Apr 9, 2011

Statusoppdatering 52 noveller på 52 veker

Denne statusoppdateringa er litt forseinka, ho burde komme i veke 12, då første 12-vekers etappe var unnagjort. Men nå har eg omsider fått somla meg til å gå gjennom deltakarlista og rydde opp i oversikta over lesne noveller.




  • Av 15 påmeldte, har 11 blogga om noveller lese i 2011.
  • 8 av oss har lese og blogga om meir enn 5 noveller.
  • Christine har eit forsprang, med sine 16 noveller.
  • Stinema og Lena deler andreplassen med 13 noveller.
  • Vi andre må henge i, om vi ikkje skal ramle av lasset.
  • Vi har lese 74 forskjellige noveller, skrivne av 44 ulike forfattarar.
  • Den forfattaren som har skrive flest av novellene er Miranda July, med 16 noveller. Alice Munro og Ian McEwan er på andreplass med 6 noveller kvar.
  • Vi begynner å få ei veldig fin samling novelleomtaler her.
Eg må innrømme at eg har hatt stor glede av denne utfordringa, sjølv om det går litt sakte med meg. Eg har lese åtte noveller (eller eg har lese meir, for eg har lese fleire novellesamlingar, kor eg har plukka ut ei eller to gode noveller eg har lyst til å blogge om), av sju ulike forfattarar. Av desse sju, er fem av forfattarane nye, i den forstand at eg ikkje har lese noko om dei før. I tillegg har eg ei lang liste med nye forfattarar eg vil lese noveller av, basert på innlegga frå dei av andre deltakarane. Derfor må eg bare takke alle som er med, for engasjementet - dette er veldig inspirerande, og eg gleder meg til å lese fleire av novellene de har tipsa meg om.


3 comments:

Anonymous said...

Jeg har også blogget om denne:

http://linesbibliotek.wordpress.com/category/sigrid-undset-en-fremmed/

Det er min sjette, men var ikke med i oversikten din. Holder på med å skrive innlegget til nummer sju, og har lest ti. Så det blir nok 52 til slutt:-)

Bai said...

Eg ser at eg har vore sløv og hoppa over ein kommentar frå både deg og Labben. Det var dårleg gjort (er det lov å skulde på at eg har vore ganske dårleg i det siste?). Eg skal i alle fall rett opp nå med ein gong.

Veldig kjekt at du henger med.

Anonymous said...

Det er lov å skylde på at du har vært dårlig, ja, men du trenger strengt tatt ingen unnskyldning med mange titalls novelleinnlegg å holde styr på:-)

Håper formen din er bedre!