Showing posts with label Debutantar. Show all posts
Showing posts with label Debutantar. Show all posts

Feb 1, 2011

Mellom oss


Ruth Lillegraven
Mellom oss
Tiden norsk forlag, 2011
249 sider


Eg har lese Ruth Lillegraven sin romandebut Mellom oss. Tittelen på boka, Mellom oss, gir assosiasjonar til det fortrulege og tillitsfyllte. Uttrykket "men dette blir mellom oss", er noko folk ofte kan seie, når dei har delt noko i tillit. Men i Lillegraven sin roman er det ikkje tillit og tryggleik mellom hovudpersonane. Mellomromma "mellom oss" er fyllt av hemmeleghalding, dårleg kommunikasjon og manglande tillit.

Handlinga i boka kretsar kring Tonje, mora og besteforeldra hennar. Tonje har eit hemmeleg liv. Alle rundt henne trur ho jobbar på eit krisesenter, medan ho eigentleg er prostituert. Farmor har skjønt dette, men ho held det hemmeleg for Tonje. Mor seier heller ingenting til Tonje, når ho finn det ut. Farmor sitt hemmelege liv er knytta til at ho var medlem i etterretningsstenesta under krigen, medan mor til Tonje har halde hemmeleg korleis faren til Tonje avviste dei, etter at han hadde reist frå dei. Og farfar snakkar ikkje om tida i Natzweiler. Desse store tinga som dei ikkje snakkar om, ligg mellom dei og forstyrrar for å byggje opp kommunikasjon og tillit.

Forteljarteknikken i boka byggjer opp om tematikken på ein svært spennande måte. Forteljarstemma følgjer ein og ein person, i eit og eit kapittel, og har heile tida bare innsyn i tankane til den personen i det kapitlet. Dette er effektivt med på å byggje opp mot tematikken i boka, gjennom at lesaren på ein elegant måte blir plassert i mellomrommet mellom desse karakterane. Lesaren får innsyn i dei forskjellige personane sine tankar og kjensler, og lesaren får vite det dei andre ikkje får vite.

Handlinga spring også i tid. Dei ulike karakterane sine forteljinger blir fortald frå 1943-1945, tida rundt EEC-avstemminga i 1972 og i nåtid, som er 2002-2003. Kvart kapittel har ein dato og namnet på den person vi følgjer som overskrift. Dette var forvirrande då eg begynte å lese. Lesetida mi har blitt innskrenka etter at eg begynte å jobbe, så eg les stort sett på bussen og i helgene. Og dette er ikkje ei bok som er eigna til å busslesing. Eg gløymde kven karakterane var i forhald til kvarandre og eg gløymde å lese datoane grundig, og skjønte ikkje samanhengen mellom dei ulike delane. Men når eg sette meg ned og las samanhengande over fleire timar, merka eg at dette var eigentleg eit godt grep. Men det er eit grep som krev litt fokus av lesaren.

Mellom oss er ei god bok, ganske lenge. Dei vanskelege relasjonane er truverdige, heilt til det nærmar seg slutten på forteljinga. Mot slutten løyser nesten alt seg. Alle får vite om alt dei andre har skjult og det heile lukkar seg inn i ei nyskapt tillit og gjenreising av det øydelagte. Symbolikken rundt det gamle høgfjellshotellet som gradvis blir restaurert og får tilbake prakta si parallelt med at dei øydelagde relasjonane blir fiksa på, tippar litt over og blir litt platt. For det er skildringa av det som er vanskeleg mellom personane, som er genialt i denne boka. Det er måten boka inviterer lesaren inn i mellomromma mellom menneska, som gjer boka verdt å lese. Mot slutten løyser alt seg, og mellomromma blir mindre. Eg trur Mellom oss er ein av dei romanane som ville stått sterkare, utan ei tilnærma happy ending.

Takk til Tiden, for leseeksemplar.


Jan 13, 2011

3/52 "Slik skjer det ikke" av Line Berg

Tittelnovella i debutsamlinga til Line Berg, Slik skjer det ikke, er dagens lesaroppleving. Hovudpersonen kryssar sebrastripene over vegen og blir påkøyrd. Denne ulykka fører henne til sjukehuset, kor ho møter legestudenten, som ho seinare presenterer for foreldra sine. Også kjem vendepunktet, for "slik skjer det ikke"...

