Sep 30, 2009

Haustens noveller

Morgenbladet, som denne veka presenterer side opp og side ned med bokstoff, minner oss om at vi ikkje må gløyme novellene, som gjerne drukner innimellom alle romanane på bokmarknaden. For det blir skrive mange gode noveller og korttekstar.

Det er klart at en novelle eller ti fort kan drukne i et hav av romaner. Det er nå engang ikke vanskelig å forstå hvordan kunst i et lite og relativt uanselig format kan forsvinne i en litterær offentlighet hvor forlagene avfyrer kanoner med bare dagers mellomrom, denne høsten toppet av Karl Ove Knausgårds veritable atombombe av et verk. Men novelleformen er altfor viktig til å bli glemt. I dag står faktisk novellekunsten sterkere enn på lang tid i Norge. Mange hevder at forfatterskoler og skriveakademier har mye av æren for det. I så fall er det bare å takke og ønske seg mer av det samme. Krim har vi nok av. Ikke noveller.

Eg stusser jo litt over at Morgenbladet, i sitt flotte bokbilag, presenterer fem novellesamlingar - som ikkje skal drukne - i ein og same artikkel, medan romanane dei skriv om får kvar sitt oppslag. Men uansett - novellesamlingane blir i det minste presentrert.

Eg kjenner meg igjen i Morgenbladets artikkel. Eg liker noveller veldig godt, når eg les dei. Eg liker Frode Grytten, Naja Marie Aidt og Kjell Askildsen sine noveller. Men eg les noveller alt for sjeldan. Og eg venter med å lese dei, til dei har fått nok omtale til at dei ikkje lenger lar seg oversjå. Eg veit ikkje heilt korfor eg hopper over desse tekstane, for som sagt; når eg først les noveller liker eg dei godt.

Eg blir veldig nysgjerrrig på Lena Niemis Den du ringer kan ikke nås for øyeblikket etter å ha lese Morgenbladet si omtale. Dei skriv

Og i denne kjedede samlingen tekster, hvor den ene griper den forutgåendes hale, er det mange fasetter. Den skjematiske grunnideen om at mobilnettet er nede er fiffig, men den viktigste fellesnevneren i boken er å søke varmen og få kulden, søke forståelse og finne uforstand, søke triumf og få nederlag, søke aksept og få avvisning

Eg får også lyst til å lese debutant Anders Lunde, som i Noen iblant oss skriv groteske og arabeske noveller, som blir samanlikna med John Ajvide Lindquist. Også har eg jo blitt minna om at eg liker å lese desse tekstane, som eg så ofte gløymer.

Sep 29, 2009

Eit kvardagsdikt - ein gammal klassikar

Eg kom på nytt over Henrik Wergeland sitt "Pigen paa anatomikammeret" i helga. Dette samtidig så groteske og så romantiske diktet, om medisinstudenten som kjenner igjen nabojenta på anatomikammeret, gjorde sterkt inntrykk på meg første gong eg las det. Og det har fortsett å gjere inntrykk på meg kvar gong eg les det.

Pigen paa anatomikammeret
Henrik Wergeland. 1837.

-- -- Jo det er Hende! O lys hid!
Og slip ei Kniven end paaglid
i denne Armes Hjerte!
O, der er rædsom Vittighed
i Lampens Blik, som stirrer ned
paa denne døde Smerte.

Saa kold dengang den aanded saae
den stolte Verden jo derpaa?
Og frække Øine skar
det Slør igjennem tidligt, som
den stakkels Piges Fattigdom
af gyldne Drømme bar.

Som Blomst i Isen frosset ind
jeg seer et Træk paa denne Kind,
som vel jeg bør at kjende.
Thi Fryden i min Barndomsleeg
før altfor høit min Skulder steeg
-- o var den ikke Hende.

Tvertsover boed' Hun for os,
i Armod født som i sit Mos
paa Taget Stedmorsblommen.
Fornemme Folk kun fatted svært,
at Blod saa fagert og saa skjært
af Fattigfolk var kommen.

Ak, mangt sligt Aasyn dog jeg saae
som Maanedsrosens Pragt forgaae,
som Sommerfuglestøvet!
Dem Skjebnens Haand for haardt vel tog
og Syndens Spor dem overjog
som Sneglens Sliim paa Løvet.

Eg liker Henrik Wergeland si dikting. Det er så mykje rytme, så mykje rim og så mange vakre lydar i dikta hans. Les bare siste strofa om igjen, og høyr på s-lydane. Er det ikkje vakkert?

