Apr 30, 2011

Sterkt om identitet og etnisitet

Stalins kyr
Av Sofi Oksanen, 2003
Omsett frå finsk av Morten Abildsnes
Forlaget Oktober, 2009
430 sider



Sofi Oksanen var ikkje meir enn 26 år gammal, då ho debuterte med dette store episke verket om halvt estiske Anna si oppvekst i ein finsk småby. Mora skammar seg over den estiske bakgrunnen, og er veldig redd for å bli stempla som hore, så ho forbyr Anna å fortelje at ho er estisk. Sjølv opplever Anna stor glede over å reise å besøke bestemora i Estland, men ho blir ståande i ein sterk identitetskonflikt mellom mora si skam og sitt eige ønske om å utforske bakgrunnen sin. Denne konflikten ho stadig står i, gjennom oppveksta er med på å gjere at ho utviklar ei alvorleg form for bulimi, som blir sterkt skildra i åpningsavsnittet:
MIN
FØRSTE
GANG var annerledes. Jeg hadde trodd det ville være fryktelig, sølete, skittent og slimete. Jeg hadde trodd det ville komme blod ut av meg og at det ville gjort dobbelt så vondt i magen. Jeg hadde aldri trodd at jeg ville komme så langt, jeg ville ikke klare det, jeg ville ikke ønske det, men da magen trakk seg sammen så det gjorde vondt i ørene, tok kroppen over styringen. Det fantes ikke noe alternativ.
Det var guddommelig.
Lighterflammen lyste opp øynene mine. De glinset dorskt. Min første sigarett etter første gang. Også den var guddommelig. Alt var guddommelig.
Det eneste som syntes utenpå var tilfredshet og seiersglede. Stemmen var kansje litt ru og brusten, men hva så.
Og jeg visste at det kom en andre gang. En tredje. En hundrede. Det går selvsagt ikke slik for alle. For noen blir den første gangen den siste, men ikke for dem som er gode i det, og har godt av det.
Jeg var god i det med en gang.
s. 7.
Parallelt med nåtidshistoria om Anna si spiseforstyrring, hennar oppvekst og jakt på identitet, får vi også fortald historien om Anna si bestemor og dei ho hadde rundt seg på 40- og 50-talet. Dette er ei historie om arbeidet i sovjetiske kolkos, redsla for å bli sendt til Sibir og matmangel. Vi får også fortald historia om Anna si mor, som møter den finske forretningsmannen, og som må gjennom ein omfattande prosess for å få gifte seg med han og få lov til å flytte til Finland. Vi får høyre om den sterke lengsla etter vestlege varer, og dei fulle baggane mora til Anna har med seg når ho skal besøke familie i Estland, på 80-talet. Gjennom denne parallellforteljinga i tid og med desse stadige reisene over grensa, blir kontrastane mellom det sovjetiske Estland og det vestlege Finland svært tydelege.
VENTING
NÅR
VI kommer til trappene som går ned til havneterminalen. Glede og spenning romsterer i magen. Horene er det første vi ser når vi har sluppet gjennom tollen. Bak oppmerkingstauet. Det skiller området rundt terminalen, der utlendigene kan få gå, fra området hvor de lokale ikke lenger slipper inn. Før tauet hadde det vært en skyvedør på samme sted, med den samme ertegrønne fargen som fins overalt, i grensevaktenes uniformer, i hærenes biler og lastebiler, alltid innen synsvidde, hvor man enn befinner seg. Grønt, grønt, grønt, men uten håp.
s. 69.
Stalins kyr er ein sterk roman som gir innblikk i dei enorme kontrastane mellom Sovjet og Vesten, bare skilt frå kvarandre av den vesle bukta, sør for Helsinki. Romanen fortel om kvinner over tre genrasjoner, og gir dermed også eit innblikk i ei utvikling kor den sovjetiske femtitalskvinna kjemper for å få nok mat, medan den unge, finske kvinna på begynnelsen av 2000-talet, kjemper ein tilsvarande kamp mot kaloriene.

