Aug 3, 2008

Jo Nesbø - Hodejegerne

Hodejegerne
Aschehoug 2008
238 sider


Eg er i utgagnspunktet skeptisk til kriminalromanar og har lese lite av dei typiske krimforfattarane. Men så er det jo ofte slik av vi gløymer å avbestille bøker frå bokklubben, og dermed kom eg til å lese Jo Nesbøs nyaste roman, Hodejegerne i ferien. Dette var overraskande god lesning.

Boka er ein lettlest og spennande roman om hodejegeren Roger Brown, som er gift med Diana. Kona er, i følge han sjølv, alt for god for han, og han gjer alt han kan for å tilfredsstille den dyre livsstilen og vanane hennar. Dette klarer han ikkje med lønna si, så i tillegg stel han kunst frå folk som har vore på intervju hos han. Etter ei tid kjem han over eit intervjuobjekt som ikkje er like samarbeidsvillig som dei andre, og dermed kompliserest det elles rutinemessige opplegget til Roger Brown.

Eg er imponert over Nesbø sitt språk. Han tyr ikkje til billige klisjear, som jo er hovudgrunnen til at eg vanligvis ikkje lar meg imponere over denne sjangeren. Sjølv om det er den dramatiske handlinga som står i sentrum i romanen, har romanen andre kvalitetar også. Det er naturleg å stille spørsmål ved kva det er i teksten som får meg som lesar til å ha sympati for den eigentleg så usympatiske Roger. Mannen har ingen klassiske helteeigenskaper, og likevel vil eg at han skal klare seg og at det skal gå godt. Dette setter meg som lesar i ein posisjon der mi vurderingsevne aktivt blir trekt inn, noko som er eit kvalitetsteikn ved ein roman.

Eg trur eg kjem til å lese Nesbø igjen, sjølv om eg eigentleg ikkje liker krim. Ikkje minst var det veldig deilig å lese ei bok som var såpass lettlest og lite krevande på ein sommardag.

3 comments:

Ingvill said...

Eg er i likhet til deg skeptisk til krim. Skepsisen min kom for fullt då eg las eit par Anne Holt-bøker medan eg gjekk på ungdomsskulen. Men sjølv om krim&spenning ikkje er det eg les mest av, gler eg meg alltid til ei ny Jo Nesbø-bok. Det er verkeleg god underhaldning:)

Bjarte said...

Har nettopp lest Hodejegerne. Funderte også på hvorfor i all verden jeg var så glad på Roger og Dianas vegne da jeg var ferdig. "Det gikk jo bra til slutt". På et vis overvinner kjærligheten alt. Er det det som frembringer denne sympatien?

Bai said...

Kanskje det...?
Eg trur kanskje også det har noko med forteljarposisjonen å gjere, sidan det meste er fortald frå Roger sin ståstad. Men mannen er jo grunnleggande usympatisk, eigentleg.