Showing posts with label Om litteraturteori. Show all posts
Showing posts with label Om litteraturteori. Show all posts

Apr 10, 2011

Lyrikk på ein søndag - U

1. U står for underleggjering, altså det som ifølgje den russiske formalisten Victor Slovskji er formålet til det poetiske språket. Det poetiske språket, eller lyrikkens språk skil seg frå det språket vi bruker til dagleg. Det daglege språket er ei verktøy som er automatisert, og vi tenker ikkje så nøye over korleis språket blir brukt. Men det poetiske språket er annleis, og det at språket er annleis gjer at språket blir underleg. Ein blir tvungen til å lausrive seg frå den automatiserte språkbruken ein til vanleg har, og oppleve det underlege språket på ein ny måte. Og dette er eit av formåla til diktinga. Oppgåve 1 blir derfor: Presenter eit dikt, kor denne underleggjeringa av språket blir spesielt tydeleg for deg.

2. I totalitære statar med ytringssensur, oppstår det gjerne eit fenomen som heiter undergrunnslitteratur, altså litteratur som tek opp spørsmål det elles ikkje er lov til å snakke om i det offenlege rom. Kjenner du til eit dikt som representerer undergrunnslitteraturen? I så fall, presenter det.

3. Presenter eit dikt av ein diktar på U.

--------------------

1. Eg trur Ekelöf begynner å bli den desidert sterkast representerte diktaren i mine svar på denne lyrikkutfordringa, men likevel - han har skrive så mange gode tekstar (kan eg seie at han har skrive flest gode tekstar?), og dei passar alltid så godt inn. Og når eg tenker på underleggjering av språket, kjem eg ikkje på noko dikt som gjer dette betre enn diktet "Jag ser på detta spjäll":
"Jag ser på detta spjäll"

Jag ser på detta spjäll
Det är rutigt, absolut rutigt
Jag ser på detta andra spjäll
Det är fullkomligt randigt

Det ena är rutigt vare sig det är öppet

eller stängt
Det ger bara lite mer eller mindre luft
Det andra är randigt vare sig man ätit av
det eller ej
men mest när man ätit av det!

O vad skall jag göra med alla dessa spjäll
Vad skall jag göra med alla dessa ord
som eventuellt betyder ett och detsamma
med eller utan ränder!

Jag är visst kommen på fel halvklot!
(Legg forresten merke til den elegante sivilisasjonskritikken i Obstfelderomskrivinga. Det å i det heile tatt bekymre seg for slike språklege rarieteter kan vel seiast å vere eit godt eksempel på eit i-landsproblem).

2. Sidan det var 9. april i går, passer det godt å gå tilbake til andre verdskrigen i denne oppgåva, og eit av dei dikta som blei stempla som illegale i den perioden var Nordahl Grieg sitt korte, men uttrykksfulle dikt om OL i Berlin i 1936:
Niggeren Owen sprinter,
germaneren stuper sprengt.
Det blonde stadion undres,
og Føreren mørkner strengt.
Men tenk da med trøst på de
jødiske kvinner og menn som sprang i gaten
dem nådde dere igjen.

3. Forfattaren John Updike brukte dei siste åra før han døydde i 2009 på å skrive eit 30 sider langt dikt om livet, kalla "The Endpoint". Av åpenbare grunnar går det ikkje an å poste heile diktet, men eg kan anbefale diktsamlinga "The Endpoint and other poems" på det sterkaste. Ei av strofene går slik:
A life poured into words - apparent waste
intended to preserve the thing consumed.
For who, in that unthinkable future
when I am dead, will read? The printed page
was just a half-millennium´s brief wonder,
Erasmus´s and Luther´s Gutenberg -
perfected means of propagating thruth,
or lies, screw-pressed one folio at a time.

Jan 30, 2011

Lyrikk på ein søndag - O

Ny søndag - ny bokstav. Vi har komme til O, denne helga.