Sep 27, 2009

Her er eg

Eg er her. Eg har bare drukna i lyrikkteori. Det er ei god drukning, så lenge dette fører til at masteroppgåva mi stadig blir meir og meir omfangsrik. Men det går ut over denne stakkars bloggen min. Det blir ikkje så mange innlegg for tida, fordi hovudet mitt er fullt av dei tankane eg skal skrive ned og systematisere. Desse tankane skal tilpassast den akademiske målgruppa, som sensorane jo er. Det blir ikkje plass til så mange andre tankar, om kva som rører seg i det norske kulturlivet. Eg skulle gjerne skrive mykje om Jon Fosse som blir femti år denne veka. Eg skulle også gjerne skrive om Jan Erik Vold si diktning og syttiårsdagen hans. Eg skulle skrive om Julia Kristeva som har vore i Oslo dei siste dagane. Eg skulle også gjerne lese mange av dei nye bøkene som har komme ut i haust og skrive om dei. Men alt dette blir borte, ettersom innleveringsdatoen for masterprosjektet kjem nærmare og nærmare og nærmare... Seinare, når sensorane er ferdige med å lese kva eg har tenkt, kan eg skrive til alle andre, på ein litt mindre akademisk måte. For det er jo spennande, det eg held på med. Lyrikk er spennande og lyrikkteori er også spennande. Enn så tørt det må høyrast ut.

Sep 20, 2009

Norske bokbloggar

Anita kom over denne svenske sida med oversikt over svenske bokbloggar. Ho stillde umiddelbart spørsmål med korfor vi ikkje har ei tilsvarande norsk side. Og som den handlekraftige kvinna ho er, oppretta ho umiddelbart ei tilsvarande side sjølv.

Så viss du er interessert i ei oversikt over norske bokbloggarar, viss du har nokre favorittar du synes fortener ein plass på ei slik liste, viss du har ein bokblogg du vil registrere sjølv eller viss du bare liker å lese om bøker kan du kikke innom

Eit kvardagsdikt... i helga

Emily Dickinson (1830-1886) rakk å skrive svært mykje spennande lyrikk i løpet av dei 56 åra ho fekk leve. Eg liker så godt slike enkle tekstar, kor det som er sansbart blir gjort tydeleg, slik som dette diktet, "The grass":


The grass

Emily Dickinson

The grass so little has to do, --
A sphere of simple green,
With only butterflies to brood,
And bees to entertain,

And stir all day to pretty tunes
The breezes fetch along,
And hold the sunshine in its lap
And bow to everything;

And thread the dews all night, like pearls,
And make itself so fine, --
A duchess were too common
For such a noticing.

And even when it dies, to pass
In odors so divine,
As lowly spices gone to sleep,
Or amulets of pine.

And then to dwell in sovereign barns,
And dream the days away, --
The grass so little has to do,
I wish I were the hay!

Sep 19, 2009

Bok i posten

I dag kom Uten skjebne av Imre Kertész i posten. Eg gleder meg veldig til å lese denne boka som Lyran har sagt at ho synest at alle skal lese.


De norske bokklubber omtaler boka slik:
Romanen handler om den unge Köves, som blir tatt og ført til en konsentrasjonsleir, men som tilpasser seg og overlever. Köves betrakter hendelsene i leiren som et barn uten helt å forstå dem, og uten å finne dem unaturlige eller opprørende. Leseren konfronteres ikke bare med overgrepets grusomhet, men like mye med bredden av den tankeløshet som utmerket seg ved måten den ble gjennomført på. Forfatterens budskap er at liv er tilpasning. Dette er forfatterens debutroman
Eg gleder meg til å lese denne.

Sep 18, 2009

Barndomshelten min kjem på kino!

Må ein ha med seg ungar for å sjå denne? I så fall må eg få låne ein...


