Mar 14, 2011

Innsirkling på teater


På laurdag var eg på teater saman med Ugla og Amylin og ei til venninne og såg oppsetjinga av Innsirkling. Og nei, det er ikkje ofte det blir to teaterturar på ei veke, for min del. Men denne veka blei det slik.

Nå er det eit par år sidan eg las den første Innsirkling-boka, og den andre har eg såvidt fått med meg heim frå biblioteket, så Tiller sitt univers var i utgangspunktet litt fjernt for meg då eg kom til teateret. Innsirkling gjorde inntrykk på meg, då eg las ho, så eg hugsa litt, men detaljane var fjerne for meg. Likevel synest eg Det Norske Teater har sett opp ein glimrande adaptasjon av boka.

For dei som framleis ikkje har fått med seg kva Tiller sitt bokprosjekt handlar om: David har våkna frå koma og fått hukommelsestap. Han sett inn ei annonse i ei avis, om at han treng hjelp til å hugse kven han er. Som lesar (og som tilskodar) møter vi aldri David. Historia om oppveksta hans blir fortald gjennom vennen Jon, venninna Silje og stefaren Arvid sine forsøk på å hjelpe David å finne ut kven han er. Jon fortel om vennskapet deira, som utvikla seg til eit homofilt fohold, noko han framleis ikkje har forsona seg med. Silje fortel om forholdet deira, og om Jon som alltid skulle vere med på slep. Og Arvid er personifiseringa av den naive føresette, som ikkje klarer å henge med på kva som skjer i tenåringen sitt liv. Desse tre har ikkje lenger noko med kvarandre å gjere, og fortel historia om seg sjølv og David på kvar sin måte. Og gjennom desse tre karakterane sine forsøk på å fortelje David kven han er, sirklast det inn ein kontur av ein person som er langt frå udelt sympatisk.

I romanen fortel dei tre sine historier, etter kvarandre, kvar for seg i kvar sin kronologi. I teateret har dei vald å framstille det heile ved at dei tre stort sett er på scena heile tida, og fortel brotstykke av historiene sine, parallelt. Dette fungerer svært bra, i alle fall på scena. Forteljinga om Jon, Silje og Arvid sitt forhold til David er ramma inn i det nåtidige livet deira, der dei tre ikkje har noko med kvarandre å gjere. Perspektivet til den som fortel er heile tida tydeleg tilstade i dei tre historiene, noko som blir understreka av dei store forskjellane i kva dei vel å ta med og ikkje. Dette blir tydelegare i teateroppsetninga, kor dei tre forteljingane blir fortalde parallelt. I boka er Jon si historie avslutta, når Silje si historie begynner, og dei ulike skildringane blir ståande meir kvar for seg. Dermed synest eg det grepet regissør Lasse Kolsrud har gjort, er med på å styrke teaterversjonen.


Biletet er lånt frå Det Norske Teater sine heimesider.

Mathias Eick har komponert musikken til stykket. Eick spelar også trompet i forestillinga, og saman med "Jon" på kontrabass er den stemningsfulle jazzmusikken med på å gjere stykket til ein komplett heilskap. Musikken skaper også eit tydeleg skille mellom tilbakeblikk og nåtid i dramaet, noko som effektivt markerer forskjellen.

Forestillinga vi var på, var den siste i denne omgang, men Innsirkling blir sett opp på ny i slutten av mai. Til dei som syntest boka var god: teaterversjonen er nesten endå betre.

Mar 13, 2011

Lyrikk på ein søndag - S

Det er søndag og søndagslyrikkutfordringa har komme fram til bokstaven s.

1. S for surrealisme, retninga som med utgangspunkt i Andrè Breton sine surrealistiske manifest søkte å nå fram til det oververkelege, ved å leggje fornufta til side. Ein av teknikkane surrealistane brukte, var automatskrift, som gjekk ut på å finne fram til måten tanken eigentleg verkar på, gjennom å skrive utan å tenke. Presenter eit dikt som er influert av surrealismen.

