Showing posts with label Av Jon Fosse. Show all posts
Showing posts with label Av Jon Fosse. Show all posts

May 16, 2011

Gratulerer, Jon Fosse!

Kl. 11.00 i dag kunngjorde kulturminister Anniken Huitfeldt at Jon Fosse skal få flytte inn i Statens Æresbolig, Grotten, ved slottet. Er det nokon norsk forfattar som fortener dette, så er det Fosse. Jon Fosse er ein stor språkkunstnar og han fortener denne anerkjenninga!

Den ekstremt produktive forfattaren Jon Fosse er mest kjend som dramatikar, og dramatikken hans er omsett til over 40 språk. Han har også skrive fleire romanar og dikt, mellom anna ein av mine favorittromanar Morgon og kveld. Tittelen Morgon og kveld er ein allusjon til begynnelsen og slutten på livet, som romanen handlar om. I første del følgjer vi Olai som venter på at sonen Johannes skal bli født, i naborommet. I andre del følgjer vi Johannes den dagen han døyr. Morgon og kveld er roman rik på symbol, med eit vakkert språk som viser fram dei store grenseovergangane i livet. På same måte som Fosse skildrar overgangen mellom fødsel og liv, liv og død i Morgon og kveld, skildrer han overgangen mellom det friske og det gale mennesket, fantasi og verkelegheit i Melancholia I-II. Dette er ein sterk roman som tek utgangspunkt i livet til kunstnaren Lars Hertervik. Også Andvake er ein kort, men vakker roman, som er høgst lesverdig.

Dramatikken til Fosse er skriven for scene, men fleire av stykka hans er godt egna som lesestykke også. Eg har lese "Sonen" og "Draum om hausten", og i begge stykka er dei mange mellomromma mellom menneskene og alt det som ikkje blir sagt, veldig framtredande. Det er ein kunst å skildre mellommenneskelege relasjonar, slik som Fosse gjer det i desse stykka. Det er ein kunst han meistrar.

Vil du ha ein smakebit på diktinga til Jon Fosse, anbefaler eg deg å sjå han lese "Kven er det som skriv, er det meg?" her.

Gratulerer, Jon Fosse! Eg håper du får mange produktive år i Grotten. Det er ingen andre enn deg, som fortener å bu der, akkurat nå. - Også håper eg ikkje du tar Huitfeldt på ordet, og bytter ut havet med Slottsparken. Eg liker å lese om havet.

Mar 21, 2010

Mine fem favorittar

Beatelill, dama bak bloggen Beate blogger om bøker, vil lage ei liste over bøker vi bokbloggarar meiner at "alle burde lese", og utfordrer alle til å komme med sine topp-fem bøker.

Eg synest alltid det er så vanskeleg å plukke ut dei fem beste eller den beste boka, fordi ei slik utvelgjing fører til at eg må ekskludere mange andre gode bøker. Derfor har eg brukt litt tid på å tenke meg om, etter at Beatelill skreiv dette innlegget på fredag.

Eg har komme fram til fem bøker eg liker veldig godt:

Morgon og kveld av Jon Fosse. Bloggpost her.
Det jeg elsket av Siri Hustvedt. Bloggpost her.
Mnem av Simon Stranger. Bloggpost her.
Drömfakulteten av Sara Stridsberg.
The Wind-up Bird Chronicle av Haruki Murakami.

Dersom du har lyst til å vere med å skrive Beatelill si liste over bøker alle burde lese, kan du skrive eit innlegg i eigen blogg eller i kommentarfeltet på Beatelill sin post her. For at ho skal få oversikt over alle listene i alle bloggane rundt omkring, er det viktig at du uansett gir beskjed om kva slags bøker du har foreslått.

Dec 18, 2009

Nobelprisstafett ala Thauke2read

Thauke2 har utfordra meg til å skrive om kven eg håper skal bli den neste nobelprisvinnaren. Han vil gjere til ein bloggestafett, så eg skal utfordre vidare og så vidare.

Eg har tenkt meg godt om, fordi eg synest alltid det er så vanskeleg å velgje ut ein som eg synest er best, blant mange gode. Eg har tenkt på Murakami, Auster, Roth og fleire av desse andre som pleier å dukke opp på Ladbrokes si liste. Og eg synest det er vanskeleg å velgje ein som er best. Det er jo så mange som er gode.

Etter litt fram og tilbake har eg likevel komme fram til at eg skal plukke ut ein forfattar som ikkje står på Ladbrokes-lista. Nemleg vår eigen Jon Fosse. Han er stor. Og han har internasjonal suksess. Språket hans rører meg kvar gong eg les han, og han er og blir min norske favoritt. Dramatikken er like leseverdig som romanane hans. Derfor, som den navlebeskuande og sjølvopptekne nordmannen eg er, håper eg Fosse får ein nobelpris. Anten neste år, eller om ti år. Han hadde fortent det.

Dette er ein stafett, så eg gir pinnen vidare til Janke.

Feb 7, 2009

Det verkeleg gode språket

Akkurat nå har eg lyst til å skrive ein hyllest til denne mannen. Eg har begynt å lese Melancholia I-II av Jon Fosse i dag, og eg lar meg rett og slett sette litt ut, kvar gong eg les tekstane hans.

Denne 50 år gamle mannen har hatt ein enorm produksjon og eg kjenner eg blir takknemlig fordi eg får lov til å lese det han har skrive, både av romanar, lyrikk og dramatikk. Og det kjem frå meg som normalt ikkje sett så stor pris på å lese dramatikk. Eg meiner dette er ein sjangar som er betre frå scena. Men ikkje Jon Fosse sin dramatikk. Den går det an å lese, fordi dialogane hans er prega av det heilt utrulege språket som kjenneteiknar Fosse sitt arbeid.

Eg lar meg målbinde av språket hans, av den særeigne stilen, alle gjentakingane og dei mange tomromma i tekstane hans. Det er nett som om det som ikkje blir sagt er like viktig som det som blir sagt. Gong på gong tar han meg med til eit anna univers, der eg kan få lov til å gløyme meg sjølv å vere tilstades i teksten og i språket. Derfor liker eg Jon Fosse.

Eit anna resultat av det at eg blir så betatt av språket til Fosse er at eg blir overvelda av ein voldsom skrivelyst. Eg veit ikkje kva eg vil skrive, men eg vil skrive det eg har inni meg. Kan hende dette skjer fordi eg blir så betatt av kva språket hans faktisk kan klare å uttrykkje. Eg vil også vere med å ta del i dette.

I kveld skal eg vere heime og lese. Eg skal lese om Lars Hertervig sine ungdomsår i Düsseldorf også skal eg lese vidare om resten av livet hans. Og eg skal forsvinne inn i denne språkverda til Fosse og bli der. Det er ein ganske fin stad å vere ein laurdagskveld.

May 12, 2008

Jon Fosse

Morgon og kveld
Jon Fosse
Det norske samlaget 2000
114 sider



Morgon og kveld er ei kort og lettlest bok som handlar om livets begynnelse og livets slutt. Boka handler om Johannes som blir født og Johannes som døyr. Historia om livet til Johannes blir fortald gjennom fortellinga om desse to dagane.
Det er ei vakker fortelling om det å døy som ein naturleg del av livet. Reisa over til "den andre sida" blir skildra på ein trygg og god måte.

Språket er typisk Jon Fosse, prega av gjentakingar og lange stream-of-conciousness-passasjar. Dette gir fortellinga eit poetisk preg og mykje blir sagt på få sider.

Alt i alt gir boka ei vakker lesaroppleving. Eg anbefaler denne boka!