1. Onomatopoetikon er eit omgrep som betegnar eit lydmalande ord (eller uttrykk). I lyrikkteorien blir det onomatopoetiske ofte bare nevnt i bisetningar som eit unntak som stadfestar "regelen" om at språket er arbritrært og konvensjonsbestemt (altså, at det ikkje er nokon samanheng mellom korleis eit ord ser eller høyrest ut og kva det betyr). I artikkelen ”Lyden i skriften (og skriften i lyden)” fra 2008 forklarer Erling Aadland dette med å vise til at dei lingvistisk inspirerte retningane innafor litteraturforskninga. Og i mange tilfeller er dette riktig. Forhaldet mellom klang og lyd på den eine sida og innhaldet i ordet på den andre sida, er ofte tilfeldig.

Det at dette ofte er tilfeldig, har også blitt vektlagt i så stor grad, at mange lesemåtar også overser dei tilfella der det er ei samanheng mellom lydbilete og innhald. Men i same artikkelen skriv Aadland:
”mange ord verken er helt motiverte eller helt arbitrære, men noe midt i mellom”
(s. 125).
For mange ord er ikkje tilfeldige. Og kanskje særleg i lyrikken er ordvalet lite tilfeldig, når ein ser på samanhengen mellom lydbilete og meining. Orda er ikkje tilfeldig valde. Og sjølv om einskildorda ikkje malar lydar, finn vi ofte dikt kor samansettinga av ord dannar eit lydbilete som svarar til innhaldet.

Første oppgåve blir derfor: Presenter eit dikt, kor lydbiletet er med på å forsterke innhaldet i diktet.

2. O kan også stå for ord. Og orda, eller språket, har ofte blitt tematisert og problematisert i nyare lyrikk. Fleire av dikta som er skrivne dei siste tiåra, har eit metaaspekt, kor dei problematiserer språket og språket si rolle som reiskap for skrivinga. Presenter eit dikt som handlar om orda, eller språket.

3. Presenter ein diktar på O.

Kjære deltakarar: Eg står litt på farta, akkurat nå, og får ikkje skrive ned svara mine før i kveld. Men her er i alle fall oppgåvene, så de kan kose dykk med dei i løpet av dagen. Svara mine kjem seinare i dag, i ei redigering av posten.
--------------------------------------------

Jan 9, 2011

Lyrikk på ein søndag - M


Nå er det tid for å fortsette der vi slapp med søndagslyrikken. Siste posten før sommaren var knytta til bokstaven L, og her kjem M.

Dersom du ikkje har vore med og reflektere rundt lyrikken og sprørsmåla eg har stilt tidlegare, er du likevel velkommen til å henge deg på nå. For å delta, svarer du på dei tre lyrikkoppgåvene under i eigen blogg, og så legg du igjen ein kommentar, slik at eg finn svaret ditt.

Du er også velkommen til å delta i diskusjonen rundt spørsmåla, i kommentarfeltet, dersom du ikkje vil svare på heile utfordringa i eigen blogg.

1. Den franske filosofen og kunstteoretikaren Maurice Merleu-Ponty er oppteken av måten mennesket sansar og persiperer verda på, i The Phenomenolgy of Perception. Han vil at kunsten, også litteraturen, skal sjå verda på ein opprinneleg måte og dermed sjå verda slik ho eigentleg er. Han brukar malaren sitt blikk som eksempel. Malaren ser tingen og gjenskaper han, og må dermed sjå tingen som han er. Malaren sitt blikk skil seg frå kvardagsmennesket sitt blikk, fordi i kvardagen ser vi tingen for å sette han inn i ein samanheng og skape ei meining rundt tingen. Mennesket har ofte hastverk med å skape meining rundt tingen, og dette i hastverket gløymer vi å sjå tingen slik han er. Overført til litteraturen kan den lyriske skildringa vere ei hjelp til å sjå ting som dei er, ikkje bare å sette dei inn i ei meiningssamanheng.

Presenter eit dikt, som viser fram tingen, slik han er.