2. Sentrallyrikk er eit samleomgrep for lyrikk som tematiserer dei store spørsmåla, livet, døden, kjærleiken og naturen. Presenter eit sentrallyrisk dikt.

3. Og sist, men ikkje minst: Presenter eit dikt av ein diktar på S.

--------------

1. I essaya sine avviser Gunnar Ekelöf at han i det heile tatt høyrer til i nokon retning. Han tek avstand frå -ismer i det heile tatt. Det at kunstnarar liknar kvarandre, er ifølgje Ekelöf eit resultat av at dei skriv i same tid og let seg inspirere av den same tidsånda (eg finn ikkje dette essayet i skrivande stund, så eg får ikkje sitert korrekt, men det er sånn nokonlunde dette Ekelöf skriv på ein litt meir velartikulert måte). Men sjølv om Ekelöf ikkje ville blir kalla surrealist, er det vanskeleg å oversjå den surrealistiske påverkninga, som kjem til uttrykk i diktinga hans. Og i diktet "Sonatform denaturerad prosa" er den surrealistiske påverkninga kanskje mest eksplisitt:

krossa bokstävlarna mellan tänderna gäspa vokaler
elden brinner i helvete kräkas och spotta nu eller aldrig jag
och svindel du eller aldrig svindel nu eller aldrig.
vi börjar om

krossa bokstävlarna makadam och tänderna gäspar
vokaler, svetten rinner i helvete jag dör i mina vindlingar
kräkas nu eller aldrig svindel jag och du. jag och han hon det.
vi börjar om. jag och han hon det. vi börjar om. jag och han
hon det. vi börjar om. jag och han hon det. skrik och rop:
det går fort vilken rasande fart i luft och helvete i mina vind-
lingar som vansinnet i luften svindel, skrik och rop: han fal-
ler han har fallit. det var bra det gick fort vilken rasande fart
i luft och helvete i mina vindlingar kräkas nu eller aldrig
svindel jag och du. jag och han hon det. vi börjar om. jag
och han hon det. vi börjar om. jag och han hon det. vi bör-
jar om. jag och han hon det

vi börjar om
krossa bokstävlarna mellan tänderna gäspa vokaler, el-
den brinner i helvete kräkas och spotta nu eller aldrig jag och
svindel du eller aldrig svindel nu eller aldrig.

2. Olaf Bull er ein diktar eg stadig vender tilbake til, og eg trur ikkje eg kjem på eit betre dikt som tar opp både livet, døden og kjærleiken enn "Fra mezzaninvinduet":

Samtidige i rummets bleke dage
staar jeg og hun, min slanke elskerinde.
Vi drikker med vort hjertes gjemte pulser
den samme stund, som til os begge rinder -
og stille skal vi staa og kløve lyset,
der er fra tider, da vi ikke levet,
og som vil strømme med sit skraae skjær
dybt ind i tider, da vi ikke er - - -

Og der er døde sommerdøgn i lyset,
som hælder gjennem vindvets løvguirlandre -
og denne dybe kveld vil gaa tilbage
og flyde tonløst sammen med de andre!
Naar streifed det mig sidst, det lys som blinder --
det meningsløse, rige straaleskin,
som tænder dundet paa en kvindes kinder,
der ikke aner hvorfor hun er min?

Vi staar i drømmedrysset ifra solen,
som flimrer bag den øverbøide pinje;
jeg ser din hofte gjennem blaatøiskjolen,
hvor den er endelig i form og linje.
Jeg ser paa dine solbelyste hænder
med perlefine porer i sin hud,
hvor alt er nært og fast! Hvor alting ender!
og ingenting er evighed, o Gud!

Men fjernt paa sletten ser jeg ogsaa lue
Soractes gamle bjerg og Tiburs høie,
og pinjekronen over vindvets bue
blir nu en haand, som skygger over øiet.
Og fra en anden mezzanin man spiller
- Chopin - og vakt af hvide hænder raser
i søvnløs ring hans liljebleke triller
bagt tunge, rosenfyldte romervaser.

