar, eg er klar over det, men eg klarer ikkje heilt å leve meg inn i desse fantastiske universa som blir skapt. Eg veit ikkje heilt korfor, for eg liker jo det surrealsitiske. Men når det blir snakk om guddommelege fostermødre som har levd sidan tidenes morgon og slikt, blir eg litt satt ut. Narnia og Harry Potter er greit, men meir komplisert fantasy blir for mykje for meg. Eg har også ein tendens til å bli litt satt ut av romskip. Utan at eg kan grunngje dette noko vidare.

Kan hende dette heng saman med ei serievegring; det kjennest veldig forpliktande å gå i gang med å lese ein serie på mange bøker. Det er så mykje eg har lyst til å lese, at ein serie med fantasy, sci-fi, kjærleiksromanar, krim eller familiekrøniker er litt avskrekkande. Det er som om eg er redd for at dersom eg gir denne ti-bøkersserien ei sjanse, vil eg ikkje få tid til å lese alt det andre eg vil lese. Eigentleg ein underleg tanke, tatt i betraktning at eg les for å kose meg.

Som fleire av skribentane på Bokhora, unngår også eg BOATS-bøker (Based on a true story). I alle fall dei som er av typen eg-vil-dele-mi-personlege-tragedie. Biografiar, skrivne av dyktige biografar derimot, kan eg godt like. Men som med novellene hender det ofte at eg gløymer å lese dei.