2. Metaforen er eit mykje brukt omgrep i diktanalyse. Ein metafor er definert som eit språkleg bilete eller ei samanlikning, som ikkje gjer nytte av ordet "som". Sidan ordet "som" ikkje er brukt, er ikkje samanlikninga åpenbar, og det blir opp til lesaren å finne fram til dette språklege biletet. Tradisjonell lyrikkforskning har lagt stor vekt på biletbruk i det heile tatt og metaforbruk spesielt, i forståing og lesing av dikt. Samtidig er fleire av dei nyare retningane i forlenginga av fenomenologi og dekonstruksjon meir kritiske til å overdrive vektlegginga av metaforar. Eit for stort fokus på å leite etter metaforar i teksten, er med på å ta fokuset vekk frå språket og tingen. Eller sagt med den danske Tranströmer-forskaren Birgitte Steffen Nielsen sine ord:

”Vi må undlade at erstatte allegorien med en betydning, fiktionen med en sandhed - og i stedet for sådanne oversættende, erstattende operationer forsøge at fornæmme tekstens liv” (Den grå stemme, 2002)
Kva tenker du om å lese med vekt på metaforar og språklege bilete? Er det viktig å avsløre metaforane i diktet, eller er liker du betre å lese som Nielsen og "forsøge at fornæmme tekstens liv"?

3. Apropos metaforar: Presenter eit dikt, kor du synest at metaforbruken er heilt sentral for diktet si meining.

------------------------------------
1. Eg er veldig glad i lese som Merleau-Ponty. Faktisk var det slik at det at eg oppdaga teoriane og lesemåtane hans i ulike emne eg fulgte i 2005, var med på å utgjere ein viktig motivasjon for at eg endte opp med å skrive den masteroppgåva eg skreiv. Eg er veldig glad i å tenke at lyrikk (eller i det heile tatt litteratur) skal vise fram noko slik det er.

"Mitt" dikt i dag, kom eg over i bloggen til Ingrid i sommar. Det er skrive av Ragnar Thoursie, ein diktar eg gjerne vil lese meir av:
"Det ofattbara"

Det vanliga, det ofattbara.
Tre gamla sitter framåtlutade i sin handikappbuss,
med öppen mun åser de undret.
Det är ett par dagar in i maj, vårmånaden,
undrens tid. På en natt har grönska fallit över träden.

I sjuttio, åttio år har de sett det återkomma,
ändå är de likna gripna nu som för första gången.
Den plötsliga grönskan i träden en morgon i maj.

Det vanliga.
Det ofattbara.

(Frå Sångar från äldreomsorgen).
2. Sjølv om eg er veldig glad i måten fenomenologar som Merleau-Ponty les tekstar på, trur eg det er viktig å ikkje sjå heilt bort i frå betydninga til metaforen. Bruken av metaforar kan vere med på å forsterke den umiddelbare opplevinga av diktet, gi teksten ei djupare meining og vise fram det språket elles ikkje vil klare å vise fram. Faren med ei vektlegging av metaforbruken er at diktlesinga blir ei oversettingsoppgåve, slik Nielsen beskriver i sitatet over. Denne oversettinga krev at lesaren kjenner igjen og identifiserer metaforane, noko som ofte kan synast vanskeleg og vere med på å forsterke ei utbredt oppfatning av at diktet er ein utilgjengeleg tekst. Eg trur at mange dikt krev at vi ser nærare på metaforbruken, men at det likevel er viktig å hugse på at diktet er noko meir enn bruken av metaforar. Diktet kan også vere det det er, i overflata. Og dei umiddelbare assosiasjonane ein får, ved å lese diktet er minst like gyldige, som dei tolkningane ein kan trekke ut av teksten ved å leite fram og oversette metaforane. Og det treng ikkje alltid vere så stor avstand mellom desse to.

3. "Rose" av Marie Takvam er eit dikt, kor metaforbruken er sentral for forståinga av diktet:
Fordi eg er kvinne
sette dei håret mitt opp i krans
slipte neglene mine
måla munnen min raud,
ville skape meg om til ei rose.

Nå i kveldssola
ser eg skuggen min drage seg ut,
bli til eit kvasst sverd.