3. Då eg var yngre var eg veldig glad i "Den fyrste songen" av Per Sivle. Det er ein vakker tekst og sjølv om vi ofte tenker at det er ein barnesang, er det ein tekst som tåler å lesast som eit dikt:

Den fyrste Song eg høyra fekk,
var Mor sin Song ved Vogga;
dei mjuke ord til Hjarta gjekk,
og kunde Graaten stogga.

Dei sulla meg so undarleg,
so stillt og mjukt te sova;
dei synte meg ein fager Veg
upp fraa vaar vesle Stova.

Den Vegen ser eg enno tidt,
naar eg fær Auga kvila;
der stend ein Engel, smiler blidt,
som berre ei kann smila.

Og naar eg sliten trøytnar av
i Strid mot alt som veilar,
eg høyrer stillt fraa Mor si Grav
den Song som all Ting heilar.

6/52 "Wakefield" av Nathanael Hawthorne

Vi er i slutten av veke 11 og eg er litt på etterskot med novelleblogginga. Mi sjette novelle i år er novella "Wakefield" av Nathanael Hawthorne, åpningsnovella i samlinga Karavane, sett saman av Gordon Hølmebakk.

Det er vanskeleg å skrive eit godt handlingsreferat frå denne novella, utan å kopiere omtala som blei posta på Linesbibliotek for nokre veker sidan. Handlinga dreier seg rundt den eksentriske figuren Mr. Wakefield, som plutseleg ein dag bestemmer seg for å gå frå kona si og flytte inn i eit rom i nabogata. Her blir han i 20 år, og han går turar og ser på korleis kona taklar det at han er borte, før han like brått bestemmer seg til å vende tilbake til ho som har levd som enke i 20 år. For Wakefield er dette eit eksperiment. Han vil sjå korleis dei nærmaste reagerer på at han blir borte. Og som ein utanforståande observatør, blir han ståande utføre heimen sin og sjå på den sørgjande kona, som etterkvart held ei gravferd for mannen som er borte.

Heile ideen i novella er ganske absurd, samtidig som det er eit spennande tankeeksperiment. Ønsket om å finne ut korleis folk vil reagere, om ein blir borte, er vel eit ønske mange har. Men korleis kan dette eksperimentet settast ut i livet? Det er litt interessant at novella ikkje direkte tek tak i konsekvensene av Wakefield si handling, men at ho heller fokuserer på kva slags person det er som kan gjere noko slikt. Eg får lyst til å vite meir om korleis kona, som gradvis aksepterer at mannen er borte har det, og kva som eigentleg er motivasjonen til denne mannen. Og ikkje minst, korfor tek ho i mot han, når han kjem tilbake? Alt dette er spørsmål den korte novella reiser, utan å svare på. Og det er kanskje det som kjenneteiknar ei god novelle, at ho reiser spørsmål ho ikkje svarer på.


Mar 12, 2011

Fri, men til kva?

Freedom
Jonathan Franzen
Open Market Paperback, 2010
561 sider




Eg begynner å skjønne at når Torbjørn Hauken anbefaler ei bok, bør ho lesast. Og Freedom er ikkje eit unntak. Dei siste vekene har eg vore sterkt gripen av Jonathan Franzen sitt dystre og misantropiske univers.

Vi følgjer ekteparet Patty og Walter Berglund, deira vennekrets og ungane deira Joey og Jessica. I innleiingskapittelet er det ein utanforståande observatør som fortel om Berglund-familien si framtoning i nabolaget. I neste del er det Patty som har synsvinkelen, og vi får ta del i hennar oppvekst og studietida hennar fram til ho møter Walter. Og slik vekslar synsvinkelen vidare, mellom desse to, vennen og rockestjerna Richard Katz og sonen Joey. Forteljarteknisk er dette eit interessant grep, som styrer sympatiane til meg som lesar i ulike retningar. Eg ender opp med å eigentleg ikkje like nokon av karakterane, samtidig som eg får forståing for korfor dei handlar som dei gjer, og dermed ikkje klarer å mislike dei heller.

