Mar 18, 2010

The Blindfold - Siri Hustvedt

The Blindfold
Siri Hustvedt
Picador USA, 1992
224 sider

Eg liker Siri Hustvedt. Eg liker henne betre og betre jo meir eg les av henne. Eg liker måten ho skriv på og emna ho skriv om. Ho er i ferd med å få status som ein av mine favorittforfattarar.

The Blindfold er boka om Iris Vegan, ei ung student-jente som bur i New York, og hennar vanskelege famling og leiting etter eigen identitet. Boka er delt i fire delar, og kronologien mellom desse fire delane i forhald til kvarandre er tidvis uklar. Eg har prøvd å skrive eit lite samandrag av handlinga i desse fire delane, men det blei så platt, oppramsingsprega og lite vellukka at eg rett og slett hoppar over handlingsreferatet frå denne boka. Eg nøyer meg med å seie at i desse fire delane av boka møter Iris ulike menneske og ulike gjenstander som preger henne på ulike måtar. Identitetsforvirring, kjønnsroller og forhald til dei rundt Iris, pregar forteljinga.

Fleire av 1900-talet sine store filosofiske spørsmål blir tematiserte i denne romanen. I tillegg til spørsmål om kjønn og identitet, blir spørsmål om forhaldet mellom språk og verkelegheit reiste. Iris får i oppdrag å skildre ei rekke gjenstander, og i denne prosessen blir spørsmåla om språket eigentleg strekker til aktualisert. Forhaldet mellom liv og kunst, verkelegheit og fiksjon er eit anna spørsmål som blir reist i boka. Det er fleire episodar der Iris på ulike måtar går inn i eit kunstverk. Fotografvennen George tek eit bilete av henne, som begynner å leve sitt eige liv. Ho møter kunstkritikaren Paris, som ber henne skildre maleriet "Tempest" av Giorgione. Her tek ho plassen til mannen i venstre hjørnet og skildrer biletet frå hans synsvinkel. Seinare kler Iris seg ut i gutteklede og tek samtidig namnet og historia til Klaus, hovudpersonen i ei novelle ho arbeider med å omsetje. Også sjølve forteljarståstaden og skildringa av Iris som ein person med ustabile og upålitelege karaktertrekk, er med på å reise spørsmål om kva som er sant og kva som ikkje er sant, innad i forteljinga. Kan ho fortelje ei sann historie om sitt eige liv, eller er ho - med eit sideblikk til tittelen - "blinda" av sin eigen ståstad?

The Blindfold er ei veldig god bok. Ho er velskriven og rommar veldig mykje. Som sagt: Eg liker Siri Hustvedt. Og på tirsdag var eg så heldig at eg fekk med meg Bokprogrammet på NRK, som handla om henne. Så nå ser eg fram til eg skal få tak i den siste boka til Hustvedt.

9 comments:

Lille søster said...

Hurra for Siri Hustvedt! Men dette er den beste boka hennes, synes jeg.

Anonymous said...

Åh, The Blindfold er så bra. Det er kanskje den boka hun har skrevet som jeg liker best. Tror jeg må lese den pånytt snart. Har ikke fått sett Bokprogrammet ennå, men opptaket ligger klar på tvboksen. Gleder meg til jeg får tid til å se det.

Kirsten M said...

Blindford var mitt første møte med Hustvedt og har siden vært stor fan av henne. What I loved er en nydelig bok om livet,kunsten og om tap. Har ikke fått tak i hennes første utgivelser (dikt). men skulle såå gjerne!!!

Bai said...

Sjølv begynte eg med Det jeg elsket og fortsatte med The sorrows of an american, og eg synest bøkene bare blir betre og betre.

Rullerusk, eg anbefaler bokprogrammet - det er verdt å få med seg.

Anonymous said...

Jeg har sett flere lovord om Siri Hustvedt i bloggene. Men jeg har ikke forstått at dette kan være noe for meg. Men Bokprogrammet tirsdag, som jeg lykkeligvis fikk med meg, har fått meg til å tenke meg om. Og etter å ha lest din omtale og de svært postive kommentarene er jeg overbevist.
Skjønner jeg har mange godbiter i vente. Aldri så galt at det ikke er godt for noe. Jippi.

Bai said...

Eg får nesten lyst til å seie at du er heldig som ikkje har oppdaga Hustvedt ennå. Du har mange timar med godt lesestoff framføre deg.

Beatelill said...

Jeg har begynt med min første bok av Hustvedt; the sorrows of an American. Det virker lovende :)

Forresten, blir du med å lage ei liste over verdens beste bøker? http://beatelill.blogspot.com/2010/03/kom-med-forslag-til-hvilke-bker-som.html

Kristin H said...

Hun er en fantastisk forfatter. Jeg leser alt av henne!
"What I loved" er min favoritt. Må også anbefalle "Mysteries of the Rectangle: Essays on Painting" Her klarer hun å virkelig lære deg å sentrere om ett maleri om gangen og gjøre det til en utrolig spennende opplevelse.

Bai said...

Den høyrdest veldig spennande ut, Kristin! Skal sjå om eg får tak i ho. Hustvedt skriv mykje om kunst på ein veldig spenannde måte dei bøkene eg har lese.