Jun 20, 2010

Lyrikk på ein søndag - L


1. I litteraturteorien snakkar ein gjerne om den lingvistiske vendinga, ei vending som har grunnlag i sveitsaren Ferdinand de Saussure sitt arbeid. Saussure har saman med seinare lingvistar vist at språket er arbitrært og konvensjonsbestemd. Det vil seie at det ikkje er nokon samanheng mellom kva bokstavar eller lydar eit ord er bygga opp om, og betydninga til ordet. På same måte som som det ikkje er nokon samanheng mellom teiknet si "materielle" uttrykksside og teiknet si "andelege" innhaldsside, er det heller ikkje nokon samanheng mellom språk og verkelegheit. Dette har lagt grunnlag for ei rekke teoretiske retningar gjennom det 20. århundre, med dekonstruksjonen som i yttste konsekvens konkluderer med at det er inga samanheng mellom språk og verkelegheit, ergo kan ikkje språket seie noko om verkelegheita.

Dette er ei ganske grov forenkling av innhaldet i dei lingvistisk inspirerte litteraturteoriane, men likevel ei skisse. Kva tankar gjer du deg, om forhaldet mellom språk og verkelegheit?

2. Ordet lyrikk kjem frå det greske ordet lyros, eller lyre. Frå antikken og fram til rennessansen var lyrikkomgrepet knytta til sangbar diktning, og musikalsk framføring. (Etter Litteraturvitenskapelig leksikon s. 146). Det er først i moderne tid at lyrikk er blitt knytta til skriftleg diktning, men vi bruker jo framleis omgrepet lyrikk også om songtekstar. Presenter ein songtekst, som også fungerer som lesetekst.

3. Og så til den klassiske oppgåva, som kjem med kvar bokstav: Presenter eit dikt av ein diktar på L.

----------------------------------------

1. Eg trur samanhenga mellom språk og verkelegheit er undervurdert i moderne lyrikk. Lingvistikken si vektlegging av det arbitrære i relasjonen mellom teiknet sitt uttrykk og teiknet sitt innhald, har ført til at litteraturteorien har blitt litt blenda av all mangelen på samanheng, og gløymd å sjå på dei samanhengane som faktisk er. Men særleg i lyrikken er det mange eksempler på språk som blir brukt på ein slik måte at dei nettopp illustrerer samanhengen og likskapen mellom språk og verkelegheit. Eit velkjent eksempel på slik språkbruk, kor språket peikar på verkelegheita finn vi i diktet "Regn" av Obstfelder. Her brukar diktaren meiningslause lydar, som er dei same lydane som dei regnet verkeleg lagar. Dette er eit svært tydeleg eksempel, men vi finn andre og mindre eksplisitte eksempler på det same, i svært mange dikt, kor rimstruktur, ordlydar og rytme påverkar lesinga og gir assosiasjonar til verkelege fenomen utover dei tilfeldige samanhengane.

2.
Då eg var yngre var eg veldig glad i Sigvart Dagsland sine songar, og ein av dei "Se så lykkelige de e", gjorde sterkt inntrykk på meg då han var ny. Lenge hadde eg gløymd teksten, men for ikkje så lenge sidan begynte eg å nynne på denne songen igjen. Og teksten er verkeleg til ettertanke, og godt egna som lesetekst:

"Se så lykkelige"
Tekst og melodi: Sigvart Dagsland

På benken sidde den gamle mannen,
ein liden stond har han slått seg ner.
Hans blikk e klart og hans minner e mange...
Så mange år har rent ut i sanden
så mange ansikter glidd forbi
kan tidå blenda og ta te fange?

då ser han et par som går
så tett og hånd i hånd
og han drømme seg bort om kordan det sko vært;

Se så lykkelige de e',
han holle hånden og hu går med,
Se så lykkelige de e',
la meg oppleva lykken ein gang te...

Hånd i hånd går de rondt i parken,
blikket stivt retta framfor seg,
nå e det slutt, det gjekk bare nesten...
Hu slår øynene ner mod marken;
Det va'kje dette hu hadde tenkt,
den gang han kom på den kvide hesten...

Då ser de ein kar som går
med så lette og fine steg
og de drømme seg bort om kordan det sko vært;

Se så lykkelige han e',
han har framtiden foran seg,
Se så lykkelige han e',
la oss leva forventningsfullt...

