Showing posts with label Av Pedro Carmona-Alvarez. Show all posts
Showing posts with label Av Pedro Carmona-Alvarez. Show all posts

Apr 11, 2010

Lyrikk på ein søndag - C

Det er den tredje lyrikksøndagen og det er den tredje søndagen vi skal spre poesi til folket. Det er bare å henge seg på, om du vil vere med. Svar på spørsmåla og legg igjen eit hint i kommentarfeltet, slik at eg finn deg igjen.

- Og skulle det bli seint på søndagen er det lov å vente til mandag eller tirsdag med å poste, også.

1. C står for cecur, og cecur betyr pause når vi snakker om dikt. I mange dikt har cecuren stor betydning for korleis diktet blir forstått og måten diktet blir lese på. Presenter eit eksempel på eit dikt kor cecuren er viktig.

2. Erling Christie har sagt:
Den gode leser leser ikke først og fremst for å forstå diktet, men for ved diktets hjelp å forstå seg selv og sitt liv. Mennesker som til enhver tid og for enhver pris må tolke og fortolke til døde alt hva de leser, søker i diktet bare å finne en bekreftelse på hva de på forhånd vet. De nekter å la seg forurolige av sin lesning. De nekter å la seg tolke av diktet.
Kva måte les du, når du les?

3. Presenter eit dikt av ein diktar kor bokstaven C er sentral i namnet.
----------------------
Her følgjer mine svar:

1.
Cecur er viktig for mange uttrykket til mange tekstar, men det eine, gode eksemplet som eg ikkje kjem unna er diktet "Dråpen" av Jan Erik Vold. Det er nærmast eit lærebokeksempel på korleis pausane i teksten ikkje bare skaper stemning, men i dette tilfellet gjer heile diktet:

Dråpen

henger der

ikke

2.

Eg er veldig glad i å lese med vekt på den opplevinga teksten gir. Mange tekstar kan tolkast, det meste kan tolkast, men tolkinga er ikkje alltid så viktig. Det er sjeldan eg sitt igjen med ei god oppleving av ein tekst, fordi eg liker den etiske bodskapen eg kan slutte ut i frå teksten. Men eg har ofte ei god oppleving av ein tekst fordi dei språklege stemningene, klangane og lydane rører noko i meg.

3.
Pedro Carmona-Alvarez diktsamling Clown Town er veldig fin, synest eg. Og her er eit av dikta hans:
Når hendelsene samler andre, mindre lysende
sekvenser i utkanten av fortellingen
og alle ulykkene og tiden (skriften) oppstår
under glassaktig klarhet og presisjon

Når det oppstår (under språkets vinger) noe usett
over kroppene, en slags dannelse
eller vane, noe vi kjente til allerede som barn
en gang vi stod i utkanten av nettopp disse setningene
og en død hund
ved veikanten (noen meter bortenfor)
var det minst tilfeldige i våre liv

Vi arver også døden, Den Guddommelige Komedien
og ildens erindringer

Vi er ikke retningsløse
Vi er ikke solbrente eller dovne
Vi er ikke mellom to eller flere språk, stedet
som tilhører ingen

Når man av trøtthet gnir seg i øynene
og i neste øyeblikk
befinner seg omringet av engler
støv, noen andre hus
og det neste århundrets mest lysende barn

Nov 15, 2009

Ei helsing frå inni bobla

Eg er inni ei boble for tida. Dei siste månadane har eg stort sett bare vore oppteken av masteroppgåva mi, som sakte men sikkert begynner å like på ein samanhengande og meiningfull tekst. Nokre veker til nå, også er eg tilbake til vanlege dagar igjen. Det er kjekt å fordjupe seg i eit emne, skrive om det og sjå at teksten tek form. Likevel merkar eg at hovudet blir brukt mykje meir enn kroppen, nå for tida. Det er nesten vanskeleg å tenke på andre ting enn denne oppgåva, og eg er redd eg er i ferd med å utvikle asosiale tendenser. Men nå begynner eg å bli redd eg har mista blogglesarane mine. Så eg gjer eit forsøk på å halde bloggen i live, på fridagen min.

I løpet av hausten har det blitt lite boklesing og lite blogging. Når eg har komme heim, etter mange lange timar med abstrakt lyrikkanalyse, har eg vore for trøytt i hovudet til å sette meg ned og kose meg med ei bok. Eg har heller ikkje orka å sette meg ned og skulle produsere tekst, etter ein lang dag med skriving. Til gjengjeld har eg sett ganske mange episodar med Cold Case og CSI i ulike variantar, denne hausten. Og eg må seie at slik lett og enkel tv-underhaldning er undervurdert.

