Apr 28, 2011

Å lese mursteinar

Eg les for tida den 804 sider tjukke romanen Tårnet av Uwe Tellkamp, etter tips frå Torbjørn sin tysktime nr. 7 og nr. 8. Som Ingrid har nevnt i eit tidlegare innlegg, er det å lese slike mursteinsromanar gjerne ei kjelde til frustrasjon. Eg kjenner at hos meg sitt frustrasjonen i nakke- og skulderregionen.

Eg forsøker å halde boka opp framføre meg, slik eg gjerne gjer med kortare bøker. Det går greit i omlag 2,5 minutt, før armane begynner å dovne. Dersom eg då ligg, forsøker eg å snu meg over på sida og lese, noko som
dessverre fungerer dårleg for ryggen min for tida. Å liggje på ryggen med boka i armkroken på sida, og hovudet vridd mot venstre, går greit i omlag eit kvarter. Så begynner dette også å bli ubehageleg. Eg sett meg opp og flytter meg ut i solstolen, kor eg kan lene meg tilbake med støtte i ryggen. Med boka i fanget, treng eg bare eit lite knekk i nakken, for å ha god utsikt til teksten. Det fungerer ei stund, men etter 45 minutter er nakken så stiv i knekken at eg må finne på noko nytt. Eg vurderer å finne fram ei lettare bok, helst ei med under 200
sider, for å løyse dette problemet, men eg vil jo så gjerne lese denne boka, så eg legg meg på magen,
slik eg pleidde liggje då eg var lita jente. Etter omlag ein halvtime på golvet er eg tilbake ved den evindelege korsryggproblematikken. I tillegg er det litt hardt og ukomfortabelt å liggje på golvet i lengda.

Korfor eg ikkje bare kan sitte, tenker du? Det å sitte oppreist er i det heile tatt ei utfordring for meg og ryggen min for tida, så det er rett og slett ikkje eit godt alternativ.

Ein blir aldri ferdig med ein 804 sider lang roman, dersom ein aldri får lese meir enn 45 minutt i slengen. Så det kan hende eg rett og slett må innsjå at Tårnet må sparast til eg er betre i ryggen, og kan sitte oppreist. Eller at eg treng eit lesebrett, for å lese slike tunge bøker.

8 comments:

Ingrid said...

Jag läste och nickade igenkännande åt allt du skrev! Visst är det urjobbigt att läsa stora och fysiskt tunga böcker. Inbundna tegelstenar är något av det värsta som finns att hantera- och inte kan man ta dem med sig på resor heller (vem vill träna tyngdlyftning på väg till semesterparadiset? Inte jag i alla fall). Jag har tänkt att läsa Tornet- men inser att det kommer att bli en ordentlig utmaning. Undrar hur många sidor jag hinner avverka innan armarna domnar...

Bai said...

Nei, ferielektyre er det i alle fall ikkje.

Men eg trur eg kan seie at Tårnet så langt er verdt strevet.

ziarah said...

Jeg sier JA til lesebrett ;)

Bai said...

Ja, eg ønske meg lesebrett. Men det eg har sett meg ut har vore utseld over heile linja, sidan før jordskjelvet i Japan. Og der har dei jo viktigare ting å tenke på, enn å lage lesebrett til meg for tida. Eg vurderer å kjøpe 5-tommers og ikkje 6-tommers skjerm, nå.

Bokelskerinnen said...

Har samme problemet. Leser på Overgangen av Justin Cronin, og den er på nærmere 800 sider. For meg som liker å lese på sengen, er ikke det så lett med den. Og siden jeg har en kindle, kan jeg ikke kjøpe bøker i norske e-bokhandlere.

Bai said...

Det er derfor eg ikkje vil ha Kindle.

Mokki said...

Jeg lurer på hva jeg tenkte med da jeg kjøpte In the hand of Fatima i papirutgave... den veier 1004g.

Kindle er en vidunderlig duppeditt, og såvidt jeg har forstått kan du kjøpe norske bøker også. Mulig du må konvertere filene til riktig format - dvs DRM frie brøker i alle fall.

Bai said...

Eg skal kjøpe Sony Reader, som støtter ePub, som alle norske ebøker blir gitt ut i og som dei fleste engelske ebøker kan kjøpast i, på bookdepository. Sony har også ein eigen, etterkvart ganske velutstyrt bokhandel.