Han drive rondt imellom trærne
han e i trøbbel heilt te knærne
og ser ingen veier ud.
Øynene flakke då han snur seg
og då ser han ein gammel mann
på ein benk, og då tenke han;

Se så lykkelige...
Se så lykkelige han e,
la meg arva han visdom.
Se så lykkelige han e
han e klok, vett ka livet e.
Se så lykkelige han e
la meg arva han visdom
la meg arva han visdom
og leva ein gang te.


3.
Eg held meg i sjangeren songtekstar, i dag, og vil gjerne presentere ein av Lars Lillo-Stenberg med det same. Eg liker tekstane hans, og eg liker dei særleg godt når dei blir sunge med den svært så karakteristiske stemma hans.

"Sveve over Byen"
av Lars Lillo-Stenberg

Hvis du er så trett av livet
At pent vær får deg til å sitte inne
Så vet jeg godt hvordan du har det
Det kunne vært meg

Hvis du ligger i sengen din
Og er sliten og trett fordi du må sove igjen
Så vet jeg godt hvordan du har det
Det kunne vært meg

Jeg ønsket å fly ned trappen og ut på gaten
Og opp i luften
Høyt over hus og trær
Jeg steg til værs og så ned på byen

Så håpet jeg å se at mitt eget liv
Var uten særlig verdi
Og hvis det var så kunne jeg
Sveve og bli fri

Jeg ønsket å fly ned trappen og ut på gaten
Og opp i luften
Høyt over hus og trær
Jeg steg til værs og så ned på byen

May 2, 2010

Lyrikk på ein søndag - F


God søndag, kjære lesarar!

Det er tid for F i lyrikkutfordringa. F'en har vist seg å vere ein vanskelegare bokstav enn eg hadde forventa. Men eg har klart å komme fram til tre spørsmål knytta til bokstaven.

1. Frammandgjering er eit omgrep som blei brukt av dei russiske formalistane, for å markere forskjellen mellom daglegspråket og det litterære språket. Dei meinte at ein språkbrukar og lesar har lett for å få eit automatisk forhald til språket, kor gjenkjenning av ord og strukturar gjer at lesaren ikkje legg merke til kva han faktisk les. Victor Skjlovskij meinte at det litterære språket skulle marke avstand til det automatiserte kvardagsspråket, gjennom bruk av frammandgjerande verkemidler, som fekk lesaren til å leggje meir merke til forma. Eksempler på frammandgjerande verkemidler kan vere er metaforar og anna biletspråk, gjentakingar og parallellismer.

Presenter eit dikt kor språket er annleis enn kvardagsspråket.

2. Presenter eit dikt av ein diktar med namn på F.

3. Det er mai, og i mai er vi nordmenn ekstra opptekne av fridom. Presenter eit dikt som handlar om fridom, på eit eller anna nivå.

---------------------------------------------

1.
Diktet "Mitt hjerte" av Jens Bjørneboe er bygga opp omkring ei rekke metaforar som blir stadig meir utvida. Biletspråket fører språket i diktet bort frå den kvardagslege uttrykksmåten, og er samtidig med på å gjere diktet svært rikt på innhald.

MITT HJERTE
Mitt hjerte det er et foreldreløst barn,
det har hverken hjem eller sted å bo,
det har ikke klær, ikke mat og sko,
det har hverken seng eller barnetro.
Det har ingen ro. .

Mitt hjerte det er en fattiggutt.
Han vandrer bestandig fra gård til gård,
han tigger om brød og en melketår,
han tigger om klut å ha på et sår.
Og han tar hva han får. .

Han tigger om filler og ting å ha på,
å få sitte på krakken og hvile en stund,
å få ligge på låven å ta seg en blund.
Men så stanger en stut, og så bjeffer en hund.
En mann bruker munn. .

Mitt hjerte det er et foreldreløst barn,
Det har glemt sin mor. Det har glemt sin far.
Men det spør etter dem overalt hvor det drar.
Og det spørsmål er alt hva det eier og har.
Og det får ikke svar.

*

Så tok jeg i hånden den fattiggutt
og talte til ham: Du vet at du er
den eneste ting ved meg selv jeg har kjær,
Din far har du søkt både fjernt og nær.
Han er ikke her.

