Showing posts with label Om film. Show all posts
Showing posts with label Om film. Show all posts

Oct 9, 2011

"Der Baader-Meinhof Komplex"

I går såg eg filmen "Der Baader- Meinhof Komplex". Det var ei spesiell oppleving.

Filmen handlar om Rote Armee Fraktion, ei venstreradikal tysk gruppe, som blir danna i tida etter studentopprøret i Berlin i 1967 og som blir lagt merke til av verdssamfunnet etter at Andreas Baader sprenger eit kjøpesenter. Ulrikke Meinhof dekker studentopprøret som journalist, og reagerer på politivold og vidare korleis måten drapet på ein student blir behandla av samfunnet rundt. Etter kvart kjem ho i kontakt med Baader og kjerasten hans, og ho speler ei sentral rolle i frigjeringa av Andreas, då han blir fengsla. Vidare handlar filmen om RAF sin kamp mot det dei kallar eit fascistisk styre i det kapitalistiske Vest-Tyskland, og styresmaktene sine forsøk på å slå ned gruppa. Mot slutten, er det nyare og yngre krefter som tek over i RAF, og desse står blandt Anna bak kapringa av eit Lufthansa-fly i 1977, denne kapringa kjenner vi godt til fordi Sohaila Andrawes er ein av dei overlevande kaprarane.

Tidlegare, når eg har lese om eller sett filmar om ulike former for fridomsforkjemparar, har eg vore fascinert over denne sterke trua dei har på at dei gjer det rette. Nokre gonger har eg vore misunneleg på desse som trur så sterkt på ein sak at dei er villige til å gjere alt! Men i løpet av sommaren har denne beundringa endra seg. Der eg tidlegare blei fascinert over den sterke trua til desse menneska, kjenner eg nå avsky og forakt mot desse terrorhandlingane. Det er ingenting som er beundringsverdig med det å ta livet av eit anna menneske, uansett kva sak ein kjemper for. Og det er heller ingen grunn til å gi terroristar heltestatus, anten dei er venstreradikale eller høyreekstreme!

Derfor blei eg sittande og sjå " Der Baader-Meinhof Komplex" med ei stadig voksande avsky mot dei hovudpersonane, filmregissøren ville eg skulle kjenne sympati for. Når Andreas og Ulrikke blei straffa med isolasjon på kvar si celle, kjende eg at dette var riktig, Vietnamkrig, eller ikkje Vietnamkrig. Dei fortente straffa si.

Eg ser at blikket mitt har forandra seg. Og det kjennest riktig.

Apr 12, 2010

Ein utruleg morsom film


I går var eg på kino og såg "En ganske snill mann". Og det var ein utruleg morsom film!

Ulrik (Stellan Skarsgård) slepper i åpningsscena ut frå Ullersmo etter å ha sitte inne i 12 år for mord. Han blir raskt kontakta av Jensen, ein ordentleg gangster med gulltann og mercedes. Jensen har fiksa eit rom Ulrik kan bu på og planlagt hemna over tystaren som fekk Ulrik inn i fengslet. Han har også betalt 1500 kr. månaden til eksdama til Ulrik, som blei aleine igjen med sonen Geir. Handlinga er enkel, Ulrik forsøker å finne seg til rette på utsida, kor det ikkje lenger er lov til å røyke kor som helst. Han møter sonen Geir som har sambuar, leiligheit og studerer til å bli svakstrømsingeniør og som skal bli pappa. Han har fortald sambuaren Silje at faren er død, og når Ulrik dukkar opp og har skote ein fyr og sitte inne for det, er ikkje Silje veldig begeistra. I hennar familie har dei prinisipper, dei driv med planteskular og ikkje med skyting av folk, og ho vil ikkje at bornet skal ha kontakt med denne kriminelle bestefaren. Ulrik får auga opp for at det er viktigare ting i livet enn hemn, og det viser seg at han eigentleg er ein ganske snill mann.

Til tross for dette enkle og forutsigbare plottet er "En ganske snill mann" ein utruleg morsom film! Karakterane har i det heile tatt relativt få replikkar, men sminken, påkledninga og ikkje minst atferda deira bygger opp under stereotypar, og gjer filmen til ei strålande komedie. Tonen for filmen blir sett tidleg, då Jensen plukkar opp ei dame som har rygga på bilen hans og putter henne oppi ein søppeldunk. Scenene kor den bitre, gamle hybelvertinna kaster trusa etter å ha servert Ulrik middag er mildt sagt kostelege. Mekanikaren Sven sine tirader om korleis han ser på sakar fekk meg til å le så tårene trilla. Og diskusjonar mellom sjefsgangsteren Jensen og idioten Rolf som sitt i baksetet om for eksempel kor vidt "dverg" og "kortvokst" er det same eller ikkje, er med på å gjere filmen til det han er.

"En ganske snill mann" er noko så sjeldan som ei god, norsk komedie. Humoren er herleg, og i motsetning til mange andre komedier, held filmen seg innafor grensene. Han tek ikkje heilt av og humoren og parodien blir strukke nøyaktig akkurat passe langt. Og det er nettopp dette som gjer "En ganske snill mann" til ein veldig god film.

Feb 27, 2010

Glimrande adapsjon


I går fekk eg omsider sett filmen basesert på John Ajvide Lindquist sin sterke roman Låt den rätta komma in. Det er over eit år sidan eg las boka, men ho gjorde likevel inntrykk på meg og eg har hatt lyst til å sjå filmen lenge. Særlig etter at han blei plukka ut i Store Studio som årets beste norske film 2009. Sjølv om han verken var norsk, eller frå 2009, var han så god at han fortente å bli nemnd.

Låt den rätta komma in handlar om 12 år gamle Oscar som blir mobba. I området rundt der han bur skjer det ei rekke mord. Desse blir i større grad vektlagt i boka enn i filmen. Ein dag møter Oscar Eli på leikeplassen. Ho har flytta inn i naboleiligheita til Oscar og mora, og det utviklar seg eit heilt spesielt vennskap mellom dei to.

Då eg las romanen hadde eg eit inntrykk av å lese ein spenningsroman eller ein grøssar, som var svært god på grunn av dei gode skildringane av karakterane sine sårbare sider. Einsemda og sårheita til karakterane står heile tida i sentrum, noko som gjer det til ein svært sterk roman.

I filmen er derimot spenning- og grøssarelementa tona ned, og desse sterke skildringane av karakterane tona opp. Det er som om filmteamet har tatt tak i akkurat dei sidene ved boka som eg syntest var sterkast og lagt hovudvekta på desse. Mørkret, fargane, vinterlandskapet, kontrastane mellom svart natt, kvit snø og raudt blod er med på å skape svært vakre bileter i denne grusomme historia. Scenene er ofte lange, med få replikkar, slik at bileta saman med bakgrunnsmusikken får tale for seg sjølv. Dette er også med på å framheve det sårbare hos Oscar og Eli, og utviklinga av forhaldet mellom dei.

Dette gjer at eg liker filmen veldig godt. For første gong i mitt liv har eg nesten lyst til å seie at filmen er betre enn boka.


Her er ein smaksprøve frå YouTube

Sep 18, 2009

Barndomshelten min kjem på kino!

Må ein ha med seg ungar for å sjå denne? I så fall må eg få låne ein...