Patty er i utgangspunktet stjerne på basketballaget, medan Walter i utgangspunktet er ein idealist som leitar etter ei løysing på dei globale, økonomiske problema. Den egosentriske kvinna og den idealistiske mannen, blir stadig meir karikerte. Det stadig vanskelegare forholdet mellom dei to, står heile tida i sentrum for romanen. Samtidig tematiserer romanen, gjennom Walter sitt engasjement i miljørørsla dei globale problema knytta til overbefolkning og manglande ressurser. Walter si politiske overbevisning reiser ei rekke viktige spørsmål, sjølv om ho etterkvart driv den fugleelskande idealisten over i ein galskap som blant anna får utslag i ei patetisk krigføring mot kattane i nabolaget.

Gjennom dei mange, svært gode skildringane og det presise språket malar Franzen eit stort episk portrett av ei gruppe amerikanske gjennomsnittsmenneske som har fridom til å gjere det dei vil. Samtidig problematiserer han måten dei forvaltar denne fridommen på, både i eit globalt perspektiv og på eit mellommenneskeleg nivå. Freedom er ei stor lesaroppleving, sjølv om ho i periodar nesten fekk meg til å miste trua på mennesket.




Mar 11, 2011

Det politiske dramaet er tilbake

Eg har sett "Endelig skjer det noe", regissert av Thomas Seeberg Torjussen. Og eg gleder meg over at det politiske dramaet, dramaet som vil seie noko om verda og som kritiserer samfunnsforhalda, er tilbake i eit så vellukka stykke.

Regissør og hovudrolleinnehavar Thomas Seeberg Torjussen er ein backpacker som blir tatt til fange av den mest ettersøkte terroristen i verda, Vemeth. Innimellom den komiske - for ikkje å seie hysterisk morsomme - situasjonen som oppstår når gisselet drikk te og høyrer på ABBA saman med terroristen, reiser stykket viktige spørsmål om vestleg kulturimperialisme og korvidt dei fredsbevarande styrkene faktisk bevarer freden.

Eg lo så eg rista, under forestillinga, samtidig gleder det meg at Torjussen viser vilje og mot til å stille problem under debatt, i god, gammal Brandes-ånd.

Om du ikkje klarer å få tak i billettar til denne forestillinga på Torshov, kan du jo kose deg med dette YouTube-klippet så lenge.

Mar 9, 2011

Eit kvardagsdikt

"Din värme" av Karin Boye

Din värme, din mjuka värme

ber jag om,

som strömmade långt innan mänskan

på jorden kom.

I urskogsgömmenas duniga

fågelnästen

bar samma skyddande värme

livets fästen.


Ur ångestbrinnande himlar

sjunker vi ner

i boets mörker, där livet

ej frågar mer.

Ty molnens lekar är hägring

och spegelstänk,

men allt som föds och föder

är djupets skänk.


Det dagas, och rymden ljuder

av vingesus.

Den svävande fågeln jublar:

Jag lever av ljus!

Men gömt i det tysta vilar

hans ve och väl.

Din värme, din djupa värme

ger mig själ.


Frå För trädets skuld. 1937.

Mar 8, 2011

Dei beste kvinnene


Det er 8. mars, kvinnedagen, ein dag eg vil markere med å trekke fram nokre kvinnelege forfattarar eg meiner fortener å bli lagt merke til i det store mylderet. For meg er dette kvinnelege forfattarar, altså damer som fortener å bli lesne, ikkje bare fordi dei er damer, men fordi dei har skrive gode bøker.

