Feb 7, 2010

Som ein solnedgang bak eit fjell

Melodi Grand Prix er ein melodikonkurranse. Ikkje ein songtekstkonkurranse. Men burde ikkje artistane halde seg til tekstar som har eit meiningsfyllt innhald, i det minste? Då eg fulgte kåringa av den norske låta i gårkveld, blei eg stadig meir overraska over kor mange stemmar Didrik Solli Tangen fekk for denne teksten:

You are like the sunset behind a mountain somewhere
And when I cannot see you I know you’re still there

Because my heart is yours, I’ll never leave you
Though we are far apart I’m by your side
My love is never gone, I feel it rise again
Through it all, now my heart is yours

You say I am the moonlight, I watch you at night
And when you cannot see me I’m still there in the sky

Ikkje var melodien noko å skryte av heller.

Spørsmålet mitt er nå om dette er verre enn Rybaks:

She was mine
and we were sweethearts
That was then
but then it's true

Kva er eigentleg meiningsinnhaldet i den siste verselinja?

Du synest kanskje eg er ei sur gammal dame, som ristar oppgitt på hovudet og stiller spørsmål ved "ungdommen av i dag". MGP skal jo vere underhaldning, tenker du kanskje. Må alt alltid vere så alvorleg? Og dessutan er det jo ein melodifestival. Men eg undrer meg over kor lite fokus det faktisk er på lyrikken i songar. Er ikkje teksten ein viktig del av heile songen, lengre? Eller er det bare eg som skulle ønske det var slik?

Eg lurer også på om desse tekstane ville slippe gjennom nålauge hos folk flest om dei hadde vore norske. Ville 466 675 nordmenn betalt 5 kroner kvar for å stemme på ein fyr i kvit dress som song "Du er som ein solnedgang bak eit fjell ein stad" og "Du seier eg er som månelyset som ser på deg i natta"? Og kva med "Det var då og då var det sant"? Eg trur ei låt med denne teksten på norsk, ville blitt latterleggjort ganske mykje tidlegare i prosessen. Det kan sjå ut som om at så lenge det er på engelsk, og kling sånn tåleg rytmisk, så er det ikkje så farleg kva vi nordmenn eigentleg lytter til.

Sjølvsagt er den språklege klangen og rytmen viktig, både i lyrikken og endå meir i songtekstar. Vi har alle vore i bryllup kor tekstforfattaren er meir oppteken av innhald enn klang, kor vi ender opp med å synge usyngbare songar. Men er verkeleg lyrikken og innhaldet i teksten så lite vesentleg som desse norske MGP-tekstane gjenspeglar?

Eg skulle ønske vi hadde tekstforfattarar, artistar og ikkje minst stemmegjevarar, som søkte oss bort frå desse banale klisjèane. Eg ønsker meg meiningsfulle tekstar.

4 comments:

torbjørn hauken said...

Lett å vere einig med deg, men eg trur dette fort vert ein kamp mot vindmøllar. Det er nærast tradisjon i pop-en at tekstane kan vere meiningslause så lenge dei fungerer tiil melodien, og mgp har vel nærmast fronta dette. Hugsar det var debatt, til og med eige fjernsynsprogram, om ein norsk mgp-vinnar på 60-talet med Kirsti Sparboe som vokalist og Arne Bendiksen som tekstansvarlig til 'Oi, oi ,oi hvor glad jeg skal bli'. Men og 'kvalitetspop', som td Beatles har jo mange banale tekstar... Trur mao det ikkje er spesielt for norsk pop! Eg meinr vi må skilj mllom tekstar som berre er mint å fungere ti sang og lyrikk, som evt får melodi lagt til seinare.

Bai said...

Eg trur heller ikkje eg har noko stor gjennomslagskraft på akkurat dette området, dessverre. Sidan eg gir meg sjølv full redaksjonell fridom, kan eg jo minne folk på at vindmøllene i det minste er der.

Eg var ikkje klar over denne debatten du refererer til på 60-talet, men det er jo spennande. Eg har liksom eit inntrykk av at norske tekstar har høgare lyrisk kvalitet, enn engelske tekstar, skrive i Norge. Men du har jo rett angåande Beatles. Dei er ikkje store og sentrallyriske, dei heller.

Det er vel forskjell på i kva grad tekstforfattarar ser på seg sjølv som tekstforfattarar eller i kva grad tekstane "bare" er eit tillegg til melodien. Men eg meiner at det finst sterke lyriske tekstar som er skrive til melodien. Bjørn Eidsvåg og Lars Lillo Stenberg er to eksempler på låtskrivarar som både behandlar teksten og melodien med respekt.

torbjørn hauken said...

Einig igjen, unntak finst alltid.
Debattprogrammet om mgp-songen (trur det var grunna irritasjon hos nokre - og sikkert med rette - over manglande kvalitet både i tekst og melodi), finst sikkert i nrks arkiv. Det hadde jo vore ein godbit å sende i forkant av finalen, gjerne med ein diskusjon frå dagens ståstad og. Kanskje ein kan starte ein bloggaraksjon til nrk om dette?!

Bai said...

Haha, kanskje det, ja. Eg har i alle fall veldig lyst til å få sett det - det ville vore interessant å sett korleis ein slik diskusjon utarta seg på 60-talet.