Din far han bor bak blåner syv.
Der har han det vakreste slott som fins,
og finner du dit, blir du glad til sinds.
Mitt hjerte, mitt hjerte, da blir du prins.
Da blir du prins.


2.
Min diktar på F er Kolbein Falkeid. Falkeid har eit enkelt og kvardagsleg språk, og er ein svært lett tilgjengeleg diktar. Eit av dei finaste dikta hans, er dette enkle diktet om vener:

Det er langt mellom venner

Det er langt mellom venner.
Mellom venner står mange bekjentskaper
og mye snakk.
Venner ligger som små lysende stuer
langt borte i fjellmørket.
Du kan ikke ta feil av dem.


3.
"Einsamflygningar" av Haldis Moren Vesaas er eit dikt som kan lesast som ei tematisering av det å leite etter fridom:

Einsamflygningar

Barn, ikkje le av den fuglen
som flaksar så hjelpelaust av stad.
Vinden har skilt han frå dei andre
som flyg over havet i ei jamn, tett rad.

Vinden valde ut denne eine
og kasta han ut av den usynlege lei
som fuglar av hans slag plar følje.
Han er ikkje lenger ein av dei.

Sin eigen veg han må finne,
eller? om han trøytnar om litt?
si tapt, la seg falle, gå under,
slik går det desse einsame tidt.

Det mørknar vidt over havet.
Ei frostnatt kvesser sine jarn.
Ein fugl flyr einsam under stjerner.
Ikkje gråt for denne fuglen, barn.

Apr 18, 2010

Lyrikk på ein søndag - D

Det er søndag igjen og tid for dikt. Vil du vere med så heng på - denne veka er det bokstaven D som er utgangspunktet for assosiasjonane mine.



1.
Den franske filosofen Jaques Derrida har skrive mykje om dikt og diktlesing. Blant anna er han oppteken av sjangeren si rolle i essayet ”La loi du genre” (Sjangernes lov). Ein sjanger er ifølgje Litteraturvitenskapelig leksikon
betegnelse for de overordnede klasser for inndeling av ulike typer litteratur.
Dikt blir delte inn inn i sjangrar, og einkvar sjanger har sine kjenneteikn.

Derrida meiner at det er slik at kva gong dette kjenneteiknet eller merket opptrer i ein tekst, blir det også forandra. Ein kvar tekst tilhøyrer ein sjanger og er slik ein deltakar i denne, samtidig som han bidreg til å endre og skape den sjangeren teksten tilhøyrer og deltek i. Eller sagt med Christian Refsum sine ord:
Sjangerens betydning for litteraturen er paradoksal i den forstand at sjangernes lovverk bare eksisterer i realiseringen av dem, og hver realisering endrer dem (Lyrikkens liv, 230)
Kva tankar gjer du deg om å dele inn og kategorisere dikt i ulike sjangrar etter ulike kjenneteikn? Er det nyttig for oss vanlege lesarar, eller er dette aktivitet for spesielt interesserte akademikarar?

2.
Presenter eit dikt av ein forfattar på D.

3.
Den kanadiske litteraturforskaren Northop Frye meiner at eit dikt består av babble og doodle. Babble er det rytmiske og musikalske, medan doodle er visuelle apsekter, som linjedeling, strofeoppbygging og typografi, poetiske bileter og metaforer.

Presenter eit dikt kor doodle-aspektet er særskilt sentralt.



1.
Eg tenker at kategorisering av dikt til ei viss grad kan ha ei hensikt. Men ofte kan det øydeleggje det umiddelbare i lesinga dersom ein blir for oppteken av å leite etter kjenneteikn og dele inn i kategoriar. Likevel er sjangrane, som Derrida seier, i konstant endring, og det kan vere interessant å lese dikt i bestemde sjangrar i eit utviklingsperspektiv, for å forsøke å sjå på desse endringane.

2.
Hildegunn Dale er ein spennande forfattar. Ho skreiv diktsamlinga Sea, say and see – ei historie i 2006. Denne diktsamlinga kan, gjennom undertittelen ”ei historie” stå som eit eksempel på ein tekst som ikkje let seg innordne i nokon sjangar. Ho er både lyrikk og epikk, men eg trur ikkje eg ville plassert ho innafor episke dikt, likevel, men det er knytta til det formelle.

