Jul 13, 2011

Min koffert er pakka med...



Det er ferietid, og for første gong er dilemmaet "kor mange av dei 20 kiloa baggasje skal vere bøker" løyst. For vanlegvis er dette eit stort problem. Eg pleier ta med meg ei eller to bøker eg lenge har tenkt eg skal lese. Og så pleier eg komme på at det kanskje er greit med ei litt lettlest bok, i og med at fly- tog og byturar har ein tendens til å gjere lesinga usamanhengande. Også pleier eg tenke at det er ikkje sikkert eg er i humør til å lese nokon av dei bøkene eg har pakka og ta med ei ekstra. Også pleier eg komme på at eg må levere tilbake den boka på biblioteket, dagen etter at eg kjem tilbake, så då tar eg med den også... Også blir kofferten full og tung. Deretter må eg gå gjennom bøkene ein gong til. Eg treng ikkje åtte bøker for ei veke på tur, så eg plukker ut nokre, men eg bruker litt tid på å komme fram til kva for nokre bøker eg ikkjetreng likevel. Til slutt har eg fire eller fem bøker i kofferten. Som oftast ender eg bare opp med å lese ferdig den eg hadde begynt på og kanskje begynne på ei til. Men ein må jo vere på den sikre sida...

I år blir det 115 gram bøker i håndbaggasjen, og kofferten skal bare innehalde klær og skor.


Den fine readeren min er fullt opp med lettleste bøker, klassikarar eg lenge har tenkt å lese, bøker som passar til byturar og togturar og flyturar. Bøker som passer på ein benk i parken og litt dystrare bøker, viss humøret skulle tilseie det.


Eg kan ha med meg så mange bøker, at det ikkje er plass til alle saman på eit bilete. Og det beste er at dei bare veg 115 gram.

(...og sidan eg er sånn over middels paranoid og redd for innbrotsfaren ved å poste før-ferie-innlegg på internettet, blir tankane om ferielesinga og pakkinga skrivne før avreise, 3. juli, men ikkje posta før etter heimkomst).

3 comments:

May Brit said...

Absolutt ikke dumt det der altså:)
Men hvordan er det egentlig å lese på en slik tingest, blir det ikke slitsomt for øynene i lengden? Og mister du ikke den gode "lese-feelingen"?

Bai said...

Eg var litt skeptisk før eg prøve-leste sony reader. Eg trudde også eg skulle bli sliten i auga av å lese på ein skjerm. Men eg har vald ein modell som ikkje har baklys (slik pc-skjermar og telefonskjermar har), men som er som blekk på skjermen og som må lysast opp. Den blir eg ikkje sliten i auga av å lese på. Det er som å lese ei bok.

Men når det gjeld lese-feelinga har du eit poeng. Det er ikkje som å halde ei bok, ta på papiret, lukte på det... Nå held eg på med The Finkler Question, ei bok som ikkje har forside i readeren min. Så det er ikkje heilt det same. Og lesebrettet kjem aldri til å erstatte bøkene for meg. Men det er praktisk til sitt bruk, som til busslesing når ein reiser til og frå jobb og til ferielesing. For meg som er veldig glad i bøkene mine, er det også kjekt å kunne ha med bøker i veska, utan at dei blir slitte.

linesbibliotek said...

Jeg løste dette dilemmaet ved bare å ta med pocketbøker på ferie, men ser at din løsning dog er smidigere. Jeg har tenkt litt på det med lesebrett og er blitt overrasket over hvor mye av mitt forhold til bøker som faktisk gjelder den fysiske boken. Jeg liker å lese, det er klart, men det føles som om leselysten ikke finnes utenom innpakningen. Snodig, men jeg tror det er sånn for meg.

Håper du har hatt en god ferie!