Showing posts with label Av Mario Vargas Llosa. Show all posts
Showing posts with label Av Mario Vargas Llosa. Show all posts

Jan 3, 2011

Ein verdig vinnar

Rampejenta
Mario Vargas Llosa 2006
Omsett av Kari og Kjell Risvik
Gyldendal 2007
336 sider



Eg har lenge vore nysgjerrig på dei to store latinamerikanske forfattarane Mario Vargas Llosa og Gabriel Garcia Marques. Og etter at Mario Vargas Llosa vann nobelprisen, og fekk den ekstra eksponeringa i bokhandelen, som slike prisar ofte fører med seg, plukka eg litt tilfeldig opp boka Rampejenta for å lese noko av Llosa.

Dette litt tilfeldige valet viste seg å vere eit godt val. Rampejenta er ei intenst spennande og svært godt fortald kjærleikshistorie, fortald av eg-personen Ricardo Somocurio om møtet med den peruanske rampejenta. Første gong han møter henne, er sommaren 1950 då ho gir seg ut for å vere chilensk. Ricardo forelskar seg i denne mystiske jenta, som ikkje vil seie ta han med seg heim til familien sin, og han gløymer ho aldri. Ti år seinare møter han ho igjen, denne gongen er ho sosialistisk geriljasoldat i Paris. Og desse to møta, blir starten på eit svært lidenskapeleg og kaotisk forhald. Dei møtest vidare til ulike tider og i ulike byar, er elskarane til kvarandre, og affærene ender kvar gong med at Ricardo blir såra. Han tilgir Rampejenta, gong på gong, sjølv om det blir vanskelegare for han for kvar gong. Og romanen er full av gode skildringar av dei sterke kjenslene. Både lykka og fortvilinga, begjæret og lengslen blir skildra på ein overbevisande måte.

Bakteppet for denne kjærleikshistoria er ei kompleks forteljing om den politiske situasjonen i Peru og Frankrike på 60-, 70- og 80-talet. Det er ei forteljing om dei ideologiske straumningane som pregar Paris på 60-talet og London på 70-talet. Det er også ei forteljing om den stadig aukande skepsisen Ricardo og Rampejenta og andre innvandrarar frå den tredje verda møter i Europa i desse tiåra. Og midt oppi dette står dette paret.

Det er kanskje kontrastane i hovudpersonane som gjer romanen til ei slik god forteljing. Ricardo er for god til å vere sann og han sluttar til tider å vere truverdig i korte passasjar. Men dette gløymer eg som lesar fort, og eg blir også prega av den lidenskapelege forteljaren sitt naive blikk. Rampejenta kan på ingen måte seiast å vere ein sympatisk karakter. Likevel, så lenge ho blir skildra gjennom blikket til den forelska eg-forteljaren er ho fascinerande og fengslande. Det er ei sterk spenning som oppstår i dei stadige vekslingane mellom sympatier og antipatier i forhald til dette paret, og det er denne spenninga som driv forteljinga framover. Denne spenninga får meg også til å oversjå bristane i både forteljinga og teksten. Både det etterkvart så usannsynlege i dei mange tilfeldige møta til dei to og det tidvis irriterande ordvalet til paret som har omsett teksten til norsk, blir uviktig, og spenninga gjer boka til ei svært god bok.

Rampejenta er ei bok som gir meg lyst til å utforske forfattarskapet til Llosa langt grundigare, og om eg skal vurdere etter denne teksten er han absolutt ein verdig prisvinnar. Om du skal lese boka i Gyldendal si pocketutgåve, bør du vere forsiktig med å lese baksideteksten. For meg var det alt for mykje informasjon der, noko som var med på å leggje ein liten dempar på lesaropplevinga.

Jan 2, 2011

Smakebit på en søndag


Eg har lyst til å henge meg på Ladybug sin vekentlege "Smakebit på en søndag". Det er eioppfordring om å presentere eit utdrag frå den boka eg les, kvar søndag. Hohar halde denne oppfordringa gåande ei stund, og frå og med nå er eg også med.


Denne søndagen les eg Rampejenta av Mario Vargas Llosa. Det er første boka eg les av årets nobelprisvinnar, og eg liker det eg les.
Vi tok et par glass rom og Coca-Cola, en drink som allerede ble kalt cubalibre. Lokalet var lite, mørkt, røykfullt, varmt, sangene episke eller melankolske, det var smått med folk ennå, og før vi hadde drukket ut og etter at jeg hadde fortalt at jeg takket være hennes heksekunster og rosenkrans hadde klart meg til eksamen, tok jeg hånden hennes og flette fingre med henne og spurte om hun var klar over at jeg hadde vært forelsket i henne i ti år.
Hun brast i latter.
s. 27.