
Doktoren ser på seg sjølv som ein reddande engel som skal befri Helga frå det grufulle ekteskapet ho er fanga i. Spørsmålet om kor vidt det er riktig å ta livet av eit menneske for å redde eit anna, er eit av dei spørsmåla om skuld og ansvar, som blir sentrale i boka.
Dr. Glas er full av denne naturalistiske determinismen, som vi bare kan finne i romanar frå århundreskiftet. Det har blitt ein roman som har blitt ståande som ein av dei viktige svenske romanane frå tidleg 1900-tal.

Gregorius er utgitt i 2005. Og eg klarer ikkje la vere å synest at det er veldig spennande at ein forfattar svarar på eit hundre år gammal, kanonisert verk, på denne måten. Og i motsetnad til dei mange, smårare forsøka på å skrive for eksempel mr. Darcy si forteljing om møtet med Elizabeth Bennet, er Gregorius eit vellukka svar på Dr. Glas. Ohlsson setter ikkje minst fingeren på den viktige og vanskelege evna til å sjå ei sak frå fleire sider.

Eg har akkurat bestillt denne romanen og eg gleder meg til å lese fru Gregorius sitt svar på dei to andre si historie. Og eg kan ikkje for det, eg synest det er utruleg spennande, av først Ohlsson og så Lindén, å diskutere Söderberg sin tekst gjennom å skrive han om igjen på denne måten.
Eg gleder meg til Jag, Helga Gregorius kjem i posten. Og eg håper at Birgitta Lindén sitt svar på Ohlsson og Söderberg si forteljing vil svare til forventningane eg har.
Og mens eg ventar, vil eg få sjansen til å friske opp hovudtrekka i Dr. Glas førstkommande laurdag.
4 comments:
Eg har i utgangspunktet ein naturleg og djupt rotfesta skepsis til at forfattarar skriv fortsetjingar til andres bøker. Denne skepsisen er nok skapt av slike tilfelle som den Mr. Darcy-boka som du nemner, sjølv om eg ikkje har lese denne - av naturlege årsakar, vil eg vel påstå. Der finst også andre mindre vellykka forsøk på slike ting.
Når det er sagt, synest eg likevel dette verka interessant! På litt same måte som Inger Bårtveit si bok "Siss og Unn" verkar interessant sjølv om ho rotar seg bort i klassikarar som Is-slottet.
Eg reknar med du kjem tilbake med meir etter du har lese boka om Helga Gregorius?
Eg er også grunnleggande skeptisk i utgangspunktet. Mr. Darcy boka var ei gåve og eg las 45 sider av henne, før ho for tilbake til bokhylla.
Det er nettopp på grunn av denne skepsisen, eg er så fascinert over det Bengt Ohlsson har fått til. Og det er derfor eg gleder meg til å lese "Jeg, Helga Gregorius". Eg kjem tilbake til henne.
"Siss og Unn" er eg framleis litt redd for. Eg er så veldig, veldig glad i "Isslottet".
Ja, eg forstår kva du meiner.
Eg tenkte å vente litt med "Siss og Unn", eg. Til "Is-slottet" har sokke litt. Og kanskje lese "Munn mot ein frosen fjord" først.
Enig i den skepsisen dere snakker om. Men disse bøkene hadde jeg ikke hørt om, så takk for tipset. Jeg tror jeg må se litt mærmere på dem.
Post a Comment