Showing posts with label Om bokhandling. Show all posts
Showing posts with label Om bokhandling. Show all posts

Oct 8, 2011

Bokhandling

Igjen må eg bare stille spørsmål med kva som er grunnen til dei store prisforskjellane på bøker i Sverige og i Norge. Sjølv om eg har fleire diktsamlingar med Tranströmer-dikt, har eg lyst på samlebindet med prosaen til Tranströmer også. Eg hadde planlagt å bestille boka på Capris.no for 317,- 

Men så las eg hos Enligt O at ho hadde bestilt hos den svenske kjeden bokus.se, til 198,- svenske kroner, altså omlag 170 norske. 


For dei 150 kronene eg sparte, bestilde eg like gjerne Sofi Oksanen si bok Baby Jane og Sara Stridsberg si Darling River. Då trur eg eg skal ha lesestoff til nokre haustkveldar framover.  

Eg slutter ikkje å forundre meg over denne prisskilnaden i Norge og Sverige. Norge har momsfritak på bøker, medan dei svenske bøkene har 9% mva. Det er greit at alt anna er dyrare i Norge, men eg skjønner ikkje med mi beste vilje at det skal koste Capris 140 kroner meir å selgje same boka her, samanlikna med i Sverige. Boka er jo ikkje oversett ein gong (og det gjer ingenting, for det er då verkeleg ikkje vits i å oversette svenske dikt til norsk). 


Jul 19, 2011

Bokbloggar til inspirasjon og leseglede

Eg har akkurat vore inne på capris.no og bestild nokre bøker igjen. Eg har bestilt Brodecks rapport av Philipe Claudel, fordi Thelme Melck på bloggen Aroundbooks har skrive:
Men jeg kan ikke la være å trekke frem ett eksempel på sublim skrivekunst i dag, nemlig den franske forfatteren Philippe Claudel, som jeg har omtalt en del her i bloggen. Hvorfor blir ikke han lest i Norge? Han står litterært sett høyt hevet over Murakami. Claudel er, høyst fortjent, en stor stjerne i hjemlandet, på norsk er det bare kommet to bøker av ham, og det ser ikke ut til å komme flere. Noen kommersiell suksess tviler jeg sterkt på at hans norske utgaver har vært.
Eg har ikkje lese Claudel. Men når eg blar i dei elementa eg har merka med stjerne i google reader, finn eg ut at eg har lese om Claudel hos Labben også, og at eg har tagga denne posten hennar med "Til leselista", slik eg gjer, når eg les om bøker eg vil hugse at eg fekk lyst til å lese. Nå skal eg altså gjere meg kjend med Claudel, eg også.

Eg har også bestild 1Q84 av Murakami, ei bok eg nok uansett ville ha kjøpt, fordi eg er svært begeistra for denne japanaren, men som eg fekk veldig lyst til å lese etter å ha lese både Janke og Thomas J. R. Marthinsen sine omtaler av boka.

Stefan Zweig er eit namn som har dukka opp i samband med novelleutfordringa, både hos Labbens og hos Rose-Marie. Og då Kulturdelen igjen minna meg om at eg var jo svært nysgjerrig på denne forfattaren i vinter, bestilde eg ei bok av Zweig med det same.

Det å blogge om bøker og ikkje minst, det å lese andre som bloggar om bøker sine bloggar er ei stor kjelde til inspirasjon. Eg oppdager ukjende forfattarnamn og blir minna på dei, gjennom daglege oppdateringar. Eg har på ingen måte oversikt over alt som rører seg i den litterære landskapen, han er for stor til det. Men med hjelp av andre bloggarar, finn eg stadig nye orienteringspunkter, kartet mitt forandrar seg og eg oppdagar nye og spennande bøker og forfattarskap eg kan stoppe opp og kose meg med.


May 3, 2011

Maisalget

For første gong sidan den nye bransjeavtalen trådde i kraft, har maisalget vore skuffande. (For dei som lurer på korfor alle bokhandlarar har salg i mai, er det fordi då er makspristida på bøker frå fjoråret utløpt, og dei ulike kjedane står fritt til å prise bøkene sine, som dei vil). Eg er ikkje skuffa fordi det ikkje er mange gode titlar der, for det er det. Men eg har rett og slett lese omtrent alle bøkene eg har lyst til å lese, som står på salgslistene. I alle fall når eg ser på dei som er best eksponert i nettbokhandlarane. Eg manglar Min Kamp 4 og 5, men eg har ennå ikkje fått somla meg til å lese bind 3, så eg veit ikkje om eg skal kjøpe dei heilt ennå. Dei blir jo ikkje dyrare igjen. Samtidig kan det vere kjekt å ha alle bøkene i same utgåve. Også har eg lyst å lese En dåre fri, men den har eg ikkje funne på tilbod ennå.

