Dec 31, 2011

52 noveller

Sist eg sjekka var Lena, Stine Marie og
Karin svært nær å ha lese 52 noveller i 2011.

Eg kjem til å trekke ein premie, mellom dei som fullfører innan midnatt i kveld.

Sjølv har eg dessverre ikkje klart meir enn nokon-og-tjue noveller, og eg har bare blogga 13 av dei. 2011 har vore eit år kor mykje ikkje har gått heilt som planlagt, noko som har gått ut over både novellelesing og anna lesing og ikkje minst blogging. Eg tenker framleis på kor vidt denne blogginga har ei framtid. Akkurat nå er det lite overskot til den slags. Likevel, vinnarkåring og premiering må vi ha. Så rapporter inn dei siste novellene før trekninga i morgon.

Til alle lesarar, takk for følgjet i 2011.

Nov 14, 2011

13/52 "The Cloak" Nicolai Gogol

Novelle nummer 13 er også henta frå Best Russian Short Stories, og er kanskje den mest kjende russiske novella som er skriven. Eg har lese den 27 sider lange "The Cloak" av Nicolai Gogol, som ifølgje Martha Norheim er verdas beste novelle.

Hovudpersonen har fått det komiske namnet Akaky Akakiyewitch, oppkalla etter sin far. Akakiyewitch arbeider som avskrivar i eit departement og han er ein mann som lever for pliktene sine og arbeidsoppgåvene sine. Han blir skildra som ein litt enkel, komisk figur:
Outside this copying, it appeared that nothing existed for him. He gave no thought to his clothes. His uniform was not green, but a sort of rusty-meal colour. The collar was low, so that his neck, in spite of the fact that it was not long, seemed inordinately so as it emerged from it, like the necks of the plaster cats which pedlars carry about on their heads. And something was always sticking to his uniform, either a bit of hay or some trifle. Morover, he had a pecuiliar knack as he walked along the street, of arriving beneath a window just as all sorts of rubbish was being flung out of it; hence he always bore about on his hat scarps of melon rinds, and other such articles. (s. 32)
Det er kaldt i St. Petersburg, og når vinteren kjem merkar Akakiyewitch at den gamle kappa hans er utslitt. Han forsøker å overtale skreddaren til å reparere kappa, men stoffet er for tynnslitt. Akakiyewitch treng ei ny kappe. Men lønninga strekk ikkje til, og han må spare på alt frå klesvask til mat for å få råd til denne nye kappa. Og denne sparinga bringer eit nytt perspektiv inn i livet til Akakiyewitch, håpet om ei betre framtid:
To tell the truth, it was a little hard for him at first to accustom himself to these deprivations. But he got used to them at length, after a fashion, and all went smoothly. He even got used to being hungry in the evening, but he made up for it by treating himself, so to say, in spirit, by bearing ever in mind the idea of his furture cloak. From that time forth, his existence seemed to become, in some way fuller, as if he were married, or as if some other man lived in him, as if, in facet he were not alone, and some pleasant friend had consented to travel with thick wadding and a strong lining incapable of wearing out. He became more lively, and even his character grew firmer, like that of a man who has made up his mind, and set himself a goal. (s. 40)
Når han endeleg har spart saman pengane som trengst og får sydd den nye kappa, blir han sett og lagt merke til på kontoret. Han blir til og med invitert på ein fest, heime hjå ein av kollegaene hans. Likevel blir gleda over den flotte, nye og varme kappa kortvarig. På veg heim frå festen, seint om kvelden går han som ein ny mann, då han blir rana og kappa hans blir stolen. Akakieywitch forsøker på alle moglege måtar å bli tatt på alvor av politiet, som ikkje etterforskar saken om den stolne kappa hans tilstrekkeleg. Samtidig er han nødt til å bruke den gamle, slitne kappa, noko som gjer at han blir alvorleg sjuk i den kalde vinteren. Og det går som det må gå. Etter å ha brukt opp alle kreftene sine på kampen mot byrokratiet, døyr den fattige avskrivaren. Men han dukkar opp igjen og får hemna seg over byrokraten som avviste han, likevel.

"The Cloak" er ei novelle som skildrar korleis den svake må bukke under for autoriteten og slik sett maler eit svært realistisk bilete av eit urettferdig samfunn kor ressursene ikkje er riktig fordelt. Dette er ein tematikk eg etterkvart har lese mange tekstar om, sjølv om Gogol si novelle frå 1842 er blant dei tekstane som er tidleg ute med å behandle denne problemstillinga. Det som gjer "The Cloak" til ei heilt unik novelle er den humoristiske og komiske måten den tragiske historia til Akakieywitch blir fortald. Språkføringa er svært elegant, og eg klarer ikkje la vere å trekke på smilebåndet over dei mange finurlege formuleringane, som er med på å gjere novella til eit stykke god forteljarkunst.



Nov 12, 2011

Kjenner du boka?

Har du lese den boka eg held på med nå? Klarer du kjenne igjen desse sidene og gjette kva bok det er eg les?

Nov 8, 2011

Brodecks rapport

Philippe Claudel
Brodecks rapport
Le Rapport de Brodeck, 2007
Omsett av Kari og Kjell Risvik
283 sider
Cappelen Damm, 2009.



Thelme Melck med bloggen Aroundbooks, som dessverre er blitt stille, stilde i sommar spørsmålet "Hva er det med Murakami?" Bloggaren hevdar at det er in å lese Murakami, til tross for at ingen eigentleg liker han:
Grønn te er intellektuelt jåleri, akkurat som Murakami. Det er in akkurat nå, akkurat som Murakami er in, og da skal alle ha det. Det er politisk korrekt, det er en måte å vise hvor intellektuell og «riktig» man er. Som sagt er det ingen som egentlig liker grønn te, og jeg tror ikke det er så mange som innerst inne liker Murakami heller.
Eg liker Murakami og lot meg ryste av dette blogginnlegget. Samtidig skriv Thelme Melck at den enorme interessa for Murakami har gått ut over den potensielle interessa for andre gode forfattarskap:
Men jeg kan ikke la være å trekke frem ett eksempel på sublim skrivekunst i dag, nemlig den franske forfatteren Philippe Claudel, som jeg har omtalt en del her i bloggen. Hvorfor blir ikke han lest i Norge? Han står litterært sett høyt hevet over Murakami. Claudel er, høyst fortjent, en stor stjerne i hjemlandet, på norsk er det bare kommet to bøker av ham, og det ser ikke ut til å komme flere. Noen kommersiell suksess tviler jeg sterkt på at hans norske utgaver har vært. Flere andre av Claudels kaliber kan sikkert nevnes, jeg har som sagt ikke oversikten, men det finnes garantert andre eksempler på skrivekunst av ypperste klasse, litterære perler, som drukner i mengden, og som saueflokken av Murakami-beundrere bare stormer forbi i sin massesuggesjon.
Sjølv om eg liker Murakami, er eg einig i grunnpremissa for Thelme Melck sitt resonnement. Det er dessverre slik at både det litterære miljøet og den litterære marknaden i Norge har ein tendens til å vere prega av at vi går i flokk. Og det er synd, ikkje minst for oss lesarar, at så mange gode forfattarskap blir oversett, fordi forlaga, bokhandlarane, avisene og vi boklesarar bare minner kvarandre på dei same forfattarskapa, dei vi allereie kjenner godt frå før. Som Murakami.

Då er det heldigvis godt at vi har slike stemmer som kan minne oss om at det finnst skrivekunst i ypperste klasse, som vi ennå ikkje har lagt merke til. I sommar, då eg las dette innlegget, fekk eg veldig lyst til å lese Claudel. Og Labben trekk fram Brodecks rapport som den beste boka ho har lese i 2011, dermed valde eg denne. Og eg er ikkje i tvil om at dette er ei litterær perle.

Handlinga finn stad ein gong like etter krigen. Vi veit ikkje kor eller når, men det er mykje som gir assosiasjonar til andre verdskrigen. Eg veit ikkje om eg bare tenker at det er denne krigen, fordi språk og landskap er utprega mellomeuropeisk og fordi "leiren" kor Brodeck blei behandla som ei bikkje gir meg assosiasjonar til konsentrasjonsleirane, eller om det faktisk er andre verdskrigen. Det seier heller ikkje boka noko om, og denne mangelen på tid- og stadfesting er kanskje viktig for å få framheva det universelle i tematikken. Vi er i alle fall i ein liten landsby med mellomeuropeisk preg og tyskklingande dialekt, like etter krigen. Denne namnlause landsbyen er eit lukka samfunn. Det er ikkje ofte det verken kjem folk dit, eller at folk reiser derifrå. Men ein dag, like etter krigen, kjem ein vandrande kunstnar med eit esel og ein hest og slår seg ned i bygda. Folk er skeptiske til denne namnlause mannen, men i utgangspunktet gir dei han ei varm velkomst. Det er først når dei oppdagar at kunsten han lagar, kan seie noko om kven landsbybuarane verkeleg er, at dei utvikler eit hat til denne namnlause. Blant fleire kallenamn, får han namnet de Anderer, den andre, i Brodeck si forteljing om den framande mannen si tragiske skjebne.

Boka åpnar slik:
Jeg heter Brodeck, og jeg kunne ikke noe for det.
Bare så det er sagt. Det er noe alle får ha klart for seg. Jeg har ikke vært med det, og da jeg fikk vite hva som hadde hendt, ville jeg helst ha sluppet å snakke om det, ha tjoret fast hukommelsen, tvunget den på plass, så den holdt seg i ro som en mår i fella. (s. 7)
Det viser seg at det som har hendt er at alle dei andre mennene i landsbyen har tatt livet av de Anderer på vertshuset, like før Brodeck ved eit tilfelle kjem innom for å kjøpe smør. Som ein av dei få skriveføre i landsbyen, blir Brodeck pålagt å skrive ein rapport om hendinga, s'Ereigniës, som dei kaller drapet. Brodeck kjenner seg pressa til å gjennomføre denne oppgåva, og resten av boka lar oss ta del i denne skriveprosessen. For Brodeck er det ein krevjande prosess, ikkje bare fordi det er vanskeleg å skrive på ein måte kor han tilfredsstiller ordføraren og resten av mennene sinne forventningar, men også fordi han må gå inn i og forsvare den vonde handlinga dei har gjort. For Brodeck som har vore i ein leir under krigen og som har blitt tråkka på og behandla som ei bikkje, bokstaveleg talt, fordi han var framand, bringer rapportskrivinga fram mange vonde minne. Brodecks rapport er ein roman med mange tidssprang mellom nåtid og fortid og tilbakeblikk til det vonde Brodeck har opplevd tidlegare i livet sitt. Dette kan tidvis verke litt forvirrande og det gjer romanen til ei bok som krev litt konsentrasjon av lesaren.