"Slik skjer det ikke" er ei novelle med ei klassisk spenningskurve og eit veldig tydeleg vendepunkt. Tittelen peikar fram mot slutten, noko som er med på å dempe overraskinga. Novella er ganske enkelt så oppskriftsmessig byggja opp, at det grensar mot det kjedelege. Men så er det språket då, som gjer teksten verdt å lese likevel. Bare sjå:
Du ser at den unge gutten har falt sammen ved siden av bilen, og nå er det folk som løper bort til ham, tar rundt ham og sier at det gikk bra, de stryker ham på ryggen og gjentar at det gikk bra, og du hører ham si at det bare var en time siden han fikk lappen, at det var hans aller første tur alene, han skulle bare ned til sentrum og plukke opp en kompis. Det var han som kjørte inn i deg og slengte deg opp på sebrastripene der du egentlig skulle gått. Men alle krysser jo gata der uansett, noen meter før stripene, det er jo mye kjappere, og du tenker, hvis du bare hadde gått på stripene, ville ikke dette skjedd. Du får lyst til å rope til gutten at det ikke var hans feil.
Det forteljartekniske grepet med å leggje stemma til ein du-person er også med på å skape spenning og gjere novella til ei god lesaroppleving.

Eg kjenner eg begynner å like dette novelleprosjektet godt. Det passar veldig bra å ta ein novelle-lese-pause, i den travle kvardagen. Noveller passar godt, når lesetida er knapp.

Feb 6, 2010

Resten av 2009

Her om dagen fekk eg eit spørsmål om eg kunne anbefale norske bøker frå 2009. Eller, det var formulert "Jeg har fått med meg Knausgård, men hva annet kan man lese?"

Eg merka at det var vanskeleg å komme på bøker frå 2009 som eg kunne anbefale vidare. Utanom Knausgård, då, som eg anbefaler på det varmaste. Eg har lese Rust av Pedro Carmona-Alvarez, men den anbefaler eg eigentleg ikkje vidare. Også har eg lese På vegne av venner av Kristoffer Schou, (som eg ikkje har rukke å blogge om), ei sterk og rørande bok eg anbefaler så sterkt at eg til og med ga henne i julegave. Men det var dei to norske bøkene frå 2009 eg klarte å komme på. Og etter å ha tenkt meg om i nokre dagar, kjem eg framleis ikkje på fleire.

Det skal eg gjer noko med, så i dag har eg vore på biblioteket og lånt Tang av Bjarte Samuelsen og Terje Thorsens Dikt fra en nonne. I tillegg har eg reservert bloggaren Thomas J. R. Marthinsens debutbok Du (som strengt tatt er frå 2010) og bloggaren Bergljot Nordal si Magda. Dei er begge debutantar, som eg har store forventningar til. Det er ekstra spennande å lese bøker kor forfattaren ikkje bare er eit namn, men også ei stemme i bloggsfæra som eg "kjenner".

For det er pinleg å ikkje klare å komme på meir enn ei god norsk bok, frå fjoråret. Det må eg gjere noko med. For eg trur at 2009 er langt meir enn Knausgård. Eg trur det må vere noko leseverdig, blant resten, også.

Dec 19, 2009

19. desember - Mathias R. Samuelsen

Mathias R. Samuelsen er ein av dei mange spennande debutantane i år. Han har debutert med diktsamlinga Utredning om trengsel, som står så høgt på julegåveønskelista mi, at eg lurer på om eg skal kjøpe ho til meg sjølv til jul.

TROVERDIG

slik vil jeg huske deg:

du sitter i halv lotus mellom to dialekter

med for mange forslag til forbedring

som vanlig, åpen og tørst

og det eneste som er igjen

er de mørke møblene i stuen

og røkelseslukten sitter i

senere i en annen sommerby

mente en annen stupedame

at jeg kun hadde vakre venner

jeg tenkte på deg og kranglet ikke