Feb 12, 2010

Middelmådig om viktig tematikk

Little Bee
Chris Cleave
Originaltittel: The Other Hand (2008)
Oversatt av Guro Dimmen
Aschehoug forlag 2010
268 sider.



Nå har eg lese leseeksemplaret av boka Little Bee, som Aschehoug sendte meg, i slutten av januar. Det har vore ei blanda lesaroppleving, men eg er usikker på om eg ville ha lese boka i det heile tatt, om ho ikkje hadde dumpa ned i postkassa mi. For det er gjennom omslaget på ei bok at ein får førsteinntrykket, når ein leitar i bokhandlarhyllene etter noko å lese. Og dette omslaget ville eg nok neppe ha plukka opp. Det er bilete av ei afrikansk jente i ein solnedgang på ei strand, omslaget er orange og både biletet og typografien på framsida gir meg assosiasjonar til ein middelmådig kjærleiksroman.

Etter at oljeselskapa har plyndra landsbyen som jenta som kaller seg Little Bee har vekse opp i, rømmer ho og storesøstera mot havet. Dei blir henta inn av soldatar på ei strand, kor dei også møter eit britisk ektepar som har reise på ferie for å reparere ekteskapet etter kona Sarah si affære. Her utspelar det seg ei rekkje groteske scener, før den yngste av dei to søstrene bergjer livet og flykter til Storbritannia i lasterommet på eit skip. Når ho kjem fram blir ho parkert på eit interneringssenter i to år, før ho slipper ut utan papirer. Då oppsøker ho ekteparet Andrew og Sarah. Og det er her historia om Little Bee og hennar vennskap med Sarah og sonen Charlie, denne fireåringen som går rundt og vil vere Batman, begynner.

Forteljinga vekslar mellom å bli fortald frå Little Bee og Sarah sin synsvinkel. Sarah er i utgangspunktet, før Little Bee dukkar opp, i eit vanskeleg ekteskap, med Andrew og saman har dei sonen Charlie som ho forgudar over alt på jord. Ho har samtidig ei affære med Lawrence. Sarah er sjefsredaktør for eit suksessrikt magsin og har på mange måtar alt ei 32 år gammal kvit kvinne utføre London kan drøyme om. Denne forteljarinnstansen er truverdig. Møtet med Little Bee, korleis dette møtet forandrer henne og tankane ho som i utgangspunktet er ei velståande kvit kvinne gjer seg i møtet med denne flyktningen er truverdig. Og dei kapitla som er skrivne med Sarah som førstepersonsforteljar er gode.

Dei kapitla som er skrivne med Little Bee som førstepersonsforteljar er derimot svake. Når eg les klarer eg ikkje fri meg frå tanken om at denne historien er skrive av ein 36 år gammal britisk mannleg journalist. For det er ikkje denne afrikanske tenåringsjenta som fortel. Det er den kvite mann sine forestillingar om korleis ei afrikansk tenåringsjente ville ha fortald historia si, eg har lese. Og desse forestillingane held rett og slett ikkje vatn. Dei blir ikkje truverdige, og eg blir stadig minna om at forfattaren er vestleg, når eg les dei liksom-afrikanske erindringane. Det svekker heile forteljinga. Eg liker ikkje å bli minna om forfattaren, medan eg les ei bok. Dei stadige refleksjonane om forskjellane mellom afrikansk og britisk liv, dei som skulle ha skapa nærvær mellom lesar og forteljarstemme, blir påtrengande. Formuleringa "Hvis jeg hadde fortalt denne historien til jentene der hjemme, ville de spurt meg" blir gjenteken i så mange samanhengar, at det heile bare blir platt:

Jeg våknet på Sarahs sofa. Først skjønte jeg ikke hvor jeg var. Jeg måtte åpne øynene og se meg omkring. Det lå puter av oransje silke på sofaen. De var brodert med fugler og blomster. Solen falt inn gjennom vinudet, og disse vinduene hadde oransje fløyelsgardiner som gikk helt ned til gulvet. Det sto et salongbord med glasstopp der, og glasset var så tykt at det så grønt ut fra siden. På hyllen lå det blader. Et av dem tok for seg mote, et annet hvordan man kunne gjøre hjemmet vakrere. Jeg satte meg opp og plasserte føttene på gulvet. Gulvet var dekket av tre.
Hvis jeg hadde fortalt denne historien til jentene der hjemme, ville de spurt meg: Hvordan kan et bord være laget av en salong, og hva er fløyel, og hvorfor hadde ikke kvinnen du besøkte samlet veden ved siden av huset som alle andre? Hvorfor lot hun det bare ligge utover gulvet, var hun virkelig så lat? (s. 133)
Desse refleksjonane kunne vore interessante, dersom forteljarstemma bak Little Bee si historie hadde vore truverdig. Men så lenge denne illusjonen om afrikansk jente i London stadig blir broten, mister også denne typen avsnitt den krafta dei kunne ha hatt.