Rust av Pedro Carmona-Alvarez
Det seier seg kanskje sjølv, at ein murstein på over 700 sider, slik som Carmona-Alvarez Rust tar lang tid å komme gjennom, når lesing ikkje blir prioritert, utover dei ti minuttene på sengekanten før eg sovnar. Men for eit par veker sidan blei eg omsider ferdig med denne boka. Eg er ikkje overbegeistra. Det jamne inntrykket er at teksten er uferdig og uredigert, sjølv om boka innimellom har passasjar som er så gode at forventningane blir halde oppe.

Den første halvdelen av romanen handlar om kameratane til Passolini, som bare blir omtala i tredjeperson, og som har forsvunne. Skildringane av oppveksta på Kolbotn og artistlivet er velskrivne, men inneheld lite nytt. Likevel er det spenninga med denne forsvunne kameraten Passolini, som gjer at eg får lyst til å lese vidare.

I andre halvdel av boka dukkar Passolini opp igjen, i forbinding med 8 mord i Santiago i Chile. Bakgrunnshitoria til dei involverte blir nøsta opp, og dette kunne vore ei storslått skildring av miljøet i dei latin-amerikanske storbyane, særlig Buenos Aires. Men eg sitter med ei kjensle av at potensialet i dei mange samtidige forteljingane ikkje blir utnytta. Nokon av dei fortalde historiene er veldig rørande og engasjerande, andre er direkte kjedelege og oppramsingsprega. Det irriterer meg også litt at eg må bruke post-it-lappar for å bla tilbake og hugse kven som var kven. For meg er det at karakterpresentasjonane og skildringane av personane i utgangspunktet ikkje gjer sterkt nok inntrykk, til at eg hugser personane 40 sider seinare, ein svakheit. I alle fall i denne romanen.

Rust har potensiale, både i første og andre halvdel. Men eg synes ikkje dette potensialet er utnytta godt nok.

En fortelling om kjærlighet og mørke av Amos Oz
Etter at eg blei ferdig med Rust begynte eg på En fortelling om kjærlighet og mørke av Amos Oz. Dette er ei samling sjølvbiografiske småtekstar med eit novellistisk preg, noko som passar veldig godt i ein slik periode kor eg ikkje har så mykje lesetid. Kapitla kan lesast kvar for seg, men dei har også ein plass i ein større samanheng.

Eg liker stemninga og tonen i denne boka, fortald frå den vesle guten sitt perspektiv, om tida før staten Israel blir oppretta, om jødane som på trettitalet blei jaga frå resten av Europa, til Palestina, og som seinare blir ønska ut av Palestina igjen. Det er små historier - om kjærleik og mørkre - frå ei oppvekst fyllt av begge deler.

Eg er omlag halvvegs i boka, og gleder meg til å lese vidare.

Poesikatalogen 2009
I går fekk eg pakke i posten, med Audiatur-katalogen, som inneheld over 700 sider ny poesi. Eg har såvidt fått tid til å bla litt i denne katalogen, men eg gleder meg veldig til å sette meg ned og kose meg med han, etter innlevering. For her er det mange timar godt lesestoff, det er eg sikker på.

Sep 5, 2009

Den underlege boka

Eg les Rust av Pedro Carmona-Alvarez. Sjølv om eg seier at eg ikkje bryr meg om kritikarar, at eg vil gjere meg opp ei meining sjølv, kan eg ikkje unngå å leggje merke til at boka har fått sprikande omtaler. Mange seier ho er for mykje, eit heilt bibliotek, skreiv Dagsavisen, full av uredigert tekst. Bergens Tidende kaller ho "en svimlende god bok", "en bok du vil andre skal lese".

Eg har passert side 200 i denne underlege mursteinen på over 700 sider. Eg både liker og ikkje liker boka. Det gjer at boka er underleg. Eg pleier å kunne gjere meg opp ei meining om ei bok. Men nå veit eg ikkje. Eg liker ho innimellom og innimellom liker eg ho ikkje. Dagsavisen har rett i at ho er mykje og omfattande. Bergens Tidende har rett i at ho er svimlande. Så langt ser det ut som ein godt fortald og svært detaljert oppvekstroman. Eg føler eg har lese dette før, om kameratgjengen frå Kolbotn som startar band. Likevel vil eg lese vidare. Det er noko som driv meg. Eg veit bare ikkje heilt kva.

Innimellom kjem det avsnitt som svarar til forventningane at Pedro Carmona-Alvarez skulle ha eit språk og eit uttrykk som var godt å lese. Som dette avsnittet her:

Dagen etter, på lørdagen, begynte det å regne. Og det fortsatte. Jeg mener ikke at det betyr noe, men som sagt, døden gjør oss alle så følsomme, dens berøringer er så lette, mer enn noe annet kjennes de som snitt, som papirkutt.
Jeg sier bare at det regnet, det er alt jeg sier.
Lørdagen regnet bort.
Søndagen likeså.
Tunge skyer. Tungt regn.
(s. 189)

Eg trur det er desse avsnitta som gjer at eg må lese vidare i boka.