I vilkårleg rekkefølgje vil eg trekke fram dei kvinnene eg meiner er flinkast til å skrive:

  • Ingeborg Bachmann. Her har eg omtalt diktsamlinga Böhmen ligg ved havet.
  • Cora Sandel. Forfattar av ei av favorittbøkene mine, Kranes konditori og den svært gode Alberte-trilogien.
  • Sigrid Undset. Ho treng kanskje ikkje ein nærare introduksjon, men Jenny er ein stor favoritt for meg.
  • Bergljot Hobæk Haff. Forfattar av Skammen og Renhetens pris.
  • Dorris Lessing. Forfattar av The grass is singing og ei rekke andre bøker.
  • Helle Helle, den dyktige, danske kvinna som skriv om kvardagar på ein måte ingen andre har skrive om kvardagar, blant anna i Hus og hjem og Rødby-Puttgarten.
  • Irène Némirovski, som har skrive Storm i juni, ei bok som har gitt meirsmak.
  • Siri Hustvedt som fortener ei plassering på ei kvar favorittliste, med bøkene What I loved, The Blindfold og Sorrows of an American.
  • Karin Boye, for dei mange vakre dikta ho har skrive.
  • Sara Stridsberg, for Drömfakulteten og den sterke lesaropplevinga denne boka gav.
  • Sofi Oksanen, for Utrenskning. Og for ein svært god kronikken i Dagbladet i dag.
  • Selma Lagerlöf, sjølvsagt. For Keiseren av Portugalia, Gösta Berlings saga og så mange fleire gode bøker.
  • Sylvia Plath, for dei mange, nydelege dikta ho har skrive.
Kven meiner du er dei beste kvinnelege forfattarane?

Mar 6, 2011

Q for Sina Queyras

Eg kom til å tenke på at eg kanskje var litt rask med å hoppe over bokstaven Q, og etter litt googling og leiting har eg nå funne ein lyrikar på Q. Canadiske Sina Queyras skriv både spennande prosadikt (her kan du finne nokre av dei) og ein svært god blogg, Lemonhound. Eg liker spesielt godt diktet "The lover", og akkurat nå vurerer eg å bestille ei av bøkene hennar.

Lyrikk på ein søndag - R

Det er søndag, og eg har bestemt meg for at eg har komme til R i alfabetet. Det er ikkje heilt riktig, for eg har eigentleg komme til Q, men sidan Q er ein litt krevande bokstav, hopper vi over han og går vidare til R.


1. Rim og rytme er ofte viktige i dei lyriske tekstane. Rimet og rytmen er lydlege og klanglege elementer i teksten, som er med på å avgjere korleis teksten blir lese. Og sjølv om ikkje alle dikt har rim, har alle dikt ein rytme. Nokre dikt har ein prosaisk rytme, medan andre dikt har ein jamn og regelmessig rytme, ei bunden form. Første oppgåve i dag er knytta til dette - presenter eit dikt, kor rimet og rytmen er viktig.

2. Renessansen er sentral i vår kunst- og kulturhistorie. I denne perioden var synet på verkelegheita, verda og mennesket i ei nyorientering, bort frå den katolske kyrkja som einerådande premissleverandør og over mot eit stadig aukande fokus på mennesket si rolle i verda. Biletkunsten viser mindre typiske og meir individliknande mennesker og Cervantes gir ut Don Quioute, den første moderne romanen. Denne tenkemåten, kor mennesket står i sentrum har vore eit viktig fundament for utviklinga dei seinare århundra og renessansehumanistane kan på mange måtar seiast å ha laga grunnlaget for kulturen og tenkemåten som framleis pregar biletkunst, musikk og litteratur i vår tid. Presenter eit dikt frå renessansen.

3. Presenter eit dikt av ein diktar på R.

-----------------
1. På første oppgåve vil eg hente fram Johan Sebastia Welhaven sitt dikt "Digtets aand". Dette diktet er ikkje bare prega av tydelege rimmønster og klare, regelmessige rytmar, men det tematiserer også bruken av desse og den rollen rim og rytme spelar for diktets ånd.

