Feb 17, 2011

5/52 "Nå løper du" av Bjarte Breiteig

"Nå løper du" av Bjarte Breiteig frå novellesamlinga Folk har begynt å banke på (2006) er ei sterk novelle med eit ganske opplagt fasade-skuggeside-motiv.

Forteljarsynsvinkelen ligg hos Jørn, den vellukka småbarnsfaren som arrangerer ein fest for Britt. Innleiingsvis får vi vite at Britt begynner å bli betre. Gjennom innsynet i Jørn sine tankar og kjensler, får lesaren gradvis inntrykk av at Britt driv med sjølvskading og har ganske store problem. Utover i novella skjønner vi imidlertid at det er ikkje Britt som skadar seg sjølv, likevel, men Jørn.

Eg liker historier som blir fortalde frå den usympatiske sitt perspektiv. Dei blir ofte meir nyanserte, enn tekstar kor hovudpersonen er utelukkande sympatisk. I "Nå løper du" blir lesaren ståande som ein utanforståande som ser, og som gradvis skjønner kva det eigentleg er som foregår. Novella er godt fortald og eg gleder meg til å lese fleire av Breiteig sine noveller.

6 comments:

Anonymous said...

Jeg vil egentlig bare si at jeg er så glad for at du er tilbake etter bloggpausen din for du skriver så utrolig bra i bloggen din og er en av mine absolutte favoritter. Og så er du flink til å kommentere i folks blogger.
Så da er jeg fan av Bai.
Så er det sagt.
God helg!

Bai said...

Takk for det, Knirk! Nå blir eg nesten litt flau, men det var veldig kjekt å høyre. Det går jo litt i rykk og napp her inne, men eg kjende at eg sakna bloggen, i haust. Eg liker bare å skrive.

Eg er litt sånn fan av bloggen din også, så kanskj vi skal starte ein gjensidig fanklubb?

annkolaas said...

Eg vil seie takk for at du fann på denne novelleutfordringa, fordi det har opna opp for fleire gode (og eg har sikkert enda fleire i vente) lesaropplevingar.

Bai said...

Eg synest det er veldig kjekt, eg også, Lena. Eg les ein sjanger eg elles har lese lite av, og eg koser meg med det.

Anonymous said...

Takk fra meg også, både for blogg og novelleutfordring! Alltid mye interessant å lese her, og spesielt stort pluss for fokus på lyrikk.

Seafood Recipes said...

Great reading your bblog post