Årstidsenquete

Den siste veka har det gått framover med masterprosjektet mitt. Dette har gått ut over bloggen min. Eg har vore så langt inni ei teoretisk verd at eg ikkje har hatt mental kapasitet til å finne på noko å blogge om. Då eg kom over Lilla O sin enquete om årstider, via google-reader, var denne veldig velkommen. Då kan eg blogge litt, utan å trenge å finne på noko å skrive om sjølv. Og det passer meg veldig bra i dag.
  1. en bok om en ny början. I Arne Garborgs Bondestundentar flytter bondeguten Daniel til Oslo for å studere, til tross for at ingen der heime har særleg stor tru på han. Han får ein ny start, men om han bruker sjansane sine godt, kan vel diskuterast.
  2. en vinterbok. Isslottet av Tarjei Vesaas er den finaste vinterboka eg klarer å komme på. Det er ei av dei finaste bøkene eg klarer å komme på, i det heile tatt. Ho handlar om Siss og Unn, to 11-år gamle jenter, vennskapet deira og Unn si forsvinning.
  3. en vårbok. I Helle Helle si Hus og hjem er det vår. Trur eg. Eller kanskje det er forsommar. Uansett, Anne tenker på å gjere ei rekke vårlege aktivitetar, som å stelle i hagen og lage hageselskap.
  4. en bok med ett födelsedagskalas. Gjøre godt av Trude Marstein er ei bok med 118 forteljarar som får eit par sider til å fortelje om det siste døgnet. Mange av forteljingane er sentrert rundt eit femtiårslag. Og sjølve jubilanten er ein av dei få personane som blir nemnd, men som ikkje får fortelje sjølv. Sjølv om ho på mange måtar står i sentrum for store deler av forteljinga.
  5. en sommarbok. Det er lenge sidan eg las Lillelord av Johan Borgen, men eg hugser sommarferien dei reiser på godt. Kanskje dette er ei bok det er på tide å lese om igjen?
  6. en bok om bröllop. Kristin Lavransdatter sitt bryllup i Kransen, er det første bryllupet eg kjem til å tenke på. Denne er det også på tide å lese ein gong til.
  7. en höstbok. Nattefokk av Johan Theorin er ei av dei betre krimbøkene eg har lese. Mykje av handlinga er lagt til hausten og den tidlege vinteren fram til jul. Havet og veret får stor plass i denne haustboka.
  8. en bok om skolan. Gift av Aleksander Kielland er vel kanskje den mest kjendte norske boka om skulen, kor Lille Marius pugger latingloser til han døyr. Boka er ein god klassikar, vel verdt å lese, sjølv om det heldigvis har skjedd mykje med skulesystemet sidan den tida.
  9. en julbok. Selma Lagerlöf sine Kristuslegender er flotte - det blir ikkje jul utan.
  10. en bok om ett avslut eller avsked. I Ut og stjæle hester fortel hovudpersonen om då han som femtenåring tok avskjed med faren sin, og satt på bussen og såg ut bakruta medan faren står igjen og blir lenger og lenger borte. Dette er ei slik ei vakker skildring.
Det blei overraskande mange norske klassikarar i denne assosiasjonsrekka mi, denne gongen. Sånn kan det gå, når ein skal tenke tilbake på kva ein har lese.

Sep 16, 2009

I går var eg glad

Og eg er eigentleg ganske glad framleis. Norge har fått fire nye år med ei regjering som ser at kultur er viktig. Vi har fått fire nye år med ei regjering som vil behalde innkjøpsordinga til biblioteka, og slik vere med på å sikre mangfaldet på den litterære marknaden. Dei skrivande får behalde kunstnarlønna si og kultur skal framleis vere meir enn fotball og countrymusikk. Alt dette hang i ein tynn tråd under valkampen. Eg gleder meg over at vi får behalde ein del av mangfaldet, her i velferdsstaten, som vi er så stolte over.

Gratulerer Jens! Nå må du bare ikkje skuffe oss, desse fire åra.

Sep 10, 2009

So much to do - so little time...

Det er semesterstart og oppstart i ei heil rekke arrangement. Bare i dag har eg lyst til å gå på "Forfatteraften", med debutant Eivind Hofstad Evjemo i Studentersamfundet sitt bibliotek på Chateau Neuf og på Litteraturhuset si feiring av Kjell Askildsen sitt forfattarskap. Samtidig.

I går var det første onsdagen med Litteratur på Mono, dagen før var det første tirsdagen med Litteratur på blå. I tillegg er det Samtidsfestival i Oslo, Torshovteateret har sett opp forestillinga Valerie Jean Solanas skal bli president i Amerika, basert på Sara Stridsbergs fantastiske roman Drömfakulteten. Og dette er bare i heimbyen. Eg har lyst til å reise til bokmessa i Göteborg, til Audiaturfestivalen i Bergen og til Jane Austen festivalen i Bath. Og det er bare denne hausten.

