Feb 7, 2009

Det verkeleg gode språket

Akkurat nå har eg lyst til å skrive ein hyllest til denne mannen. Eg har begynt å lese Melancholia I-II av Jon Fosse i dag, og eg lar meg rett og slett sette litt ut, kvar gong eg les tekstane hans.

Denne 50 år gamle mannen har hatt ein enorm produksjon og eg kjenner eg blir takknemlig fordi eg får lov til å lese det han har skrive, både av romanar, lyrikk og dramatikk. Og det kjem frå meg som normalt ikkje sett så stor pris på å lese dramatikk. Eg meiner dette er ein sjangar som er betre frå scena. Men ikkje Jon Fosse sin dramatikk. Den går det an å lese, fordi dialogane hans er prega av det heilt utrulege språket som kjenneteiknar Fosse sitt arbeid.

Eg lar meg målbinde av språket hans, av den særeigne stilen, alle gjentakingane og dei mange tomromma i tekstane hans. Det er nett som om det som ikkje blir sagt er like viktig som det som blir sagt. Gong på gong tar han meg med til eit anna univers, der eg kan få lov til å gløyme meg sjølv å vere tilstades i teksten og i språket. Derfor liker eg Jon Fosse.

Eit anna resultat av det at eg blir så betatt av språket til Fosse er at eg blir overvelda av ein voldsom skrivelyst. Eg veit ikkje kva eg vil skrive, men eg vil skrive det eg har inni meg. Kan hende dette skjer fordi eg blir så betatt av kva språket hans faktisk kan klare å uttrykkje. Eg vil også vere med å ta del i dette.

I kveld skal eg vere heime og lese. Eg skal lese om Lars Hertervig sine ungdomsår i Düsseldorf også skal eg lese vidare om resten av livet hans. Og eg skal forsvinne inn i denne språkverda til Fosse og bli der. Det er ein ganske fin stad å vere ein laurdagskveld.

5 comments:

Aina said...

Kos deg med Fosse! Høyrest ut som ein fin kveld er i vente.

Lille søster said...

Jeg synes også dramatikken til Fosse er fin å lese, bare lese slik en leser en roman. Melancholia er to flotte bøker. Vi er heldige som har Fosse.

Meg said...

Takk for hyggelig melding på bloggen min. Jeg er helt enig i det du skriver om Jon Fosse. Har du ikke lest Andvake, som du har på mammutlista di, så glede deg!!!

Bai said...

Eg har lese Andvake. Ho er veldig fin.

Og eg kosar meg framleis med Melancholia. Det er fint med slike bøker ein bare kan nyte.

Anonymous said...

Dette var ein fin anbefaling. Eg har aldri lese noko av Fosse men veit eg vil gjere det no.

God laurdagskveld ;)
AG