Elles oppdagar eg til mi eiga store overrasking at det er lite å hente som eg ikkje har lese endå. Kanskje skal eg takke det fine skulebiblioteket på jobb for dette? Når eg stikker innom der for ein bokprat, er dei veldig kjappe med å bestille inn bøkene eg ønsker meg. For eg trur ikkje eg kjøpte fleire fullprisbøker i fjor enn eg gjorde året før. På mange måtar passer dette bra, for eg skal prøve å ikkje kjøpe så mange bøker, og heller lese det eg allereide har kjøpt (noko som vanskeleg lar seg kombinere med eit stadig sug etter å vere oppdatert på samtidslitteraturen). Det eg kalla kjøpestopp for nokre veker sidan, har riktignok utvikla seg til ein sporadisk kjøpepause, men likevel...

Eg trur kanskje eg må ta turen innom ein bokhandel og sjå på utvalet med mine eigne auge. Eg liker jo bøker til under tohundrelappen.

Feb 18, 2011

Mann eller menn?

Til deg som pakkar dei forhåndsbestilte mammutbøkene på Ark: Eg hadde bestilt denne Mann i Mørket av Paul Auster, fordi eg liker Paul Auster.



Eg hadde ikkje bestilt Menn i mørke av Asbjørn Sunde. Eg er ikkje så interessert i sabotasjeaksjonar under andre verdskrigen.



Feb 7, 2011

Mamutsalget

I år har eg funne mykje eg har lyst til å kjøpe i mamutkatalogen. Etter å ha sletta alle bøkene eg har lese frå før, utanom Jenny av Sigrid Undset som eg saknar å ha i bokhyllene mine, er lista framleis litt i lengste laget. Spørsmålet nå er treng eg verkeleg desse bøkene?


David Golder
Irène Némirovsky
- Ja, fordi Labben stadig snakkar så varmt om Irène Némirovsky, og fordi eg las Storm i juni for ei stund sidan og likte ho så veldig, veldig godt.

Mann i mørket
Paul Auster
- Ja, fordi eg liker Paul Auster, og fordi eg ikkje har lese denne.

Min kamp. Tredje bok
Karl Ove Knausgård
- Ja, fordi eg bare har lese dei første to binda. Eg hadde aldri trudd eg skulle vente heilt til boka kom på mamutsalg, då eg stod i dei milelange bibliotekkøane for å få lese bind 2.

Jenny
Sigrid Undset
- Kanskje, men eg vil jo gjerne lese denne også fleire gonger.

Kunzelmann & Kunzelmann
Carl-Johan Vallgren
- Ja, fordi eg allereide har lånt boka som på mystisk vis forsvann, utan at eg fekk lese ho og eg dermed har betalt 350 i erstatning til biblioteket for ho allereide. Då bør eg få boka.

Noveller i samling
Frode Grytten
- Ja, fordi det er Frode Grytten.

Tårnet
Uwe Tellkamp
- Ja, fordi både Torbjørn og Ingrid har snakka varmt om denne boka. Og eg stolar på dei.

Du trenger ikke mer enn 6
Dag Evjenth
- Denne er eg litt usikker på, men konseptet med å skrive noveller på 6 ord verkar veldig spennande.

Rapport om Adam
Jean Marie Gustave Le Clézio
- Denne treng eg kanskje ikkje. Eg kan jo låne ho på biblioteket.

Sjelenes herre
Irène Némirovsky
- Ja, også denne fordi fordi Labben stadig snakkar så varmt om Irène Némirovsky, og fordi eg likte Storm i juni.

Dikt i samling
Halldis Moren Vesaas
- Ja, sjølvsagt!

Tingene er dine øyne :skandinavisk poesi
Håvard Rem
- Ja, fordi eg liker skandinavisk lyrikk og fordi eg liker antologiar.

U alminnelig
Kjell Arnold Nyhus
- Ja, Jon Fosse og mystikken høyrest spennande ut.

Etter denne gjennomgangen har eg komme fram til at eg kan stryke to av bøkene på lista, men at eg treng resten. Også kom eg til å tenke på at eg har gløymd å bla gjennom sakprosabøkene, så det kan hende eg treng endå fleire bøker...

Jan 10, 2011

Er det verkeleg slik at det er dobbelt så dyrt å skrive, trykke, marknadsføre og distribuere bøker på norsk som på svensk?


Eller er det ein annan god grunn til at En dåre fri kostar 323 kroner i på norsk og 150 kroner på svensk?

Dec 30, 2010

Pakke i posten

Om 2-4 dagar får eg bokpakke i posten. Eg liker å få bokpakke i posten.


Eg har meldt meg på den nordiske samlesinga, som Knirk står bak. Vi skal lese bøkene som er nominerte til Nordisk Råds Litteraturpris og blogge om dei, fram til prisutdelinga i april. Eigentleg skal Vågen av Harald Voetmann lesast og bloggast innan 2. januar, men med mindre dei 2-4 dagane blir til 1 dag, er ikkje gjennomførbart. Men boka skal lesast og bloggast så snart som mogleg.

Elles har eg eit teknisk spørsmål, dersom det er nokon som brukar Safari her. Er det eg som gjer noko gale, som ikkje får til å blogge via Safari, eller går ikkje blogspot og Safari saman?

