Showing posts with label Av Tor Jonsson. Show all posts
Showing posts with label Av Tor Jonsson. Show all posts

Dec 7, 2009

7. desember - Tor Jonsson

Tor Jonsson (1916-1951) er ein annan diktar eg har lese veldig lite av, men til gjengjeld likt godt det vesle eg har lese. For ei tid tilbake trudde eg eg bestilte ei samleutgåve av dikta hans i bokklubben, men det viste seg - noko skuffande - å vere ein biografi. Så eg har altså ein biografi om Tor Jonsson, men inga diktsamling. Men eg håper med tid og stunder at eg skal få sette meg inn i forfattarskapet hans.

Det første Tor Jonsson- diktet eg las var:

Til ein namnlaus
Kven skal eg takke
for det eg fekk sjå
sola gå under
og berga bli blå?
Kven skal eg takke
for all denne æra
i dette å gå her
og vera og vera …
Kven skal eg takke
for det eg fekk li
så gleda fekk grunn
å røte seg i?
skogen har gøymt meg
og jord har eg femnt,
men kven eg skal takke
har ingen nemnt.
Det bleka mot blånar
i nattsvarte brunn,
men takken låg blodlaus
som bøn i min munn.
Kven er du, gjevar?
Kvi teier du still?
Di ordløyse fører
ein vantru vill.
Du namnlause gjevar,
eg får ikkje fred
før eg kan takke
for alt som laut skje ---
Men kjem du kje nær meg
Så takkar eg henne
du gav meg for det eg
Skal brenne og brenne ---

(Frå Mogning i mørkret. 1943)