Eg fekk 3 ja, frå Labben, Stine og Kasiopeiia, og har tenkt på kor vidt 4 personar er litt lite for å organisere noko slikt eller ikkje. Men så kom eg heim frå ferie, og fann ein litt halvgammal post frå LillaO, som foreslår det same for sine svenske bloggvenner. Eg har høyrd med LillaO og vi er velkomne til å slå oss saman med dei på tvers av landegrensene. Dette aukar jo portoproblematikken, men likevel: Det er sosialt og spennande, og kanskje endå meir spennande når vi får tilgang på bøker som ikkje er oversette.
LillaO organiserer det litt annleis, og bokbyttinga blir litt mindre tilfeldig enn eg i utgangspunktet hadde tenkt:
Det enklaste skulle vara att alla la upp en lista med böcker som kan bytas, talar om vilket format den är i, vilket skick och annat som kan vara av intresse som mailadress. Kontakta den som har en bok du vill byta till dig och gör upp om var den ska skickas.Men likevel, dette høyrest spennande ut, og eg vil gjerne slå oss saman. Er de andre framleis med?