Showing posts with label Om blogging. Show all posts
Showing posts with label Om blogging. Show all posts

Sep 17, 2011

Å blogge eller ikkje blogge

Den siste tida har eg tenkt mykje på kva eg vil med bloggen min. Eg har ikkje hatt så mykje å skrive om. Eg har sakna inspirasjon og idear. Også har eg hatt dårlig samvit for at eg ikkje har hatt så mykje å skrive om. Eg liker jo bloggen min og eg liker fellesskapet som oppstår, med dei andre bloggarane. Men det kjennest som om det er litt tomt for nye idear.

Eg vil jo gjerne ha fleire faste oppdateringar i veka, oppdateringar som lesarane kan rekne med, oppdateringar som er nye og spennande og som gir høge lesartal. Men eg finn dei ikkje. Dei kjem ikkje til meg, like ofte som før. Kan hende dei spennande og interessante refleksjonane og kommentarane og behovet for å skrive dei ned og dele dei, kjem tilbake. Men enn så lenge er dei borte. Det har stressa meg litt, eg synest jo bloggen er fin. Men eg har bestemt meg for at eg ikkje vil at det skal stresse meg. Dette skal vere eit overskotsprosjekt, ikkje eit pliktprosjekt. Og når det blir meir plikt enn overskot, er det noko som ikkje er som det skal vere.

Eg kjem heilt sikkert til å komme innom med litt sporadiske oppdateringar, framover også. Men eg skal slutte å ha dårleg samvit for at eg ikkje kjem på noko spennande å skrive, kvar veke. Det må jo vere greit å ikkje skrive så mykje alltid, også. Og kjenner eg meg rett, kjem nok ideane tilbake, og då vil det brått bli meir livleg her igjen. Enn så lenge, tar eg det litt med ro.

Når det gjeld novelleutfordringa, har eg lova dykk ei premie. Den står ved lag. Ved årsskiftet skal det kårast ein vinnar, med loddtrekning, blant dei som har fullført. Bare så du veit det. 

Jul 19, 2011

Bokbloggar til inspirasjon og leseglede

Eg har akkurat vore inne på capris.no og bestild nokre bøker igjen. Eg har bestilt Brodecks rapport av Philipe Claudel, fordi Thelme Melck på bloggen Aroundbooks har skrive:
Men jeg kan ikke la være å trekke frem ett eksempel på sublim skrivekunst i dag, nemlig den franske forfatteren Philippe Claudel, som jeg har omtalt en del her i bloggen. Hvorfor blir ikke han lest i Norge? Han står litterært sett høyt hevet over Murakami. Claudel er, høyst fortjent, en stor stjerne i hjemlandet, på norsk er det bare kommet to bøker av ham, og det ser ikke ut til å komme flere. Noen kommersiell suksess tviler jeg sterkt på at hans norske utgaver har vært.
Eg har ikkje lese Claudel. Men når eg blar i dei elementa eg har merka med stjerne i google reader, finn eg ut at eg har lese om Claudel hos Labben også, og at eg har tagga denne posten hennar med "Til leselista", slik eg gjer, når eg les om bøker eg vil hugse at eg fekk lyst til å lese. Nå skal eg altså gjere meg kjend med Claudel, eg også.

Eg har også bestild 1Q84 av Murakami, ei bok eg nok uansett ville ha kjøpt, fordi eg er svært begeistra for denne japanaren, men som eg fekk veldig lyst til å lese etter å ha lese både Janke og Thomas J. R. Marthinsen sine omtaler av boka.

Stefan Zweig er eit namn som har dukka opp i samband med novelleutfordringa, både hos Labbens og hos Rose-Marie. Og då Kulturdelen igjen minna meg om at eg var jo svært nysgjerrig på denne forfattaren i vinter, bestilde eg ei bok av Zweig med det same.

Det å blogge om bøker og ikkje minst, det å lese andre som bloggar om bøker sine bloggar er ei stor kjelde til inspirasjon. Eg oppdager ukjende forfattarnamn og blir minna på dei, gjennom daglege oppdateringar. Eg har på ingen måte oversikt over alt som rører seg i den litterære landskapen, han er for stor til det. Men med hjelp av andre bloggarar, finn eg stadig nye orienteringspunkter, kartet mitt forandrar seg og eg oppdagar nye og spennande bøker og forfattarskap eg kan stoppe opp og kose meg med.


