Aug 19, 2008

Knut Nærum

Monster
Cappelen 2007
311 sider


Handlinga i Monster er lagt til år 2013. Den globale oppvarminga, mangelen på sel og polisen si smelting har gått så langt at Isbjørnane har trekt inn til fastlandsnoreg og begynnt å angripe menneske. Statsminister Siv Jensen setter ikkje i gong nokre tiltak. Dette gjer derimot hotellkongen Aksel Slåtto (som har mange mistenkelege fellestrekk med Petter Stordalen). Slåtto bygger eit isbjørnreservat på Dovre, som skal redde menneska for ville isbjørnar.

Nærum forsøker seg på ein dramatisk og blodig roman. Han tematiserer klimaproblematikken gjennom å forsøke å skrive fram eit skrekkscenario frå framtida. Skrekkscenariet blir desverre ikkje skrekkeleg nok og splatterscenene blir ikkje blodige nok. Dermed faller romanen - som i utgangspunktet er ein god idè - litt mellom to stolar.

Madonna-gåten
Cappelen 2006
316 sider

For alle som har lese Da Vinci koden er Madonna-gåten ein morsom parodi. Og for dei som ikkje har lese Da Vinci koden, men som har lese ein eller annan form for dårleg amerikansk krim er også Madonna-gåten morsom. På ein måte kan ein lese Madonna-gåten i staden for Da Vinci koden for å få eit inntrykk av kor latterleg Da Vinci Koden faktisk er. Men dei som har stor respekt for Munch og andre nasjonale kunstskattar vil eg anbefale å la vere å lese Madonna-gåten, og ikkje minst
Løsningen på Madonna-gåten
Cappelen 2006

Desse to bøkene viser tilsaman korleis Munchs malerier skjuler sanninga om den norske kongefamlien, i motsetning til den danske kongefamilien, som har regjert i Noreg dei siste 100 åra. Utan respekt for samfunnstoppar, kunsthistorie eller anna norsk historie, har Nærum i samarbeid med Botterli og Udnæs klart å smøre saman ein morsom konspirasjonsteori.

Løsningen på Madonna-gåten er også verdt å lese bare på grunn av ordlistene og referanseverka som gir ein utruleg morsom oversikt over norske samfunnstoppar, stadar, kunstverk og andre ting. Eg lo høgt fleire gonger medan eg las dette oppslagsverket.

Aug 3, 2008

Jo Nesbø - Hodejegerne

Hodejegerne
Aschehoug 2008
238 sider


Eg er i utgagnspunktet skeptisk til kriminalromanar og har lese lite av dei typiske krimforfattarane. Men så er det jo ofte slik av vi gløymer å avbestille bøker frå bokklubben, og dermed kom eg til å lese Jo Nesbøs nyaste roman, Hodejegerne i ferien. Dette var overraskande god lesning.

Boka er ein lettlest og spennande roman om hodejegeren Roger Brown, som er gift med Diana. Kona er, i følge han sjølv, alt for god for han, og han gjer alt han kan for å tilfredsstille den dyre livsstilen og vanane hennar. Dette klarer han ikkje med lønna si, så i tillegg stel han kunst frå folk som har vore på intervju hos han. Etter ei tid kjem han over eit intervjuobjekt som ikkje er like samarbeidsvillig som dei andre, og dermed kompliserest det elles rutinemessige opplegget til Roger Brown.

Eg er imponert over Nesbø sitt språk. Han tyr ikkje til billige klisjear, som jo er hovudgrunnen til at eg vanligvis ikkje lar meg imponere over denne sjangeren. Sjølv om det er den dramatiske handlinga som står i sentrum i romanen, har romanen andre kvalitetar også. Det er naturleg å stille spørsmål ved kva det er i teksten som får meg som lesar til å ha sympati for den eigentleg så usympatiske Roger. Mannen har ingen klassiske helteeigenskaper, og likevel vil eg at han skal klare seg og at det skal gå godt. Dette setter meg som lesar i ein posisjon der mi vurderingsevne aktivt blir trekt inn, noko som er eit kvalitetsteikn ved ein roman.

Eg trur eg kjem til å lese Nesbø igjen, sjølv om eg eigentleg ikkje liker krim. Ikkje minst var det veldig deilig å lese ei bok som var såpass lettlest og lite krevande på ein sommardag.

Bergljot Hobæk Haff - Skammen

Skammen
Gyldendal 1996
422 sider

Dette er ei av dei bøkene eg har lese i løpet av ferien. Romanen er til tider godt skrive, men nokre av partia kan vere litt langtekkelege. Språkleg sett er det stor variasjon i teksten, nokre avsnitt er skrive med eit språk som gjer det til ei oppleving å lese, medan andre avsnitt er prega av litt overdriven drøy adjektivbruk og lettvindte verkemiddel. Det er stor variasjon på kvaliteten til dei ulike delane av boka, men dei delane som er gode, er så gode at det totalt sett er verdt å lese boka.

Boka handlar om Idun som blir sett på som eit utskot i familien. Ho er tvangsinnlagt på eit psykiatrisk sjukehus, og herifrå fortel ho fortellinga om seg sjølv og familien sin. Historien strekker seg gjennom heile århundret, og Idun fortel historia om familien gjennom tre generasjonar. Fortellinga om Idun er bygga opp gjennom eit virvar av nåtid og fortid, og sjølv stiller fortellaren innimellom sprøsmålsteikn ved kva som eigentleg er sant og ikkje. Hukommelsen er ikkje alltid til å stole på, og dermed må også lesaren vere med på å vurdere korleis ting eigentleg har gått føre seg. Romanen tematiserer i stor grad fenomenet skam, som også tittelen seier, og viser korleis einskildpersonen og familien blir øydelagt av å skamme seg over seg sjølv og kvarandre.