Feb 18, 2010

Humoristisk og surrealistisk sivilisasjonskritikk

Tang
Bjarte Samuelsen
Det norske Samlaget 2009
213 sider



Bjarte Samuelsen har eit ansikt eg kjenner igjen frå gangane og førelesningane på Blindern. Viss ikkje trur eg ikkje eg ville ha funne fram til denne herlege boka frå 2009, og det er litt synd, for det er ei god bok.

Tang handlar om bergensaren Asbjørn Linne og kompisen hans, Henning. Dei merkar at Bergen er i krise. Det regnar over 200 dagar i året. Folk er stressa og i dårleg humør. Brann taper og på fisketorget sel dei sur og infisert fisk. Byen er til og med tømt for japanarar, og Asbjørn og Henning er urolege fordi bergensarane er i ferd med å miste hansaidentiteten. Henning vil løyse problema med å starte danseband, noko Asbjørn ikkje har fullt så stor tru på.

Ein dag får Asbjørn eit postkort kor det står "Eg håper du kjem for å leva i omhugstralten". Kortet er frå øya Hernar, langt ute i havgapet, og Asbjørn dreg først til biblioteket deretter vidare til Hernar for å finne ut kva "omhugstralten" er for noko. På øya har dei eit heilt spesielt levesett, som er blitt utvikla gjennom århundra. Diett, leik, seksuell omgang, tangbad og kvile er faktorar som er viktige for dette levesettet. Asbjørn får ikkje bli meir enn nokre få dagar, etter å ha gjor seg fortent til det, fordi øya ikkje skal påverkast utanifrå. Sidan Asbjørn har møtt - og forelska seg i - jenta Lene, blir ho med han tilbake til Bergen. Lene har lese BT og veit at det står dårleg til med bergensarane, så ho vil nærast misjonere om korleis dei må leve for å bli lykkelege igjen. Dette blir heller dårleg motteke. Lene utvikler bysjuke av fisken på fisketorget og dei stressa bergensarane utan hansaidentitet. Dei står ovafor eit problem som må løysast.

Dette er ei herleg leseoppleving. Tang er lettlesen og godt skrive. Sivilisasjonskritikken i boka er sterk, men på ingen måte påtrengjande, noko som jo er eit kunststykke i seg sjølv. Dei absurde og surrealistiske opplevingane til Asbjørn blir fortalde med eit likefram språk, og verkar naturlege og kvardagslege - som lesar får eg inntrykk av at dette kunne skjedd kven som helst.

Karakteren Henning er ein småkomisk bifigur som stadig går omkring og snakkar om dette dansebandet. Han kan til tider verke litt overflødig, og eg er litt usikker på om hans rolle er nødvendig gjennom heile forteljinga. Slutten på boka er også litt brå. Heilt til siste side lurer eg på korleis dette skal dragast i land på bare eit par sider. Problema boka presenterer har inga enkelt løysning, og kanskje er løysninga som Asbjørn, Lene og Henning kjem opp med den beste, men likevel er avslutninga av teksten litt brå. Dette er synd, fordi det elles er ei så god bok.

Tang er ei bok det absolutt er verdt å lese, eg er i alle fall glad eg kom over denne absurde og humoristiske romanen.

4 comments:

torbjørn hauken said...

Har høyrt positive ord om denne, og ettter meldinga di her ser eg verkeleg fram til å lese boka. Det pussige er at eg såg etter ho sist eg var på biblioteket, men då fann eg bare debutboka: 'Tilsynekomst', så den vil eg lese no!

Ingrid said...

Absurd humor gillar jag väldigt mycket. Jag har skrivit upp "Tang" och Bjarte Samuelsen.

Anonymous said...

Morsomt å lese om, du skriver bra.

Bai said...

Eg har ikkje lese debutboka, men eg har lyst til å lese ho nå. Blir spennande å høyre kva du synest, Thauke.

Ja, Ingrid. Skriv ho opp!

Takk for det, Knirk!