Aug 5, 2010

Ein delikatesse-bokhandel

Tidlegare i sommar var eg ei veke i Paris, og då var eg sjølvsagt innom Shakespeare and company, som ligg ved Seinen ikkje langt frå den overveldande katedralen Notre Dame. Atmosfæra rundt denne butikken er heilt spesiell. Då eg stod på fortauet utføre, var det som å sjå eit glimt av ei anna tid, hadde det ikkje vore for alle turistane. Og då eg kom inn i butikken blei eg overvelda - dette er ein bokhandel, kor det er bøker overalt, og ingen andre ting enn bøker.


På biletet ser du fleire meter med diktsamlingar, frå golv til tak. Og eg, som så ofte blir oppgitt over kor vanskeleg det er å finne butikkar som prioriterar lyrikk, blei så overvelda ved første besøk at eg gjekk tomhendt ut igjen. Eg gjekk tilbake ein seinare dag og denne gongen brukte eg over ein time framføre denne eine hylla. Eg kunne stå å bla i samlingar av ukjende diktarar, notere ned forfattarnamn og titlar som eg kan søke opp og kjøpe med seinare høve. Eg plukka ut ein stor stabel med bøker, før eg begynte å tenke på dei 15 kiloa med baggasje eg hadde tilgjengeleg på heimturen, og sette ein del av dei på plass i hylla med tungt hjarte, før eg betalte for nokre få av bøkene og gjekk.

Paris er ikkje som Norge. I Paris er det bokhandlarar, med godt utval i lyrikk. Det er også ostebutikkar som bare sel ost, kjøttbutikkar som bare sel kjøtt og Cocolathiers som bare sel sjokolade. Og både osten og kjøttet og sjokoladen har kvalitet. Eg ønsker meg ein større marknad med spesialiserte småbutikkar, kor dei ansette kan det dei sel, også her heime. Og eg ønsker meg bokhandlarar som er heilt utan interiørartiklar og kaffikanner, og som heller er fylt til taket med bøker, med stige slik at ein kan rekke opp til øvste hylle. Men eg er ikkje sikker på om det er marknad for slike butikkar på annakvart gatehjørne, i eit land kor folk allereide klager over høge prisar og gjerne står i bilkø til Svinesund kvar helg for å få dei vakumpakka kotteletta sine litt rimelegare.

Ingrid skreiv for nokre veker sidan eit innlegg med tittelen "Om lyrikens styvmoderliga behandling", kor ho skriv:
Jag vill inte öda tid i en "bokhandel" som har ett utbud liknande min lokala Ica-affär.
Det er vanskeleg å finne skikkeleg fine delikatesse-bokhandlarar, med stort utval i lyrikk her i Norge, og eg har inntrykk av at det same gjeld nabolanda våre. Vi har jo Tronsmo i Oslo og Bislett Bok, men heller ikkje der er utvalet samanliknbart med Shakespeare og company. Vi har også god tilgang på nettbutikkar, som for eksempel Audiatur, og det er stadig lettare å skape sitt eige gode utval med å bestille bøker frå utlandet. Men ulempa med ein nettbutikk er at det ikkje går an å stå å bla i bøkene til ukjende forfattarnamn, ein kan ikkje stå framføre hylla og leite etter smaksprøvar. Ein må vite kva ein leiter etter, på nettet.

Vel heime i Norge skulle eg kjøpe ein bursdagspresang. Eg trudde eg hugsa at Tanum på Oslo City hadde ei lyrikkhylle før, så eg gjekk innom der fordi der er det praktisk å gå innom når ein kjem frå t-banen. Men lyrikkhylla var borte - eg fann ho i alle fall ikkje. Dermed fekk jubilanten ein roman i staden, noko ho blei glad for. Men det er synd at det er så vanskeleg å finne diktsamlingar i heilt vanlege bokbutikkar.

Eg ønsker meg ein delikatesse-bokhandel, slik som Shakespeare and company. For sjølv om det kanskje er ein økonomisk risiko knytta til det å bestille opp eit lager med marginale diktarar og å eksponere desse på bekostning av dei krimforfattarane som ein allereide veit selgjer godt, plager det meg at utvalet er så snevert her til lands. Lyrikk og anna såkalla smal litteratur sel dårleg, det veit vi. Men er ikkje forventningane om dårleg sal, også ein sjølvoppfyllande profeti? For korleis kan bokbransjen eigentleg forvente at bøker som ikkje blir eksponert i det heile tatt, og som ikkje ein gong finnst i hyllene skal bli oppdaga og lesne? Ville ikkje butikkane og forlaga også ha tent på eit litt breidare utval, også innafor såkalla smal litteratur? Eg kan ikkje så mykje om økonomi, men eg trur ikkje at etterspurnaden aukar ved at tilbodet blir borte. Og når dei store kjedane fjernar lyrikken frå butikkane sine, er tilbodet i ferd med å bli borte. I kven si interesse er eigentleg det?

Shakespeare and company er ein bokhandel til inspirasjon. Og dei har heller ikkje utelate bestselgjarane. Til tross for godt utval i lyrikk og litteraturfilosofi og andre sjangrar det ofte er vanskeleg å finne i bokhyller, har dei meir alminneleg kjende namn i tillegg. Dei har bare ikkje fått så mykje plass, som hos dei som bare har bestselgjarane.

Eg skulle ønske det fanst fleire slike butikkar, kor lyrikken får den plassen han fortener.

