Jul 19, 2011

Bokbloggar til inspirasjon og leseglede

Eg har akkurat vore inne på capris.no og bestild nokre bøker igjen. Eg har bestilt Brodecks rapport av Philipe Claudel, fordi Thelme Melck på bloggen Aroundbooks har skrive:
Men jeg kan ikke la være å trekke frem ett eksempel på sublim skrivekunst i dag, nemlig den franske forfatteren Philippe Claudel, som jeg har omtalt en del her i bloggen. Hvorfor blir ikke han lest i Norge? Han står litterært sett høyt hevet over Murakami. Claudel er, høyst fortjent, en stor stjerne i hjemlandet, på norsk er det bare kommet to bøker av ham, og det ser ikke ut til å komme flere. Noen kommersiell suksess tviler jeg sterkt på at hans norske utgaver har vært.
Eg har ikkje lese Claudel. Men når eg blar i dei elementa eg har merka med stjerne i google reader, finn eg ut at eg har lese om Claudel hos Labben også, og at eg har tagga denne posten hennar med "Til leselista", slik eg gjer, når eg les om bøker eg vil hugse at eg fekk lyst til å lese. Nå skal eg altså gjere meg kjend med Claudel, eg også.

Eg har også bestild 1Q84 av Murakami, ei bok eg nok uansett ville ha kjøpt, fordi eg er svært begeistra for denne japanaren, men som eg fekk veldig lyst til å lese etter å ha lese både Janke og Thomas J. R. Marthinsen sine omtaler av boka.

Stefan Zweig er eit namn som har dukka opp i samband med novelleutfordringa, både hos Labbens og hos Rose-Marie. Og då Kulturdelen igjen minna meg om at eg var jo svært nysgjerrig på denne forfattaren i vinter, bestilde eg ei bok av Zweig med det same.

Det å blogge om bøker og ikkje minst, det å lese andre som bloggar om bøker sine bloggar er ei stor kjelde til inspirasjon. Eg oppdager ukjende forfattarnamn og blir minna på dei, gjennom daglege oppdateringar. Eg har på ingen måte oversikt over alt som rører seg i den litterære landskapen, han er for stor til det. Men med hjelp av andre bloggarar, finn eg stadig nye orienteringspunkter, kartet mitt forandrar seg og eg oppdagar nye og spennande bøker og forfattarskap eg kan stoppe opp og kose meg med.


6 comments:

Jenny B said...

Vilken gedigen beställning du har gjort! Alla böckerna verkar riktigt intressanta. Hoppas att du gillar Stefan Zweig!

Många bokbloggare skriver om samma bok på samma gång. Det är säkert spännande att få förhandsexemplar av böcker och kunna skriva om dem på utgivningsdagen. Men jag tycker det är mer spännande att läsa när någon har hittat en bok som kanske är några år gammal, och som är så bra att den betyder extra mycket för läsaren. Det är de recensionerna och böckerna jag tycker bäst om att läsa.

Bai said...

Eg er veldig nysgjerrig på Zweig nå, og etter det eg har lese, trur eg eg skal like han.

Eg er veldig einig i det du skriv om å oppdage gamle skattar gjennom bokbloggar. Det er spennande å høyre om kva bloggarar synest om nye bøker også, men dei finn vi jo ofte i avisene og. Gløymde skattar dukkar ofte opp igjen i bokbloggar!

Geir Isaxen said...

Hva har du bestilt av Zweig ?

Bai said...

Eg har bestild I følelsenes vold. Fordi det var den einaste norske omsetjinga dei hadde inne på capris, så det var eit relativt tilfeldig val. Men eg stoler ikkje nok på tysken min til å lese han på tysk. Ennå.

Karin said...

Zweig er en forfatter jeg er ganske nysgjerrig på også. Etter å ha hørt masse positivt om den fra både Labben og Rose Marie står den på min kjøpeliste også.

Gleder meg til å høre om kjøpene dine når du får lest de:-)

Elida said...

SV: Eg er inne i ein stim av klassikere for tida, men det som er greit med dei er at dei stikk ikkje av;-)