Det er mange dikt i denne diktsamlinga og historia som eg kunne ville dele med dykk. Eit av dei er:
To steinar slepper inn litt vatn

mellom seg,

det er alltid slik i byrjinga. Bylgjene kryp

opp i bassenget.

Det er ingen samtale. Ho lengtar etter

Vatnet som ein stad å vere i, lytte til.

3.
Det japanske haiku-diktet er ein diktsjangar kor doodle-aspektet står svært sentralt. Dei formelle og typografiske reglane er svært strenge, diktet skal bestå av 17 rytmiske einingar over tre linjer, med 5 einingar i første linje, 7 i andre og 5 i tredje.

Tomas Tranströmer har skrive ei haikusuite i ti delar. Her kjem 9. del:
Döden lutar sig
och skriver på havsytan.
Kyrkan andas guld.

*
Det har hänt något
Månen lyste upp rummet.
Gud visste om det.

*
Taket rämnade
och den döda kan se mig.
Detta ansikte

*
Hör suset av regn.
Jag viskar en hemlighet
för att nå in dit.

*
Scen på perrongen.
Vilken egendomlig ro -
den inre rösten.

Jan 28, 2009

Er det meg det er noko gale med?

Nå sitter eg her og lurer på om det er noko alvorleg gale med meg og mi forståing av meg sjølv som litteraturstudent. Eg har alltid sett på meg sjølv som relativt veltilpassa. Eg kommuniserer godt med dei andre studentane og forelesarane på instituttet. Eg skriver oppgåver som får karakterar på øvste halvdel av karakterskalaen og eg har ei oppleving av at eg er sånn passe oppdatert på kva som rører seg innanfor fagfeltet. Eg trur eg kan passe mykje om dei mest sentrale teoretikarane, nok til å skjønne kva folk meiner når dei referer til dei i samtalar (det skjer ikkje så ofte), men ikkje meir enn at eg må slå opp i bøkene deira før eg kan skrive eit essay der eg sjølv brukar teoriane deira. Og det reknar eg som passeleg kunnskap. Sjølvsagt er det nokre teoretikarar eg kan meir om og ikkje minst, liker betre enn andre, men i det store og det heile trur eg eg har tilstrekkeleg god oversikt. Eg skriver også tilstrekkeleg gode tekstar om litteratur og er tilstrekkeleg godt oppdatert på kva som rører seg på i dei litterære områda for tida. Eg trur i alle fall det sjølv, og eg forsøker så godt eg kan å følgje godt nok med.

Men den siste tida har eg begynt å tvile litt på mi forståing av meg sjølv som ein tilstrekkeleg gjennomsnitteleg litteraturstudent. Den siste tida har eg nemleg lese to romanar der eg har møtt andre litteraturstudentar.

Den første romanen eg snakkar om er Charlotte Isabel Hansen av Tore Renberg. Her møter vi Jarle Klepp som blir framstilt som ein gjennomsnitteleg litteraturstudent, og eg leser:

"Da Jarle viste hvor hun skulle sove, det han kalte "rommet ditt" ble Lotte taus. På gulvet inne på det lille kontoret lå en gammel madrass. Rommet luktet gammel nikotin selv om han hadde luftet i flere dager. På veggen hang en plakat av en skranglete Giacometti-figur, som Jarle la merke til at jenta syntes var skummel. Ved siden av hang en plakat av Blur som viste glefsende hunder i sprang. Og på døra hang et stort portrett av Teodor W. Adorno. Ved siden av pc-en sto et innrammet portrett og da Charlotte Isabel spurte om det var faren til Jarle eller noe, måtte han medgi at nei, det var det ikke; det er en mann som heter Marcel Proust".
(s. 89)