Brodecks rapport er ein velskriven roman som utforskar det vonde i mennesket. Det språklege er så godt, at eg fleire gonger må stoppe opp og tenker at dette avsnittet skal eg hugse, dette var godt sagt. Som for eksempel når presten som ikkje lenger trur på Gud fortel om si rolle bland dei andre i landsbyen:
Folk er rare. De begår de verste ugjerninger uten å betenke seg noe særlig, men så orker de ikke å leve med minnet om hva de har gjort. Det blir en bør de må befri seg fra. Da er det de oppsøker meg, for de vet at bare jeg kan skaffe dem lindring og trøst, og så forteller de meg alt. Jeg er kloakken, Brodeck. Jeg er ikke presten, jeg er menneskekloakken. Og i hodet til den kan de tømme all materien, alt svineriet, for å skaffe seg lindring, for å lette børen. Og så går de sin vei som om ingenting var. Splitter nye. Rene og fine. (s. 121). 
Men til tross for at det språklege gjer teksten til ei stor lesaroppleving, er det også ei vond lesaroppleving. Boka skildrar det verste som bur i mennesket og korleis det vonde kan få uttrykk i handling. Ikkje minst tematiserer boka problemstillingar vi kjenner frå tida etter andre verdskrigen: Dersom det er mange nok som gjer ei ugjerning saman, rettferdiggjer det då ugjerninga? Vil det å vere ein del av ei mengde, ta ansvaret frå den einskilde? Medan mange svarar nei på desse spørsmåla, når vi får dei presentert som ei hypotetisk problemstilling, ville landsbybuarane svare ja. For Brodeck, som har opplevd livet i leiren under krigen, og som har vore den som uretten er blitt begått mot, over lengre tid, er det vanskeleg å forhalde seg til dette fleirtalstyrraniet.

Samtidig som boka er ei opprivande forteljing om mennesket på sitt verste, er det også mykje kjærleik i romanen. Brodeck kom heim frå leiren til ei kone som var øydelagt av traume og ei dotter som ikkje var hans, men som han likevel elskar over alt på jord. Og sjølv om Brodecks rapport er ei grusom forteljing om det vonde mennesker kan få seg til å gjere, når dei trekker i flokk, har boka element av håp og tru på det gode i mennesket. Og denne trua og dette håpet kjem særleg godt fram i det eg trur må vere den vakraste skildringa av kjærleik eg har lese nokon gong:
Lille Poupchette ... noen vil si at du er et barn av ingenting, at du er et barn av svineriet, at du er et barn avlet i hat og gru. Noen vil si at du er et motbydelig barn, unnfanget av motbydeligheten, at du er et barn av skjenselen, et barn som var skjendet allerede før du ble født. Ikke hør på dem, er du snill, jenta mi, ikke hør på dem. Jeg sier at du er barnet mitt, og at jeg er glad i deg. Jeg sier deg at det grufulle noen ganger avføder skjønnhet, renhet og ynde. Jeg sier deg at jeg er din far for bestandig. Jeg sier deg at de vakreste roser stundom vokser i puss og verk. Jeg sier deg at du er demringen, morgendagen, aller morgendager, og det eneste som betyr noe, er det som gjør deg til noe løfterik. Jeg sier deg at du er mitt hell og min tilgivelse. Jeg sier deg, Poupchette, at du er hele mitt liv. (s. 235).
Brodecks rapport er ei av dei bøkene eg er sikker på at vil feste seg hos meg. Eg er veldig glad for at både Thelme Melck og Labben har peika på Philippe Claudel sin forfattarskap, for meg. Det ville vore synd om denne romanen bare hadde forblitt ei av dei mange bøkene som druknar i mengda, til fordel for bøker med høgare marknadsføringsbudsjett. 

Nov 5, 2011

Kjenner du boka?

Er det nokon som klarer å kjenne igjen den boka eg held på å lese, ut ifrå dette biletet?

Nov 4, 2011

11/52 og 12/52: To noveller av Tolstoj

11/52: "Herre og dreng"

Etter å ha lese om novella "Herre og dreng" av Lev Tolstoj, i Lines Bibliotek, har eg hatt lyst til å lese denne novella. I går fann eg fram antologien Karavane, og oppdaga at "Herre og dreng" stod der.

Novella handlar om godseigaren Vasilij Andreitsj, ein rik mann som tener seg stadig rikare på å utnytte dei fattige folka rundt seg. Drengen Nikita er lojaliteten sjølv og han jobbar hardt for Andreitsj, til tross for at han eigentleg veit at verken betalinga eller den behandlinga han får hos godsherren er som det burde vere. Andreitsj skal reise til nabobyen og kjøpe meir skog, og vil trosse snøstormen og kulda for å reise. Drengen Nikita blir med, med hullete støvlar og for tynne klede, sjølv om han veit at det er galskap å leggje ut på ridetur i det veret. Andreitsj tar på seg to varme pelsar og har knappast tid til å vente på at drengen Nikita skal kle seg for uveret.

I snøstormen har vegen snødd igjen og dei rir seg bort. To gonger kjem dei til nabolandsbyen og blir tilbudt husvere for natta, men begge gongene avslår Andreitsj. Han har ikkje råd til å utsetje handelen han skal gjennomføre, han kan jo risikere at nokon andre får avtalen framføre han. Styrt av den griske herren sitt begjær etter meir makt og meir pengar, legg dei Andreitsj og Nikita ut i snøstormen og nattemørket nok ein gong. Verken hesten eller tenaren klarar meir, og dei stoppar i snødrivet. Og medan Nikita tenker på korleis hesten og han sjølv skal overleve i kulda og forsøker å grave seg ned i snøen, sitt den griske godseigaren i vogna, lunt innpakka i dei to pelsane sine. Det blir skildra ein stor kontrast mellom den fattige og kloke drengen, som har omtanke for dyr og andre enn seg sjølv og den griske og rike herren, som ikkje ein gong er i stand til å fatte kor kaldt det er for han som ikkje er like godt kledd som seg sjølv:
"Det ville vært varmere å sitte sammen, men her er ikke plass til to," sa han.
"Jeg skal nok finne en plass," svarte Nikita. "Jeg må bare dekke over hesten, den er jo aldeles svett, stakkar. - Lett litt på deg," tilføyde han, gikk bort til sleden og trakk dekkenet frem under Vasilij Andreitsj.  
Han brettet det dobbelt og la det over ryggen til Brunen, etter å ha tatt av selen og seleputene:
"Nå blir det varmere for deg," sa han og spente seleputene og bakselen på plass igjen over dekkenet. "De har vel ikke bruk for den strien der? La meg få litt halm også," sa han da han var ferdig med hesten og kom bort til sleden igjen.  
Nikita trakk frem både det ene og det andre under Vasilij Andreitsj, gikk bak slederyggen og gravde seg en grop i sneen, som han la halm i. Så trakk han luen godt ned i pannen og over ørene, pakket seg inn i kaftanen, la sekkestrien over seg og satte seg på halmen inntil bastryggen på sleden, som beskyttet ham mot vind og sne.  
Vasilij Andreitsj ristet misbilligende på hodet til det Nikita foretok seg, slik han pleide å gjøre til bøndenes dumhet og mangel på dannelse. Så begynte han å gjøre seg selv i stand for natten. Han slettet ut halmen som var igjen i sleden, pakket den tettere rundt sidene, stakke hendene i ermene og la hodet til rette i et hjørne ved forenden, som dekket han for vinden. 
Han hadde ikke lyst til å sove. Han lå og tenkte, tenkte på det ene som var hans høyeste mål, meningen, lykken og stoltheten i hans liv; - nemlig hvor mye penger han hadde tjent og hvor mye han ennå ville kunne tjene, hvor mye folk han kjente hadde tjent og eide av penger, på hvilken måte de hadde tjent og tjente penger, og hvordan han i likhet med med dem ennå ville kunne tjene veldig mye penger. Kjøpet av Gorjatsjkinoskogen var en sak av enorm betydning for ham. Han håpet å kunne tjene kanskje ti tusen med ett slag på denne skogen. I tankene begynte han å verdsette skogen som han hadde sett om høsten, og hvor han hadde talt alle trærne innenfor en omkrets av to desjatiner.  (Karavane, s. 77). 
Heldigvis skjer det ei endring i Andreitsj si haldning til Nikita, før drengen frys ihjel. Og denne omvendinga er eit lyspunkt i ei ellers svært dyster novelle. For "Herre og dreng" er ei novelle kor både person- og miljøskildringane er grundige, gode og levande. Dei er så grundige, så gode og så levande at eg kjenner eg begynner å fryse når eg les skildringa av hovudpersonane som er ute i kulda. Line gir ei veldig god omtale av novella, ho skildrar ubehaget ved å lese "Herre og dreng", eit ubehag eg også opplevde som påtrengande, då eg las novella.
"Ubehaget ved å lese novellen skyldes ingen feil ved Tolstojs skrivekunst, snarere tvert imot. Novellens poeng er likevel ikke å forårsake angst hos leseren, selv om den gjør det. Det er Vasilij Andreitsjs omvendelse det handler om" (Lines bibliotek). 
12/52: "God Sees the Truth, but Waits"

Imponert over Tolstoj sin skrivekunst, finn eg fram novellesamlinga Best Russian Short Stories for å sjå om eg finn fleire Tolstoj-noveller. Og det gjer eg, den korte novella "God Sees the Truth, but Waits" er bare sju sider lang og er dermed ei langt meir finslipt novelle enn  den 40 sider lange "Herre og dreng".

