Feb 27, 2010

Glimrande adapsjon


I går fekk eg omsider sett filmen basesert på John Ajvide Lindquist sin sterke roman Låt den rätta komma in. Det er over eit år sidan eg las boka, men ho gjorde likevel inntrykk på meg og eg har hatt lyst til å sjå filmen lenge. Særlig etter at han blei plukka ut i Store Studio som årets beste norske film 2009. Sjølv om han verken var norsk, eller frå 2009, var han så god at han fortente å bli nemnd.

Låt den rätta komma in handlar om 12 år gamle Oscar som blir mobba. I området rundt der han bur skjer det ei rekke mord. Desse blir i større grad vektlagt i boka enn i filmen. Ein dag møter Oscar Eli på leikeplassen. Ho har flytta inn i naboleiligheita til Oscar og mora, og det utviklar seg eit heilt spesielt vennskap mellom dei to.

Då eg las romanen hadde eg eit inntrykk av å lese ein spenningsroman eller ein grøssar, som var svært god på grunn av dei gode skildringane av karakterane sine sårbare sider. Einsemda og sårheita til karakterane står heile tida i sentrum, noko som gjer det til ein svært sterk roman.

I filmen er derimot spenning- og grøssarelementa tona ned, og desse sterke skildringane av karakterane tona opp. Det er som om filmteamet har tatt tak i akkurat dei sidene ved boka som eg syntest var sterkast og lagt hovudvekta på desse. Mørkret, fargane, vinterlandskapet, kontrastane mellom svart natt, kvit snø og raudt blod er med på å skape svært vakre bileter i denne grusomme historia. Scenene er ofte lange, med få replikkar, slik at bileta saman med bakgrunnsmusikken får tale for seg sjølv. Dette er også med på å framheve det sårbare hos Oscar og Eli, og utviklinga av forhaldet mellom dei.

Dette gjer at eg liker filmen veldig godt. For første gong i mitt liv har eg nesten lyst til å seie at filmen er betre enn boka.


Her er ein smaksprøve frå YouTube

2 comments:

Unknown said...

Fantastisk bok. Fantastisk film. Fantastisk forfatter! Anbefaler Menneskehavn og Håndtering av udøde også.

Kristin H said...

Your blog page looks beautiful!