I tillegg til å gi eit sterkt innblikk i ein del av den nyare verdshistoria vår, er Stalins kyr også ein roman som etnisiteten si betydning for den personlege identiteten. Mora til Anna er svært oppteken av at den estiske bakgrunnen til Anna skal fortrengast, og Anna skal vere finsk. Dette er med på å skape ein grunnleggjande utryggheit i Anna. Ho har problemer med intimitet, og dette at ho er estisk, blir ei stor hemmelegheit i forhaldet mellom henne og den finske guten Hukka, som vil henne alt godt:
HUKKA
VILLE
VITE alt om meg.
Kanskje var det derfor jeg ikke fortalte noe.
Eller kanskje fordi jeg ikke ville han skulle begynne å kalle meg stisk ludder ved siden av alle de andre kjælenavnene. En slik vits ville passet godt i munnen hans. Ikke ondsinnet, men med varme. Det kunne være en fredagskveld vi var på vei til en bar og tok en avstikker til R-kiosken for å kjøpe sigaretter, og der kunne være noen estiske damer ved bladhylla som letter etter bilder av seg selv i pornobladene og fniste sammen over bildene. Eller en hjemmekveld for to med stearinlys og tassende katter. Da ville han si det. Hviskende. Og jeg skulle smile. Eller underveis til havnen for å ta i mot moren min, mens jeg festet beltet i skinnjakken, akkurat da, når jeg steg ut, ved det aller siste skrittet, en slik kjærtegnende hvisking, med samme stemme som alle de andre kjæleordene. Mitt estiske ludder. (...) Selvsagt kunne han også kalle meg en estisk engel. Men jeg hadde likevel ikke lyst til å ta risken. Hadde bare ikke lyst.
Eller kanskje jeg ikke fortalte, fordi jeg uansett ikke vill våget å vise Hukka mitt andre hjemland.
(s. 179-180)
For Anna er det at ho er estisk viktig, og det er veldig viktig for henne at ho blir akseptert som estisk. Samtidig er frykta for å ikkje bli akseptert som estisk, så sterk, at ho ikkje våger å fortelje at jo er estisk til sine aller næraste.

Og kanskje kan Anna si historie lesast som eit viktig innlegg i ein innvandrings- og integreringsdebatt, kor det å snakke om etnisitet nærmast er blitt eit tabu. Anna si historie viser at etnisiteten kan bety mykje, for den einskilde. Dermed kan ho lesast som ei eksempelforteljing, som viser kor øydeleggjande skam og tabuførestillingar kan vere for individet. Særleg når det er knytta til noko så personleg som familien si kollektive forteljing om identitet.

Apr 29, 2011

Hey, Mr. Postman...


Nå er det all grunn til å vente utålmodig ved postkassen, for nå får eg snart ein Sony Reader prs-350. Frå nå av skal alle bøker med meir enn 450 sider lesast digitalt.


Eg har lenge ønska meg storebroren, med 6-tommers skjerm, men etter å ha venta i to månadar, viste det seg at Sony sitt hovudlager for Skandinavia ikkje får inn denne før i september. Så då blei det ein 5-tommers lillebror istadenfor.


Apr 28, 2011

Å lese mursteinar

Eg les for tida den 804 sider tjukke romanen Tårnet av Uwe Tellkamp, etter tips frå Torbjørn sin tysktime nr. 7 og nr. 8. Som Ingrid har nevnt i eit tidlegare innlegg, er det å lese slike mursteinsromanar gjerne ei kjelde til frustrasjon. Eg kjenner at hos meg sitt frustrasjonen i nakke- og skulderregionen.

Eg forsøker å halde boka opp framføre meg, slik eg gjerne gjer med kortare bøker. Det går greit i omlag 2,5 minutt, før armane begynner å dovne. Dersom eg då ligg, forsøker eg å snu meg over på sida og lese, noko som
dessverre fungerer dårleg for ryggen min for tida. Å liggje på ryggen med boka i armkroken på sida, og hovudet vridd mot venstre, går greit i omlag eit kvarter. Så begynner dette også å bli ubehageleg. Eg sett meg opp og flytter meg ut i solstolen, kor eg kan lene meg tilbake med støtte i ryggen. Med boka i fanget, treng eg bare eit lite knekk i nakken, for å ha god utsikt til teksten. Det fungerer ei stund, men etter 45 minutter er nakken så stiv i knekken at eg må finne på noko nytt. Eg vurderer å finne fram ei lettare bok, helst ei med under 200
sider, for å løyse dette problemet, men eg vil jo så gjerne lese denne boka, så eg legg meg på magen,
slik eg pleidde liggje då eg var lita jente. Etter omlag ein halvtime på golvet er eg tilbake ved den evindelege korsryggproblematikken. I tillegg er det litt hardt og ukomfortabelt å liggje på golvet i lengda.

Korfor eg ikkje bare kan sitte, tenker du? Det å sitte oppreist er i det heile tatt ei utfordring for meg og ryggen min for tida, så det er rett og slett ikkje eit godt alternativ.