Apr 26, 2011

Ei stille tid på bloggen

Det har vore ei rolig tid, her på boklesebloggen. Som menneske er ein avhengig av å ha ein kropp som fungerer. Når ein liten kroppsdel, som ein vanlegvis ikkje tenker over at ein har, sluttar å fungere som han skal, får det store konsekvenser. Ein sluttar å virke som normalt, både i arbeidsliv og på fritida. Ein treng hjelp til å gjere enkle ting, som ein ikkje tenker over at ein gjer til vanleg. Og når det å ta på seg sokkar er ein kjempejobb, blir det å formulere ned tankar om ei bok som er lesen, som jo vanlegvis er ein morsom fritidssyssel, nesten uoverkommeleg.

Heldigvis er det slik at desse kroppane våre gjerne fiksar seg sjølv igjen, når dei blir stelt riktig. Og heldigvis er det slik at når ein bur i Norge, og betaler skatten sin, har ein god tilgang på flinke fagfolk som kan hjelpe til med å finne ut kva som er riktig stell. Og då er det godt å kjenne at saman med evna til å klare seg sjølv, kjem også skrivelysta tilbake. Og evna til å klare seg sjølv er god å ha, bare den. Det er som om eg gløymer å verdsette ho, i kvardagen.


Mar 1, 2011

Bloggarane og forlaga

Eg har nettopp høyrt Dagsnytt18, kor bokmerker-Kristin, Anne Schäffer i Norsk Kritikerlag og Nina Aalstad, sjefen for CappelenDamm sin bokbloggturné diskuterte bokbloggarane sitt forhald til forlaga.

Schäffer meiner at vi bloggarar blir utnytta av forlaga. Vi blir så glade for å få gratis bøker, at det påverkar den uavhengige kritikken, sjølv om vi eigentleg burde fått betalt for å skrive om bøker. Eg må innrømme at eg blei svært smigra første gong eit forlag tok kontakt og sa dei hadde lagt merke til bloggen min. Andre gongen også. Men etterkvart har eg skjønt at forlaga gjer slikt. Eg tenker gjennom kva eg takker ja til og ikkje, og eg tar i utgangspunktet ikkje imot bøker eg ikkje har lyst til å lese uansett. Eg legg heller ikkje vekk bøker eg har lyst til å lese, til fordel for leseeksemplar eg har fått gratis. Og får eg bøker eg ikkje vil lese, lar eg dei liggje.

Ei anna innvending som blei reist, er spørsmålet om vi bloggarar blir for knytta til einskilde forlag. Det kan sjølvsagt vere ei fare og forslaget til Kristin om eit uavhengig mellomledd kor vi kan velje leseeksemplar frå haustlista er svært godt. Her er det underforstått at bloggarar som får noko gratis, ikkje er objektive. Dette er ei tanke og ei haldning eg kjenner eg reagerer på, fordi ho undervurderer oss bloggarar. Det er som om vi ikkje er reflekterte nok til å tenke gjennom slike problemstillingar.

Som dei fleste av oss, skriv eg ikkje bare blogg, men eg les også ei god del bloggar. Og eg blir skeptisk til bloggarar som skamrosar bøker eller andre produkt, ukritisk og ubegrunna. Ei god omtale eller eit interessant blogginnlegg er for meg ein tekst som er godt begrunna. Eg vil ikkje bare vite at ei bok er god eller dårleg, eg vil vite korfor andre lesarar liker boka eller ikkje liker ho. Ei ubegrunna bokomtale er ikkje interessant. Det er tankane rundt lesaropplevinga som gjer innlegget godt eller dårleg.

Eg trur dei som hevdar at gratis leseeksemplar legg føringar for den uavhengige bloggaren si stemme og påverknadskraft, undervurderer både bloggaren og lesaren. Som Schäffer sa, er ei bok til 300 kroner dårleg betalt for å kjøpe kritikk. Det er faktisk så dårleg betalt at heile argumentasjonen hennar fell litt på si eiga urimelegheit. 300 kroner er omlag ei timeløn. Det er så lite, at eg ikkje ser på det som betaling ein gong. Eg ser på tilbod om leseeksemplar som eit tilbod om å lese fine bøker eg elles kanskje ikkje ville ha oppdaga.

Sjølv er eg skeptisk til tanken om at vi burde fått betalt for å omtale bøker i bloggane våre. Eg trur at det ville lagt større føringar på om vi skreiv positive eller negative omtaler om bøkene vi les. Vi er sårbare, sidan vi ikkje er tilknytta eit redaksjonelt nettverk. Og nettopp derfor trur eg det er viktig at vi held fast ved at omtaler av bøker ikkje skal og bør selgjast. For meg er det viktig at blogginga er noko eg gjer fordi det er lystbetont og fordi eg liker å skrive om bøker. Det å gjere blogginga om til ein oppdragsbasert jobb, med honorar for marknadsavdelingane i forlaga, trur eg ville vore med på å øydeleggje noko av gleda. Då ville eg mest sannsynleg hatt tidsfristar og forpliktande avtaler hengjande over meg, som nye stressfaktorar. Då måtte dette vore ein jobb, og ikkje ein fritidsaktivitet. Ikkje misforstå meg, eg kan gjerne få betalt for å skrive i andre samanhengar. Men ikkje her. Ikkje i bloggen. Bloggen skal vere fritid og bloggen skal vere ei sone som er fri for tidsfristar og andre forpliktande bindingar, utover dei sosiale forpliktane vi etablerer mellom oss bloggarar.