Aug 2, 2010

Salg på Audiatur

Det er salg hos Audiatur.no . Og eg må innrømme at eg er litt svak for bokhandlarar som sender billige bøker portofritt heim til meg. I tillegg er det jo så alt for enkelt å betale med Paypal. Men kva gjer vel det, når haustmånadane er redda og eg kan vente på spennande, både kjend og ukjend lyrikk i posten?

Vi tar forbehold om at enkelte titler kan være utsolgt.
Stk ISBN Forfatter: Tittel: Pris:

1 8256010665 Vizma Belsevica Den hvite gjemselen 60

1 8256011157 Sandor Csoori Mennesker, Grener 60

1 8256011270 Les A Murray Midtsommars is 70

1 8205331871 Bjørn Aamodt Arbeidsstykker og atten tauverk 100

1 8210047620 Terje Dragseth Logg 70

1 8274880803 Ingeborg Bachmann Böhmen ligger ved havet 80

Feb 28, 2010

Norske bøker, fordi dei er norske?

Aftenposten meldte denne veka at det blir lese fleire utanlandske bøker i Norge, enn norske:
Av de 100 mestselgende bøkene i 2009, sto utenlandske forfattere for 53 titler. Dette er over dobbelt så mye som norske forfattere selv klarer. Av de 22 som kom på listene, er hele åtte krimbøker av Jo Nesbø.
Einar Ibenholt i Gyldendal er bekymra over utviklinga og skuldar på kommersialiseringa av bokbransjen og bransjeavtalen frå 2005 (Julie i bokmerker.org har skrive ei veldig god innføring i kva bransjeavtalen er her og her).

Eg har eit inntrykk av at forlaga liker å skulde på liberaliseringa av bransjeavtalen, når salstala går nedover. Det er to punkt, særleg som blir trekke fram i fleire samanhengar, når bransjeavtalen blir diskutert. Det eine er at bokhandlarane ikkje lenger har plikt til å føre alle bøkene som kjem ut. Det andre er maksrabatt-ordninga, kor det ikkje er lov å selgje bøker med meir enn 12,5% rabatt ut året boka blir utgitt og i 12 månadar til. I gamle dagar kunne altså bokhandlarane ta inn eit variert utval av breid og smal litteratur, mens etter 2005 må dei vite at dei har lagerplass til det dei ikkje får solgt, fram til mammutsalget om litt over eit år. Dette går ut over tilgangen på smalare litteratur i butikkane. Det er tryggast for dei, å ta inn dei bøkene som er spådde å bli bestselgjarar på førehand. Det er klart at kommersialiseringa pregar utvalet i butikkane. Og dette kan sjå ut til å prege salstala også.

Likevel kjennest det av og til som om forlaga som kritiserer bransjeavtalen, undervurderer oss som lesarar og bokkjøparar. Dei trur ikkje at vi er i stand til å skaffe oss oversikt over bokmarknaden på eiga hand, og gjere eigne vurderingar. Eg trur at vi lesarar er i ferd med å bli mindre avhengige av utvalet i dei fysiske bokhandlarane. Ved hjelp av internettet kan vi gå rett til forlaga og bestille bøker vi har lese om i aviser og magasiner. Gjennom dei utallege bokbloggane og bokforaa er vi heller ikkje avhengige av at marknadsføringsavdelinga i forlaga skal fortelje oss om nye opplag. Det har åpna seg ein stor, virituell arena for samtale om bøker, som lar oss lesarar - og kjøparar - bli kjende med forfattarar og titlar som har blitt nedprioriterte frå forlaga og marknadsføringsavdelingane si side. Tilgangen på omtaler av bøker har auka i tida etter 2005.

Dette fører meg vidare til Øivind Arneberg sin kommentar til dårlege salstal for norsk skjønnlitteratur:
Å rope varsko for norsk skjønnlitteratur, skjønner jeg ikke hvorfor man vil. Det produseres jo enormt. Det kommer for mange ubetydelige bøker som tar plassen til mye av den seriøse norske skjønnlitteraturen.
Han peikar på ein sentral faktor, som det ikkje alltid er like stuereint å diskutere, nemleg kvaliteten på litteraturen som blir produsert. For er det verkeleg slik at alt som blir produsert er like godt, bare fordi det er norsk?

Eg trur ikkje på nokon samanheng mellom salstal og kvalitet. Eg trur ikkje at høge salstal nødvendigvis gjenspeglar stor litteratur. Like lite trur eg at låge salstal gjenspeglar bortgøymde og bortgløymde perler. Dei kan gjere det, men det er ikkje eit konsekvent årsaksforhald. Og det er langt frå sikkert at alle dei norske bøkene som blir gitt ut, er verdt å lese, til tross for at dei blir produsert i små opplag.

Då eg las i Aftenposten, tenkte eg at eg les jo mykje norsk litteratur. Eg trur i alle fall eg gjer det. Men gjer eg eigentleg det? Eg bladde gjennom bloggen min og fann ut at eg har lese fleire amerikanske bøker enn norske, det siste året. Eg les mykje om norske bøker i ulike samanhenger. Og sjølv om eg ikkje alltid har tid til å lese alt eg vil lese, forstår eg også på omtaler frå andre at det er langt ifrå alt som er verdt å lese. I alle fall ikkje bare fordi det er norsk.

