Sep 6, 2009

Kva vil vi lese det neste tiåret?

Svenskane diskuterer litteratur. Denne diskusjonen blei starta av forfattarane Jens Liljestrand, Susanne Axmacher, Jerker Virdborg, Anne Swärd, Sven Olov Karlsson, Pauline Wolff og Jesper Högström, som publiserte sitt "Manifest för ett nytt litterärt decennium" den 22. august i år.

Dette manifestet etterlyser dei litterære forteljingane, den skjønnlitterære prosaen, i andre format enn kriminallitteratur og chic-lit-romanar, eller sjangerlitteratur, som dei kallar dette. Manifestet etterlyser også episke tekstar som kan føye seg inn i tradisjonen etter dei store forteljarane dette århundret. Manifestet etterlyser god litteratur kor forteljinga står i fokus og ikkje er underordna språket og formen. Manifestet kritiserer romanar som ligg for nær opp til journalistikken, dagboka, stand-up-komikken og sjølvbiografien.

Det litterære klimaet i Sverige og Norge har, dersom vi ser vekk i frå åra 1940-45, utvilka seg parallelt. Svenskane er litt tidlegare ute enn oss, litt nærmare Europa, men vi kjem alltid etter. Hovudtrekka i den norske og den svenske bokbransjen er dei same. Og i Norge, som i Sverige er det alt for mange som vel å
"(...)stänga in oss på institutioner, tidskriftsredaktioner, skrivarskolor eller akademier och därinne bittert muttra åt att ständigt nya kriminalförfattare får pryda omslaget till höstkatalogen från Svensk ­Bokhandel"
Marknaden fløymer over av krim og chic-lit, oppvekstromanar, biografiske romanar og dokumentariske romanar. Kor har det blitt av dei store episke romanane? Manifestforfattaren nemner Selma Lagerlöf, Hjalmar Söderberg, Moa Martinson, Pär Lagerkvist, Vilhelm Moberg, Eyvind Johnson, Karin Boye, Stig Dagerman, Sara Lidman, Sven Delblanc, Elsie Johansson,­ Kerstin Ekman, Lars Gustafsson og Inger Alfvén. Eg vil leggje til blant anna Sigrid Undset, Olav Duun, Cora Sandel, Arne Garborg, Knut Hamsun, Tarjei Vesaas og Jens Bjørneboe. Vi snakkar om desse forfattarane som har skrive store, episke romanar som har overlevd mange generasjonar med lesarar, allereide.

Manifestet har skapt reaksjonar, eit av svara er "Manifest för ein olovlig litteratur", kor forfattarane svarar på Manifestet med å seie at
"Skönlitteraturen är alltid lite större än vad man i varje enskilt verk kan före­ställa sig. Berättandet bär på så oändligt många fler möjligheter än vad som går att återge i någon historia. Renodling ger inget annat än näringsfattig jordmån."
Laurdag 05. september blei også "Lesaranes manifest" trykka, og her blir det sagt at det finst like mange måtar å lese på som det finst lesarar.
"Vi Läsare vill läsa litteratur som är god. Vad som är god litteratur måste avgöras av varje läsare och vid varje lästillfälle. Liksom Vi Läsare inte vill äta linser och råris varje dag bara för att det är nyttigt för oss och vår hälsa vill vi också kunna välja mellan olika genrer, olika berättarröster och olika litterära nivåer beroende på humör och dagsform."
"Vi Läsare vill inte bli skrivna på näsan av några som tror sig veta vad vi bör och ska läsa under vårt resterande läsarliv, vare sig de skrivit flera romaner, nyss debuterat, vunnit flera priser eller skrivit doktorsavhandlingar i litteratur."
Eg meiner at denne diskusjonen er viktig og verdifull. Eg skulle ønske vi nordmenn kunne kaste oss inn i debatten, saman med svenskane. Eg trur vi også treng å snakke om dette. Det er viktig å stille spørsmål ved og snakke om kva som er god litteratur, kva som ikkje er god litteratur og kva slags bøker vi ønsker å både lese og skrive i det neste tiåret. Det er forskjell på bøker, det er til og med forskjell på gode og dårlege bøker innanfor ein og same sjanger. Det er til og med forskjell på gode kriminalromanar og dårlege kriminalromanar. Er desse forskjellane bare ei subjektiv oppleving av ein forskjell, som varierer frå lesar til lesar, eller er det verkeleg forskjell på bøker?

Tilslutt, med fare for å falle tilbake på ein av mine kjepphestar vil eg spørje om lesarane har eit reelt val mellom ulike bøker? Er det lesarane som bestemmer at vi skal kunne kjøpe Jo Nesbø og Stieg Larson, Marian Keyes og Sophie Kinsella frå bladhylla på Rema 1000? For det er vel ikkje lesarane som bestemmer kva slags bøker som skal bli bestselgjarar. Det er allereide ei lita gruppe mennesker som dikterer kva vi skal lese, frå forlagshusa sine marknadsavdelingar. For å finne fram til dei andre bøkene, dei som ikkje forlagshusa har bestemt at skal bli bestselgjarar, må vi leite godt og vi må i alle fall halde oss borte frå dei store bokhandlarane.

5 comments:

Sesselja said...

Fint innlegg. Det er alltid spennende og ofte lærerikt når bokbloggerne hever blikket fra egen lesebok og tar opp litterære diskusjoner.

Bare et apropos til denne setningen: "For det er vel ikkje lesarane som bestemmer kva slags bøker som skal bli bestselgjarar." Noen ganger er det det, og det er det som gjør litteratur så spennende. Markedsavdelingen kan påvirke mye, men noen ganger blir det fullstendig skivebom eller en smyger overrasker alle. Moro.

Bai said...

Lesarar kan bestemme kva dei vil lese, og sjølvsagt hender det at marknadsavdelingane tek feil. Men å seie at krim og chic-lit er det lesarane vil ha, blir for enkelt. Ein av grunnane til at desse sjangrane sel godt, trur eg, er at dei blir fronta på den måten dei gjer i butikkane. Det blir veldig lett å plukke dei med seg. Annan litteratur må ein ofte går frå butikk til butikk for å finne, spørje betjeninga etter eller bestille. Då må ein kjenne til titlane og forfattarene på førehand. Dersom ein ikkje kjenner tittel eller forfattar på førehand, er det veldig lett for at ein ender opp med ei bok forlaga har plassert i bladhylla på Meny.

Sesselja said...

Nja, jeg tror du overvurderer enkelte lesere. I min verden møter jeg i hovedsak to typer lesere. Den ene typen er de som er interessert i litteratur, som synes det språklige kan være like interessant som det fortellende, som liker å lese om og diskutere bøker og forfattere og virkemidler.

Den andre typen er interessert i underholdning, de har ikke noe ønske om å bli utfordret, men revet med, stilistiske virkemidler er ikke viktig, men karakterer med gjenkjennelsesfaktor er desto viktigere. De vil ha handling og fremdrift, ikke monologer og stillstand. Og de leser krim og chick lit og dick lit og serieromaner fordi disse bøkene gir dem det de ønsker. Og fordi det er mange flere lesere av den siste typen enn den første typen, er disse sjangrene store og innbringende og noe markedsavdelingene bruker penger på.

Bai said...

Eg innbiller meg at det er ei tredje gruppe, midt i mellom desse to. Dei som les for å få ei god lesaroppleving og samtidig bli underhaldne. Dei som synest krim blir for simpelt men som samtidig ikkje orkar alle gjentakingane hos Jon Fosse. Dei som liker dei bøkene som er midt i mellom, som verken blir skrytt opp av akademia eller blir fronta av forlaga. Eg trur dette er ei ganske stor gruppe, som ender opp med å lese det som er lettast tilgjengeleg i butikken.

Sesselja said...

Kanskje det. :)