Men uansett kor lyst eg har til å få med meg alt, så gjer eg ikkje det. Eg trykker på "maybe attending" på facebook, tenker -dette høyrdest kjekt ut. Også finn eg ut at eg ikkje har tid til å gå ut. Eller at eg er for trøytt. Eller at eg har for lite pengar til å drikke øl på litteraturarrangement tre kveldar på rad. Eller...

Innimellom tenker eg at dersom eg hadde budd på ein mindre plass, kor det ikkje var så mykje teater, konsertar og litteraturarrangement, ville eg kanskje ha fått med meg meir. Då ville eg kanskje prioritert det eine litteraturarrangementet, som var på staden, kvar andre månad. Nå skjer det så mykje, og eg kan jo ikkje få med meg alt - ein tanke som i mange tilfelle fører til at eg ikkje får med meg nokonting.

Når det er sagt, har eg store planar om å gå oftare på Litteraturhuset denne hausten. Og på Blå. Og på Mono. Og på Chateau Neuf...

Sep 9, 2009

Lilla O's enquet

Lilla O ber lesarane sine fortelje om bøker som
  1. fick dig att skratta: For ikkje lenge sidan las eg Agnes Ravatn si bok, Veke 53. Her møter vi Georg Ulveset, ein av dei mange middelaldrande norsklærarane i norsk litteratur. Han er ikkje fornøgd med livet sitt, og startar friskt med å drikke seg full på sprit frå naboen sitt barskap, gå full på jobb og bli sendt heim av rektor etter at han har skrive "Marie Hamsun er lesbisk" på tavla. Og slik fortsetter det. Ei herleg bok med mykje alvor innimellom all humoren.
  2. fick dig att gråta: Eg er ikkje av den lettrørte typen, så eg tok meg sjølv faktisk i å bli overraska då eg kjendte klumpen i halsen medan eg las Aina Bassos Ingen må vite. Det er noko av det sterkaste eg har lese.
  3. gjorde dig riktigt arg: Meg eier ingen av Åsa Linderborg provoserer meg, fordi eg synest det er så vondt å tenke på alle dei ungane som har det slik som henne, som ingen ser.
  4. fick dig att vilja besöka platsen där den utspelades: Eg får alltid lyst til å reise til New York når eg les om New York, så Siri Hustvedts Det jeg elsket er ei slik bok.
  5. handlar om en historisk tid som du tycker om: Cora Sandel si Alberte og frihete gir meg lyst til å reise til Paris på 20-talet og leve saman med bohemen. Dersom eg skulle velgje ei tid eg kunne oppleve, var det Paris på 20-talet. Det er vel heller lite sannsynleg at eg ville ha møtt nokon av dei spennande folka, dei som stod bak alle -ismene, men likevel, det var der eg skulle vore.
  6. du ångrar att du läste ut: Anne B. Ragdes Berlinerpoplene er kanskje noko av det plattaste og tåpelegaste eg har lese. Boka er full av flate figurar, det er nesten som teikneseriefigurar i romanform. Men eg måtte jo finne ut kva som var greia. Tv-serien var forøvrig langt betre.
  7. finns i dina tankar trots att det var länge sedan du läste den: Morgon og kveld av Jon Fosse er ei slik bok som aldri riktig slipper taket. Eg trur eg må lese ho ein gong til, snart.
  8. har väntat i bokhyllan riktigt länge. Ulysses av James Joyce blei kåra til verdas mest ulesne klassikar. Og eg har ho i hylla, eg og. Eg har tenkt å lese ho, eg og...
  9. du inte förstår att så många tycker om: Tusen strålende soler av Kahled Hosseini ga eg opp. Det er det kvalmaste og mest klisjefyllte språket eg har lese på lenge. Definitivt ei oppskrytt bok.
  10. du tycker att alla ska läsa: Det siste året har eg gitt bort tre eksemplarer av Simon Strangers Mnem. Det er verkeleg ei bok som er verdt å lese.

Sep 6, 2009

Kva vil vi lese det neste tiåret?

Svenskane diskuterer litteratur. Denne diskusjonen blei starta av forfattarane Jens Liljestrand, Susanne Axmacher, Jerker Virdborg, Anne Swärd, Sven Olov Karlsson, Pauline Wolff og Jesper Högström, som publiserte sitt "Manifest för ett nytt litterärt decennium" den 22. august i år.

Dette manifestet etterlyser dei litterære forteljingane, den skjønnlitterære prosaen, i andre format enn kriminallitteratur og chic-lit-romanar, eller sjangerlitteratur, som dei kallar dette. Manifestet etterlyser også episke tekstar som kan føye seg inn i tradisjonen etter dei store forteljarane dette århundret. Manifestet etterlyser god litteratur kor forteljinga står i fokus og ikkje er underordna språket og formen. Manifestet kritiserer romanar som ligg for nær opp til journalistikken, dagboka, stand-up-komikken og sjølvbiografien.