"Digtets aand"
Hvad ei med Ord kan nævnes
I det rigeste Sprog,
Det Uudsigelige,
Skal Digtet røbe dog.

Af Sprogets strenge Bygning,
Af Tankeformers Baand,
Stiger en frigjort Tanke,
Og den er Digtets Aand.

Den boede i Sjelen,
Før Strofens Liv blev til,
Og Sprogets Malm er blevet
Flydende ved dens Ild.

Den gjennemtrænger Ordet
Lig Duft, der stiger op
Af Rosentræets Indre
I den aabnede Knop.

Og skjønt den ei kan præges
I Digtets Tankerad,
Den er dog der tilstede
Som Duft i Rosenblad.

Glem da den gamle Klage,
At ingen Kunst formaar
At male Tankefunken,
Hvoraf et Digt fremstaar.

Thi hvis den kunde bindes,
Og sløres af paa Prent,
Da var i denne Skranke
Dens Liv og Virken endt.

Den vil med Aandens Frihed
Svæve paa Ordets Klang;
Den har i Digtets Rytmer
En stakket Gjennemgang; —

En Gjennemgang til Livet
I Læserens Bryst;
Der vil den vaagne atter
I Sorrig eller Lyst,

Og næres og bevæges,
Og blive lig den Ild,
Der laa i Digter-Sjelen,
Før Strofens Liv blev til.

Kun da bevarer Digtet
Sin rette Tryllemagt;
Det Uudsigelige
Er da i Ordet lagt.

Betragt den stille Lykke,
Der gjør en Digter varm,
Mens Aanden i hans Sange
Svæver fra Barm til Barm.

Lad kun hans Rygte hæves
Mod Sky af Døgnets Vind, —
Det er dog ei den sande
Kvægelse for hans Sind.

Men naar hans Tankebilled,
Med eller uden Ry,
Finder et lutret Indre,
Og fødes der paa Ny, —

O, bring ham da et Budskab
Om dette Aandens Bliv;
Thi dermed er det lovet
Hans Verk et evigt Liv.

2. Mitt renessansedikt er Sonette 61 av Fransesco Pertrarca frå omlag 1350. Pertrarca skreiv ei rekke sonetter til ei kvinne ved namn Laura. Han var eit førebilete for seinare diktarar, ved at han skreiv dikt til ei kvinne for det individet ho var, ikkje bare for den rolla ho representerte. Slik representerer Pertraca sine sonetter noko nytt.

"Sonette 61":
Eg signar årsens ble, eg signar året
og månad, dag og time då det hende,
og stad og stelle der min lagnad vende
og eg vart bunden av to augo klåre.

Ver signa, søte tvil eg tidt har bore
frå kjærleiks lekkjer lagde meg i bende,
ver signa, piler gjennom hjarta sende,
og bogen hans som skaut, og sjølve såret!

Ver signa, signa, ord som har så vide
om kjære namnet ditt for verda klunge,
ver signa, lengt og sukk og tårer stride,

kvar kjærleiks song som vakna på mi tunge,
kvart kjærleiks kvad som føddest or mi kvide:
for deg åleine har mitt hjarta sunge!
(overs. Sigmund Skard)

3. Min diktar på R er den for meg relativt nyoppdaga amerikanske diktaren Lawrence Raab. Han skriv gode og stemningsfulle dikt på frie vers. Og sidan snøen er i ferd med å smelte bort (eller fordampe og bli til tåke) for tida, passar det godt med eit vårdikt av Raab:

"Cold Spring"
The last few gray sheets of snow are gone,
winter’s scraps and leavings lowered
to a common level. A sudden jolt
of weather pushed us outside, and now
this larger world once again belongs to us.
I stand at the edge of it, beside the house,
listening to the stream we haven’t heard
since fall, and I imagine one day thinking
back to this hour and blaming myself
for my worries, my foolishness, today’s choices
having become the accomplished
facts of change, accepted
or forgotten. The woods are a mangle
of lines, yet delicate, yet precise,
when I take the time to look closely.
If I’m not happy it must be my own fault.
At the edge of the lawn my wife
bends down to uncover a flower, then another.
The first splurge of crocuses.
And for a moment the sweep and shudder
of the wind seems indistinguishable
from the steady furl of water
just beyond her.