Då eg las dette avsnittet, rista eg litt på hovudet og tenkte at det er vel ingen som har eit portrett av Adorno på ein plakat på rommet sitt. Eg trur til og med at eg syntest det var så far out at eg kommenterte det i blogginnlegget om denne boka. Men så jobbar eg meg vidare gjennom mitt noko forseinka forsøk på å halde tritt med bokhausten, og kjem til Gunnhild Øyehaugs Vente, blinke, som eg framleis held på å lese. Her møter vi litteraturstudenten Sigrid, og det er når eg leser om henne eg lurer på om det er noko gale med meg:

"Her sit ho, på rommet sitt, med ei bok i hendene. Her sit ho: på veggen framfor henne heng eit bilete av Paul de Man, ein belgisk litteraturteoretikar, på veggen ved sida av henne heng ein spegel som ho kan sjå seg sjølv i, på skråveggen bak henne er det klistra opp eit bilete av van Gogh sine solsikker, som betyr noko for henne, og i hendene held ho ei bok."
(s.21)

Det store sjølvransakande spørsmålet som dukker opp hos meg etter å ha lese desse to bøkene, er korleis kan eg sjå på meg sjølv som ein alminneleg, tilstrekkeleg og tilfredsstillande litteraturstudent, når eg ikkje har eit bilete av ein litteraturteoretikar på veggen over skrivebordet mitt?
For å bøte litt på dette, er det på tide at eg spanderer litt plass her i bloggen min til to av dei litteraturteoretikarane eg ser på som viktige i mitt arbeid.

Til venstre: Hans Ulrich Gumbrecht (1948-)
Biletet er lånt frå Stanford si side om Gumbrecht.
Til høgre: Maurice Merleau-Ponty (1908-1961)
Biletet er lånt frå the iep si side om Merleau-Ponty.














Desse to litteraturteoretikarane er viktige fordi dei er opptekne av det kroppslege og det sanselege i litteraturen. Gumbrecht kritiserar den vestlege metafysikken for å vere for fokusert på å leite etter meining i kunsten, til at det reine nærveret kjem fram. Gjennom å fokusere på nærver, altså dei intense augeblikka av oppleving som ein opplever i møte med objektet eller teksten, vil ein ikkje lengre bare vere oppteken av å leite etter det som er under overflata, men også i stand til å oppleve det som overflata er. Dette kan ein lese meir om i boka Production of Presence. What Meaning cannot Convey. Merleau-Ponty er oppteken av måten vi sansar verda på. Han ønsker å sjå på ein opprinneleg måte, slik at ein kan sjå verda slik ho er. Dette eksemplifiserar han med malaren, som ser på tingen for å gjenskape han og dermed må ha eit blikk for tingen slik han er. Kvardagsmennesket ser oftast på tingen for å kjenne han igjen og for å skape ei meining og sette tingen inn i ein samanheng. Dersom vi ser med dette hastverket etter å skape meining, vil vi ikkje sjå tingen på same måten. Dette kan ein lese meir om i The Phenomenology of the Perception.

Eg synes det er fint å lese med sansane av og til, å bare oppleve teksten og ikkje alltid skulle leite etter meining og tolke verkemiddel. Nokre gonger kan dette å skulle tolke og forklare teksten øydeleggje heile stemninga i teksten.
Eit dikt eg synes det er fint å lese med sansane, utan å skulle tolke hente så mykje meining ut i frå, det er

Rolf Jacobsen: "Signaler" (Jord og jern, 1933)

Det er ikke
bilhjulets smatt over regnvåt asfalt
som er byens signaler.

Det er ikke
melkevognenes gniss mot fortaugskanten
i overskyede morgener. Pilende tog.

Det er ikke
lysreklamenes stille flam-flam
over de levende elver
eller buelampenes glitrende
perlebånd.

Ikke glassets klirr
i store larmende restauranter.
Dampskibenes rå tut på havnen,
to korte og et langt, to korte og et langt.

Det er ikke natt-trikkens
døvende sang mot gater du ikke kjenner.
Saksofonen i femte etasje.

Nei -
Byens signaler,
byens jagende pulsslag
vil du fornemme en natt: -
den natt
du første gang
går ensom og uten håp, -
stige som gjaldende hån bak dig
fra gatenes sten:
- Dine egne klaprende fottrin.

Her er så mange flotte lydar, som eg synest det er fint å bare lytte til, medan eg les diktet.