Showing posts with label Av William Golding. Show all posts
Showing posts with label Av William Golding. Show all posts

Jun 2, 2009

Lesestoff i sommarsola

Bloggen har blitt nedprioritert dei siste dagane, til fordel for det utruleg fine veret. Eg har prioritert å smøre meg inn med solkrem og ta med bøkene mine ut dei siste dagane. Her kjem ei rask presentasjon av det eg har lese:

Utskudd av Sadie Jones var ei, for meg, ukjendt bok av ein ukjendt forfattar. Eg hadde gløymd å avbestille ho i bokklubben.

Vi møter Lewis som mister mora si som tiåring og følgjer han gjennom tenåra. Lewis blir sett på som eit håplaust tilfelle av fleire av sambygdingane. Folkesnakket og folk sine haldningar til Lewis gjer at han får vanskeleg for å vise fram dei gode sidene ved seg sjølv og historia til Lewis blir ein stadig meir negativ spiral. Lewis er ein plaga gut, som trenger å bli sett. Den vesle nabojenta Kit ser han og dei to utvikler eit spesielt forhold.

Utskudd er ei mørk og dyster historie, som viser korleis mennesker kan påverke kvarandre både på godt og vondt. Det er ei veldig god bok.






William Goldings Lord of the Flies er ein klassikar det kanskje ikkje er nødvendig å seie så mykje om. Eit fly har styrta og ei gruppe born er aleine på ei aude øy, kor dei må klare å samle inn det dei treng av mat på eiga hand. Det danner seg raskt to grupperingar på øya, med to leidarar. For Ralph er bålet det viktigaste. Bålet gjer det mogleg å vise forbipasserande skip at det er folk på øya og dermed representerer det det langsiktige håpet om å bli redda. Den andre gruppa har ein leiar som er i stand til å skaffe dei kjøt, og dermed gjere borna mette umiddelbart. Det er ei sterk og grusom forteljing om kva slags krefter som bur i folk.

Seinast i det siste nummeret av Morgenbladet, var det ein notis om at Lord of the Flies var anbefalt å lese på BI, fordi det var ei bok som sa langt meir om ulike formar for leiarskap enn fleire psykologibøker. Så denne boka frå 1954 er framleis aktuell.






Den siste boka eg har lese den siste tida er Hvermann av Philip Roth. Boka åpner med ei skildring av gravferda til den namnlause hovudpersonen, kor vi møter dottera som forguder faren og dei to sonane som avskyr han. I fortellinga om livet til hovudpersonen er dei mange møtene med døden sentrale. Forteljarstemma høyer til den gamle mannen som ser tilbake på livet sitt, som misliker den han sjølv har blitt og som ikkje har ei forklaring på kvifor livet har utvikla seg som det har gjort. Han framstår til tider som ein usympatisk type, særskilt når han fortel om då han sveik den andre kona si til fordel for den tredje kona, som var halvparten så gammal som han. Han forsøker å begrunne og forklare bort dei svika han har gjort, men han framstår ikkje som ein som tar ansvar for måten livet har utvikla seg.

Forteljinga er kort, med sine 156 sider er det vanskeleg å vite om eg skal kalle ho ein kort roman eller ei lang novelle. Den namnlause karakteren og tittelen Hvermann, gir inntrykk av at boka handlar om noko som gjeld alle menneske. Døden står som eit sentralt tema i teksten og undergangsstemninga er dominerande. Denne kombinasjonen av det allmennmenneskelege og det forgjengelege, gjer at boka blir ei påminning om døden som den uungåelege avslutninga på livet.