Det litterære klimaet i Sverige og Norge har, dersom vi ser vekk i frå åra 1940-45, utvilka seg parallelt. Svenskane er litt tidlegare ute enn oss, litt nærmare Europa, men vi kjem alltid etter. Hovudtrekka i den norske og den svenske bokbransjen er dei same. Og i Norge, som i Sverige er det alt for mange som vel å
"(...)stänga in oss på institutioner, tidskriftsredaktioner, skrivarskolor eller akademier och därinne bittert muttra åt att ständigt nya kriminalförfattare får pryda omslaget till höstkatalogen från Svensk ­Bokhandel"
Marknaden fløymer over av krim og chic-lit, oppvekstromanar, biografiske romanar og dokumentariske romanar. Kor har det blitt av dei store episke romanane? Manifestforfattaren nemner Selma Lagerlöf, Hjalmar Söderberg, Moa Martinson, Pär Lagerkvist, Vilhelm Moberg, Eyvind Johnson, Karin Boye, Stig Dagerman, Sara Lidman, Sven Delblanc, Elsie Johansson,­ Kerstin Ekman, Lars Gustafsson og Inger Alfvén. Eg vil leggje til blant anna Sigrid Undset, Olav Duun, Cora Sandel, Arne Garborg, Knut Hamsun, Tarjei Vesaas og Jens Bjørneboe. Vi snakkar om desse forfattarane som har skrive store, episke romanar som har overlevd mange generasjonar med lesarar, allereide.

Manifestet har skapt reaksjonar, eit av svara er "Manifest för ein olovlig litteratur", kor forfattarane svarar på Manifestet med å seie at
"Skönlitteraturen är alltid lite större än vad man i varje enskilt verk kan före­ställa sig. Berättandet bär på så oändligt många fler möjligheter än vad som går att återge i någon historia. Renodling ger inget annat än näringsfattig jordmån."
Laurdag 05. september blei også "Lesaranes manifest" trykka, og her blir det sagt at det finst like mange måtar å lese på som det finst lesarar.
"Vi Läsare vill läsa litteratur som är god. Vad som är god litteratur måste avgöras av varje läsare och vid varje lästillfälle. Liksom Vi Läsare inte vill äta linser och råris varje dag bara för att det är nyttigt för oss och vår hälsa vill vi också kunna välja mellan olika genrer, olika berättarröster och olika litterära nivåer beroende på humör och dagsform."
"Vi Läsare vill inte bli skrivna på näsan av några som tror sig veta vad vi bör och ska läsa under vårt resterande läsarliv, vare sig de skrivit flera romaner, nyss debuterat, vunnit flera priser eller skrivit doktorsavhandlingar i litteratur."
Eg meiner at denne diskusjonen er viktig og verdifull. Eg skulle ønske vi nordmenn kunne kaste oss inn i debatten, saman med svenskane. Eg trur vi også treng å snakke om dette. Det er viktig å stille spørsmål ved og snakke om kva som er god litteratur, kva som ikkje er god litteratur og kva slags bøker vi ønsker å både lese og skrive i det neste tiåret. Det er forskjell på bøker, det er til og med forskjell på gode og dårlege bøker innanfor ein og same sjanger. Det er til og med forskjell på gode kriminalromanar og dårlege kriminalromanar. Er desse forskjellane bare ei subjektiv oppleving av ein forskjell, som varierer frå lesar til lesar, eller er det verkeleg forskjell på bøker?

Tilslutt, med fare for å falle tilbake på ein av mine kjepphestar vil eg spørje om lesarane har eit reelt val mellom ulike bøker? Er det lesarane som bestemmer at vi skal kunne kjøpe Jo Nesbø og Stieg Larson, Marian Keyes og Sophie Kinsella frå bladhylla på Rema 1000? For det er vel ikkje lesarane som bestemmer kva slags bøker som skal bli bestselgjarar. Det er allereide ei lita gruppe mennesker som dikterer kva vi skal lese, frå forlagshusa sine marknadsavdelingar. For å finne fram til dei andre bøkene, dei som ikkje forlagshusa har bestemt at skal bli bestselgjarar, må vi leite godt og vi må i alle fall halde oss borte frå dei store bokhandlarane.