Ein blir aldri ferdig med ein 804 sider lang roman, dersom ein aldri får lese meir enn 45 minutt i slengen. Så det kan hende eg rett og slett må innsjå at Tårnet må sparast til eg er betre i ryggen, og kan sitte oppreist. Eller at eg treng eit lesebrett, for å lese slike tunge bøker.

Apr 27, 2011

1001 bøker du må lese før du døyr


Lista over 1001 bøker du må lese før du døyr, florerer for tida i bloggland. Etter å ha bladd gjennom lista, har eg funne ut to ting. For det første har eg lese svært få av desse bøkene. 36 av 1001 bøker, er allereide lesne. For det andre er det svært mange av desse bøkene eg har kjøpt inn med den intensjonen å lese, eller har på vil-lese-lista mi.

Derfor har eg gått saman med nokre venner, blant anna Ugla og Amylin, og avtalt å lese ei bok frå lista i månaden. Ikkje fordi slike lister nødvendigvis betyr så mykje, men fordi det er ein morsom måte å motivere seg til å komme gjennom klassiske verk ein lenge har tenkt på å skulle lese. Og som sagt er det jo svært mange av desse bøkene, eg allereide har planlagt å lese, på eit eller anna nivå.

Dagen etter at eg hadde avtalt med desse venninnene mine å lese frå lista, oppdaga eg at linesbibliotek har starta eit samlesingsprosjekt, med utgangspunkt i denne lista. Ho har sett opp bøker frå lista, som skal lesast og bloggast innan gitte datoar. Den første er Elskeren av Marguerite Duras, som skal bloggast innan 22. mai. Eg henger meg like gjerne på denne også, og slår dermed to fluer i eit smekk.

Apr 26, 2011

Skuffande, til Hustvedt å vere

Siri Hustvedt
Sommeren uten menn
Omsett av Bodil Engen
Aschehoug, 2011
204 sider


Nei, denne gongen er eg skuffa over Siri Hustvedt. Eg hadde så høge forventningar til Sommeren uten menn at sjølv om Janke har sagt at ho ikkje innfridde, trudde eg dette skulle bli bra. Men Janke hadde rett. Dette var ikkje bra. Sommeren uten menn er ikkje i nærleiken av å nå opp til tidlegare bøker, som Det jeg elsket, The Sorrows of an American og The Blindfold, som eg har lese med stor begeistring.

Eg liker Siri Hustvedt si heilt unike evne til å diskutere kunst, kropp og menneske på eit relativt tungt filosofisk plan, utan at det forstyrrer handlinga. I dei tidlegare bøkene, har ho fått til dette på ein svært elegant og imponerande måte. Særleg i Det jeg elsket, er denne evna utprega sterk, og det er det som gjer denne romanen til ein av mine favorittar. Men i Sommeren uten menn, blir denne styrken ein klamp om foten. Det er som om Hustvedt ikkje når heilt opp til seg sjølv. Dei filosofiske kommentarane og poesidiskusjonane som blir lagt til hovudpersonen blir påtatte og står utføre handlinga. Det blir ikkje ein integrert del av eit meisterverk, som i Det jeg elsket, men ei oppstykking av den heilskapen som potensielt sett kunne vore god. Eller som Janke så fint formulerte det: "Det blir masete og distraherende når hun hele tiden intellektualiserer handlingen." Som her:
Det kommer kanskje ikke som noen overraskelse på deg at hjernen vår ikke er særlig forskjellig fra hjernen til vår pattedyrslektning rotta. Min egen rottemann har tilbrakt livet sitt med å forfekte et subkortiakalt, opprinnelig, affektivt selv som er felles for artene og pekt på våre felles hjerneområder og nevrokjemier. Først i de senere år har han begynt å relatere dette kjernepunktet i mysteriene i høyere nivåer av refleksjon, speiling og selvbevissthet - hos aper, delfiner, elefanter, mennesker og til og med duer (det aller siste) - og publiserer avhandlinger om de forskjellige systemene i dette mystiske vi kaller selv, beriker sin forståelse med fenomenologi, med sitater fra den strålende Merleau-Ponty og den dunkler Edmund Husserl, takket være SIN KONE, som geleidet ham gjennom filosofien skritt for skritt, gikk tilbake til Hegel, Kant og Hume når det var nødvendig (selv om mannen har mindre bruk for dem, hans interesse er legemliggjørelse, ja, Leib, Schema corporel), og leste oppmerksom hvert ord han hadde skrevt mens hun med flid og omhu rettet feil og pirket på språket. Nei, stønner du, ikke hun, ikke hun av ringe høyde, med røde krøller og frodig barm! Ikke den kvinnelige poeten. Jo, slik er det, og jeg spøker ikke. Den store Boris Izcovich har gjentatte ganger gått på jakt etter ideer i hjernen til sin egen kon, har til og med kreditert henne for bidragen. Og så? Og så? sier du. Er ikke det i orden, da? Det er IKKE i orden, for DE tror ham ikke. Han er Filosofikongen og Rottevitenskapsmannen.
Den irriterande bruken av versaler for å utheve viktige ord og den forvirrande vekslinga mellom bruk av første- og tredjeperson, kan kanskje tilskrivast slurv frå forlaget si side. Men Hustvedt må ta støyten for å øydeleggje eit svært godt utgangspunkt for ein spennande roman, men kvasifilosofiske flosklar som ho ikkje klarer å integrere i teksten, denne gongen.

