Sep 27, 2009
Her er eg
Eg er her. Eg har bare drukna i lyrikkteori. Det er ei god drukning, så lenge dette fører til at masteroppgåva mi stadig blir meir og meir omfangsrik. Men det går ut over denne stakkars bloggen min. Det blir ikkje så mange innlegg for tida, fordi hovudet mitt er fullt av dei tankane eg skal skrive ned og systematisere. Desse tankane skal tilpassast den akademiske målgruppa, som sensorane jo er. Det blir ikkje plass til så mange andre tankar, om kva som rører seg i det norske kulturlivet. Eg skulle gjerne skrive mykje om Jon Fosse som blir femti år denne veka. Eg skulle også gjerne skrive om Jan Erik Vold si diktning og syttiårsdagen hans. Eg skulle skrive om Julia Kristeva som har vore i Oslo dei siste dagane. Eg skulle også gjerne lese mange av dei nye bøkene som har komme ut i haust og skrive om dei. Men alt dette blir borte, ettersom innleveringsdatoen for masterprosjektet kjem nærmare og nærmare og nærmare... Seinare, når sensorane er ferdige med å lese kva eg har tenkt, kan eg skrive til alle andre, på ein litt mindre akademisk måte. For det er jo spennande, det eg held på med. Lyrikk er spennande og lyrikkteori er også spennande. Enn så tørt det må høyrast ut.
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
4 comments:
Så spennende - lykke til! skriver du master om lyrikkteori? med hvilken innfallsvinkel?
En bokelsker går aldri til sengs alene heter det i et kjent sitat. Jeg håper at du har lyst til å bli bokelskere og besøke et nytt norsk nettsted som heter nettopp bokelskere.no
Nettstedet er i slutten av testfasen, og innspill fra lidenskaplige lesere som deg er kjærkomne.
Dersom du er nysgjerrig og har lyst til å bli med, kan du sende en e-post til hilde.nesse@gmail.com så skal jeg sende deg en link som gir dere adgang!
Inspirert hilsen fra
Hilde B. Nesse
Nei, Hilde, eg går sjeldan til sengs utan ei bok, det er sant. Men for tida er den einaste lesetida eg har tida før eg sovnar, og det blir ikkje meir enn eit par sider om gongen.
Eg er allereide inne på bokelskere.no. Elles takk for invitasjonen.
Heklehatt, eg skriv om ein lyrikar, men eg bruker lyrikkteori. Og det er veldig spennnande. Men det er også veldig krevande, nå i innspurten. Eg har ikkje lyst å blogge så mykje meir om innhaldet i oppgåva før etter sensuren.
det skjønner jeg godt! man skal ikke blogge om alt. Masterinnspurten er krevende, men også kanskje den morsomste perioden - nå er du snart i mål! lykke til!
h
Post a Comment