I "God Sees the Truth, but Waits" møter vi handelsmannen Ivan Dimitrich Aksionov, som skal reise til ei messe. Kvelden før han skal dra drømmer kona at han har grått hår når han kjem heim igjen, og ho trygler Aksionov om å ikkje reise likevel. Ho meiner denne draumen er eit dårleg teikn. Aksionov avfeier henne og reiser likevel. Om kvelden tar han inn på eit vertshus, kor han møter ein annan handelsmann og dei to drikk te saman, før dei går til sengs. Dagen etter blir Aksionov oppsøkt av to politimenn, som fortel at den andre handelsmannen er drepen. Politiet finn ein blodig kniv i baggasjen til Aksionov og han blir uskuldig dømd for drapet. 


I løpet av dei 26 åra Aksionov er i Sibir, blir han ein vel ansett og høgt respektert fange, både blant medfangar og voktarar. Han blir skildra som ein varm og klok mann og folk kjem til han for å be om råd, når det trengs. Så etter 26 år kjem Makar Semyonitch til fangeleiren. Han er arrestert for å ha stole ein hest, men bagatelliserer saken og seier at han skulle bare låne hesten for å komme seg heim. Det viser seg at Semyonitch er frå same plassen som Aksionov og at han kjenner til Aksionov si sak: 
"Perhaps you know who killed the merchant?" asked Aksionov.
Makar Semyonich laughed and replied: "It must have been him in whose bag the knife was found! If some one else hid the knife there, He´s not at thief till he´s caught, as the saying is. How could any one put a knife into your bag while it was under your head? It would surely have woke you up."  
When Aksionov heard these words, he felt sure this was the man who had killed the merchant. He rose and went away. All that night Aksionov lay awake. He felt terribly unhappy, and all sorts of images rose in his mind. There was the image of his wife as she was when he parted from her to go to the fair. He saw her as if she were present; her face and her eyes rose before him; he heard her speak and laugh. Then he saw his children, quite little, as they were at that time: one with a little cloak on, another at his mother´s breast. And then he remembered himself as he used to be - young and merry. He remembered how he sat playing the guitar in the porch of the inn in his mind, the place where he was arrested, and how free from care he had been. He saw, in his mind, the place where he was flogged, the executioner, and the people standig around; the chains, the convicts, all the twenty-six years of his prison life, and his premature old age. The thought of it all made him so wretched that he was ready to kill himself. (Best Russian Short Stories, s 78).
Aksionov skjønner at det er Semyonich som er den skuldige i drapet han sjølv er dømd for. Han får også moglegheit til å hemne Semyonich, men lar det vere, for han kan jo ikkje vite sikkert at mistanken han har er riktig. Mot slutten tilstår Semyonich at han er den skuldige, men det er for seint for den gamle. Han får ikkje leve til han blir frikjend.

Tittelen "God Sees the Truth, but Waits", kaster eit spesielt lys over novella. Som lesar skjønner ein, i lys av denne tittelen, at Aksionov har rett når han hevdar si uskuld. Og på spørsmålet om korfor Gud ventar, sjølv om han har sett sanninga, gir ikkje novella noko svar.

Medan tematikken i "Herre og dreng" dreier seg om egoisme og vilje til sjølvoppofring som to motpolar er også "God Sees the Truth, but Waits" oppbygd rundt to personlegheiter som står i sterk kontrast til kvarandre. Og Aksionov viser fleire av dei same, forbilledlege eigenskapene som også Nikita har, i relasjonen til Semyonich. Og sjølv om det er eit element av forsoning i begge novellene viser også begge novellene korleis mennesker kan vere kvarandre sine verste fiendar.

Ein ting er sikkert, etter desse to novellene. Eg kjem til å lese meir av Tolstoj.

Nov 3, 2011

Oppdatering 52 noveller

Nå er endeleg oversikta over kven som har lese kva for nokre noveller oppdatert her. Eg har litt dårleg samvit for å ikkje ha fulgt opp denne utfordringa eg har sett i gang, og derfor gleder det meg at fleire av dykk les jamnt og trutt noveller framleis. Dei tre som har komme lengst er Lena frå bloggen "Les Mye" som har fullført heile 51/52 noveller, i god tid før nyttår. Karin frå "En verden full av bøker" er på ein god andreplass med 34/52 bøker fullført og Stine Marie hos "Stines notater" har fullført 32/52 noveller. Elles har Linesbibliotek også fulgt med, med  21 noveller.

Sjølv stagnerte det litt for meg etter dei første 10 novellene, i våres. Men etter å ha bladd meg gjennom andbefalingane til dei andre deltakarane her, har eg jammen fått litt ny novelleinspirasjon, så nå skal eg prøve å ta dei andre igjen. 

Lydbøker

Nå er formen endeleg stigande igjen, og eg gleder meg over å orke stadig meir. Eg har vore plaga av svimling, kvalme vondt i hovudet, som eit resultat av ein infeksjon i indre øyret, nær eller på balanseorganet. Eller med andre ord, ei forkjøling som veks litt utav proporsjoner. Dette har også påverka synet mitt slik at når eg har forsøkt å lese, har bokstavane dansa rundt på papiret og det har vore veldig slitsomt å forsøke å ta inn synsinntrykk. Dei første dagane var det så vondt å feste blikket at eg ikkje orka sjå på tv. Men nå er formen stigande og eg nærmar meg klar for den vanlege kvardagen igjen, med både jobb og bøker og alt anna som følgjer med.

Men kva gjer ein, når ein verken orkar å lese bøker eller sjå på tv? Ein søv sjølvsagt ein god del, men den tida ein er vaken skal jo også fordrivast. Dermed har eg forsøkt å gi lydbøker ein ny sjanse. Eg har aldri likt lydbøker, for eg opplever så sjeldan at opplesinga passar inn med slik eg ville ha lese boka, om eg hadde lese med mi eiga stemme, inni meg. Tempoet blir ofte annleis og trykket og vektinga av ulike ord og setningsledd blir styrt av nokon andre enn meg. Eg liker det ikkje. Det tar frå meg litt av den råderetten over språket og boka, som eg gjerne vil ha, som lesar. 

Likevel, eg har lasta ned lydbokavspelaren på ordflyt.no, kor det er timesvis med lydbokmateriale til gratis avspeling og mp3-lydbøker som kan kjøpast. Først høyrde eg meg gjennom Stormfulle høyder av Emilie Brontë. Lesinga var litt heseblesande og masete, eg trur eg ville likt boka endå betre om eg hadde fått lese ho i mitt eige tempo. Men eg klarte henge med på opplesinga. Stormfulle høyder er ei spennande bok, full av gotikk og romantikk, framstilt på ein måte bare 1800-tals forfattarane kan framstille gotikken og romantikken. Kvar gong eg les bøker frå denne seinromantiske og gotiske perioden, spør eg meg sjølv korfor eg ikkje les fleire slike bøker. 

Handlinga i Stormfulle høyder begynner i nåtid med at den omreisande forteljaren, Herr Lockwood, kjem til Wuthering Heights, ein avsidesliggjande gard, langt frå allfarveg. Her får han ein kjølig velkomst av Heathcliff, ei ung kvinne og ein ung mann. Stemninga på godset er trykkande og ubehageleg og det blir ikkje betre av at Lockwood forsøker å småprate med folka. Når Lockwood skal sove, blir han skremd av ein spøkelsesliknande skapnad som banker på vindauget og vil inn til han, ein skapnad som Heathcliff viser seg å kjenne til. Dagen etter møter han Nelly, den tidlegare husholderska på Wuthering Heights, som fortel historia om Heathcliff som blei brakt til garden til familien Earnshaw som eit mørkt og underleg fosterbarn. Han veks opp saman med Catherine og broren Hinley, og medan han Heathcliff og Catherine utvikler eit heilt spesielt vennskap, er det stadig rivalisering mellom Hinley og Heathcliff. Og denne gamle kvinna som fortel om livet ho har levd på Wuthering Heights, er ramma for forteljinga om Heathcliff og Catherine og familien deira. 

Medan Nelly fortel om barndommen til ungane på garden til Earnshaw-familien, får eg sterk sympati for Heathcliff. Den mørke guten er annleis enn dei andre, og han er så var for inntrykk frå folk rundt han. Men etterkvart som han blir vaksen, utvikler han seg til å bli ein inkarnasjon av vondskapen. Boka presenterer til ei viss grad ulike årsaker til at Heathcliff blir vond, utan at ho analyserer dette for inngåande. Som lesar hamnar eg i ei konflikt mellom minnet om den sympatiske og stakkarslege fattigguten som stadig blir misforstått og antipatien mot Heathcliff og dei vonde handlingane han utfører, som vaksen. Den kompliserte relasjonen til Catherine, som etterkvart gifter seg med naboguten Edward Linton, driv han inn i galskapen og vondskapen. Grensene mellom liv og død blir utviska, og den intenst spennande romanen utforskar korleis det verste i mennesket kan vokse fram. 

Det er noko med karakterskildringane og forteljarstilen som greip meg veldig, då eg lytta til Stormfulle høyder. Nelly er heile tida ein sentral person i forteljinga si, likevel er ho heile tida objektiv, nøktern og observerande. Sjølv om Heathcliff blir framstilt som den vonde og den gale, er ho aldri vurderande. Ho tar ikkje parti og sjølv om ho er ueinig med karakterane innimellom, blir handlinga fortald, rett fram. Dette er ei styrke i boka. Det plasserer meg som lesar (eller lyttar) i ei observatørrolle, og eg må sjølv ta stilling til det som blir fortald. Dette er også med på å bygge opp spenning i boka og gjere Stormfulle høyder på lydbok til ei vellukka lyttaroppleving, til tross for den litt heseblesande lesemåten til innlesar Unni Jortveit. 

