Lyrikkutfordringa mi blei forseinka denne veka. Dette skuldast delvis fysiologiske problem hos skribenten (som alltid blir like slått ut av kraftig spreiing av bjørkepollen på denne tida av året, men som likevel aldri lærer å innta dobbel dose allergitablettar tidleg nok) og delvis tekniske problem på skribenten sin pc (som nå heldigvis er så god som ny).Nå er både eg og pc'en velfungerande igjen, og vi er klare med bokstaven H.
1. Haiku er eit kortfatta japansk dikt, med strenge formkrav. Det skal ha 17 rytmiske einingar, fordelt på 3 linjer: 5 i første, 7 i andre og 5 i tredje. Haiku-diktninga har inspirert moderne europeisk og amerikansk diktning, som Ezra Pound og beat-poetane.
Presenter eit haikudikt eller eit haiku-inspirert dikt.
2. Historisk-biografiske metode er ein lesemåte som knytter tekst tett opp til forfattar og forfattarbiografi. Moderne litteraturvitskap har stilt seg kritisk til denne lesemåten, men likevel er det stadig diskusjonar om korvidt ein kan lausrive teksten heilt frå forfattaren som har skrive han, eller ikkje. Kva tankar gjer du deg om dette?
3. Presenter eit dikt av ein forfattar på H.
Eg håper de framleis er med, sjølv om det blei mandag denne veka!
--------
1. Eg vil presentere eit haikudikt av Ezra Pound. (Eg er fascinert over kor få ord som skal til, for å uttrykke ei stemning).
In a station of the Metro
The apparition of these faces in the crowd:
Petals on a wet, black bough.
2. Når det kjem til spørmålet om historisk-biografisk lesemåte, er eg delt. Ofte synest eg det er spennande å lese dikt (og andre tekstar) av forfattarar som eg ikkje veit nokonting om. Og eg blir ofte irritert, når eg har lese ein tekst og får høyre at "det betyr jo sånn og sånn og sånn, for det har onkelen til ein eg kjenner som veit kven forfattaren er sagt". Eg trur ikkje på å fastlåse betydningar, og i alle fall ikkje til å knytte dei til biografien til forfattaren.
Samtidig er forfattaren ein del av den diktariske prosessen. Og eg trur det er litt naivt på andre sida å strekke nærlesingstrikken for langt. For fofattaren har ei viss relavans i forhald til teksten. Men då tenker eg kanskje meir på det Erling Aadland i fleire artiklar har kalla "forfatteren som dikterisk kreativitet". For eg trur forfattaren sitt eg er ein del av den kreativiteten som fører til at teksten blir som han blir. (Dette er forøvrig noko eg synest er veldig spennande å diskutere, så her håper eg på mange spennande svar!)
3. Eg har veldig sansen for Piet Hein sine "Gruk", og dette er eit av mange herlege:
CONSOLATION GROOK
Losing one glove
is certainly painful,
but nothing
compared to the pain,
of losing one,
throwing away the other,
and finding
the first one again.