Mar 13, 2011

6/52 "Wakefield" av Nathanael Hawthorne

Vi er i slutten av veke 11 og eg er litt på etterskot med novelleblogginga. Mi sjette novelle i år er novella "Wakefield" av Nathanael Hawthorne, åpningsnovella i samlinga Karavane, sett saman av Gordon Hølmebakk.

Det er vanskeleg å skrive eit godt handlingsreferat frå denne novella, utan å kopiere omtala som blei posta på Linesbibliotek for nokre veker sidan. Handlinga dreier seg rundt den eksentriske figuren Mr. Wakefield, som plutseleg ein dag bestemmer seg for å gå frå kona si og flytte inn i eit rom i nabogata. Her blir han i 20 år, og han går turar og ser på korleis kona taklar det at han er borte, før han like brått bestemmer seg til å vende tilbake til ho som har levd som enke i 20 år. For Wakefield er dette eit eksperiment. Han vil sjå korleis dei nærmaste reagerer på at han blir borte. Og som ein utanforståande observatør, blir han ståande utføre heimen sin og sjå på den sørgjande kona, som etterkvart held ei gravferd for mannen som er borte.

Heile ideen i novella er ganske absurd, samtidig som det er eit spennande tankeeksperiment. Ønsket om å finne ut korleis folk vil reagere, om ein blir borte, er vel eit ønske mange har. Men korleis kan dette eksperimentet settast ut i livet? Det er litt interessant at novella ikkje direkte tek tak i konsekvensene av Wakefield si handling, men at ho heller fokuserer på kva slags person det er som kan gjere noko slikt. Eg får lyst til å vite meir om korleis kona, som gradvis aksepterer at mannen er borte har det, og kva som eigentleg er motivasjonen til denne mannen. Og ikkje minst, korfor tek ho i mot han, når han kjem tilbake? Alt dette er spørsmål den korte novella reiser, utan å svare på. Og det er kanskje det som kjenneteiknar ei god novelle, at ho reiser spørsmål ho ikkje svarer på.


6 comments:

Sjeldnere enn sorte svaner said...

Hehe, snodig utgangspunkt for en novelle. Snodig, men interessant.
Jeg husker ærlig talt ikke hvor jeg har navnet hans fra, for Hawthorne befinner seg ikke i mine bokhyller. Og denne søndag formiddagen går dessverre hjernen på tomgang. Her må jeg gjøre feltarbeid!
Ha en fin dag.

Bai said...

Ja, absolutt eit snodig - men spennande - utgangspunkt. Eg fann novella i antologien Karavane, men har heller ikkje lese noko anna av han. Men eg trur eg kjem til å lese meir, dersom eg kjem over fleire noveller av mannen.

linesbibliotek said...

Fin omtale! Håper du vil lese flere av novellene i Karavane etter hvert.

Nå ble jeg inspirert til å skrive om en novelle selv idag. Jeg har lest, er bare så treig til å skrive...

Bai said...

Eg er også litt på etterskudd med blogginga. Men eg vil liksom velje ut dei veldig gode novellene, og blogge om dei, ikkje bare om alle novellene i ei novellesamling.

Eg kom forresten til å tenke på at plottet i novella minner litt om plottet i romanen som hovudpersonen i Paul Auster si Orakelnatt (http://boklesebloggen.blogspot.com/2009/12/orakelnatt-paul-auster.html)skriv på. Her reiser også hovudpersonen frå alt, men romanen blir ikkje ferdig og heller ikkje her får ein ei tilfredsstillande løysing.

linesbibliotek said...

Jeg tror det må være noe typisk amerikansk over dette forsvinne-uten-videre-plottet, for den erkeamerikanske novellen/fortellingen regnes av mange som "Rip van Winkel" (1819) av Washington Irving, hvor Rip drar ut i skogen, mye rart skjer, han sovner, og våkner tjue år senere.

Enig om novelleutvalget, forresten, for det blir helt meningsløst (og veldig kjedelig) å blogge om noveller bare fordi man har lest dem.

Bai said...

Kanskje "Rip van Winkel" må settjast på lista over noveller eg skal skaffe, då. Dette forsvinne frå kvardagen-konseptet er noko som fascinerer meg litt, merkar eg.