Full av optimisme, etter denne lydbokåpenbaringa, lastar eg ned Idioten av Dostovjevskij, eit langt meir ambisiøst og overmodig lydbokprosjekt. Eg har høyrd dei første 45 minutta fire gonger, og sovna kvar gong. Eg liker innlesinga betre i denne boka, så det kan hende eg kjem til å forsøke igjen, men då skal eg ikkje liggje med hovudet på mjukt underlag. Eg gav opp Idioten og lasta ned Seierherrene av Roy Jacobsen. Her har eg lytta meg fram til andre verdskrigen, men også her slit eg med at lydboklytting i og for seg er litt søvndyssande. Så dette er ei bok eg kjem til å lese ferdig, på normalt vis, i tekstutgåve. 

Nå er heldigvis både auger og hovud og leseevne på veg tilbake der det skal vere, og eg kan kose meg med bøker som eg pleier, medan eg venter på at kroppen skal bli heilt ferdig med å kvitte seg med dette rusket. 

Oct 28, 2011

Sjuk...

Eg er sjuk. Eg orkar ikkje lese eller skrive. Men eg blir frisk igjen, og då skal eg blogge meir. Bare sånn at du veit det.

Oct 18, 2011

Nå kan hausten komme

Ei god bok og ein grøn kopp med te. Då gjer det ingenting at det er mørkt og vått og grått og kaldt ute. Eg kan kose meg inne, i kveld, eg.

Oct 16, 2011

52 noveller

For ei tid sidan skreiv eg at eg ikkje var sikker på om eg orka å blogge meir. Også har eg sagt at eg skal leggje bort all pliktblogginga og bare skrive når eg har lyst. Og nå kjenner eg at det er morsomt å skrive igjen og at eg eigentleg hadde sakna det litt.

For dei som er med på novelleutfordringa: Eg beklager at det har blitt så mykje rot rundt dette. Men nå har eg tenkt å oppdatere lista over noveller og fullføre det eg har begynt på her. Det er jo spennande å få oversikt over korleis ein ligg an også, og ikkje bare bli overlatt til seg sjølv, når ein har meldt seg på eit slikt prosjekt. I løpet av veka vil eg gå gjennom kommentarane på 52 noveller-sida her og oppdatere og komme med ein statusrapport. Så dersom du har lese noveller du ikkje har rapportert inn den siste tida, er det bare å leggje inn lenke, så skal eg få dei med meg. 

Oct 15, 2011

Nifs og spennande ungdomsroman

Johan Harstad
Darlah. 172 timer på månen 
376 sider
Cappelen Damm. 2008



Eg har lese ein del ungdomsbøker i det siste. Litt for å ha nokre lettlesne bøker og kose meg med, når dagane er travle og litt fordi eg som norsklærar kjenner litt på at eg manglar oversikt over bøker som kanskje er aktuelle for elevane mine. Og Brageprisvinnaren Darlah. 172 timer på månen er ei bok eg har hatt lyst til å lese lenge. For nokre år storkoste eg meg med Hässelby, som gjekk frå å vere ein uskyldig oppvekstroman til å bli ein nifs dystopi med Twin-Peaks-liknande trekk. Og Darlah. 172 timer på månen gjer akkurat det same. Boka går frå å skildre ungdommar i eit trygt og gjenkjenneleg miljø, til å bli så nifs at eg kjenner at eg som lesar blir redd. Johan Harstad kan skrive. 

Utgangspunktet for Darlah. 172 timer på månen er at NASA ønsker å arrangere ei ny måneferd. Allereie i forordet får ein vite at det er ei enorm hemmeleghalding rundt denne måneferda. Deltakarane på møtet er forsøkt samla utan at dei skal trekke til seg noko merksemd og ein av møtedeltakarane har fått namnet sitt sladda i forordet. Dei bestemmer seg for å reise til månen igjen. For å finansiere denne ekspedisjonen treng å kommersialisere prosjektet. Det gjer dei ved å utlyse ein konkurranse kor tre ungdommar vinn kvar sin plass på ekspedisjonen som skal tv-overførast som eit kva slags som helst realityshow. 

Vidare blir vi kjende med kvardagen til dei tre ungdommane som etterkvart vinn kvar sin billett til månen. Mia frå Stavanger er ei sint tenåringsjente med svart hår som drøymer om å blir verdsberømt med bandet Rouge Squadron, og som i alle fall ikkje vil reise til månen. Midori frå Tokyo passar ikkje inn saman med dei andre jamnaldrande i nærmiljøet og drøymer om å reise langt bort frå alt og begynne eit nytt liv som kunstnar, helst i New York. Antonie frå Paris har akkurat blitt dumpa av kjærasten sin, som han framleis spionerer på gjennom kikkertane i Eiffeltårnet. 

Etterkvart skjønner vi at det er andre grunnar enn dei reint økonomiske, som gjer at det ikkje har vore sendt folk til månen sidan 70-talet. Ein tidlegare vaktmester i Area 51 veit at det er farleg å reise til månen, men han får ikkje til å varsle nokon. Frykta den senile gamle mannen kjenner når han ser tv-bileta av ungdommane som skal reise til månen, er svært godt skildra. Mia, Midori og Anonie opplever merkelege ting, etter at dei er vald ut til å delta på Darlah-ekspedisjonen og spenninga stig merkbart etter at dei har komme fram til månen og romstasjonen dei skal vere på. 

Boka er blitt kritisert for å vere for langdryg i starten. Og det tar litt tid før boka begynner å bli ordentleg spennande. Samtidig er skildringane av livet til dei tre månefararane i Stavanger, Tokyo og Paris med på gjere boka til noko meir enn ei sci-fi-bok. Og for meg som vanlegvis ikkje er så glad i denne sjangeren, synest eg at den meir jordnære og kvardagslege stemninga i første delen av boka er med på å gjere boka verdt å lese. Eg trur heller ikkje den ekstremt bratte spenningskurva som bare stig og stig over dei siste 100 sidene i boka, ville vore like intenst spennande dersom vi ikkje hadde komme på innsida av karakterane og blitt ordentleg kjend med dei i innleiinga. Det er punkter som kan kritiserast og lause trådar som ikkje blir samla på slutten av boka. Samtidig er det ein velskriven og svært spennande roman, som tek opp spørsmålet om kva vi kan finne ute i verdsrommet på ein ny og interessant måte. 

Kven er du som lesar?

Enligt O har utfordra sine lesarar til å svare på korleis lesevanane deira er i ein morsom liten "snabbenkät", som svenskane så fint kallar det.


Hur är du som läsare?
  • snabb  långsam
  • läser alla ord  skummar en del
  • gillar långa beskrivningar hoppar över det som inte för historien framåt
  • kommer ihåg detaljer kommer ihåg i stora drag
  • undviker tjocka böcker läser gärna tegelstenar
  • tycker om tunna böcker tycker att tunna böcker ofta saknar något
  • idealboken är på mindre än 400 sidor idealboken är på mer än 400 sidor (denne klarer eg ikkje svare på. Eg liker jo både tynne og tjukke bøker. Det kjem an på boka).
  • tjuvkikar på slutet läser aldrig slutet förrän boken är just slut
  • väljer efter omslag skiter fullständigt i ytan
  • läser baksidetexter undviker baksidetexter
  • väljer boken efter rekommendation vill helst välja själv
  • rekommenderar ofta böcker till andra rekommenderar sällan böcker
  • hör det jag läser i huvudet hör aldrig det jag läser
  • gillar ljudböcker gillar inte ljudböcker
  • läser främst böcker i en genre gillar att variera min läsning
  • läser alltid på svenska läser på flera språk
  • är bra på att komma ihåg böcker jag läst glömmer lätt bort både titlar och författare
  • skriver upp det jag läser skriver inte upp det jag läser
  • läser varje dag läser mer sällan
  • tycker att läsning är avslappnande tycker att läsning är ansträngande


Oct 11, 2011

Bokhyller til inspirasjon

NRK har kåra den flottaste bokhylla i Norge og presenterer mykje inspirasjon her. Eg skal snart innrede det som skal bli bibliotek-gjesterom. Vil eg ha høge bokhyller frå golv til tak eller vil eg ha ei meir luftig løysing? Skal det vere enkle og reine hyller kor bøkene blir dominerande eller vil eg ha hyller som gjer litt meir utav seg? Det er så mykje eg ser føre meg at kan vere fint. I kva slags hylle vil bøkene mine ha det best? Kor vil dei komme til sin rett? Og kva skal eg ta meg råd til? Sjølvsagt er bøkene dei same, anten dei ligg i pappeskene der dei ligg nå, eller i ei lekker bokhylle. Men eg kjenner eg blei inspirert av NRK-kåringa. Og eg vil gjerne kose meg med bøkene mine, i eit fint rom. 

- Det einaste eg er sikker på, etter å ha sett desse flotte bokhyllebileta, er at lesebrettet aldri kjem til å overta for boka på alle område! 