Sep 5, 2009

Bakgårdssalg

Forlaga rydder lagera sine om hausten. For å bli kvitt bøkene sine, setter Aschehoug opp eit digert telt i bakgården sin, kor dei sel bøker til mellom 15 og 50 kroner. Eg var innom i dag og fekk med meg 9 bøker til 365 kroner - eg tok med andre ord 9 og betalte for 1. Ulempa med dei norske forlaga, er jo at alle bøkene er oversett til norsk. Men likevel, til denne prisen får det vere greit.

Eg fekk med meg Philip Roth: Gift med en kommunist, Paul Auster: Reiser i skriptoriet og Orakelnatt, Andrè Brink: Før jeg glemmer, Thure Erik Lund: Elvestengfolket, Geir Gulliksen: Hvis jeg må være meg, Thorvald Steen: Det lengste svevet og Bård Torgersen: Alt må vekk. I tillegg til desse skjønnlitterære bøkene kjøpte eg også Bar boka, ei oppskriftsbok med drinkar. Så nå kan eg kose meg utover hausten og vinteren.

(Eg skulle legge inn bilete av både bakgården, den oransje bæreposen og bøkene eg kjøpte, men av ein eller anna grunn vil ikkje bileta ut av mobilen min. Eg har notert at eg skal ta med ordentleg kamera neste gong).

Den underlege boka

Eg les Rust av Pedro Carmona-Alvarez. Sjølv om eg seier at eg ikkje bryr meg om kritikarar, at eg vil gjere meg opp ei meining sjølv, kan eg ikkje unngå å leggje merke til at boka har fått sprikande omtaler. Mange seier ho er for mykje, eit heilt bibliotek, skreiv Dagsavisen, full av uredigert tekst. Bergens Tidende kaller ho "en svimlende god bok", "en bok du vil andre skal lese".

Eg har passert side 200 i denne underlege mursteinen på over 700 sider. Eg både liker og ikkje liker boka. Det gjer at boka er underleg. Eg pleier å kunne gjere meg opp ei meining om ei bok. Men nå veit eg ikkje. Eg liker ho innimellom og innimellom liker eg ho ikkje. Dagsavisen har rett i at ho er mykje og omfattande. Bergens Tidende har rett i at ho er svimlande. Så langt ser det ut som ein godt fortald og svært detaljert oppvekstroman. Eg føler eg har lese dette før, om kameratgjengen frå Kolbotn som startar band. Likevel vil eg lese vidare. Det er noko som driv meg. Eg veit bare ikkje heilt kva.

Innimellom kjem det avsnitt som svarar til forventningane at Pedro Carmona-Alvarez skulle ha eit språk og eit uttrykk som var godt å lese. Som dette avsnittet her:

Dagen etter, på lørdagen, begynte det å regne. Og det fortsatte. Jeg mener ikke at det betyr noe, men som sagt, døden gjør oss alle så følsomme, dens berøringer er så lette, mer enn noe annet kjennes de som snitt, som papirkutt.
Jeg sier bare at det regnet, det er alt jeg sier.
Lørdagen regnet bort.
Søndagen likeså.
Tunge skyer. Tungt regn.
(s. 189)

Eg trur det er desse avsnitta som gjer at eg må lese vidare i boka.

Sep 4, 2009

Haustvêr

I går var det skikkeleg haustvêr. Det bles og regna vannrett. Det knirka og knaka i veggane. I dag er det vått og sørpete ute. Men det er frisk luft. Det er så godt å vere ute om hausten, særleg i den friske lufta, etter at ruskevêret har lagt seg. Eg liker hausten.

Sep 2, 2009

Cormac McCarthy - The Road


The Road
Cormac McCarthy
Picador, 2007
307 sider

The Road er sterk lesning. I boka møter vi ein far og ein sønn som går gjennom eit utbrent landskap. Vi får ikkje vite kor dei kjem frå, men dei skal mot havet. Dagane deira består av å leite etter mat og forsøke å unngå "the bad guys". Kvar kveld legg dei seg, med frykta om å døy av kulde hengande over seg.

Dialogane mellom faren og sønnen er sterke. Dei snakkar stadig om mareritt, redsle, frykt for å døy og frykt for "the bad guys". Samtalane deira er fulle av guten si tillit til faren og faren sin kjærleik til sønnen. Det poetiske språket inneheld eit nærvær, i desse korte setningane som blir veksla mellom far og sønn, som både er fyllt av alt det vakre og alt det grusomme på same tid.