Utgangspunktet for handlinga er godt. Kva skjer, når ektemannen etter 30 år skal ta ein "pause" frå ekteskapet, og det viser seg at Pausen er en ung, fransk kollega? Jo, hovudpersonen Mia får eit nervøst samanbrot, blir innlagt på ein psykiatrisk klinikk med ei kortvarig psykosediagnose, før ho reiser til mor si i Bonden i Midtvesten. Her er ho ein heil sommar, og bortsett frå den 4 månadar gamle Simon, omgås ho bare kvinner i ulike aldrar denne sommaren. Mia er professor i poesi, skriv dikt og denne sommaren underviser ho tenåringsjenter i diktskriving. Samtidig blir ho involvert i dei eldre enkene nabolaget sin lesesirkel og ho blir godt kjent med Lola, mora til to små barn og kona til ein usympatisk alkoholikar. Dermed er ramma sett for å utforske relasjonar og kvinneroller i eit mannefritt miljø.

Utgangspunktet er altså interessant. Det er rom for den store feministiske romanen anno 2010-talet. Det er ei ramme som åpnar for å samanlikne kvinna si oppvekst, frå tida då Abigail og hennar 88 år gamle dotter Regine var unge med dei 13 år gamle poesikurselevane til Mia sin kvardag i dag. Og som poesiforskar og -lærar er det rom for mange spennande språkelege og filosofiske tankesprang. Men det heile blir for ambisiøst og faller saman, og i staden for ein stor roman, blir Sommeren uten menn ei rekke lausrivne betrakningar som kunne vore interessante kvar for seg, men som dessverre ikkje heng heilt saman.


Ei stille tid på bloggen

Det har vore ei rolig tid, her på boklesebloggen. Som menneske er ein avhengig av å ha ein kropp som fungerer. Når ein liten kroppsdel, som ein vanlegvis ikkje tenker over at ein har, sluttar å fungere som han skal, får det store konsekvenser. Ein sluttar å virke som normalt, både i arbeidsliv og på fritida. Ein treng hjelp til å gjere enkle ting, som ein ikkje tenker over at ein gjer til vanleg. Og når det å ta på seg sokkar er ein kjempejobb, blir det å formulere ned tankar om ei bok som er lesen, som jo vanlegvis er ein morsom fritidssyssel, nesten uoverkommeleg.

Heldigvis er det slik at desse kroppane våre gjerne fiksar seg sjølv igjen, når dei blir stelt riktig. Og heldigvis er det slik at når ein bur i Norge, og betaler skatten sin, har ein god tilgang på flinke fagfolk som kan hjelpe til med å finne ut kva som er riktig stell. Og då er det godt å kjenne at saman med evna til å klare seg sjølv, kjem også skrivelysta tilbake. Og evna til å klare seg sjølv er god å ha, bare den. Det er som om eg gløymer å verdsette ho, i kvardagen.


Apr 10, 2011

Lyrikk på ein søndag - U

1. U står for underleggjering, altså det som ifølgje den russiske formalisten Victor Slovskji er formålet til det poetiske språket. Det poetiske språket, eller lyrikkens språk skil seg frå det språket vi bruker til dagleg. Det daglege språket er ei verktøy som er automatisert, og vi tenker ikkje så nøye over korleis språket blir brukt. Men det poetiske språket er annleis, og det at språket er annleis gjer at språket blir underleg. Ein blir tvungen til å lausrive seg frå den automatiserte språkbruken ein til vanleg har, og oppleve det underlege språket på ein ny måte. Og dette er eit av formåla til diktinga. Oppgåve 1 blir derfor: Presenter eit dikt, kor denne underleggjeringa av språket blir spesielt tydeleg for deg.

2. I totalitære statar med ytringssensur, oppstår det gjerne eit fenomen som heiter undergrunnslitteratur, altså litteratur som tek opp spørsmål det elles ikkje er lov til å snakke om i det offenlege rom. Kjenner du til eit dikt som representerer undergrunnslitteraturen? I så fall, presenter det.

