Showing posts with label Veka som har gått. Show all posts
Showing posts with label Veka som har gått. Show all posts

Jan 8, 2011

Veka som har gått - 1

Denne veka har blogginga og nettiketten fått stor plass i dei norske avisene, etter at den 15 år gamle rosabloggaren Voe slutta å blogge, på grunn av all hetsen ho har fått av andre bloggar og i anonyme kommentarar. Same dag som Voe la ned bloggen, meldte også Aftenposten at "barnebloggarar er fritt vilt". Her kan vi lese om ei ti år gammal jente, som med rosabloggarane som forbilete har blitt grovt mobba over internett. Det å opprette ein blogg og utlevere seg sjølv i denne, er å ta eit val om å gå inn i ei offentleg sfære. Men er det inga grense for kva folk som tar dette valet må tåle? Er det etisk og moralsk riktig å seie at dette må ein tåle, når ein først vel å gå inn i denne offentlegheita, eller er dei anonyme kommentatorane ansvarlege, også på nett? Det er skremmande å lese om Ole Morten Knudsen i slettmeg.no, som fortel at når nokon blir mobba lenge nok over YouTube eller facebook, blir dei "kjendisar" og då blir vanskelegare å slette dei frå servaren. Ein viktig debatt om ansvar for adferd på nett er aktualisert, og eg trur ikkje han kjem for seint.

Kva er det som gjer at lyrikken får så lite merksemd i dei store mediene, spør Byavisen, etter at Henning Bergsvåg si siste lyrikksamling bare fekk ei omtale i BT. Bergsvåg forklarer dette med geografiske omsyn, NRK seier at dei har for få lyrikkanmeldarar. Det blir også peika på at debutantar tar fokus frå etablerte, men lite kjende forfattarar. Knut Olav Åmås meiner at sjølv om lyrikken er ein sjanger som er mindre i omfang enn roman og sakprosa, er han ikkje marginalisert. Overskrifta på denne kommentaren er "Om sutring og lyrikk", henta frå Åmås si uttaling:
"Jeg tror for øvrig ikke det spiller noen stor rolle hvor mye plass vi bruker, hvor kompetente artikler vi trykker og hva jeg sier som kulturredaktør:Det norske lyrikkfeltets alltid like pessimistiske sutrere vil uansett alltid insistere på å innta en bedrøvelig offerrolle. Kanskje det skremmer folk bort fra lyrikkfeltet?"
Mitt inntrykk er at lyrikkinteressa er stor, i visse kretsar. Inntrykket mitt er også at det er vanskeleg å finne fram til dei gode diktsamlingane, bare ved å følgje med på medieomtaler. Ein må gjere ein stor eigeninnsats, for å få med seg kva slags diktsamlingar som blir gitt ut, til tross for at interessa er det. Men i staden for å sutre over manglande omtale i norske medier, vil eg heller trekke fram ein svært god tekst frå New York Review of Books sin blogg. I "Lost Rituals, Found Poems" fortel Cristopher Benfrey om korleis vi kan leite etter vakre mønstre eller "lost poems" i tekst.

Maria Amelie si bok Ulovlig norsk blir sendt i P2 sitt "Verdt å lese" frå og med denne veka. Eg anbefaler også den sterke kommentaren hennar i Aftenposten, kor ho seier "Jeg er en illegal, ikke et menneske".

Norsk film skal ha 40 premiærer i år. Filmbransjen er uroleg for at ingen vil sjå alle filmane, og at små privatfinansierte selskap vil gå konkurs, samtidig som andre spår ein god vår for norsk film.

Morgenbladet foreslår også å hylle norsk film, ved å la Sara Johnsen flytte inn i Grotten, medan Erlend Loe held ein knapp på Knausgård. (Eg har ikkje komme lengre enn til bok 2 i Min Kamp, men vil verkeleg Knausgård flytte til Oslo?) Om du heller meiner at Mari Boine, Jon Fosse eller Jan Erik Vold skal få æresbustaden ved Slottet, er det bare å gå inn på Dagbladet og stemme (det kjem ikkje fram kor stor gjennomslagskraft denne avstemminga har).

Jan 2, 2011

Veka som har gått - 52

Vi er akkurat ferdig med den store oppsummeringsveka, veka kor alle medier oppsummerer fjoråret. Kuturåret blir oppsummert denne veka. Dagbladet oppsummerer året som har gått, kulturåret 2010 står til ein 2´ar, medan Aftenposten ber oss stemme på sin favoritt. Også årets beste bøker blir presenterte, og i Aftenposten forsøker Åmås å trekke fram alternativ til dei norske bøkene og peikar på tidsskrifta og magasina. Og Åmås har rett, vi gløymer ofte desse, når vi snakkar om kva som er verdt å lese. Fleire av kritikarane i både Aftenposten og Morgenbladet trekk fram innsatsen til Pedro Carmona-Alvarez og Gunnar Wærness ved samlinga, oversettinga og utvelginga av 34 poetar frå 25 land i antologien Verden finnes ikke på kartet, ein antologi som står høgt på ønskelista mi. Dagsavisen si liste er vel den som, så vidt eg ser, har eit størst særpreg i valet av titlar. Også her finn vi sjølvsagt Beate Grimsrud, Gaute Heivoll, Jonathan Franzen og Tore Rem, men dei har også fleire forfattarnamn og titlar som har fått mindre plass i den store diskusjonen i året som har gått. Det er likevel ingen av dei norske avisene som slår The New York Times liste over 100 notable books of 2010. Dette er verkeleg rett webside, for dei som vil oppdage nye forfattarskap og hente leseinspirasjon.

Under overskrifta Lurte 100 000 nordmenn... avslører Dagbladet omsider at bloggen "Flinke piker", som blant anna har fått mykje merksemd av kronprinsparet er ein bløff. Jentene Linnea, Chantal og Emma er oppdikta, og det er ein anonym skribent som står bak bloggen. Men er det unikt at akkurat denne bloggen ikkje er skrivne av desse tre? Er ikkje blogging ei form for gestalting av eit offentleg eg, også blant oss som utgir oss for å vere oss sjølve?

Aftenposten startar ein ny språkserie. Dette er eit svært godt initiativ, som det blir spennande å følgje. Her er det spennande artiklar om utviklinga av nyord, språkutviklinga i Oslo-Øst, bruk av engelsk, dialektar og nynorskens status. Det kjem ikkje klart fram om det er desse fem oppslaga, eller om det kjem fleire i same serien. Sjølv liker eg å lese om språk i avisene, og håper heilt klart på det siste.

Orhan Pamuk skreiv eit essay i bloggen til The New York Review of Books den 25. desember, med tittelen The Fading Dream of Europe. Dette godt skrivne essayet presenterer det tyrkiske synet på Europa, først som "the rosy land of legend" og korleis dette draumelandet har utvikla seg til å bli ein Europeisk Union i forvirring og full av indre problem. Pamuk spør om ikkje Europa burde vende blikket bort frå flyktningeproblematikken og heller sjå innover, for å beskytte seg sjølv og sin kultur: "But if Europe is to protect itself, would it be better for it to turn inward, or should it perhaps remember its fundamental values, which once made it the center of gravity for all the world’s intellectuals?" Eit essay til ettertanke, som er vel verdt å lese.