Forfattaren sin nasjonalitet er ein faktor som kjem langt ned på lista, når eg skal vurdere om eg skal lese ei bok eller ikkje. Og då heller fordi eg vil lese noko frå andre kulturar, enn frå min eigen. Språk, stil, form, forteljarteknikk og handling er punkter eg heller vurderer, når eg les bokomtaler og utdrag, før eg avgjer om eg skal kjøpe boka eller ikkje. Og er eigentleg det så urovekkande?

Sep 6, 2009

Kva vil vi lese det neste tiåret?

Svenskane diskuterer litteratur. Denne diskusjonen blei starta av forfattarane Jens Liljestrand, Susanne Axmacher, Jerker Virdborg, Anne Swärd, Sven Olov Karlsson, Pauline Wolff og Jesper Högström, som publiserte sitt "Manifest för ett nytt litterärt decennium" den 22. august i år.

Dette manifestet etterlyser dei litterære forteljingane, den skjønnlitterære prosaen, i andre format enn kriminallitteratur og chic-lit-romanar, eller sjangerlitteratur, som dei kallar dette. Manifestet etterlyser også episke tekstar som kan føye seg inn i tradisjonen etter dei store forteljarane dette århundret. Manifestet etterlyser god litteratur kor forteljinga står i fokus og ikkje er underordna språket og formen. Manifestet kritiserer romanar som ligg for nær opp til journalistikken, dagboka, stand-up-komikken og sjølvbiografien.

Det litterære klimaet i Sverige og Norge har, dersom vi ser vekk i frå åra 1940-45, utvilka seg parallelt. Svenskane er litt tidlegare ute enn oss, litt nærmare Europa, men vi kjem alltid etter. Hovudtrekka i den norske og den svenske bokbransjen er dei same. Og i Norge, som i Sverige er det alt for mange som vel å
"(...)stänga in oss på institutioner, tidskriftsredaktioner, skrivarskolor eller akademier och därinne bittert muttra åt att ständigt nya kriminalförfattare får pryda omslaget till höstkatalogen från Svensk ­Bokhandel"
Marknaden fløymer over av krim og chic-lit, oppvekstromanar, biografiske romanar og dokumentariske romanar. Kor har det blitt av dei store episke romanane? Manifestforfattaren nemner Selma Lagerlöf, Hjalmar Söderberg, Moa Martinson, Pär Lagerkvist, Vilhelm Moberg, Eyvind Johnson, Karin Boye, Stig Dagerman, Sara Lidman, Sven Delblanc, Elsie Johansson,­ Kerstin Ekman, Lars Gustafsson og Inger Alfvén. Eg vil leggje til blant anna Sigrid Undset, Olav Duun, Cora Sandel, Arne Garborg, Knut Hamsun, Tarjei Vesaas og Jens Bjørneboe. Vi snakkar om desse forfattarane som har skrive store, episke romanar som har overlevd mange generasjonar med lesarar, allereide.

Manifestet har skapt reaksjonar, eit av svara er "Manifest för ein olovlig litteratur", kor forfattarane svarar på Manifestet med å seie at
"Skönlitteraturen är alltid lite större än vad man i varje enskilt verk kan före­ställa sig. Berättandet bär på så oändligt många fler möjligheter än vad som går att återge i någon historia. Renodling ger inget annat än näringsfattig jordmån."
Laurdag 05. september blei også "Lesaranes manifest" trykka, og her blir det sagt at det finst like mange måtar å lese på som det finst lesarar.
"Vi Läsare vill läsa litteratur som är god. Vad som är god litteratur måste avgöras av varje läsare och vid varje lästillfälle. Liksom Vi Läsare inte vill äta linser och råris varje dag bara för att det är nyttigt för oss och vår hälsa vill vi också kunna välja mellan olika genrer, olika berättarröster och olika litterära nivåer beroende på humör och dagsform."
"Vi Läsare vill inte bli skrivna på näsan av några som tror sig veta vad vi bör och ska läsa under vårt resterande läsarliv, vare sig de skrivit flera romaner, nyss debuterat, vunnit flera priser eller skrivit doktorsavhandlingar i litteratur."
Eg meiner at denne diskusjonen er viktig og verdifull. Eg skulle ønske vi nordmenn kunne kaste oss inn i debatten, saman med svenskane. Eg trur vi også treng å snakke om dette. Det er viktig å stille spørsmål ved og snakke om kva som er god litteratur, kva som ikkje er god litteratur og kva slags bøker vi ønsker å både lese og skrive i det neste tiåret. Det er forskjell på bøker, det er til og med forskjell på gode og dårlege bøker innanfor ein og same sjanger. Det er til og med forskjell på gode kriminalromanar og dårlege kriminalromanar. Er desse forskjellane bare ei subjektiv oppleving av ein forskjell, som varierer frå lesar til lesar, eller er det verkeleg forskjell på bøker?

