Jul 6, 2008

Irène Némirovsky - Storm i Juni (suite francaise)

Storm i Juni (suite francaise)
Arneberg Forlag 2006
Innb. 507 sider


Dette er ein ufullført roman, skrive i 1940-42 av den jødisk-franske forfattaren Irène Némirovsky. Boka skulle eigentleg bestå av fire delar, men det er bare dei to første som blei fullførde før Néimrovsky blei deportert og drept sommaren 1942. Boka blei først utgiven i 2004 og omsett til norsk i 2006, etter at dotterat til Némirovsky hadde tatt vare på manuset etter moras død.

Den første delen handlar om flukta frå Paris i juni 1940. Her skildrast mange ulike einskildmenneske som må reise frå heimen sin, med dei gode og vonde sidene som blir vekka i flukta. Krisa gjer nokre egoistiske og andre sympatiske. Skissene er tablåliknande, og utan tilsynelatande samanheng. Del to har i større grad preg av å vere ein roman, der handlinga er lagt til ein landsby under den tyske okkupasjonen. Her møter vi karakterar som må forhalde seg til tyskarane på godt og vondt. Mot slutten av del to ser vi ein antydning til at dei ulike karakterane i del ein kanskje kan komme til å bli knytta saman.

Boka er ei god skildring av krigen, og av kva krigen bringer fram i menneska. Ho er uferdig, men likevel veldig god. Historia om forfattaren, som blir fortald i forordet, gjer boka endå sterkare.