3. Presenter eit dikt av ein diktar på U.

--------------------

1. Eg trur Ekelöf begynner å bli den desidert sterkast representerte diktaren i mine svar på denne lyrikkutfordringa, men likevel - han har skrive så mange gode tekstar (kan eg seie at han har skrive flest gode tekstar?), og dei passar alltid så godt inn. Og når eg tenker på underleggjering av språket, kjem eg ikkje på noko dikt som gjer dette betre enn diktet "Jag ser på detta spjäll":
"Jag ser på detta spjäll"

Jag ser på detta spjäll
Det är rutigt, absolut rutigt
Jag ser på detta andra spjäll
Det är fullkomligt randigt

Det ena är rutigt vare sig det är öppet

eller stängt
Det ger bara lite mer eller mindre luft
Det andra är randigt vare sig man ätit av
det eller ej
men mest när man ätit av det!

O vad skall jag göra med alla dessa spjäll
Vad skall jag göra med alla dessa ord
som eventuellt betyder ett och detsamma
med eller utan ränder!

Jag är visst kommen på fel halvklot!
(Legg forresten merke til den elegante sivilisasjonskritikken i Obstfelderomskrivinga. Det å i det heile tatt bekymre seg for slike språklege rarieteter kan vel seiast å vere eit godt eksempel på eit i-landsproblem).

2. Sidan det var 9. april i går, passer det godt å gå tilbake til andre verdskrigen i denne oppgåva, og eit av dei dikta som blei stempla som illegale i den perioden var Nordahl Grieg sitt korte, men uttrykksfulle dikt om OL i Berlin i 1936:
Niggeren Owen sprinter,
germaneren stuper sprengt.
Det blonde stadion undres,
og Føreren mørkner strengt.
Men tenk da med trøst på de
jødiske kvinner og menn som sprang i gaten
dem nådde dere igjen.

3. Forfattaren John Updike brukte dei siste åra før han døydde i 2009 på å skrive eit 30 sider langt dikt om livet, kalla "The Endpoint". Av åpenbare grunnar går det ikkje an å poste heile diktet, men eg kan anbefale diktsamlinga "The Endpoint and other poems" på det sterkaste. Ei av strofene går slik:
A life poured into words - apparent waste
intended to preserve the thing consumed.
For who, in that unthinkable future
when I am dead, will read? The printed page
was just a half-millennium´s brief wonder,
Erasmus´s and Luther´s Gutenberg -
perfected means of propagating thruth,
or lies, screw-pressed one folio at a time.

Apr 9, 2011

Statusoppdatering 52 noveller på 52 veker

Denne statusoppdateringa er litt forseinka, ho burde komme i veke 12, då første 12-vekers etappe var unnagjort. Men nå har eg omsider fått somla meg til å gå gjennom deltakarlista og rydde opp i oversikta over lesne noveller.




  • Av 15 påmeldte, har 11 blogga om noveller lese i 2011.
  • 8 av oss har lese og blogga om meir enn 5 noveller.
  • Christine har eit forsprang, med sine 16 noveller.
  • Stinema og Lena deler andreplassen med 13 noveller.
  • Vi andre må henge i, om vi ikkje skal ramle av lasset.
  • Vi har lese 74 forskjellige noveller, skrivne av 44 ulike forfattarar.
  • Den forfattaren som har skrive flest av novellene er Miranda July, med 16 noveller. Alice Munro og Ian McEwan er på andreplass med 6 noveller kvar.
  • Vi begynner å få ei veldig fin samling novelleomtaler her.
Eg må innrømme at eg har hatt stor glede av denne utfordringa, sjølv om det går litt sakte med meg. Eg har lese åtte noveller (eller eg har lese meir, for eg har lese fleire novellesamlingar, kor eg har plukka ut ei eller to gode noveller eg har lyst til å blogge om), av sju ulike forfattarar. Av desse sju, er fem av forfattarane nye, i den forstand at eg ikkje har lese noko om dei før. I tillegg har eg ei lang liste med nye forfattarar eg vil lese noveller av, basert på innlegga frå dei av andre deltakarane. Derfor må eg bare takke alle som er med, for engasjementet - dette er veldig inspirerande, og eg gleder meg til å lese fleire av novellene de har tipsa meg om.


