Nov 12, 2008

Kva skjer med bokhandlane?

Det er ikkje så tungvindt for meg å stikke innom ein bokhandel på veg heim frå Blindern. Det som er tungvindt er å stikke innom ein bokhandel der eg får tak i bøker.

For tre veker sidan var eg innom Notabene på Linderudsenteret på veg heim for å få tak i Simon Strangers "mnem", som eg har skrive om under. Det var fredag og eg hadde lyst til å lese denne boka. Eg går inn i "bokhandelen" som er full av album, klistremerker, termosar, matbokser og spel. Dei har ikkje boka. Eg spør om dei kan sjekke om dei har boka på eit anna senter med same kjeden, men der har dei ho heller ikkje.

I dag var innom Bokklubbutikken i Nydalen og Storo Senter for å få tak i S-trilogien til Stig Sæterbakken. Med same resultat. Bokklubbutikken har bare årets bøker, fordi dei ikkje har plass til alt i butikken sin, seier dama i kassa. Eg ser meg rundt og ser lysestakar, termosar, turutstyr, vesker og sekkar, sofaputer, dukar, allværsjakkar.... Men bøker som er eit og to år gamle, dei har dei ikkje plass til. Notabene på Storo Senter hadde akkurat like godt utval i alt mogleg anna enn bøker som butikken deira på Linderud. I gamle dagar kunne ein kjøpe bøker i bokhandelen på Blindern, men nå har dei bytta ut halvparten av skjønnlitteraturen sin med treningstøy og notatbøker. Kva er det eigentleg som skjer med bokhandlarane? Kvifor har dei bytta ut bøkene sine med så mykje anna?

Det tar mykje lenger tid å reise ned til byen for å handle enn å stikke innom ein plass med parkeringsplass på vegen heim. Men det har tydelegevis inga hensikt. Det er stort sett Notabenebutikkar på sentera, og dei har generelt sett ikkje bøker. Ein må ta turen til Tanum på Carl Johan eller Norli i Universitetsgata for å få tak i bøker som ikkje står på Dagbladet si topp ti liste. Dette er jo litt synd, for dei av oss som er interesserte i andre bøker enn dei som står på Dagbladlista. Og ein kan jo spørre seg sjølv om ikkje dette har ein sjølvforsterkande effekt for dei bøkene som allereide står på denne bestselgjarlista. Dei som bare stikker innom ein bokhandel på eit senter, utan å leite etter noko spesifikt, vil jo nødvendigvis ikkje finne andre bøker enn dei som er utropt til bestselgjarar. Dermed vil bestselgjarane selgje endå meir. Det er ikkje det at det er noko gale med bestselgjarane og ti-på-topp-bøkene. Men det er litt frustrerande å ikkje få tak i noko anna. Som den dagen eg var ute og leita etter Jon Fosses Andvake, for eit års tid sidan. Jon Fosse er eit stort internasjonalt namn, som mange nordmenn ikkje har høyrt om eingong. Eg skulle ha tak i den siste boka hans, og på veg til Norli i Universtitetsgata var eg innom seks bokhandlarar. Felles for dei seks butikkane eg var i, var at ingen av dei hadde høyrt om at Jon Fosse hadde gitt ut ei ny bok, og at betjeninga i alle butikkane hadde på seg t-skjorter der det stod "Ligge i grønne enger".

Det er greit at forlaga samarbeidar med bokhandlarane om å selgje bestemte bøker gjennom store kampanjer.
Det er greit at Dagbladet kårer dei ti beste bøkene forrige veke, og at desse blir stillt ut på eigne stativ i bokhandlane.
Det er greit at einskilde forfattarar selgjer meir enn andre, og at desse også får betre plass i butikkane.

Men det er ikkje greit at det ikkje går an å få tak i bøker av forfattarar som ikkje allereide er utnemnt til bestselgjarar.
Det er heller ikkje greit at bokhandlarar beklagar seg fordi dei har for lite plass til bøker - når resten av butikken er ein kombinasjon av sportsbutikk og interiørbutikk.

Kva har skjedd med bokhandlane?

Nov 7, 2008

Utålmodig

Nå begynner eg å bli utålmodig. Eg har to bøker eg gleder meg til lese. Den eine er La den rette komme inn av John Ajvinde Lindquist. Eg har lenge tenkt på at eg har lyst til å lese denne boka, og nå er ho jo blitt tolka på film og for tida aktuell på kinoane her i byen. Eg har lyst å lese boka slik at eg kan sjå filmen etterpå. Og eg har ikkje lyst til å sjå filmen før eg har lese boka. Men filmen har jo fått såpass gode kritikkar at eg har lyst til å sjå han.

