Showing posts with label Av Gert Nygårdshaug. Show all posts
Showing posts with label Av Gert Nygårdshaug. Show all posts

Oct 3, 2008

Gert Nygårdshaug, igjen...


I går høyrde eg eit intervju med Nygårdshaug om boka Fortellernes marked. Eg var akkurat ferdig å lese boka, og eg må seie eg var like skuffa over denne som eg var positivt overraska over Mengele Zoo, då eg las boka.

Til gjengjeld var denne mannen utruleg flink til å snakke om boka si. Stoffet han har skrive om var heilt klart eit stoff som engasjerte han, så det å vere publikum og høyre han fortelle om boka var verkeleg interessant!

Så dersom de får anleiing til eit møte med Nygårdshaug anbefaler eg dykk verkeleg å gripe sjansen.
Denne mannen er flink til å snakke om bøkene sine, og det er det ikkje alle som er...

Litt om den nyaste boka hans:

Fortellernes marked
Cappelen Damm 2008
443 sider

Gert Nygårdshaug har skrive romanen som setter føre seg å avsløre dei primitive religionane si overtru. Med "dei primitive religionane" meiner han kristendom, jødedom og islam.

Han har gjort eit veldig grundig arbeid ved å sette seg inn i den antikke kyrkehistorien, kanoniseringa av bibelske tekstar og alternative retningar som oppstod i antikken. Research og kjeldemateriale er grundig, og han er god til å forklare vanskeleg stoff på ein enkel måte for lesaren. Ein får med seg forskjellen på ebjonitisme og gnostisisme og andre aktuelle retningar gjennom ein oversiktelig presentasjonsmåte.

Historia rundt dette materialet er litt platt, rett og slett. Det kan verke som om forfattaren har hatt det litt for travlet med å bli ferdig med boka si, til at han har tatt seg tid til å jobbe ordentleg med sjølve fortellinga. Vi møter to mellomaldrande menn, ein bibliotekar og ein veterinær som stadig får brev frå ein ven, Gotvin Soleng, frå Prost Gotvins geometri. Desse breva er referater og spor frå Gotvins jakt på sanninga. Etter å ha fått eit brev, spiser dei eit gourmetmåltid, drikker god vin og grappa og snakkar om innhaldet i brevet. Deretter går det ein god del sider der dei går og ventar på eit nytt brev. Når neste brev kjem gjentek samtalane, maten og drikka seg. Det blir for enkelt og rett og slett litt einsformig. Før eg var halvvegs i romanen begynte eg å få ei kjensle av å ha lese dette før.

Innleiinga og avslutninga skiller seg veldig frå resten av boka. Boka er bygga opp med at ho begynner med at ein av hovudpersonane, Gerbert Rodin er i ein ørken i Egypt, kor han er plassert av ei merkeleg kvinne. Deretter hopper handlinga ca. 2 år tilbake, og historia om breva og Gotvin Solengs oppdagingar blir fortalt. Til slutt kjem historia fram igjen til starten og Gerbert er tilbake i ørkenen i Egypt. Desse første og siste sidene er annleis enn brev-delen, og av mykje høgare kvalitet. Innleiinga gir håp om ei godt skrive bok, og avslutninga rundar av på ein god måte. Problemet er bare at dei 350 sidene i mellom blir litt einsformige.

Eg trur ikkje eg ville ha brukt tid på å lese denne boka ein gong til. Samtidig er det vel anvendt tid å forsøke å få med seg eit forfattarmøte med Nygårdshaug. Han er spennande å høyre på og flink til å snakke om bøkene sine.

Sep 30, 2008

Gert Nygårdshaug

Mengele Zoo
Cappelen 1988
376 sider



Det er sjeldan at eg leser bøker som er så engasjerande at eg går og tenker på at eg lurer på korleis det går med hovudpersonen i boka. Men denne boka er ei slik bok. Heilt frå første side har eg vore spent på kva som vil skje vidare med Mino, den vesle guten som mister heile familien og landsbyen i ei massakre. Forvirra og redd går han rundt i den latin-amerikanske jungelen, der han møter tryllekunstaren som meir eller mindre adopterer gutungen. Mino sin store lidenskap er sommarfuglar, som han fangar i jungelen og seinare preparerer. Mino har lært, frå han var liten, at ein aldri skal plukke eller hogge ein plante i jungelen, utan å plante ein ny. Dei store multinasjonale oljeselskapa og papirfabrikkane som henter råvarene sine i jungelen lever ikkje etter denne regelen. Etterkvart som Mino blir eldre, startar han ei terroristgruppe som aksjonerer mot desse fimaene som øydelegger jungelen.

Eg har sjølvsagt vore nødt til å legge boka frå meg, men eg har gleda meg til å ta henne opp igjen, kvar gong. Boka er spennande og samtidig rørande. Miljøproblematikken er stadig meir aktuell, men historien om Mino er fortalt på ein måte som verkeleg synleggjer problematikken.

Språket er godt. I den første delen av boka blir historia om Mino fortald på ein barnleg og enkel måte. Lesaren får presentert verda gjennom jungelguten Mino sine auge, og språket gjer presentasjonen truverdig. Den enkle og naive forteljarmåten om kvardagen i jungelen og reisene saman med tryllekunstnaren er gjennomført og veldig god.
Etterkvart som Mino lærer meir om verda, blir også språket til forteljaren meir verdsvant og ordbruken får forteljarstemma til å framstå som langt meir opplyst. Dermed blir språkbruken med på å reflektere utviklinga til karakteren, noko som i neste omgang får forteljarstemma til å framstå som veldig truverdig.

Boka om Mino blei kåra til "Folkets favoritt" av NRK og Dagbladet i 2007. Dette var eit godt val, og boka fortener absolutt denne kåringa. Boka skal nå også filmatiserast av Nils Gaup. Eg venter spent på hans tolking.

Førstkommande torsdag kjem forresten Gert Nygårdshaug til "forfatteraften" i BokCafèen på Chateau Neuf. Eg gleder meg til å høyre han fortelje meir om arbeidet sitt.