Oct 10, 2011

Den vonde verkelegheita

Eg les Se oss. Bekymringsmelding fra en ung norsksomalisk kvinne av Amal Aden. Det er ei vond bok å lese. I forordet skriv Aden:

"Jeg liker å beskrive virkeligheten gjennom en fortelling, og vi somaliere er veldig glad i å fortelle historier. Det er derfor naturlig for meg at den lengste delen av denne boken er en fortelling. Den er ikke selvopplevd, men den er sann - den viser fram viktige sider ved virkeligheten slik jeg kjenner den" (s. 13).
I boka fortel Aden om det å vokse opp som somalisk jente i Norge, frå den 13 år gamle jenta Yasmin sitt perspektiv. Det er vondt å lese. Eg kjenner det stikk inni meg og tårene triller medan eg les. Amal Aden skildrar det grusomme, og det grusomme er ikkje langt borte. Det er i nærmiljøet vårt, bak lukka dører i blokkene i drabantbyane her i Groruddalen. Desse jentene er i klasseromma på våre skular og vi ser dei, saman med mødrene og tantene sine på butikken kvar dag. Og likevel er dei så aleine med smertene sine:
Jeg prøver å ligge på magen, og etter en stund sovner jeg. Når jeg våkner, vet jeg ikke om det er natt eller dag. Det er mørkt i rommet. Jeg har fortsatt forferdelige smerter. Jeg hører stemmer fra stuen. Det er sikkert onkel som er tilbake, tenker jeg. Jeg klarer ikke å rope. Jeg håper han kommer inn til meg. Nå hører jeg at han prater og ler høyt i telefonen. Jeg prøver å stå opp, jeg holder meg fast i veggen og står forsiktig opp. Jeg er kliss våt, jeg har svettet så mye. Jeg går inn i stuen hvor onkel prater og ler i telefonen. Det er ingen andre i huset.
- Jeg må til lege, jeg har det veldig vondt, sier jeg.
Onkel er ferdig i telefonen, og sier at jeg kan ikke reise til lege. Onkel kommer med en lang forklaring om at hvis vi drar til legen, vil legen se at jeg har blitt slått og ta kontakt med barnevernet. Barnevernet vil komme og ta meg med til et sted hvor jeg blir voldtatt, slått må drikke alkohol og bli kristen. Hvis barnevernet henter meg, kommer jeg aldri til å se familien min igjen, og alle kommer til å hate meg. Barnevernet er et skremmende ord, og hvis barnevernet kommer, så blir livet mitt et helvete. Dessuten så er det sånn at hvis jeg sier til noen at jeg har blitt slått, så dreper foreldrene mine meg.
Jeg vet ikke hva jeg skal gjøre, jeg dør av smerte. (s. 84-85). 
Se oss er ei brutal forteljing. Historia om Yasmin er så brutal, at eg skulle ønske eg kunne avfeie det heile som fordomsfullt oppspinn. For dette er ei historie som bare stadfestar alt det verste vi trur om det somaliske miljøet. Dessverre er det ikkje oppspinn. Dessverre kjem Amal Aden si så utruleg viktige stemme innsida av det somaliske miljøet. Aden har sjølv vekse opp i det miljøet ho skildrar, og nå opptrer ho under pseudonym, ofte med politivakt, fordi ho vågar å kritisere det.

I forordet skriv Aden:
"I denne sørgelige situasjonen er Se oss mitt nødrop, og jeg håper inderlig å bli hørt. Jeg vil vekke opp mennesker som jobber med flyktninger - for eksempel i asylmottak, på flyktningkontor, i Nav, barnevern og skole, ja alle som har med flyktninger og innvandrere å gjøre, ønsker jeg å nå. Jeg vil at de skal våkne opp fra sine drømmer og se virkeligheten slik den er." (s. 12).
Eg deler Aden sitt ønske. Eg håper bekymringsmeldinga hennar blir lesen av alle som arbeider med flyktningar og innvandrarar. Og eg håper vi klarer å sjå desse barna. Endå meir håper eg vi klarer å gjere noko med det vi ser. 

Oct 9, 2011

"Der Baader-Meinhof Komplex"

I går såg eg filmen "Der Baader- Meinhof Komplex". Det var ei spesiell oppleving.

Filmen handlar om Rote Armee Fraktion, ei venstreradikal tysk gruppe, som blir danna i tida etter studentopprøret i Berlin i 1967 og som blir lagt merke til av verdssamfunnet etter at Andreas Baader sprenger eit kjøpesenter. Ulrikke Meinhof dekker studentopprøret som journalist, og reagerer på politivold og vidare korleis måten drapet på ein student blir behandla av samfunnet rundt. Etter kvart kjem ho i kontakt med Baader og kjerasten hans, og ho speler ei sentral rolle i frigjeringa av Andreas, då han blir fengsla. Vidare handlar filmen om RAF sin kamp mot det dei kallar eit fascistisk styre i det kapitalistiske Vest-Tyskland, og styresmaktene sine forsøk på å slå ned gruppa. Mot slutten, er det nyare og yngre krefter som tek over i RAF, og desse står blandt Anna bak kapringa av eit Lufthansa-fly i 1977, denne kapringa kjenner vi godt til fordi Sohaila Andrawes er ein av dei overlevande kaprarane.

Tidlegare, når eg har lese om eller sett filmar om ulike former for fridomsforkjemparar, har eg vore fascinert over denne sterke trua dei har på at dei gjer det rette. Nokre gonger har eg vore misunneleg på desse som trur så sterkt på ein sak at dei er villige til å gjere alt! Men i løpet av sommaren har denne beundringa endra seg. Der eg tidlegare blei fascinert over den sterke trua til desse menneska, kjenner eg nå avsky og forakt mot desse terrorhandlingane. Det er ingenting som er beundringsverdig med det å ta livet av eit anna menneske, uansett kva sak ein kjemper for. Og det er heller ingen grunn til å gi terroristar heltestatus, anten dei er venstreradikale eller høyreekstreme!

Derfor blei eg sittande og sjå " Der Baader-Meinhof Komplex" med ei stadig voksande avsky mot dei hovudpersonane, filmregissøren ville eg skulle kjenne sympati for. Når Andreas og Ulrikke blei straffa med isolasjon på kvar si celle, kjende eg at dette var riktig, Vietnamkrig, eller ikkje Vietnamkrig. Dei fortente straffa si.

Eg ser at blikket mitt har forandra seg. Og det kjennest riktig.

Oct 8, 2011

Bokhandling

Igjen må eg bare stille spørsmål med kva som er grunnen til dei store prisforskjellane på bøker i Sverige og i Norge. Sjølv om eg har fleire diktsamlingar med Tranströmer-dikt, har eg lyst på samlebindet med prosaen til Tranströmer også. Eg hadde planlagt å bestille boka på Capris.no for 317,- 

Men så las eg hos Enligt O at ho hadde bestilt hos den svenske kjeden bokus.se, til 198,- svenske kroner, altså omlag 170 norske. 


For dei 150 kronene eg sparte, bestilde eg like gjerne Sofi Oksanen si bok Baby Jane og Sara Stridsberg si Darling River. Då trur eg eg skal ha lesestoff til nokre haustkveldar framover.  

Eg slutter ikkje å forundre meg over denne prisskilnaden i Norge og Sverige. Norge har momsfritak på bøker, medan dei svenske bøkene har 9% mva. Det er greit at alt anna er dyrare i Norge, men eg skjønner ikkje med mi beste vilje at det skal koste Capris 140 kroner meir å selgje same boka her, samanlikna med i Sverige. Boka er jo ikkje oversett ein gong (og det gjer ingenting, for det er då verkeleg ikkje vits i å oversette svenske dikt til norsk). 


Oct 6, 2011

Gratulerer Tomas Tranströmer!

I år seier eg også "Äntligen!", og jubler over at svenska akademien endeleg har våga å gi sin eigen, store lyrikar, Tomas Tranströmer nobelprisen. Det er han vel unt.

Tranströmer har skrive mange flotte dikt, her er to av mine favorittar:

"Stationen"
Ett tåg har rullat in. Här står vagn efter vagn,
men inga dörrar öppnas, ingen går av eller på.
Finns några dörrar ens? Därinne vimlar det
av instängda människor som rör sig av och an.
De stirrar ut genom de orubbliga fönstren.
Och ute går en man längs tåget med en slägga.
Han slår på hjulen, det klämtar svagt. Utom just här!
Här sväller klangen ofattbart: ett åsknedslag,
en domkyrkoklockklang, en världsomseglarklang
som lyfter hela tåget och nejdens våta stenar.
Allt sjunger. Ni skal minnas det. Res vidare!


"Minnena ser mig"
En junimorgon då det är för tidigt
att vakna men för sent att somna om. 
Jag måste ut i grönskan som är fullsatt
av minnen, och de följer mig med blicken. 
De syns inte, de smälter helt ihop
med bakgrunden, perfekta kameleonter. 
De är så nära att jag hör dem andas
fast fågelsången är bedövande.

Birgitte Steffen Nielsen har skrive ei avhandling om Tranströmer som heiter Den grå stemme, og det er ei veldig passande overskrift for Tranströmer sitt forfattarskap. For stemmen hans er grå, i den forstand at dikta hans er jordnære og kvardagslege, det same er billetbruken. Og samtidig er Tranströmer sine dikt heilt spesielle. Han er absolutt ein diktar som fortener å bli verdsett med nobelprisen. Eg håper vi slepper å måtte forhalde oss til sure amerikanarar, som gnåler om kameraderi igjen. Eg jubler over at Svenska Akademien endeleg våger å gi prisen til ein av sine eigne, igjen. 

Oct 3, 2011

1Q84


Takk for mange veldig hyggelege tilbakemeldingar på forrige innlegg. Eg har bestemt for å ikkje forsvinne. Men eg trur ikkje eg har kapasitet til å ha så mange faste spaltar og fleire vekentlege oppdateringar. Så det blir ei oppdatering i ny og ne, når eg har lyst til å skrive litt, framover. Også droppar eg alle plikt-oppdateringane eg har ein tendens til å pålegge meg sjølv. 

Sidan sist har eg lese Murakami, bok 1 og 2 av 1Q84. Det er ingenting mindre enn eit moderne storverk, og den beste Murakami-boka eg har lese til nå. Sjølv om vi finn mange av dei særtrekka til Murakami, som eg liker så godt i denne boka, er ho samtidig heilt annleis. Eg gleder meg til bok 3 kjem ut, allereide. 




I 1Q84 følger vi dei to hovudpersonane Aomame og Tengo i annankvart kapittel. Aomame er ei ung jente som har brote med familien som høyrer til den religiøse sekta "vitnefolket", og som i tillegg til å vere kampsportinstruktør på eit treningssenter, hjelper ei gammal dame med å ta livet av menn som har mishandla kvinner. Tengo er ein mattelærar og forfattar som ennå ikkje har gitt ut nokre bøker. Han er flink med språk, men slit med å få på plass ei handling. Ein dag blir han kontakta av ein redaktør, som har fått inn romanen Luftpuppe, som har veldig god handling men som treng eit betre bearbeida språk. Tengo kjenner seg meir eller mindre pressa til å fullføre denne boka, som viser seg å bli ein bestselgjar. Og etterkvart utvikler han også eit sterkt vennskap med den 17-år gamle jenta Fukaeri. 