Mar 4, 2011

Perler frå barndommen

Jørgen + Anne = Sant er aktuell igjen, både med nyutgiving og kinopremiære. Dette er ei bok eg hugsar godt frå barndommen. Då eg var 11, las vi denne i klassen. Dette endte opp med at heile klassen gjekk rundt og skreiv falske kjærleiksbrev til kvarandre. Dei falske kjærleiksbrev førte riktignok til at vi fann kvarandre, dansa med kvarandre på diskoteket, heldt kvarandre i hendene og slo opp gjennom nettingen på fotballmålet i skulegården. Det var noko trygt med det å slå opp gjennom fotballmålet. Det var som om vi hadde ei passande distanse. Gutane blei litt sinte, når vi gjorde det, fordi det endte alltid opp med at ein frå c-klassen scora mål. Men vi hadde denne trygge distansa. Saman med filmen "Frida med hjertet i hånden, er Jørgen + Anne = Sant boka som lærte oss jentene i 5a i 1993 korleis vi skulle vere forelska. Det er ei bok som betydde mykje for meg i overgangen frå barn til tenåring.

Innimellom blir bøker og filmar som har betydd mykje i barneåra aktuelle igjen. Og eg blir alltid like usikker. Tåler denne boka ei omlesing, eller gjer ho ikkje det? Brødrene Løvehjerte tåler omlesing, igjen og igjen, medan det å sjå "Kamilla og tyven" i voksen alder var svært skuffande. Det same var "Frida med hjertet i hånden", då filmen gjekk som matiné ein feriedag. Frida-figuren tippa over til det patetiske, og scener som betydde mykje for meg som 13-åringer blei platte og øydelagde.

Og nå sitt eg her og tenker på Jørgen + Anne = sant. Vil boka om Jørgen og Anne bli ståande som ei god bok, om eg les ho om igjen, eller vil eg angre på at eg ikkje lot gode barndomsminne om falske kjærleiksbrev vere det dei var - minner?

Mar 2, 2011

Eit kvardagsdikt

Sidan eg har vore bortreist dei siste tre søndagane, har det blitt lite lyrikk her i bloggen. Nå er vi bare halvvegs i veka, og kladden til søndagsposten er halvferdig. Mens vi venter på at det blir søndag, kan vi jo lese kvardagsdikt.

"Jeg holder ditt hode"
av Stein Mehren

Jeg holder ditt hode
i mine hender, som du holder
mitt hjerte i din ømhet
slik allting holder og blir
holdt av noe annet enn seg selv
Slik havet løfter en sten
til sine strender, slik treet
holder høstens frukter, slik
kloden løftes gjennom kloders rom
Slik holdes vi begge av noe og løftes
dit gåte holder gåte i sin hånd.

Mar 1, 2011

Bloggarane og forlaga

Eg har nettopp høyrt Dagsnytt18, kor bokmerker-Kristin, Anne Schäffer i Norsk Kritikerlag og Nina Aalstad, sjefen for CappelenDamm sin bokbloggturné diskuterte bokbloggarane sitt forhald til forlaga.

Schäffer meiner at vi bloggarar blir utnytta av forlaga. Vi blir så glade for å få gratis bøker, at det påverkar den uavhengige kritikken, sjølv om vi eigentleg burde fått betalt for å skrive om bøker. Eg må innrømme at eg blei svært smigra første gong eit forlag tok kontakt og sa dei hadde lagt merke til bloggen min. Andre gongen også. Men etterkvart har eg skjønt at forlaga gjer slikt. Eg tenker gjennom kva eg takker ja til og ikkje, og eg tar i utgangspunktet ikkje imot bøker eg ikkje har lyst til å lese uansett. Eg legg heller ikkje vekk bøker eg har lyst til å lese, til fordel for leseeksemplar eg har fått gratis. Og får eg bøker eg ikkje vil lese, lar eg dei liggje.