Språket er også til tider irriterande fullt av klisjéar. Eg veit ikkje om dette er forfattaren eller oversettaren, men det er ein anna faktor som får meg til å lese boka med eit snev av irritasjon. Innimellom skin dei engelske formuleringane gjennom oversettinga, andre gonger er samanlikningane og bileta bare påtrengande klissete, som når Sarah tenker:
Jeg husker at jeg med et stikk av dårlig savittighet innså at det ikke lenger fantes noen grunn til at jeg burde være her - langt unna mitt hjertes sentrum, en skibrudden i dets forstad. (s. 93)
Det tragiske druknar litt i den utruleg komiske samanlikninga.

Det er ikkje tvil om at forfattaren har gjort grundig research. Og tematikken, om oljeselskapa som jamner landsbyar med jorda og vitnet som må flykte for å ikkje bli drepen, om den papirlause flyktningen si frykt for å bli deportert og problemstillingane knytta til det å huse ein illegal flyktning er svært viktig. Dette er ein tematikk eg som sitt trygt i heimen min har godt av å få eit innblikk i. Og nettopp derfor synest eg det er synd at det formelle og forteljartekniske gir Little Bee eit slikt middelmådig preg.

Dersom du vil lese litt meir positive omtalar av denne boka, kan eg foreslå at du stikker innom bloggane til Stinema, Anita eller Beatelill. Dei var litt meir begeistra enn eg.

7 comments:

Anita said...

SV: Ja, her var det forskjellig syn på en bok! Når det er sagt, møtte jeg meg selv litt i døra da jeg leste omtalen din. For helt i starten av boka, da Little Bee fortalte, var jeg bare irritert og lurte på hvorfor jeg leste boka i det hele tatt... Kapitlene der Sarah forteller er nemlig, som du sier, de beste. Kan hende det overskygget litt av inntrykket jeg satt igjen med??

Bai said...

Ja, eg har blitt litt overraska når eg har lese andre bloggar, over kor store forskjellar det er.

Kapitla kor Sarah fortel er grunnen til at eg ikkje la bort heile boka første dagen. Dei var såpass gode at det ga meg håp om at det skulle ta seg opp. Men Little Bee var rett og slett ikkje ein truverdig karakter i mine auge, og boka tapte mykje på akkurat det.

Samtidig er eg glad eg las ho, for det er som sagt eit tema det er viktig å bli minna om.

Beatelill said...

Jeg synes det er kjempespennende hvor forskjellig man kan oppfatte ei og samme bok :) Det kan kanskje sammenlignes med musikk; noe liker en ting mens andre liker noe helt annet.

Jeg synes hele boka var kjempeflott. Det at fortellerstemmen til Little Bee var skrevet i en naiv tone syntes jeg gjorde historien både troverdig og til tider morsom. Jeg bruker egentlig å være svært kritisk når jeg leser såkalte "bestselgerbøker" som "alle" liker, men denne gangen falt jeg pladask :)

Bai said...

Eg synest også det er interessant at vi opplever same boka så ulikt. Eg må innrømme at då eg var halvvegs, og las andre bloggarar sine omtaler, blei eg litt overraska over kor godt likt boka var av andre. Men det er vel den berømte smaken...

Eg er enig med deg at den naive tonen på mange måtar krevs, når ein skal skildre ei afrikansk flyktningejente i London. Problemet er bare at eg synest at den naiviteten som blir presentert i boka blir påtrengande, og ikkje truverdig.

Men det er lov å like bestselgjarar, altså :)

Heidi said...

Jeg syntes det var kapitlene med Sarah som forteller som var de svakeste, og de som i størst grad var preget av klisjeer. Jeg opplevde at det var hun som var lite troverdig... Pussig! :)

Anonymous said...

Ser ut som vi har ganske sammenfallende inntrykk av denne boken, bortsett fra at jeg - akkurat som Heidi - syns sekvensene med Sarah var de dårligste.

Bai said...

Interessant at de finner dei sekvensane med Sarah som dei svakaste. Eg blir jo nesten litt usikker sjølv, når de seier det. Men eg trur mi oppfatning bunnar i at det er vanskeleg å ta Little Bee på alvor, ho framstår meir som ei modellering av research-materiale enn som eit heilt menneske, for meg.