Desse to blir dratt inn i ei anna verd, ei parallell verkelegheit, som er heilt lik den vanlege verda, bortsett frå nokre detaljar: 
Aomame strakte hals og så opp mot himmelen. Selv om blikket var vendt oppover, var tankene på vandring langt bakover i tid. Hun tenkte på årene med Tamaki, på alt de hadde snakket om. Og på den gangen de hadde kjælt med hverandre... Med ett slo det henne at nattehimmelen hun så opp på, ikke var helt som den pleide. Noe var forandret. Hun fikk en svak, men tydelig fornemmelse av at det var noe som ikke stemte.
Det tok en stund før det gikk opp for henne hva det var. Og selv da det gikk opp for henne, hadde hun vanskelig for å stole på det hun så. Hun trodde ikke sine egne øyne.
På himmelen hang det to måner. En stor og en liten. Like ved siden av hverandre. Den store så ut som den vanlige månen. Gul og nesten full. Men ved siden av den var det en annen måne. Den så annerledes ut. Den var litt skeiv og fargen var svakt grønn, som om den var dekket av mose. Dét var det hun så. 
Både Aomame og Tengo oppdager og avdekker, frå kvart sitt hold, gradvis at dei er i denne parallelle verkelegheita, med to månar, kor "little people" representerer eit stadig meir trugande bakteppe. Utviklinga er intens og spennande, og som lesar får ein gradvis større innsikt i stadig meir overraskande avsløringar, og ein blir stadig nødt til å stille spørsmål ved kva som eigentleg er og kva som ikkje er. Eller som Fukaeri, jenta som snakkar utan spørsmålsteikn, seier: "Hva er virkeligheten."

Samtidig som denne avdekkinga av av forholdet mellom 1984 og 1Q84, dei to verkelegheitene foregår, er det mange mindre historier i denne 751 sider lange romanen. Vi får høyre om både Aomame og Fukaeri si oppvekst i sterkt religiøse sekter, vi får høyre om Tengo som må vere med faren ut på lisensinnkreving, istadenfor å leike med dei andre ungane og vi får høyre om korleis desse barna, som var annleis allereide som barn har vokse opp og utvikla sterke, usynlege bånd mellom seg. Vi får høyre om dei einsame, dei som lever i si eiga verd og sitt eige tankeunivers, og som opplever det vanskeleg å forholde seg til andre mennesker. Vi får høyre om utforsking av kropp og seksualitet og vi får delta i erotiske eventyr, som heller ikkje er gjennomsnittelege. Og vi får etterkvart høyre korleis alt dette blir fletta saman, i ei verkelegheit som bare kanskje er verkeleg. 

Forteljinga i 1Q84 er annleis enn alt anna eg har lese, og det er kanskje her spenninga ligg. Handlinga ligg på eit plan, kor det surrealistiske og det realistiske blir blanda saman, og det er ikkje mogleg å vite kva som er det eigentlege, til slutt. Og det er kanskje det at Murakami får til å skrive fram denne uvissheita, som er den enorme styrka hans. 

Eg gleder meg til bok 3 kjem ut. 

Sep 17, 2011

Å blogge eller ikkje blogge

Den siste tida har eg tenkt mykje på kva eg vil med bloggen min. Eg har ikkje hatt så mykje å skrive om. Eg har sakna inspirasjon og idear. Også har eg hatt dårlig samvit for at eg ikkje har hatt så mykje å skrive om. Eg liker jo bloggen min og eg liker fellesskapet som oppstår, med dei andre bloggarane. Men det kjennest som om det er litt tomt for nye idear.

Eg vil jo gjerne ha fleire faste oppdateringar i veka, oppdateringar som lesarane kan rekne med, oppdateringar som er nye og spennande og som gir høge lesartal. Men eg finn dei ikkje. Dei kjem ikkje til meg, like ofte som før. Kan hende dei spennande og interessante refleksjonane og kommentarane og behovet for å skrive dei ned og dele dei, kjem tilbake. Men enn så lenge er dei borte. Det har stressa meg litt, eg synest jo bloggen er fin. Men eg har bestemt meg for at eg ikkje vil at det skal stresse meg. Dette skal vere eit overskotsprosjekt, ikkje eit pliktprosjekt. Og når det blir meir plikt enn overskot, er det noko som ikkje er som det skal vere.

Eg kjem heilt sikkert til å komme innom med litt sporadiske oppdateringar, framover også. Men eg skal slutte å ha dårleg samvit for at eg ikkje kjem på noko spennande å skrive, kvar veke. Det må jo vere greit å ikkje skrive så mykje alltid, også. Og kjenner eg meg rett, kjem nok ideane tilbake, og då vil det brått bli meir livleg her igjen. Enn så lenge, tar eg det litt med ro.

Når det gjeld novelleutfordringa, har eg lova dykk ei premie. Den står ved lag. Ved årsskiftet skal det kårast ein vinnar, med loddtrekning, blant dei som har fullført. Bare så du veit det. 

Aug 10, 2011

Å drømme om sommarfuglar

Eg les 1Q84 nå. Vanlegvis er bøkene mine og draumane mine to forskjellige plassar. Men ikkje når eg les Murakami. Då er det som om boka og draumen glir inn i kvarandre og eg begynner å drømme om Murakami sitt univers.

I natt drømde eg at eg var i eit drivhus fullt av sommarfuglar, saman med ei gammal, japansk, klok dame, akkurat som Aomane i boka. Når Aomane går frå drivhuset, må ho lukke døra forsiktig opp og igjen, slik at ikkje sommarfuglane rømmer. I draumen min er eg, som i verkelegheita, langt meir klønete enn denne vesle, japanske jenta. Eg får ikkje igjen døra, og blir ståande midt i ein sverm av sommarfuglar som flyg ut av drivhuset. Lenge. Det er ei uendeleg mengde sommarfuglar i dette drivhuset. Dei har all slags fargar og all slags fasongar. Eg gløymer etterkvart å vere redd for at den gamle dama skal bli sint for at eg har sleppe sommarfuglane ut, fordi det er så vidunderleg vakkert å stå der, midt i ein stim av fargerike vinger.

Eg liker Murakami, fordi universet hans passar så godt saman med mine draumar. Og det er fint å drømme om sommarfuglar.

Aug 8, 2011

Kva skal du lese - veke 32

Det er siste ferieveke. Sommaren har gått overraskande fort. Snart er det kvardag igjen, men eg skal heldigvis nyte ei siste veke med mykje ekstra lesetid. Kva skal du lese denne veka?

Eg har begynt på 1Q84 av Haruki Murakami. Det er ei veldig fengande og god bok, så langt.

Elles har eg 40 sider igjen av The Finkler Question, som eg begynte på tidlegare i sommar. Eg stoppa litt opp i denne, fordi leselysta blei borte og tankane mine blei opptekne av andre ting, 22. juli. Men nå har eg tenkt å lese avslutninga også, på denne ganske fascinerande boka.

Aug 5, 2011

Å tenke framover

Fredag 22. juli skreiv eg at alle mine næraste var i god behold. Det stemde forsåvidt, men eg fekk etterkvart vite at ein ung mann på 21 år, som har betydd mykje for meg og fleire av mine venner, var blant dei sakna på Utøya. Det gjekk ei veke, så kom stadfestinga, først sa dei på radioen at det var samsvar mellom antall sakna og antall kroppar dei hadde funne. Så kom beskjeden frå familien, etterfulgd av namnelistene. Denne flotte ungdomspolitikaren, som hadde livet og framtida framføre seg var død.

Vi kan sjå tilbake på desse siste to vekene, på fleire ulike måtar. Vi kan diskutere kor vidt vi skal gi gjerningsmannen, han som ingen av oss forstår, mykje merksemd i media eller om vi skal protestere ved å snu avisbaksida fram i butikkane og forsøke å gløyme han. Vi kan diskutere innvandringsdebatten si form, både før og framover. Vi kan plassere skuld på miljø, tankeretningar og einskildpersonar. Vi kan diskutere om det er greit å vere anonym på nettet. Vi kan snakke om politihelikopter og reaksjonstid og ressursbruk innanfor beredskapsapparatet. Det finst nesten ingen grenser, for kva vi kan snakke om, i tida etter 22. juli.

Den alt for unge politikaren som blei gravlagt i går, hadde eit brennande engasjement for mangfold, mot diskriminering, og kanskje særleg for likskap i skulen og i kyrkja. Det skal vere rom for alle, både store og små grupperingar i heile samfunnet og i desse organisasjonane. Han hadde mange draumar om eit betre og meir inkluderande samfunn og han jobba aktivt for at mangfaldet i samfunnet vårt skulle vere ein ressurs og ikkje eit problem. Denne guten var unik, fordi han ikkje bare snakka. Han handla.

Alt har si tid, og sorgen over dei vi har mista vil vi bere med oss. Han kan vere der over lang tid, og vi må gi rom for han. Vi må ikkje bare avfeie sorgen. Men vi må ikkje gløyme kor vi mista dei. Vi mista dei, medan dei jobba for eit betre samfunn. Og mange har sagt dette før meg, og formulert det betre, men vi må ikkje la desse ungdommane sine draumar, ønsker og visjoner om eit betre samfunn døy med dei. Vi må la oss inspirere av engasjementet deira. Vi må finne eit svar på Gunnar Roalkvam sitt spørsmål, sunge og gjort kjende av Sigvart Dagsland:

Når eg ser at tunge skyer
trekke mørknå øve oss,
når eg ser de slibe kniver
og legge opp te det å sloss,
kan eg gjørr någe med det?
kan eg gjørr någe med det?

