Feb 22, 2010
Listene mine
Akkurat nå har eg 6 bibliotekbøker heime. Eg har lese ei av dei og held på med ei anna. Eg har 3 bøker på venteliste. Eg har sett 13 bøker på huskelista mi, etter at eg oppdaga denne funksjonen i MappaMi på Deichmanske for 2 veker sidan. Eg har 4 bøker eg har kjøpt, som ligg under nattbordet og skal lesast. Eg har 2 leseeksemplarer eg skal lese og skrive om for eit anna medium enn bloggen min. Eg har bokmerka "mer enn 60 artikler" som har fått labelen "Til leseliste" i Google reader. Tre av dei er frå i dag, då eg kom heim og fann 112 ulesne bloggpostar i Google reader. Eg har stadig fleire, stadig lengre lister over kva eg skal lese etter gode tips i kommentarfelta mine. Spørsmålet nå er bare om eg kan klare å finne tid til å lese meg gjennom desse listene, når eg stadig får nye innspel til nye tekstar eg bare må lese.
Labels:
Leseliste
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
8 comments:
Det der kjenner jeg meg veldig godt igjen i! Jeg har også en god del bøker hjemme som jeg ønsker å få lest, samtidig som jeg har lånt flere på biblioteket. Noen ganger planlegger jeg at jeg skal lese den og den boka, men så blir jeg så stressa av alt at jeg gir blaffen og finner meg en helt annen bok :)
Det var et kjent "problem", hehe!
Skjønner ikke hva du prater om altså ;-D
Eg er glad eg ikkje lar meg stresse av dette. Det einaste som er stressande er anmeldareksemplar som har tidsfristar. Men då blir det litt meir "jobbprega" å lese dei, så eg prioriterer dei også på ein anna måte.
Godt å høyre at vi er fleire som har det slik.
Jeg velger å se min stadig økende samling av uleste bøker som denstørste materielle rikdom jeg kan ha...
Godt poeng Thauke! (Det kjennest som noko eg har skrive før...). Eg vil likevel seie at samlinga av lesne bøker er ei endå større materiell rikdom. Dei veit eg jo kva inneheld.
Veldig gjenkjennelig her også. Fint at du ikke lar deg stresse. Jeg savner av og til å kunne konsentrere meg fullt og helt om en bok om gangen.
Eg jobber også med det, Lille Søster. Altfor ofte blir eg sittande og sjå på sidetala for å sjå kor lenge det er til eg er ferdig, og kan begynne på neste bok i rekka. Det er litt synd, eigentleg.
Post a Comment