Novellekunstnaren Cora Sandel

Den norske forfattaren Cora Sandel blir ofte marginalisert i litteraturhistorien, som ein av mange kvinneforfattarar som skreiv om kvinneting. Dette synest eg er litt synd, for sjølv om Sandel var oppteken av kvinna si stilling i samfunnet, har ho ein veldig god penn og ho fortener å stå på eigne bein. Sandel skriv ofte om kvinner og jenter som står i konflikt med dei normene som samfunnet forventar at dei skal leve etter. I Alberte og Jakob er det mora og dei andre jentene i heimbyen til Alberte som tydeleg seier kva dei forventer av jenta, og Alberte som ikkje klarer å leve opp til desse forventningane. I Kranes Konditori (som forørig er ein av mine favorittromanar) følgjer vi blikka til bygdedyret som ser ned på den stadig fullare kvinna på konditoriet, som ikkje lever opp til forventningane til samfunnet. Men sjølv om dette med kvinna si rolle, krava og forventningane til sømmeleg adferd for jenter og dei som ikkje passer inn er sentrale motiv i Sandel sine bøker, er det ikkje derfor eg liker henne. Eg liker Sandel og spesielt Kranes Konditori fordi ho har eit heilt særeigent forteljarteknisk grep. Meir enn å fortelje, viser ho fram situasjonar slik dei er. Og sjølv om ho bare beskriv ei scene ein gong, får vi som lesarar likevel sjå opptrinnet frå fleire sider samtidig. Det er som om ho har perfeksjonert dogmet "show, don´t tell". Og det er i denne perfeksjoneringa at Sandel sitt forfattarskap blir unikt. Det at ho også er ein sentral forkjempar for kvinna sine rettar på første halvdel av 1900-talet, blir for meg sekundært i møte med denne unike forteljarteknikken. I det siste har eg lese fleire av Cora Sandel sine noveller, og to av desse fortener nærmare omtale.

7/52: "Larsens"
Novella "Larsens" er ei skildring av nokre scener frå ekteskapet til Larsens, som driv den lokale landhandlaren. Som i Kranes Konditori er det fråveret av den vurderande og kommenterande forteljarstemma, som gjer også denne novella til ein svært god tekst. Fru Larsen står innleiingsvis i butikken og reflekterer over veret:
Uten å gjøre seg klart hvorfor, elsker fru Larsen regnvær. Som ung pike elsket hun solskinn. Siden hun giftet seg er stille, fuktig vær blitt som en slags forløsning for henne. Det blir lettere ånde, det blir trivelig og grønt rundt omkring. Der farer ikke så forferdelig mange mennesker forbi lenger. En plagsom følelse av å være satt her ved veikanten nesten av en feiltagelse, mens alle andre kommer noensteds fra og skal noensteds hen, forsvinner. Hun kan åpne vinduene overalt og la luften strømme igjennom. Støvet innendørs ses heller ikke så, når det ikke er sol. Og hun blir mindre trett i bena enn i klarvær og varme.
Gjennom novella får vi sjå korleis det ikkje bare er Fru Larsen sine tankar om veret som har forandra seg etter at ho gifta seg. Herr Larsen har også forandra seg:
Larsen i forlovelsestiden ... en flott og munter reisende i kortevarer, som kom på besøk og satte hennes stillferdige, litt gammeldagse gårdmannshjem på ende med sine lystige påfunnn, sin sang og sitt pust av den store verden. Som hadde vareprøver med seg i presang til henne, fotografirammer og nåleputer, similismykker og brevpapir og flakonger med essenser i ... og var pågående, farlig og uimotståelig i syrinlysthuset efter aftens....
Og Larsen nå!
Søvnig og gretten, i skjorteermer og uten snipp, til stadighet litt bustet av å ha ligget på sengen, drikkende øl og røkende time ut og time inn med en eller annen reisend einne i stuen, mens hun passer butikken, fartende i bil til langt på natt i "forretninger", vanskelig å få opp om morgenen, lei med maten...
Fru Larsen si oppleving av å vere einsam i ekteskapet blir forsterka då dei får uventa besøk ein kveld. Larsen underheld gjestene, medan fru Larsen står på kjøkkene og passer på at ikkje maten skal svi seg. Og også her er det dei nærmast sceniske skildringane som får fram interaksjonen mellom menneska på ein heilt spesiell måte, som gjer novella særleg god.