Den andre boka eg har lyst til å lese er Gullfisken av Jean Marie Gustave LeClézio. Bare fordi eg kan ikkje vere meg bekjent av å vere nesten ferdigstudert litteraturvitar på masternivå eit år vi får ein nobelprisvinnar eg aldri har høyrt om. Det går rett og slett bare ikkje an. Derfor er eg utålmodig etter å få lese denne boka, som er anbefalt av Horace Engdahl.

Kan du ikkje bare skaffe deg desse bøkene, då, tenker du. Er det nødvendig å syte og klage slik, det er jo bare å få tak i bøkene og sette deg ned å lese.

Men eg har forsøkt å få tak i bøkene. Eg har bestillt dei i Bokklubben, der eg har nokre bonuspoeng som gir rabattar på bøker. For ti dagar sidan bestillte eg desse to bøkene. Og det står framleis "registrert" på din side. Ikkje pakka eller sendt eller noko slikt. Men "registrert". Ja, det skulle bare mangle at dei ikkje klarte registrere bestillinga på ti dagar. Kor lenge til må eg vente før eg får oppdatert mitt manglande kjennskap til nobelprisvinnaren?

Nov 6, 2008

Simon Stranger

mnem
Tiden forlag 2008
502 sider


For å seie det først som sist: mnem kjem til å bli ståande som ei av dei beste bøkene eg har lese! Det er ei av dei bøkene det er vanskeleg å seie noko om, fordi ho er så spesiell at ho helst bør opplevast. Men eg vil forsøke.

Simon Stranger har skrive ein roman med utgangspunkt i den fiktive byen Nem. Romanen har to hovudpersonar, Peter som blei født i byen i 1955, som er forfattar og kjem tilbake til byen for å skrive ei bok om historia til byen. Den andre hovudpersonen er Oliver, som var ein av grunnleggarane til byen, og som er i ferd med å miste hukommelsen sin. Medan Peter jobber seg bakover og forsøker å finne ut historia om byen, er det som hendte på 50-talet snart det einaste Oliver hugser. Byen Nem blei grunnlagt i 1955 av 5 unge studentar som hadde lese etikken til John Rawls. John Rawls sin filosofi tek utgangspunkt i at dersom ein skal kunne bygge eit perfekt samfunn, må dette samfunnet byggast av mennesker som ikkje veit noko om sin eigen posisjon i samfunnet. Romanen forteller historia om kva som gjekk gale i dette samfunnet. Samtidig forteller romanen om denne byen i dag.
Stranger har leiga ein arktiekt til å teikne byen og gatene og dette bybildet er sentralt både for struktureringa av romanen og sjølve handlinga. Romanen er bygga opp rundt gatene i byen, og gjennom å fortelle om kva som foregår i dei ulike gatene og husa klarer Stranger å konstruere ein roman full av store og små fortellingar om einskildpersonar, nokre av folka i husa blir presentert på få linjer eller som tilfeldig forbipasserande, medan andre av husa har ein historie som tek oss med på lengre fortellingar til tulipan-børskrakket i Nederland på 1600-talet eller til ein kjærleikshistorie frå Frankrike på 1700-talet. Den vakraste av desse små historiane er fortellinga om eit jødisk ektepar på gamleheimen i Nem.

Det som gjer denne romanen så spesiell er blandinga av sjangrar, fortellarar og fortellarmåter. Nokre av avsnitta om Peter er fortalde i du-form. Dette er med på å skape ein heilt spesiell form for nærleik til hovudpersonen, medan mesteparten av fortellinga om Peter sine undersøkingar i Nem har vanleg tredjepersonsfortellar. Innimellom kjem det dikt og teikneseriar og meir vitenskapelege skildringar, med utgangspunkt i korleis verda blei til eller korleis cellene i kroppen oppfører seg. Oliver si historie får vi først og framst fortald gjennom dagboka hans, der han skriver for å hugse. Til og med fortellinga om flygeøgla, som blir gravd opp på tomta der byen blir bygga, av nokre arkeologar på 50-talet, har fått plass i romanen.

Bakerst i boka finner vi eit oppslagsverk, der forfattaren forklarer ein del ord og uttrykk. Under oppslagsordet "totalroman" finner vi henvisningar til "ungdommelig overmot", "umulig" og "idioti". Og kan hende det er eit umogleg prosjekt Stranger gav seg i kast med for fem år sidan. Men det er langt i frå idioti, for sjølv om det kanskje er umogleg å skrive ein totalroman, er dette eit forsøk med eit veldig vellukka resultat.