Feb 1, 2011

Mellom oss


Ruth Lillegraven
Mellom oss
Tiden norsk forlag, 2011
249 sider


Eg har lese Ruth Lillegraven sin romandebut Mellom oss. Tittelen på boka, Mellom oss, gir assosiasjonar til det fortrulege og tillitsfyllte. Uttrykket "men dette blir mellom oss", er noko folk ofte kan seie, når dei har delt noko i tillit. Men i Lillegraven sin roman er det ikkje tillit og tryggleik mellom hovudpersonane. Mellomromma "mellom oss" er fyllt av hemmeleghalding, dårleg kommunikasjon og manglande tillit.

Handlinga i boka kretsar kring Tonje, mora og besteforeldra hennar. Tonje har eit hemmeleg liv. Alle rundt henne trur ho jobbar på eit krisesenter, medan ho eigentleg er prostituert. Farmor har skjønt dette, men ho held det hemmeleg for Tonje. Mor seier heller ingenting til Tonje, når ho finn det ut. Farmor sitt hemmelege liv er knytta til at ho var medlem i etterretningsstenesta under krigen, medan mor til Tonje har halde hemmeleg korleis faren til Tonje avviste dei, etter at han hadde reist frå dei. Og farfar snakkar ikkje om tida i Natzweiler. Desse store tinga som dei ikkje snakkar om, ligg mellom dei og forstyrrar for å byggje opp kommunikasjon og tillit.

Forteljarteknikken i boka byggjer opp om tematikken på ein svært spennande måte. Forteljarstemma følgjer ein og ein person, i eit og eit kapittel, og har heile tida bare innsyn i tankane til den personen i det kapitlet. Dette er effektivt med på å byggje opp mot tematikken i boka, gjennom at lesaren på ein elegant måte blir plassert i mellomrommet mellom desse karakterane. Lesaren får innsyn i dei forskjellige personane sine tankar og kjensler, og lesaren får vite det dei andre ikkje får vite.

Handlinga spring også i tid. Dei ulike karakterane sine forteljinger blir fortald frå 1943-1945, tida rundt EEC-avstemminga i 1972 og i nåtid, som er 2002-2003. Kvart kapittel har ein dato og namnet på den person vi følgjer som overskrift. Dette var forvirrande då eg begynte å lese. Lesetida mi har blitt innskrenka etter at eg begynte å jobbe, så eg les stort sett på bussen og i helgene. Og dette er ikkje ei bok som er eigna til å busslesing. Eg gløymde kven karakterane var i forhald til kvarandre og eg gløymde å lese datoane grundig, og skjønte ikkje samanhengen mellom dei ulike delane. Men når eg sette meg ned og las samanhengande over fleire timar, merka eg at dette var eigentleg eit godt grep. Men det er eit grep som krev litt fokus av lesaren.

Mellom oss er ei god bok, ganske lenge. Dei vanskelege relasjonane er truverdige, heilt til det nærmar seg slutten på forteljinga. Mot slutten løyser nesten alt seg. Alle får vite om alt dei andre har skjult og det heile lukkar seg inn i ei nyskapt tillit og gjenreising av det øydelagte. Symbolikken rundt det gamle høgfjellshotellet som gradvis blir restaurert og får tilbake prakta si parallelt med at dei øydelagde relasjonane blir fiksa på, tippar litt over og blir litt platt. For det er skildringa av det som er vanskeleg mellom personane, som er genialt i denne boka. Det er måten boka inviterer lesaren inn i mellomromma mellom menneska, som gjer boka verdt å lese. Mot slutten løyser alt seg, og mellomromma blir mindre. Eg trur Mellom oss er ein av dei romanane som ville stått sterkare, utan ei tilnærma happy ending.

Takk til Tiden, for leseeksemplar.


No comments: