Sep 2, 2009

Cormac McCarthy - The Road


The Road
Cormac McCarthy
Picador, 2007
307 sider

The Road er sterk lesning. I boka møter vi ein far og ein sønn som går gjennom eit utbrent landskap. Vi får ikkje vite kor dei kjem frå, men dei skal mot havet. Dagane deira består av å leite etter mat og forsøke å unngå "the bad guys". Kvar kveld legg dei seg, med frykta om å døy av kulde hengande over seg.

Dialogane mellom faren og sønnen er sterke. Dei snakkar stadig om mareritt, redsle, frykt for å døy og frykt for "the bad guys". Samtalane deira er fulle av guten si tillit til faren og faren sin kjærleik til sønnen. Det poetiske språket inneheld eit nærvær, i desse korte setningane som blir veksla mellom far og sønn, som både er fyllt av alt det vakre og alt det grusomme på same tid.

4 comments:

Ingrid said...

Jag tyckte också oerhört mycket om den här boken. Så stark. Den skakar om.

heklehatt leser said...

Denne boken er helt fantastisk. NOe av det vakreste jeg har lest. Grusomt og nydelig.

torbjørn hauken said...

Enig, men kan det bli en god film? Frykter det ikke er mulig, men var samtidig positivt overrasket over filmatiseringen av McCarthys forrige: No Country For Old Men. Filmen som bygger på THe Border Trilogy har jeg derimot forstått det er lurt å stå over, men bøkenE:WOW!!

Bai said...

Eg er også veldig spent på korleis dei kjem til å løyse adaptasjonen. Det kan litt for lett bli ein langtrukken og kjedeleg film, dersom dei ikkje får fram det poetiske i teksten - og korleis får dei fram det poetiske i teksten uten språket? Eg er så nysgjerrig, at eg i alle fall ikkje kan vere å sjå filmen.