Det er flott at debatten om bokbloggarar si rolle som kritikarar blir reist. Og det er kanskje på tide at vi som skriv desse bokbloggane, lærer å sjå og verdsette vår eiga rolle. I staden for å bli smigra over at forlaga og mediene har lagt merke til oss, bør vi bruke den posisjonen vi har. For det er jo ikkje tvil om at vi er interessante for marknadsavdelingane i forlaga. Dette bør vi kanskje tenke gjennom og reflektere litt rundt, anten vi låner bøkene på biblioteket, kjøper dei i butikken eller får dei i posten.


Apr 7, 2010

Jubileum!

Akkurat nå skriv eg innlegg nummer 200 her i bloggen min. Og om få dagar er det nøyaktig to år sidan eg oppretta denne bloggen. Det er to jubileum veldig tett, noko som fortener ei feiring. Så kjære bloggen min:

Gratulerer med dagen!

Det har vore to meiningsfulle år, ikkje minst har de som les og kommenterer her inne vore med på å gjort denne blogginga om bøker langt meir spanande enn eg hadde forutsett då eg starta opp. For eg starta opp og trudde eg skulle digitalisere leseloggen min, som tidlegare var i ei kladdebok. Men eg har oppdaga at dette er langt meir sosialt enn å notere ned nokre tankar om bøker i ei kladdebok. For folk les og kommenterer. Og det gjer det både inspirerande og spanande å fortsette. Derfor har eg lyst til å feire dykk som les og kommenterer her med ei gåve. For det er vel ikkje ein ordentleg bursdag utan gåve, er det vel?

Ein av dei forfattarane eg har oppdaga gjennom det inspirerande samspelet med andre bloggarar er Siri Hustvedt, som også har blitt ein stor favoritt. Det siste året har eg lese 3 av hennar bøker og eg gleder meg til å lese resten. Den engelske utgåva av The Sorrows of an American blei istykkerlesen på ferieturen i sommar, medan den norske utgåva har ligge i ei skuff med presangar til ymse bruk fram til nå. Og nå har eg funne ut at det er eit passande høve å finne boka fram frå pakkeskuffa.


Eg let dette innlegget stå i 7 dagar, det vil seie ut dagen den 14. april. Og alle dei som kommenterer på denne posten før midnatt den 14. april, blir med i trekninga av denne boka, som etter mi meining er svært god. Det er maks eit "lodd" til kvar. Så har du endå ikkje oppdaga Hustvedt og fått ta del i det fantastiske universet ho kan skape har du sjansen nå. Og har du allereide oppdaga Hustvedt, men vil lese meir av henne er det bare å hive seg rundt.

I mellomtida skåler eg for bloggen og feirer innlegg nr. 200!

Feb 28, 2010

Leik med bloggdesign

Eg har oppgradert bloggen min. Sidan eg ikkje bloggar mange bilete og illustrasjonar, har den heilt kvite minima-templaten blitt litt kjedeleg. I kveld sette eg med ned og forsøkte å leike med bloggdesign, for å sjå om eg kunne finne fram til eit litt meir fresh uttrykk. Og eg har nå funne ein template på Blogger Templates som fungerer godt.

Det er framleis ganske mange småting eg ikkje har funne utav, men ein blir ikkje verdsmester eller bloggdesignar over natta, heller. Så det blir nok litt meir fikling og flikking framover. Eg må forresten finne ut korleis eg skal logge meg på, nå som baren på toppen er borte.

I tillegg til ny bakgrunn har eg oppdater lenkelista mi. Så nå har eg oversikt over alle dei bokrelaterte bloggane eg følgjer i google reader, i margen her. Her er det mykje spennande, så eg anbefaler deg å bla gjennom lista. Eg vekslar litt mellom kva eg liker best, når det kjem til slike lister. Eg liker eigentleg dei listene kor ein kan sjå tittelen og ingressen på siste innlegget. Dei tar veldig stor plass, så den seinaste tida har eg hatt ein bloggfeed med bilete, tittel og ingress på dei siste 10 oppdaterte bloggane. Men det er mange som fell ut av ein slik 10-siste. Så nå forsøker eg meg med ei alfabetisk liste over alt eg les. Ulempa med denne er at ho må oppdaterast og vedlikehaldast. Men det bør eg kunne klare.

