Sep 30, 2008

Gert Nygårdshaug

Mengele Zoo
Cappelen 1988
376 sider



Det er sjeldan at eg leser bøker som er så engasjerande at eg går og tenker på at eg lurer på korleis det går med hovudpersonen i boka. Men denne boka er ei slik bok. Heilt frå første side har eg vore spent på kva som vil skje vidare med Mino, den vesle guten som mister heile familien og landsbyen i ei massakre. Forvirra og redd går han rundt i den latin-amerikanske jungelen, der han møter tryllekunstaren som meir eller mindre adopterer gutungen. Mino sin store lidenskap er sommarfuglar, som han fangar i jungelen og seinare preparerer. Mino har lært, frå han var liten, at ein aldri skal plukke eller hogge ein plante i jungelen, utan å plante ein ny. Dei store multinasjonale oljeselskapa og papirfabrikkane som henter råvarene sine i jungelen lever ikkje etter denne regelen. Etterkvart som Mino blir eldre, startar han ei terroristgruppe som aksjonerer mot desse fimaene som øydelegger jungelen.

Eg har sjølvsagt vore nødt til å legge boka frå meg, men eg har gleda meg til å ta henne opp igjen, kvar gong. Boka er spennande og samtidig rørande. Miljøproblematikken er stadig meir aktuell, men historien om Mino er fortalt på ein måte som verkeleg synleggjer problematikken.

Språket er godt. I den første delen av boka blir historia om Mino fortald på ein barnleg og enkel måte. Lesaren får presentert verda gjennom jungelguten Mino sine auge, og språket gjer presentasjonen truverdig. Den enkle og naive forteljarmåten om kvardagen i jungelen og reisene saman med tryllekunstnaren er gjennomført og veldig god.
Etterkvart som Mino lærer meir om verda, blir også språket til forteljaren meir verdsvant og ordbruken får forteljarstemma til å framstå som langt meir opplyst. Dermed blir språkbruken med på å reflektere utviklinga til karakteren, noko som i neste omgang får forteljarstemma til å framstå som veldig truverdig.

Boka om Mino blei kåra til "Folkets favoritt" av NRK og Dagbladet i 2007. Dette var eit godt val, og boka fortener absolutt denne kåringa. Boka skal nå også filmatiserast av Nils Gaup. Eg venter spent på hans tolking.

Førstkommande torsdag kjem forresten Gert Nygårdshaug til "forfatteraften" i BokCafèen på Chateau Neuf. Eg gleder meg til å høyre han fortelje meir om arbeidet sitt.

2 comments:

Kari Aspenes said...

Jeg har lest flere av GNs bøker, og har latt meg fascinere av virkeligheten i hans uvirkelige verden.
Jeg må nok på biblioteket for å låne denne boken.

Takk for en fin anmeldelse!

CassandraMortmain said...

Jeg står visst alene i å synes at dette var en ganske så dårlig bok. Jeg likte at miljøvern ble tatt opp som bærende tema, men ellers var det lite å glede seg over for en tårnbeboer.