Tilslutt, med fare for å falle tilbake på ein av mine kjepphestar vil eg spørje om lesarane har eit reelt val mellom ulike bøker? Er det lesarane som bestemmer at vi skal kunne kjøpe Jo Nesbø og Stieg Larson, Marian Keyes og Sophie Kinsella frå bladhylla på Rema 1000? For det er vel ikkje lesarane som bestemmer kva slags bøker som skal bli bestselgjarar. Det er allereide ei lita gruppe mennesker som dikterer kva vi skal lese, frå forlagshusa sine marknadsavdelingar. For å finne fram til dei andre bøkene, dei som ikkje forlagshusa har bestemt at skal bli bestselgjarar, må vi leite godt og vi må i alle fall halde oss borte frå dei store bokhandlarane.

Sep 5, 2009

Bakgårdssalg

Forlaga rydder lagera sine om hausten. For å bli kvitt bøkene sine, setter Aschehoug opp eit digert telt i bakgården sin, kor dei sel bøker til mellom 15 og 50 kroner. Eg var innom i dag og fekk med meg 9 bøker til 365 kroner - eg tok med andre ord 9 og betalte for 1. Ulempa med dei norske forlaga, er jo at alle bøkene er oversett til norsk. Men likevel, til denne prisen får det vere greit.

Eg fekk med meg Philip Roth: Gift med en kommunist, Paul Auster: Reiser i skriptoriet og Orakelnatt, Andrè Brink: Før jeg glemmer, Thure Erik Lund: Elvestengfolket, Geir Gulliksen: Hvis jeg må være meg, Thorvald Steen: Det lengste svevet og Bård Torgersen: Alt må vekk. I tillegg til desse skjønnlitterære bøkene kjøpte eg også Bar boka, ei oppskriftsbok med drinkar. Så nå kan eg kose meg utover hausten og vinteren.

(Eg skulle legge inn bilete av både bakgården, den oransje bæreposen og bøkene eg kjøpte, men av ein eller anna grunn vil ikkje bileta ut av mobilen min. Eg har notert at eg skal ta med ordentleg kamera neste gong).

Aug 21, 2009

Desse bokklubbane...


Eg er medlem i ei rekke bokklubbar. Den siste eg meldte meg inn i, var Bokklubben Epp, oppkalla etter Axel Jensens roman Epp. Bokhandelen er driven av Tanum.

I dei andre bokklubbane eg er med i, har det stort sett vore greit å avbestille eit fleirtal av bøkene. Det er alltids bøker som kunne vore kjekke å hatt, men eg kan vente dei kjem i billegare utgåver.

I tilfellet med Bokklubben Epp, har eg til nå fått tre medlemsblad, kor alle tre ber meg avbestille bøker eg bare må ha! Dette er vel eigentleg eit teikn på at eg har meldt meg inn i ein veldig god bokklubb. Men ein kan desverre ikkje kjøpe alt ein vil ha, alltid. Så det var med tungt hjarte at eg avbestilde Sin egen herre, Tore Rem sin nye Bjørneboe-biografi i dag. Eg får ønske meg ho til jul, som mor mi alltid pleidde seie.

Til gjengjeld har eg fått ei bok eg er veldig spent på, og har høge forventningar til i posten, nemleg Pedro Caramona-Alvarez siste roman, Rust. Det er ein murstein av ei bok, på nesten 750 sider. Men ho skal visstnok representere "forfatterens store gjennombrudd, og vil stå igjen og lyse mens de andre bøkene fra bokhøsten 2009 slukkes en etter en." (Karl Ove Knausgård, frå Kolon Forlag si heimeside).

Eg gleder meg veldig til å ta fatt på denne boka, som kom i postkassa i går. Eg er bare litt redd eg ikkje skal få tid til å lese noko anna.

Aug 18, 2009

For ei tid tilbake var eg så heldig at eg vann eit gåvekort på kr. 250,- i forumet Bokprat. Bokprat er eit veldig koseleg forum, med mange koselege folk, som stort sett pratar om bøker. Dersom du har lyst til å kikke innom, kan du trykke på denne linken.

I går var eg inne på Bokkilden for å bruke dette gavekortet, så nå venter eg spent på å få to av dei Booker-nominerte bøkene i posten. Eg har bestilt Sarah Waters The little stranger og Sarah Halls How to paint a dead man. Eg gleder meg til å lese begge to.

Ekstra kjekt var det då å lese Mari si omtale av Sarah Waters-boka i dag. Nå gleder eg meg enå meir!

Mar 2, 2009

Dagens fangst

Eg liker ikkje å forhåndsbestille mamutbøker. Eg liker å gå i butikkane på eiga hand, leite fram gullkorna på borda og sjå om eg finner noko som ser endå meir spennande ut enn det eg hadde tenkt å kjøpe. Og her er det eg fann i dag:

Først fann eg Jag, Helga Gregorius av Birgitta Lindén i postkassa mi. I bokhandelen fann eg Boktyven av Markus Zusak, Balansekunst av Rohinton Mistry, Margit Walsøs Kjære Voltaire, Per Pettersons Ut og stjæle hester (som eg ikkje har fått lese endå), Dikt i umsetjing av Olav H. Hauge og til slutt litt meir sjukesenglektyre, Jenta som lekte med ilden av Stig Larsson.

