Sep 17, 2011

Å blogge eller ikkje blogge

Den siste tida har eg tenkt mykje på kva eg vil med bloggen min. Eg har ikkje hatt så mykje å skrive om. Eg har sakna inspirasjon og idear. Også har eg hatt dårlig samvit for at eg ikkje har hatt så mykje å skrive om. Eg liker jo bloggen min og eg liker fellesskapet som oppstår, med dei andre bloggarane. Men det kjennest som om det er litt tomt for nye idear.

Eg vil jo gjerne ha fleire faste oppdateringar i veka, oppdateringar som lesarane kan rekne med, oppdateringar som er nye og spennande og som gir høge lesartal. Men eg finn dei ikkje. Dei kjem ikkje til meg, like ofte som før. Kan hende dei spennande og interessante refleksjonane og kommentarane og behovet for å skrive dei ned og dele dei, kjem tilbake. Men enn så lenge er dei borte. Det har stressa meg litt, eg synest jo bloggen er fin. Men eg har bestemt meg for at eg ikkje vil at det skal stresse meg. Dette skal vere eit overskotsprosjekt, ikkje eit pliktprosjekt. Og når det blir meir plikt enn overskot, er det noko som ikkje er som det skal vere.

Eg kjem heilt sikkert til å komme innom med litt sporadiske oppdateringar, framover også. Men eg skal slutte å ha dårleg samvit for at eg ikkje kjem på noko spennande å skrive, kvar veke. Det må jo vere greit å ikkje skrive så mykje alltid, også. Og kjenner eg meg rett, kjem nok ideane tilbake, og då vil det brått bli meir livleg her igjen. Enn så lenge, tar eg det litt med ro.

Når det gjeld novelleutfordringa, har eg lova dykk ei premie. Den står ved lag. Ved årsskiftet skal det kårast ein vinnar, med loddtrekning, blant dei som har fullført. Bare så du veit det.