Når eg ser at någen stige,
mens de tråkke andre ner,
når eg ser at mange skjelve
og bøye av for det som skjer,
kan eg gjørr någe med det?
kan eg gjørr någe med det?

Ka kan eg gjørr?
Eg e så liden,
ka kan eg gjørr?
Eg e så liden,
hjelp oss samen
me som tror:
At møje kan me
hvis me vil det,
mens me vente
her på jord.

Når eg ser at drømmer bleikne,
og visjoner visne hen,
når eg ser at tvilen herske,
så lide tro me har igjen!
kan eg gjørr någe med det?
kan eg gjørr någe med det?

Ka kan eg gjørr?
Eg e så...
Ka kan eg gjørr?
Eg e så....

Ka kan eg gjørr?
Eg e så liden,
ka kan eg gjørr?
Eg e så liden,
hjelp oss samen
me som tror:
At møje kan me
hvis me vil det,
mens me vente
her på jord.

Når eg ser at tunge skyer
trekke mørknå øve oss,
når eg ser de slibe kniver
og legge opp te det å sloss,
kan eg gjørr någe med det?
kan eg gjørr någe med det?





Eg har eit ønske om at vi alle skal finne ut kva vi kan gjere. Og om at vi skal kunne la sorgen over dei som er borte gå over i handling.

Jul 25, 2011

Her er ditt våpen, her er ditt sverd, troen på livet vårt, menneskets verd


"Til Ungdommen" av Norddahl Grieg

Kringsatt av fiender,

gå inn i din tid!

Under en blodig storm -

vi deg til strid!



Kanskje du spør i angst,

udekket, åpen:

hva skal jeg kjempe med

hva er mitt våpen?



Her er ditt vern mot vold,

her er ditt sverd:

troen på livet vårt,

menneskets verd.



For all vår fremtids skyld,

søk det og dyrk det,

dø om du må - men:

øk det og styrk det!



Stilt går granatenes

glidende bånd

Stans deres drift mot død

stans dem med ånd!



Krig er forakt for liv.

Fred er å skape.

Kast dine krefter inn:

døden skal tape!



Elsk og berik med drøm

alt stort som var!

Gå mot det ukjente

fravrist det svar.



Ubygde kraftverker,

ukjente stjerner.

Skap dem, med skånet livs

dristige hjerner!



Edelt er mennesket,

jorden er rik!

Finnes her nød og sult

skyldes det svik.



Knus det! I livets navn

skal urett falle.

Solskinn og brød og ånd

eies av alle.



Da synker våpnene

maktesløs ned!

Skaper vi menneskeverd

skaper vi fred.



Den som med høyre arm

bærer en byrde,

dyr og umistelig,

kan ikke myrde.



Dette er løftet vårt

fra bror til bror:

vi vil bli gode mot

menskenes jord.



Vi vil ta vare på

skjønnheten, varmen

som om vi bar et barn

varsomt på armen!

Jul 22, 2011

Uverkeleg. Surrealistisk. Meiningslaust. Absurd.


Det som har skjedd i Oslo i dag er heilt absurd. Eg har sett bilete frå gatene eg gjekk i, i solskinnet i går, som minner om bilete frå ei krigssone. Det som har skjedd på Utøya er grotesk og meiningslaust. Eg er egoistisk nok til å vere glad for at ingen av mine nærmaste er skadde. Samtidig tenker eg på dei familiane som har mista nokon av sine. Dette er bare vondt og vanskeleg og meiningslaust!

Jul 19, 2011

Bokbloggar til inspirasjon og leseglede

Eg har akkurat vore inne på capris.no og bestild nokre bøker igjen. Eg har bestilt Brodecks rapport av Philipe Claudel, fordi Thelme Melck på bloggen Aroundbooks har skrive:
Men jeg kan ikke la være å trekke frem ett eksempel på sublim skrivekunst i dag, nemlig den franske forfatteren Philippe Claudel, som jeg har omtalt en del her i bloggen. Hvorfor blir ikke han lest i Norge? Han står litterært sett høyt hevet over Murakami. Claudel er, høyst fortjent, en stor stjerne i hjemlandet, på norsk er det bare kommet to bøker av ham, og det ser ikke ut til å komme flere. Noen kommersiell suksess tviler jeg sterkt på at hans norske utgaver har vært.
Eg har ikkje lese Claudel. Men når eg blar i dei elementa eg har merka med stjerne i google reader, finn eg ut at eg har lese om Claudel hos Labben også, og at eg har tagga denne posten hennar med "Til leselista", slik eg gjer, når eg les om bøker eg vil hugse at eg fekk lyst til å lese. Nå skal eg altså gjere meg kjend med Claudel, eg også.

Eg har også bestild 1Q84 av Murakami, ei bok eg nok uansett ville ha kjøpt, fordi eg er svært begeistra for denne japanaren, men som eg fekk veldig lyst til å lese etter å ha lese både Janke og Thomas J. R. Marthinsen sine omtaler av boka.

Stefan Zweig er eit namn som har dukka opp i samband med novelleutfordringa, både hos Labbens og hos Rose-Marie. Og då Kulturdelen igjen minna meg om at eg var jo svært nysgjerrig på denne forfattaren i vinter, bestilde eg ei bok av Zweig med det same.

Det å blogge om bøker og ikkje minst, det å lese andre som bloggar om bøker sine bloggar er ei stor kjelde til inspirasjon. Eg oppdager ukjende forfattarnamn og blir minna på dei, gjennom daglege oppdateringar. Eg har på ingen måte oversikt over alt som rører seg i den litterære landskapen, han er for stor til det. Men med hjelp av andre bloggarar, finn eg stadig nye orienteringspunkter, kartet mitt forandrar seg og eg oppdagar nye og spennande bøker og forfattarskap eg kan stoppe opp og kose meg med.


Jul 18, 2011

Kva skal du lese - veke 29

Det er mandag og tid for å planleggje leseveka. Kva skal du lese denne veka?

Eg held på med The Finkler Question av Howard Jacobsen, ei veldig morsomt og spennande skriven bok, om tre godt voksne menn som utforskar den jødiske identiteten sin. Tematikken er kanskje ikkje ny, men skrivemåten gjer denne boka til svært fornøyeleg lesing.

Elles har eg fleire bøker på lesebrettet mitt, som eg nemnde at eg skulle lese forrige veke, men eg trur eg er klar for ei papirbok eller to, når eg blir ferdig med The Finkler Question. Dei siste fire bøkene eg har lese har vore ebøker. Eg har The Sea av John Banville liggjande, saman med One Day av David Nicholls. Også har eg hatt A History of Love av Nicole Krauss ståande i bokhylla sidan i fjor sommar. Kanskje neste bok blir ei av dei? Akkurat nå er eg jammen ikkje sikker på kva eg har lyst til å lese, når eg er ferdig med den boka eg held på med.

Jul 16, 2011

Mr. Vertigo

Mr. Vertigo
Paul Auster
Faber and Faber Ltd. 1994
246 sider


I was twelve years old the first time I walked on water. The man i the black clothes taught me how to do it, and I´m not going to pretend I learned that trick overnight.
Slik begynner Mr. Vertigo av Paul Auster, forteljinga om den foreldrelause Walter, som blir berømd som Walt the Wonderboy. Som niåring blir han plukka opp på gata av Master Yehudi, ein ungarnsk jøde som har tatt til seg den funksjonshemma, svarte guten Aesop og bur saman med Mother Sioux, barnebarnet til Sitting Bull. Master Yehudi lover Walter at dersom han ikkje klarer å lære han å lette frå bakken innan han er tretten, skal Walter få lov til å hugge hovudet av han. Walter stoler blindt på Master Yehudi. For å lære å flyge, må Walter gå gjennom 33 trinn, kor fleire av dei minner om barnemishandling. Likevel lærer han seg å stole på Master Yehudi og utvikler eit avhengigheitsforhold til han. Etter fleire år med hardt arbeid, letter endeleg Walter frå bakken og etter endå meir trening, begynner han å reise rundt å halde forestillingar som Walt the Wonder Boy, guten som kan flyge, og han gjer stor suksess med showa i lufta. Men suksessen får ikkje vare livet ut: Walt det Wonderboy når puberteten og blir svimmel av å lette frå bakken.