Det var ein innbringande tur i bokhandelen. Og eg kjøpte ikkje meir enn eg kunne bere, så eg kan gå tilbake ein gong til.

Feb 9, 2009

Mammutkatalogen er ute

Det er høgsesong for å få mykje bok for pengane. Årets mammut-tusenlapp skal brukast på:

  • 03 Pedro Camona-Alvarez: Hjemmelekser. 99,-

  • 08 Anonym: Kindereggeffekten. 99,-

  • 15 Harry Bernstein: Den usynlige muren. 99,-

  • 88 Mikael Niemi: Mannen som døde som en laks. 89,-

  • 92 Arto Paasilinna: Kollektivt selvmord. 129,-

  • 94 Orhan Pamuk: Det tause huset. 149,-

  • 114 Margit Walsøe: Kjære Voltaire. 99,-

  • 254 Michael Coren: C.S. Lewis, mannen som skapte Narnia. 79,-

  • 260 Jacob Foresll: Astrids bilder. 159,-

  • 623 Charles Baudelaire: Kunsten og det moderne liv. 79,-


Og for å anbefale nokre bøker eg har lese, kan eg gå god for desse:

  • 29 Fjodor Dostovjevskij: Brødrene Karamasov. 89,-

  • 38 Gustave Flaubert: Madamme Bovary. 69,-

  • 40 Jon Fosse: Andvake. 99,-

  • 49 Frode Grytten: Rom ved havet. Rom i byen. 119,-

  • 55 Johan Harstad: Hässelby. 149,-

  • 60 Edvard Hoem: Mors og fars historie. 99,-

  • 637 Arne Melberg: Selvskrevet. Om selvframstilling i litteraturen. 79,-



Feb 1, 2009

Skuffa

Det er ikkje alltid eg rekker å lese dagens avis den dagen ho kjem ut. Og derfor har eg lese gårsdagens avis i dag. Og bare så det er sagt, når eg snakkar om avisa så meiner eg Dagsavisen. Fordi det er den som kjem i postkassa heime hos meg.

I gårsdagens avis, som eg las i dag, var Kjell-Olaf Jensen ute og uttalte seg om korleis forlaga er styrt av agentar.

«Forlagene, særlig de store, er ofte svært redde for å gå inn for bøker som de ikke har fått anbefalt av internasjonale agentfirmaer, hvor agentene ofte ikke aner noe om et norsk publikums lesevaner, men pøser ut anbefalinger til hele Europa under ett. Resultatet blir beklemmende ofte at de samme middelmådige amerikanske skriveverksted-romanene kommer ut på all verdens språk, mens fabelaktige romaner fra andre språk og kilder blir liggende uoversatt».
Kjell-Olaf Jensen. Dagsavisen 30.01.09


Eg merkar at den vesle, naive og godtruande verkelegheitsforståinga mi blir rokka ved, kvar gong nokon skriver om at bokbransjen er styrt av pengar. Eg veit det jo, sjølvsagt veit eg det. Men likevel blir eg littegranne lei meg kvar gong nokon fortel meg det. Det er som å få vite at julenissen ikkje finst. Eg veit det, men eg blir likevel skuffa.

Eg blir skuffa fordi eg synest ikkje det burde vere sånn. Eg synest ikkje det burde vere slik at dei mest høgrøysta agentane med mest pengar bestemmer kva forlaga skal bruke pengar på å omsette til norsk og ikkje. Eg synest det bør vere slik at dei som jobbar i forlag trur på sin eigen smak, stolar på at nordmenn skal like det dei liker og omsette dei tekstane som er spennande, ikkje bare dei dei veit kjem til å selgje.

Sjølvsagt skjønner eg kvifor det er tryggare å omsette det ein veit vil selgje. Eg er jo ikkje dum. Men likevel blir dei naive sidene ved meg litt skuffa kvar gong eg oppdager dette.

Dec 1, 2008

Kva er dette?

Med fare for å understreke poenget frå forrige innlegg for mange gonger, kva er dette?

Dette kom i ein epost frå bokklubbane - frå kven, jo frå BOKklubbane. Dei som selgjer bøker, eller korleis var det nå igjen? Nei, det var dei som ikkje hadde plass til bøker i butikken sin, fordi dei hadde så mykje anna der...



Og jo, i dag fekk eg Gullfisken av Le Celzio i posten. 1 månad og 4 dagar etter bestilling. Dei hadde vel ikkje tid til å sende ho ut tidlegare fordi dei måtte sortere sengetøy og vinstativ.

Nov 12, 2008

Kva skjer med bokhandlane?

Det er ikkje så tungvindt for meg å stikke innom ein bokhandel på veg heim frå Blindern. Det som er tungvindt er å stikke innom ein bokhandel der eg får tak i bøker.

For tre veker sidan var eg innom Notabene på Linderudsenteret på veg heim for å få tak i Simon Strangers "mnem", som eg har skrive om under. Det var fredag og eg hadde lyst til å lese denne boka. Eg går inn i "bokhandelen" som er full av album, klistremerker, termosar, matbokser og spel. Dei har ikkje boka. Eg spør om dei kan sjekke om dei har boka på eit anna senter med same kjeden, men der har dei ho heller ikkje.

