Showing posts with label Av Nathanael Hawthorne. Show all posts
Showing posts with label Av Nathanael Hawthorne. Show all posts

Mar 13, 2011

6/52 "Wakefield" av Nathanael Hawthorne

Vi er i slutten av veke 11 og eg er litt på etterskot med novelleblogginga. Mi sjette novelle i år er novella "Wakefield" av Nathanael Hawthorne, åpningsnovella i samlinga Karavane, sett saman av Gordon Hølmebakk.

Det er vanskeleg å skrive eit godt handlingsreferat frå denne novella, utan å kopiere omtala som blei posta på Linesbibliotek for nokre veker sidan. Handlinga dreier seg rundt den eksentriske figuren Mr. Wakefield, som plutseleg ein dag bestemmer seg for å gå frå kona si og flytte inn i eit rom i nabogata. Her blir han i 20 år, og han går turar og ser på korleis kona taklar det at han er borte, før han like brått bestemmer seg til å vende tilbake til ho som har levd som enke i 20 år. For Wakefield er dette eit eksperiment. Han vil sjå korleis dei nærmaste reagerer på at han blir borte. Og som ein utanforståande observatør, blir han ståande utføre heimen sin og sjå på den sørgjande kona, som etterkvart held ei gravferd for mannen som er borte.

Heile ideen i novella er ganske absurd, samtidig som det er eit spennande tankeeksperiment. Ønsket om å finne ut korleis folk vil reagere, om ein blir borte, er vel eit ønske mange har. Men korleis kan dette eksperimentet settast ut i livet? Det er litt interessant at novella ikkje direkte tek tak i konsekvensene av Wakefield si handling, men at ho heller fokuserer på kva slags person det er som kan gjere noko slikt. Eg får lyst til å vite meir om korleis kona, som gradvis aksepterer at mannen er borte har det, og kva som eigentleg er motivasjonen til denne mannen. Og ikkje minst, korfor tek ho i mot han, når han kjem tilbake? Alt dette er spørsmål den korte novella reiser, utan å svare på. Og det er kanskje det som kjenneteiknar ei god novelle, at ho reiser spørsmål ho ikkje svarer på.