Mr. Vertigo er ei spennande bok, full av dramatikk og action. Walter si livshistorie er ei reise i historien om Amerika i første halvdel av 1900-talet. Walter tar oss med gjennom depresjonen på den aude landsbygda i Midtvesten, til Chicago sitt mafiamiljø, vi får delta i showbiz i dei store byane og inn i den tørre ørkenen i Nevada. Det er nesten som på film:
If this was a movie, here´s where the calendar pages would start flying off the wall. We´d see them fluttering against a background of country roads and tumbleweed, and then the names of those towns would flash by as we followed the progress of the black Ford across a map of eastern Oklahoma. The music would be jaunty and full of bounce, a suncopated chug-chug to ape the noise of ringing cash registers. Shot would follow shot, each one melting into the other. Bushel baskets brimming with coins, roadside bungalows, clapping hands and stomping feet, open mouths, bug-eyed faces turned to the sky. The whole sequence would take about ten seconds, and by the time it was over, the story of that month would be known to every person in the theater. (s. 109)
Og fordi Paul Auster er ein slik dyktig forteljar, lar eg meg overbevise av den aldrande Walt si engasjerande, men samtidig så urealistiske og usannsynlege, forteljing om livet sitt. Walter utvikler seg som kunstnar, før han faller frå den store høgda han står på. Og dei refleksjonane han gjer seg om denne utviklinga, er sannsynlege og realistiske, og ikkje minst gode:
I was evolving into an artist, a true creator who performed as much for his own sake as for the sake of others. It was the unpredictability that exited me, the adventure of never knowing what was going to happen from one show to the next. If your only motive is to be loved, to ingratiate yourself with the crowd, you´re bound to fall into bad habits, and eventually the public will grow tired of you. You have to keep testing yourself, pushing your talent as hard as you can. You do it for yourself, but in the end it´s this struggle to do better that most endears you to your fans. That´s the paradox. People begin to sense that you´re taking risks for them. They´re allowed to share in the mystery, to participate in whatever nameless thing is driving you to do it, and once that happens, you´re no longer just a performer, you´re on the way to becomming a star. (s. 117).
Desse refleksjonane om kunstnaren si rolle og kunstnaren sin funksjon går igjen, både under oppturen til Walt the Wonder Boy og i Walter sine seinare tilbakeblikk over livet sitt. Dei er med på å løfte det som elles er ei moderne legende, eit eventyr eller ein fabel til noko meir. Både fordi dei er med på å gi Walter identitet, men ikkje minst fordi dei gir meg som lesar noko å tenke på. Spørsmåla om kva kunsten er og kva som er kunstnaren si rolle går stadig igjen, også i avslutninga av romanen:
Deep down, I don´t believe it takes any special talent for a person to lift himself off the ground and hover in the air. We all have it in us - every man, woman and child - and with enough hard work and concentration, every human being is capable of duplicating the feats I accomplished as Walt the Wonder Boy. You must learn to stop being yourself. That´s where it begins, and everything else follows from that. You must let yourself evaporate. Let your muscles go limp, breathe until you feel your soul pouring out out of you, and then shut your eyes. That´s how it´s done. The emptiness inside your body grows lighter that the air around you. Little by little, you begin to weigh less than nothing. You shut your eyes; you spread your arms; you let yourself evaporate. And then, little by little, you lift yourself off the ground.
Like so. (s. 244).
Walter sitt liv er ikkje bare den eventyrlege forteljinga om Walt the Wonderboy si utvikling til å bli ei stjerne, etterfulgt av fallet. Det er også ei forteljing om utvikling av kjærleik, tillit og lojalitet og om det saknet som brutale tap kan føre med seg. Det er ein annleis roman, ein roman som ikkje liknar på noko av det eg har lese tidlegare. Samtidig blir eg fanga av Auster si forteljing og av den gode forteljaren han er.

Jul 15, 2011

Etterlyser godt skriveprogram til mac

Eg er lei Open Office og skal investere i eit skriveprogram til macen min, og lurer veldig på kva eg skal velje. Eg vil gjerne ha eit program som er godt egna for å skrive større dokument. For eit tid sidan las eg i ein eller annan blogg om eit program med god notatfunksjon, til research, men eg klarer ikkje finne igjen denne anbefalinga.

Er det nokon som har gode eller dårlege erfaringar med bestemde program?

Jul 14, 2011

The Boy in the Striped Pyjamas

The Boy in the Striped Pyjamas
John Boyne
Random House Childrens books. 2006.
130 sider



The Boy with the Striped Pyjamas er Bruno si forteljing. Den vesle guten på snart 9 år kjem heim ein dag og oppdager at tjenestejenta Maria pakkar saman tinga hans. Mora forklarer at heile familien skal flytte, og dei reiser frå det flotte huset kor Bruno pleier å skli på rekkverka til eit mindre hus utan rekkverk. Bruno liker ser ikkje der, ikkje minst fordi han ikkje har nokon venner, men også fordi huset er så mykje mindre og han ikkje kan gå på oppdagingsferd i det nye huset. Det er også mange fleire soldatar som går inn og ut av faren sitt kontor. Bruno kjenner seg einsam, i det nye huset. Frå soveromsvindauget ser han eit inngjerda område, og bak gjerdet er det fullt av folk i stripete pyjamasar:
For months now Bruno had been looking out of his bedroom window at the garden and the bench with the plaque on it, the tall fence and the wooden telegraph poles and all the other thnings he had written to Grandmother about in his most recent letter. And as often as he had watched the people, all the differend kinds of people in their striped pyjamas, it had never really occured to him to wonder what that was all about.
It was as if it were another city entirely, the people all living and working together side by side with house where he lived. And were they really so different? All of the people in the camp wore the same clothes, those pyjamas and their striped cloth caps too; and all the people who wandered through his house (with the exeption of Mother, Gretel and him) wore uniforms of varying quality and decoration and caps and helmets whit bright red-and-black armbands and carried guns and always looked terribly stern, as if it all was very important really and no one should think otherwise.
What exactly was the difference? he wondered to himself. And who decided which people wore the striped pyjamas and which wore uniforms?
Bruno vil gjerne leike med desse barna, og har problem med å forstå dei voksne, når dei seier at det er dei i dei stripete pyjamasane som er stengt ute frå resten av verda og ikkje Bruno som er stengt ute frå dei. Etterkvart våger Bruno seg bort til gjerdekanten, kor han blir kjend med guten Samuel. Desse to utviklar eit vennskap gjennom gjerdet som er svært annleis frå dei andre vennskapa Bruno kjenner til.

Det er Bruno som fortel si eiga historie, og alt han ikkje forstår blir også vidarefortalt gjennom niåringen. Eg bruker litt tid på å skjønne at den nye heimplassen "Out-With" er nedskriven med Bruno sin uttalefeil, og først når Bruno ser over gjerdet og ser folka med dei stripete pyjamasane skjønner eg kor dei har flytta. Perspektivet til Bruno er naivt. Han veit ikkje kva Auswitch er. Han veit ikkje at det er krig og han skjønner ikkje at faren er kommandant ved ein konsentrasjonsleir:
After walking for the best part of an hour starting to feel a little hungry, he thought that maybe that was enough exploration for one day and it would be a good idea to turn back. However, just at that moment a small dot appeared in the distance and he narrowed his eyes to try to see what it was. Bruno remembered a book he had read in which a man lost in the desert and because he hadn´t any food or water for several days had started to imagine that he saw wonderful resturants and enormous fountains, but when he tried to eat or drink from them they disappeared into nothingness, just handfuls of the sand. He wondered whether that was what was happening to him now.
But while he was thinking this his feet were taking him, step by step, closer to the dot in the distanec, which in the meantime had become a speck, and then began to show every sign of turning into a blob. And shortly after that the blob became a figure. And then, as Bruno got even closer, he saw that the thing was neither a dot nor a speck nor a blob nor a figure, but a person.
In fact it was a boy.
Det enkle, barnlege språket og dei omstendelege ressonementa, gjer at lesaren forstår meir enn det Bruno sjølv forstår. Dette er også med på å skape ei spenning i teksten. Bruno er bortskjemd og han skjønner ikkje kor vondt denne guten i den stripa pyjamasen har det. Når Samuel fortel at han måtte flytte frå vennene sine, fortel Bruno at det måtte han også. Han ser at Samuel er tynn, og tar med mat til han, men som oftast ender han opp med å spise opp sjokoladekaka på vegen, fordi det er så langt å gå. Og når Bruno klager over at det ikkje går an å leike oppdagar i eit så lite hus, som bare har tre etasjar mot dei fem etasjane i Berlin, merkar eg at eg blir irritert på denne bortskjemde ungen. Samtidig kjenner eg sympati for han, for det er ikkje hans feil at dei voksne vil skåne han for verkelegheita, og ikkje fortel kva som skjer rundt han.

The Boy in the Striped Pyjamas er ei veldig sterk bok, både fordi ho fortel om det grusomme som skjedde i Auswich frå eit nytt perspektiv, men også fordi ho viser korleis den velmeinte beskyttinga Bruno veks opp med, slår heilt feil. Bruno blir uvitande om det som skjer rundt han, noko som får eit svært tragisk utfall. På coveret står det "It hunts your mind for days", og det stemmer. Eg får ikkje historia til Bruno og Samuel ut av hovudet. Ho har gjort inntrykk.

Jul 13, 2011

Min koffert er pakka med...



Det er ferietid, og for første gong er dilemmaet "kor mange av dei 20 kiloa baggasje skal vere bøker" løyst. For vanlegvis er dette eit stort problem. Eg pleier ta med meg ei eller to bøker eg lenge har tenkt eg skal lese. Og så pleier eg komme på at det kanskje er greit med ei litt lettlest bok, i og med at fly- tog og byturar har ein tendens til å gjere lesinga usamanhengande. Også pleier eg tenke at det er ikkje sikkert eg er i humør til å lese nokon av dei bøkene eg har pakka og ta med ei ekstra. Også pleier eg komme på at eg må levere tilbake den boka på biblioteket, dagen etter at eg kjem tilbake, så då tar eg med den også... Også blir kofferten full og tung. Deretter må eg gå gjennom bøkene ein gong til. Eg treng ikkje åtte bøker for ei veke på tur, så eg plukker ut nokre, men eg bruker litt tid på å komme fram til kva for nokre bøker eg ikkjetreng likevel. Til slutt har eg fire eller fem bøker i kofferten. Som oftast ender eg bare opp med å lese ferdig den eg hadde begynt på og kanskje begynne på ei til. Men ein må jo vere på den sikre sida...

I år blir det 115 gram bøker i håndbaggasjen, og kofferten skal bare innehalde klær og skor.


Den fine readeren min er fullt opp med lettleste bøker, klassikarar eg lenge har tenkt å lese, bøker som passar til byturar og togturar og flyturar. Bøker som passer på ein benk i parken og litt dystrare bøker, viss humøret skulle tilseie det.


Eg kan ha med meg så mange bøker, at det ikkje er plass til alle saman på eit bilete. Og det beste er at dei bare veg 115 gram.

(...og sidan eg er sånn over middels paranoid og redd for innbrotsfaren ved å poste før-ferie-innlegg på internettet, blir tankane om ferielesinga og pakkinga skrivne før avreise, 3. juli, men ikkje posta før etter heimkomst).

Jul 11, 2011

Kva skal du lese - veke 28

Ny veke og nye leseplanar. Kva skal du lese denne veka?

Eg har lasta ned fleire av 1001-bøkene på lesebrettet mitt, og eg trur eg kjem til å begynne med Mr. Vertigo av Paul Auster eller Middlesex av Eugenides Jeffery. Viss ikkje Margareth Atwood si Penelopiad frister meir, då? Eg er jammen ikkje heilt sikker.