I dag var innom Bokklubbutikken i Nydalen og Storo Senter for å få tak i S-trilogien til Stig Sæterbakken. Med same resultat. Bokklubbutikken har bare årets bøker, fordi dei ikkje har plass til alt i butikken sin, seier dama i kassa. Eg ser meg rundt og ser lysestakar, termosar, turutstyr, vesker og sekkar, sofaputer, dukar, allværsjakkar.... Men bøker som er eit og to år gamle, dei har dei ikkje plass til. Notabene på Storo Senter hadde akkurat like godt utval i alt mogleg anna enn bøker som butikken deira på Linderud. I gamle dagar kunne ein kjøpe bøker i bokhandelen på Blindern, men nå har dei bytta ut halvparten av skjønnlitteraturen sin med treningstøy og notatbøker. Kva er det eigentleg som skjer med bokhandlarane? Kvifor har dei bytta ut bøkene sine med så mykje anna?

Det tar mykje lenger tid å reise ned til byen for å handle enn å stikke innom ein plass med parkeringsplass på vegen heim. Men det har tydelegevis inga hensikt. Det er stort sett Notabenebutikkar på sentera, og dei har generelt sett ikkje bøker. Ein må ta turen til Tanum på Carl Johan eller Norli i Universitetsgata for å få tak i bøker som ikkje står på Dagbladet si topp ti liste. Dette er jo litt synd, for dei av oss som er interesserte i andre bøker enn dei som står på Dagbladlista. Og ein kan jo spørre seg sjølv om ikkje dette har ein sjølvforsterkande effekt for dei bøkene som allereide står på denne bestselgjarlista. Dei som bare stikker innom ein bokhandel på eit senter, utan å leite etter noko spesifikt, vil jo nødvendigvis ikkje finne andre bøker enn dei som er utropt til bestselgjarar. Dermed vil bestselgjarane selgje endå meir. Det er ikkje det at det er noko gale med bestselgjarane og ti-på-topp-bøkene. Men det er litt frustrerande å ikkje få tak i noko anna. Som den dagen eg var ute og leita etter Jon Fosses Andvake, for eit års tid sidan. Jon Fosse er eit stort internasjonalt namn, som mange nordmenn ikkje har høyrt om eingong. Eg skulle ha tak i den siste boka hans, og på veg til Norli i Universtitetsgata var eg innom seks bokhandlarar. Felles for dei seks butikkane eg var i, var at ingen av dei hadde høyrt om at Jon Fosse hadde gitt ut ei ny bok, og at betjeninga i alle butikkane hadde på seg t-skjorter der det stod "Ligge i grønne enger".

Det er greit at forlaga samarbeidar med bokhandlarane om å selgje bestemte bøker gjennom store kampanjer.
Det er greit at Dagbladet kårer dei ti beste bøkene forrige veke, og at desse blir stillt ut på eigne stativ i bokhandlane.
Det er greit at einskilde forfattarar selgjer meir enn andre, og at desse også får betre plass i butikkane.

Men det er ikkje greit at det ikkje går an å få tak i bøker av forfattarar som ikkje allereide er utnemnt til bestselgjarar.
Det er heller ikkje greit at bokhandlarar beklagar seg fordi dei har for lite plass til bøker - når resten av butikken er ein kombinasjon av sportsbutikk og interiørbutikk.

Kva har skjedd med bokhandlane?

Nov 7, 2008

Utålmodig

Nå begynner eg å bli utålmodig. Eg har to bøker eg gleder meg til lese. Den eine er La den rette komme inn av John Ajvinde Lindquist. Eg har lenge tenkt på at eg har lyst til å lese denne boka, og nå er ho jo blitt tolka på film og for tida aktuell på kinoane her i byen. Eg har lyst å lese boka slik at eg kan sjå filmen etterpå. Og eg har ikkje lyst til å sjå filmen før eg har lese boka. Men filmen har jo fått såpass gode kritikkar at eg har lyst til å sjå han.

Den andre boka eg har lyst til å lese er Gullfisken av Jean Marie Gustave LeClézio. Bare fordi eg kan ikkje vere meg bekjent av å vere nesten ferdigstudert litteraturvitar på masternivå eit år vi får ein nobelprisvinnar eg aldri har høyrt om. Det går rett og slett bare ikkje an. Derfor er eg utålmodig etter å få lese denne boka, som er anbefalt av Horace Engdahl.

Kan du ikkje bare skaffe deg desse bøkene, då, tenker du. Er det nødvendig å syte og klage slik, det er jo bare å få tak i bøkene og sette deg ned å lese.

Men eg har forsøkt å få tak i bøkene. Eg har bestillt dei i Bokklubben, der eg har nokre bonuspoeng som gir rabattar på bøker. For ti dagar sidan bestillte eg desse to bøkene. Og det står framleis "registrert" på din side. Ikkje pakka eller sendt eller noko slikt. Men "registrert". Ja, det skulle bare mangle at dei ikkje klarte registrere bestillinga på ti dagar. Kor lenge til må eg vente før eg får oppdatert mitt manglande kjennskap til nobelprisvinnaren?