Coraline
Neil Gaiman
Adaptert til teikneserieroman av P. Craig Russell
2008
Like før jul kom eg over boka
Coraline på biblioteket. Då eg såg boka, kom eg til å tenke på
Elin som har snakka varmt om Neil Gaiman. Eg har lenge vore nysgjerrig på Gaiman og på korleis det er å lese teikneserieromanar, ein sjangar eg til nå ikkje har lese noko særleg av. Etter å har gjort litt research, skjønner eg jo at denne utgåva ikkje er Gaiman si originale utgåve, men eg likte ho godt likevel.
Coraline bur i eit gammalt hus saman med mor og far. I dette huset finn ho, som Alice og som Lucy, ei dør til ei anna verd. Den nysgjerrige jenta går gjennom døra, der ho møter "the other mother" og "the other father" ei mor og ein far som har knappar til auge.

Etter at Coraline har åpna døra til det andre, blir ikkje verda slik ho eingong var. Coraline må tilbake til den andre verda for å redde seg frå den andre mora. Spenninga mellom "det eigentlege" og "det andre" er sterkt tilstades gjennom forteljinga. Denne spenninga blir stadig sterkare, etterkvart som "det andre" blir meir og meir skremmande. Spenninga blir også understreka og forsterka av dei detaljerte teikningane til P. Craig Russell. Eg får frysningar på ryggen av den andre mora si hand og dei dansande rottene. Spelet mellom skuggar og lys, mørkre og fargar er også med på å formidle historia om Coraline på ein veldig spennande måte.
Det blir ikkje siste gongen eg les verken Gaiman eller ein teikneserieroman. Og eg er veldig nysgjerrig på filmen, nå.