Ei anna innvending som blei reist, er spørsmålet om vi bloggarar blir for knytta til einskilde forlag. Det kan sjølvsagt vere ei fare og forslaget til Kristin om eit uavhengig mellomledd kor vi kan velje leseeksemplar frå haustlista er svært godt. Her er det underforstått at bloggarar som får noko gratis, ikkje er objektive. Dette er ei tanke og ei haldning eg kjenner eg reagerer på, fordi ho undervurderer oss bloggarar. Det er som om vi ikkje er reflekterte nok til å tenke gjennom slike problemstillingar.

Som dei fleste av oss, skriv eg ikkje bare blogg, men eg les også ei god del bloggar. Og eg blir skeptisk til bloggarar som skamrosar bøker eller andre produkt, ukritisk og ubegrunna. Ei god omtale eller eit interessant blogginnlegg er for meg ein tekst som er godt begrunna. Eg vil ikkje bare vite at ei bok er god eller dårleg, eg vil vite korfor andre lesarar liker boka eller ikkje liker ho. Ei ubegrunna bokomtale er ikkje interessant. Det er tankane rundt lesaropplevinga som gjer innlegget godt eller dårleg.

Eg trur dei som hevdar at gratis leseeksemplar legg føringar for den uavhengige bloggaren si stemme og påverknadskraft, undervurderer både bloggaren og lesaren. Som Schäffer sa, er ei bok til 300 kroner dårleg betalt for å kjøpe kritikk. Det er faktisk så dårleg betalt at heile argumentasjonen hennar fell litt på si eiga urimelegheit. 300 kroner er omlag ei timeløn. Det er så lite, at eg ikkje ser på det som betaling ein gong. Eg ser på tilbod om leseeksemplar som eit tilbod om å lese fine bøker eg elles kanskje ikkje ville ha oppdaga.

Sjølv er eg skeptisk til tanken om at vi burde fått betalt for å omtale bøker i bloggane våre. Eg trur at det ville lagt større føringar på om vi skreiv positive eller negative omtaler om bøkene vi les. Vi er sårbare, sidan vi ikkje er tilknytta eit redaksjonelt nettverk. Og nettopp derfor trur eg det er viktig at vi held fast ved at omtaler av bøker ikkje skal og bør selgjast. For meg er det viktig at blogginga er noko eg gjer fordi det er lystbetont og fordi eg liker å skrive om bøker. Det å gjere blogginga om til ein oppdragsbasert jobb, med honorar for marknadsavdelingane i forlaga, trur eg ville vore med på å øydeleggje noko av gleda. Då ville eg mest sannsynleg hatt tidsfristar og forpliktande avtaler hengjande over meg, som nye stressfaktorar. Då måtte dette vore ein jobb, og ikkje ein fritidsaktivitet. Ikkje misforstå meg, eg kan gjerne få betalt for å skrive i andre samanhengar. Men ikkje her. Ikkje i bloggen. Bloggen skal vere fritid og bloggen skal vere ei sone som er fri for tidsfristar og andre forpliktande bindingar, utover dei sosiale forpliktane vi etablerer mellom oss bloggarar.

Det er flott at debatten om bokbloggarar si rolle som kritikarar blir reist. Og det er kanskje på tide at vi som skriv desse bokbloggane, lærer å sjå og verdsette vår eiga rolle. I staden for å bli smigra over at forlaga og mediene har lagt merke til oss, bør vi bruke den posisjonen vi har. For det er jo ikkje tvil om at vi er interessante for marknadsavdelingane i forlaga. Dette bør vi kanskje tenke gjennom og reflektere litt rundt, anten vi låner bøkene på biblioteket, kjøper dei i butikken eller får dei i posten.