Eg tar gjerne imot både positive og negative tilbakemeldingar på den nye lay-outen. Er han lesarvennleg?

Edit: Retta opp potensiell misforståing.

Feb 5, 2010

Her er eg

Her er igjen, etter ein drøy månads bloggefri. Eg har hatt mykje eg burde gjere den siste månaden, samtidig som eg har gått og hangla og vore småsjuk, utan heilt å klare å ta meg tid til å vere småsjuk med godt samvit. Det var vanskeleg å finne motivasjon til å blogge, og eg kjente at bloggen blei liggjande som ein av mange burde-byrder. Det skal jo vere kjekt å blogge, det er derfor eg gjer det. Og når pliktkjensla blir større enn lysta, betyr det at det kan vere godt med ein pause. Og pausen har vore god. Nå er motivasjonen tilbake, og eg håper at han blir hos meg ei stund.

Medan eg har hatt pause, har eg fått ein award av ikkje mindre enn to lesarar. Tusen takk, Thauke2 og Ingrid. Besøk gjerne desse to, dei synest eg er ein kreativ bloggar, sjølv når eg bare sitt her og ikkje gjer nokon ting. Dette gjorde det ekstra kjekt å komme tilbake etter pausen min.


Eg skal visst fortelje 7 ting om meg sjølv. Slikt synest eg alltid er litt vanskeleg. Det skal jo helst vere litt interessant og litt ved sida av det eg vanlegvis skriv om. Men eg gjer eit forsøk.

  1. Eg er 28 år gammal, har vore gift i 2,5 år men har ingen barn. I studentmiljøet på Blindern er eg sær som har gifta meg så ung, men når eg snakkar med folk frå heimbyen min, Sandnes, er eg sær som gifta meg så seint og ikkje har ungar endå.
  2. Eg liker å lese bøker, fordi det gir meg ei kjensle av fridom, anten eg les på sengekanten om morgonen eller om eg les til eit glas rødvin kvelden før ein fridag, gir det meg ei kjensle av fridom å forsvinne inn i ei anna verkelegheit nokre timar.
  3. Eg er eit rotehovud av ei anna verd, men likevel besatt av å alfabetisere samlingar. Bøker, CD-plater og filmar skal organiserast alfabetisk etter forfattar, artist og regissør. Resten av heimen er det ikkje så farleg med.
  4. Eg er glad i å lage lister, og lager stadig lister over ting. Bøker eg vil lese, ting eg vil strikke, filmar eg vil sjå, også vidare. Men så når det kjem til stykket, følgjer eg ikkje desse listene likevel.
  5. Eg synest 7 ting er frykteleg mykje, så eg gir meg her, etter å ha tenkt på dette i heile dag. Det er ikkje så lett å komme på 7 ting om meg sjølv, sånn på kommando.
Eg skal visst gi denne vidare til 7 stykker, men eg ser jo at dei fleste bloggane eg les har fått denne. Og at det eigentleg er ein månad sidan han blei sendt rundt, så sidan eg er så treig, hopper eg over dette punktet. Eg viser heller bare til lista mi nedi venstre hjørnet av bloggen, kor dei fleste bloggane eg abonnerer på står lista opp (det er bare dei 10 sist oppdaterte som viser).

Nå har eg fleire tusen postar eg skal bla gjennom i Google-reader!

Apr 9, 2008

Velkommen til lesebloggen min

Eg har funne ut at sidan eg generelt sett leser ganske mange bøker har eg lyst å lage ein leseblogg. Her vil eg ganske enkelt blogge bøker eg leser. Eg begynner i dag med boka eg las i går:

En rekke avbrutte forsøk
Selma Lønning Aarø
Utgitt på Cappelen forlag, 186 sider


Denne boka skildrer ei rekke avbrutte forsøk på å skrive ein oppvekstroman. Selma skriver om barndommen sin, og blir avbroten av mora som korrigerer og kritiserer både sanninga i det ho skriver og kor vidt det passar seg å skrive om slikt. Dermed blir det eit kapittel barndomsminne og eit kapittel diskusjon med mora, om ein annan. Dette gir boka eit komisk preg, eg lo høgt då eg las.
Boka tar opp problemstillingane kring sjølvframstilling og forhaldet mellom fakta og fiksjon på ein lettlest og underhaldande måte. Blandinga av tekst og metatekst er godt balansert, og forfattaren får til å problematisere sentrale spørsmål ved sjangeren ho har vald på ein elegant måte.

Denne er absolutt leseverdig.