8/52: "Kunsten å myrde"
"Kunsten å myrde" blir fortald av ein eg-forteljar, men hovudpersonen er krigsenka Francine, som arbeider for denne eg-personen, sannsynlegvis på eit pensjonat eller liknande, men det kjem ikkje klart fram. Francine kjem tilbake til arbeidsplassen, etter å ha gått atten kilometer til fots for å delta i gravferda til kusina. Og etter at dette er fortald, er resten av novella bygga opp som ein dialog, mellom eg-personen og Francine. Som i ein dramatisk tekst, blir det gradvis avdekka at Germaine, kusina til Francine hadde ein fem år gammal son, som ho var aleine med og at det ikkje var eit vanleg dødsfall:
Jeg ønsker at jeg aldri hadde innlatt meg i samtale med orakelet Francine. Hun har en tilbøyelighet for uttalelser med dobbeltbunn, de kan tydes på flere måter, akkurat som dem i Delfi. Det dreier seg om en foreldreløs guttunge også, en liten stakkar på fem år, for hvem man intet kan gjøre. Jeg reiser meg for å gå.
Da sier Francine, hun sier det i en nesten oppmuntrende tone, og mener tydelig slett ikke å føre oss opp i noe drama. "Det var så menn fort gjort. Hun gjorde det selv."
"Hva? Hvilket?"
"Hun gjorde det selv, madame. Hun tok livet av seg, som man sier."
"Men du store Gud, Francine - var hun ulykkelig?"
Francine har sin egen oppfatning av ordet ulykkelig. Hun svarer "Neida, Madame, ulykkelig var hun ikke. Men foreldrene hadde jo sagt henne at hendte det en gang til, fikk hun klare seg selv med både den ene og den andre ungen. Og så -"
I dette avsnittet får tittelen ei meining: "Kunsten å myrde" er det dei rundt Germaine har sagt og gjort, haldningane til folk som har møtt denne einsame mora med den vesle guten, det som til slutt fører til at når den unge jenta blir gravid for andre gong, er livet slutt. Også her er det alt det som ikkje blir sagt eksplisitt, men som bare blir skildra, denne gongen gjennom dialogen, som skaper den store lesaropplevinga.

Apr 5, 2011

Eit ekte møte mellom to mennesker


Brev 1970-1975
Olav H. Hauge og Bodil Cappelen
Det norske samlaget 2011
307 sider

I februar 1970 tar Bodil Cappelen kontakt med diktaren Olav H. Hauge i eit brev. Her skriv ho:
"Jeg stod opp i morges og tenkte på et rom møbelert med bøker fra gulv til tak. Bli ikke forbauset når jeg skriver slik til deg og du ikke kjenner meg - det går over, man kan vel møtes i et brev så vel som på gaten."
s. 7
Det er meir vanleg at to mennesker som ikkje kjenner kvarandre, møtest på gata enn i eit brev. Likevel blir heile denne samlinga av brevvekslinga mellom dei to kunstnarane ei vakker og annleis skildring av eit møte mellom to mennesker, i brevform. Over ein periode på fem år, skriv dei brev til kvarandre. Dei skriv om det dei er opptekne av i kvardagen. Olav H. Hauge skriv om frukttrea, diktinga, omsettingsarbeidet sitt og det han les. Bodil Cappelen skriv om familien, billedveven, bøker ho les og diktinga til Olav H. Hauge. Og etterkvart som åra går, blir dei betre og betre kjend med kvarandre. Boka sluttar i 1975, når Bodil pakkar saman vevutstyret sitt og reiser til Ulvik for å bu samen med Olav. Og eg synest ho sluttar alt for tidleg. Eg vil lese meir om korleis samlivet mellom desse to blir. Dei er begge spente på korleis det blir, når ei skilt kvinne skal flytte saman med han som har vore aleine heile livet:
"Og du lagar deg til å flytta. Hugså no på det eg sa fyrr: Ta ikkje meir med enn du absolutt treng! Seg at du skulde finna på å reisa att! Du kan aldri vita. Eg har nett lese Kjærleikens ferjereiser (Edvard Hoem), og då ser ein at det er so ymist med den kjærleiken! Det skulde no me vita fyrr. Vert no ikkje skræmd, Bodil, kanskje det kjem til å gå fint òg!"
(s. 303).
Brev 1970-1975 er ei sterk skildring av utviklinga av vennskapet og kjærleiken mellom dei to. Breva er autentiske og det gjer at denne kjærleikshistoria får eit ekte og naturleg preg, som eg aldri har funne i nokon oppdikta roman. Dei to nærmar seg kvarandre, på ein slik vâr og forsiktig måte, og kjenslene som blir uttrykt i breva, blir gradvis sterkare.

Boka er vert å lese, fordi ho fortel denne unike kjærleikshistoria. Og i tillegg til dette, inneheld boka mange svært interessante refleksjonar om arbeidet til dei to kunstnarane, og om uvissa ved å leve eit kunstnarliv. Dei skriv om bøkene dei har lese sidan sist og dei kjem med korte kommentarar til dei siste utspela til Jan Erik Vold og Georg Johannessen i Dagbladet og Vinduet. Dette er med på å gjere boka særleg interessant, som desse passasjane kor Hauge kommenterer Cappelen sine og sine eigne forsøk på å omsette dikta til Emily Dickinson:
Til vanleg nytta ho rim og fast metrum, men det hende ho skreiv utan rim, når dei ikkje kom av seg sjølv. Rett nok var ho fri både med rim og taktar. Ein bør vel gjeva att dikti i same form som dei har på engelsk, so nokonlunde då; då fær ein vel best fram den sereigne tonen dikti hennar har.
(s. 18)

Korleis ein skal setja um, vert dei lærde aldri samde um. Måtane er mange, og kvar lyt velja den måten han/ho meiner er best. No skal ikkje eg laga meg til som ein skulemeister; rett nok har eg prøvt å setja um noko; litt kan eg vel ha lært etter kvart, at det ofte er vanskeleg, ja radt umogeleg, det er visst! Lat oss segja det er umogeleg. Det er vel det som gjer at ein prøver å det. Fyrst og fremst lyt ein prøva å krjupa inn i dikti, og sjå dei innanfrå, finna vekstpunktet, då finn ein gjerne dei norske ordi og formi òg. Noko anna enn originalen vert det alltid.
(s 132-133).
Eg får lyst til å lese meir av Hauge sine refleksjonar om språk, form, innhald og dikting. Eg vil lese eit essay av Hauge om omsetting av Emily Dickinson eller Robert Bly. Men eg får bare desse korte glimta av refleksjonar rundt arbeidet til Hauge. Dei blir avbrotne av ei forteljing om ei bussreise, eller nokre tankar om plommetrea og epletrea. Og det er på mange måtar dette som gjer desse breva så fine å lese. Dei store refleksjonane om livet, kunsten og kjærleiken er ikkje pompøse og altomfattande. Dei blir til ei kvar tid sett inn i ein kvardag - den kvardagen som dei to brevskrivarane lever i.

Takk til Samlaget for leseeksemplar.

Apr 4, 2011

Vårvers

Eit vårvers, fra "Mellom bakkar og berg utmed havet" kjem her, til ære for det fine vårvêret, utføre vindauget:
Fram paa Vetteren stundom han tenkte:
Giv eg var i eit varmare Land!
Men naar Vaarsol i Bakkarne blenkte,
fekk han Hug til si heimlege Strand.

Lyrikk (seint) på ein søndag - T

På grunn av sjukdom, har bloggen blitt nedprioritert i det siste, men eg er her altså. Og nå er det søndag (eller natt til mandag, med likevel...), og vi skal tenke på lyrikk på T.

1. Eit tablå er eit omgrep som er inspirert av biletkunsten. Eit tablå er noko som viser fram ein situasjon. I litteraturen finn vi det oftast brukt i dramatikken, som eit levande oppstilt bilete, med form som eit maleri. Vi kan også finne det i lyrikken. Nokre dikt maler eit bilete, eller eit tablå. Vis fram eit slikt dikt.

2. Tid er noko som ofte blir tematisert i diktform. For kva er tida, og korleis er forskjellen mellom den subjektive opplevinga av tida og tida som verkeleg går? Presenter eit dikt som - på eit eller anna nivå - tematiserer tida.

3. Presenter eit dikt av ein forfattar på T.

-----------
1. Eit av dei tablådikta eg synest er veldig fine, er William Carlos William sitt namnlause dikt:
So much depends
upon

a red wheel
barrow

glazed with rain
water

beside the white
chickens.
2.
Eg trur det diktet eg har lese, som seier mest om tida, er Gunnar Ekelöf sin diktsyklus En Mölna-Elegi. Heile verket er på over 60 sider, men ein liten passasje kan eg gjengi her:
Vindsus och vågstänk
Vågsus och vindstänk
Vågornas sus mot vinden
kylig mot pannan och kinden –
ensamheten och du
evigt på samma kryss:
Ett evigt då som blir nu
Ett evigt nu som nyss
3.
Eg har visst ei greie for svensk lyrikk (er det fordi svensk er særleg lyrisk, som språk?), og Tomas Tranströmer er ein av dei diktarane eg liker veldig godt. Eit velkjent, men likevel svært godt dikt er "Minnerna ser mig":
En junimorgon då det är för tidigt
att vakna men för sent att somna om.

Jag måste ut i grönskan som är fullsatt
av minnen, och de följer mig med blicken.

De syns inte, de smälter helt ihop
med bakgrunden, perfekta kameleonter.

De är så nära att jag hör dem andas
fast fågelsången är bedövande.